Gå til innhald

18.mai -Om det mislukkast

mai 18, 2021

På sundagsskulen i baptistkyrkja på Ålgård lærde me ein song på halvsvensk som eg i grunnen aldri heilt forstod korfor dei meinte var ein sundagsskulesong. Den gjekk som dette:

Om det mislukkast vi börja om igjen,
om det mislukkast vi börja om igjen,
om det mislukkast vi börja om igjen, om igjen, om igjen, om igjen
om det mislukkast vi börja om igjen.

Nesten litt tåpeleg syntest eg songen var. Nå meir enn femti år seinare kan eg tenkja at viss me lærde den livsvisdomen på sundagsskulen så lærte me mykje, enten ein nå ser teologisk på det eller som rein livsvisdom.

Seint i går kveld måtte eg innsjå at eg bare fekk begynna om igjen på bokredigeringa som eg hadde brukt veldig mange timar på. Eg hadde gjort ein liten feil innleiingsvis som ikkje let seg retta opp, og ei bok som var ti gonger så dyr som budsjettet kunne ikkje gå an. Eg var tilbøyeleg til å betrakta det som ei fartsbot og i det stille bare betala sjølv og bli ferdig med det, men…

Nå har eg med litt datahjelp frå min flinke mann gått på med krum hals, og denne gongen gjekk det heldigvis mykje fortare sidan eg har ein mal å sjå etter. Helst ville eg sitja halve natta og bli ferdig, men eg trur eg får lytta på råd og leggja det vekk til i morgon før eg blir så trøytt at eg klussar det til igjen. Nå må eg bare førebu ein krle-time om Kristi himmelfart og pinsen, så tek eg kvelden og håpar at dataprogrammet oppfører seg like bra i morgon som det har gjort i kveld.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: