Gå til innhald

19.mai- Gratulerer med dagen, Sunniva <3

mai 19, 2021

I dag har eg ei dotter som fyller år. Det er akkurat 28 år sidan den nest siste gongen eg opplevde å få eit nyfødd barn i armane etter eit planlagd keisarsnitt. Eg har alltid syntest at denne barnesongen passar så godt på minstejenta mi:

Da vesla kom til verden,
det var i mai da gauken gol,
sa mamma at det lyste
av maigrønt og av sol.

Som sølv da glitret fjorden,
og epletreet stod alt hvitt,
og svalen glad og munter
slo triller kvivivitt.

Og sommerfugler svermet,
og bier summet glade om,
så fikk hun navnet Maia
fordi i mai hun kom.

*

Det som ikkje stemmer er at ho fekk namnet Maia. Eigentleg var det det eg hadde lyst til å kalla henne, men eg klarte ikkje å få med den andre forelderen. Eg hadde og lyst til å kalla juli-jenta mi for Julia, men det gjekk heller ikkje gjennom. Augustbarnet mitt viste seg å bli eit septemberbarn, så han fekk heller ikkje namnet August, og det var kanskje like bra, for då hadde me slite med tradisjonane då me fekk minstemann i oktober…

Mai-barnet vårt fekk namnet Sunniva, eit namn som betyr solgave, og det er jo og veldig fint. I siste verset av songen over, det verset eg ikkje tok med, står det at maibarnet vart eit solskinnsbarn fordi ho vart fødd i mai. Solskinnsbarn er jo ikkje heilt politisk korrekt lenger. På sundagsskulen på 60-talet song me av full hals «Et solskinnsbarn, et solskinnsbarn, Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn…» Først i vaksen alder forstår eg korfor det ikkje er stemning for den songen lenger. Ein kunne koma til å tru at Gud bare var glad i solskinnsbarn og at snørrete, grinete, trassige barn ikkje hadde så mykje sjanse. Eg hugsar til og med at me song vers to i Jeg vet en deilig have: «Hvert barn med tankar fromme med øm og kjærlig sjel, får lov der inn å komme og plukke roser selv».

I alle fall, eg gratulerer solskinnsbarnet og trollungen min, som for lengst har blitt vaksen, med dagen. Så gleder eg meg villt til i morgon, for då kjem «Oslo-ungane» mine og skal feira pinse i lag med oss. Nå håpar eg at dei får raskt svar på koronatesten dei skal ta på flyplassen, og at me alle held oss symptomfrie, smittefrie og karantenefrie slik at me får ha det fint saman.

Og forresten, eg kom i mål med bokprosjektet. Boka er ferdig og bestillt og eg er letta og glad.

Heidi



From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: