Gå til innhald

Ekebergparken 2.juli

juli 3, 2021

Me tok banen til Ekeberg i herleg sommarver. Planen var å sjå skulpturparken og så gå tilbake til Tøyen til fots.

Det einaste eg eigentleg visste om parken var at det var mange kvinneskulpturar der. For ein fin park. Det var god plass, skulpturane stod plasserte rundt i eit kupert landskap, og utsikta ned til byen var heilt fantastisk.

Eg likte veldig mykje av det eg såg. Sterkast inntrykk gjorde ein videoinstallasjon der ulike filmar vart vist samtidig på små og store små skjermar. På ein av skjermane stod det heile tida ei godt vaksen naken kvinne og svinga intenst på eit banner som om ho var i krig. Dei andre skjermane gjekk av og på med ansikt som kommenterte, responderte eller song, nokre gonger samstemt. Nederst på ein skjerm brann det ein eld. Det vart for meg eit sterkt bilete på eit menneskeliv. Alt me forheld oss til til ei kvar tid, alle menneska som er ein stor eller viktig del av livet vårt. Alt det fine og alt det vanskelege, elden som brenn og kampen som pågår.

Etter end runde fekk eg lokka vandringskameraten min med på å ta ein kopp kaffi på terrassen på Ekebergrestauranten med utsikt ned til byen.

Vel nede att på Tøyen, byvandringar i Oslo er ein fin måte å gå på, møtte me Halvard, Therese og Sunniva. Eg vart veldig imponert over kor fint Halvard og Therese hadde fått det i leilegheita som eg såg for første gongen.

Seint på ettermiddagen sette me oss alle på ein sushirestaurant. Eg lengtar alltid litt etter dei vaksne barna mine i Oslo, og når eg er i lag med dei forstår eg korfor det er slik.

Kvelden vart delvis tilbrakt på Sunniva og Trygve som mikroskopiske veranda der det så vidt er plass til eit menneske, to kattar, to tomatplantar og ei krukke med stemorblomar.

Eg hadde med meg «Tvillingenes dagbok,» som eg lenge har hatt lyst til å lesa og som eg begynte på kvelden før. Boka var veldig annleis enn eg hadde forestilt meg. Eg forstår korfor boka får terningkast 6 samtidig som eg opplevde at ho var krevande å lesa fordi det skjer så mykje trist, vondt og avskyeleg. Eg la i frå meg boka med den tanken at eg godt kunne venta litt med å lesa resten av trilogien.

I dag har me avlevert Sunniva og Trygve på ein seglbåt og parkert oss sjølve på ei badestrand.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: