Gå til innhald

17.mai

mai 17, 2021

Så har me feira vår andre korona- 17.mai, og alt blir ein vane. I år kjendest det ikkje så spesielt… Me nådde det me skulle før me skulle i veg til fin frokost hos Ingrid. Eg var hyra inn som hjelpepåklederske for barna, og var spent på om bunadane deira passa. Det gjorde dei, men eg skal leggja litt meir arbeid i å gjera det matematisk rett når eg skal festa stakk til liv neste gong eg skal sy inn ei bunad frå størrelse åtte år til fire år. Eg kan informera om at det viser ganske godt viss ikkje rynker og faldar er symmetriske, men på bileta som blir spara til framtida viser det ikkje…

Sidan me er inne på gode råd, så kan eg fortelja at min gode idé om at det er raskt og praktisk å laga krem i eit litermål av plast med ein handhalden handmiksar. Problemet viste seg at installasjonen var veldig lett å velta når ein for eksempel fekk den gode idéen at det kanskje ville ha vore godt med ei teskei vaniljesukker i kremen. Resultatet var at måtte tørkast ein desiliter fløte av kjøkkengolvet når det i grunnen ikkje passa så godt å bruka tid på det, og at bløtkaka fekk eit tynnare kremlag på toppen enn først estimert. Med masse gode bær til pynt, så blei det bra likevel…

For eit nydeleg 17.mai-ver me har fått. Etter god mat inne gjekk me ut i sola og det var rett og slett godt og varmt. Me prøvde å få tatt fine bilete av alle bunadjentene, men når ein ikkje har fylt fire år endå er det sjølvsagt mykje kjekkare å hoppa på trampoline enn å posera i bunad. Onkel og tante viste seg å vera uovertrufne kompanjongar på trampolinen, så uteleiken nådde bokstaveleg talt nye høgder. Mormor let seg dessverre ikkje lokka opp dit i det heile tatt…

Ettermiddagen og kvelden hadde eg sett av til å få ferdig boka til skapande skriving. Eg bruker eit program eg har brukt fleire gonger før for å setja opp boksidene sjølv og så få ho trykt. For nokre dagar sidan var eg veldig stolt fordi eg nå beherska dette programmet og hadde gjort alt heilt utan hjelp. I dag butta det i mot, plutseleg var det umogleg å leggja inn tekst, eg prøvde å restarta maskinen, lukka program eg ikkje brukte og så vidare, og til slutt fekk eg det til å virka igjen etter å ha brukt mykje meir tid enn eg hadde tenkt.

Etter å ha klart å koma i mål, lasta eg opp boka. Då viste det seg at eg har gjort ein feil ved ikkje å få presisert at bileta av forfattarane, ca eit kvar 20.side skulle vera i svart kvitt. Nå kom dei fint opp i farge, men det gjorde at prisen på bøkene var mellom fem og ti gonger høgare enn det eg har betalt før, og det går jo ikkje… Eg har sett min datakyndige mann på saka, men han slit med å få det til han og. Me er nå i kontakt med «online support», flaks for oss at dei sit i USA og ikkje har tenkt på at det er 17.mai… Problemet er bare at det dei seier me skal gjera ikkje går, me trykkjer på det me får beskjed om, men ingenting skjer.

Ja, ja. Dette er eit luksusproblem og for småting å rekna i den store samanhengen… I følgje Garborg lagar det meste seg om ein ikkje kjem i ulage sjølv. Problemet med ting som skal ordnast digitalt er at plutseleg så fungerer det ikkje likevel, og då er ein rimeleg hjelpelaus… Eg veit korleis eg skal henta opp maskar som har sklidd ned i eit strikketøy, og eg veit korleis ein fiksar på ei mislykka kake, men her manglar eg rett og slett grunnleggjande forståing for korleis ein ordnar ting som går gale. Men… det ordnar seg nok…

Eg får seia som Martin Lönnebo at tålmodet er som ein muskel ein treng å trena opp… Hadde det å halda tålmodet høgt vore olympisk grein, så kjenner eg fleire som er godt grunntrente… Fleire av oss er lærarar, forresten…

Sa eg at det hadde vore ein veldig fin 17.mai? Ja, det trur eg at eg gjorde.


Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: