Sørlandstur

For dei som måtte lura så er byidyllen på biletet over henta frå Kardemommeby. Den byen besøkte eg for to dagar sidan i eit tregenerasjonsfølgje: To små jenter, mamma og pappa og mormor og morfar på slep.
Det var kjekt å kjøra Hakkebakketog, vera tett innpå dådyr og grisungar, sjå vaskeekte ulvar og vera på Sabeltannkonsert med ei jente på tre og eit halvt år og veslesyster hennar. Eldstejenta hadde stjerneauge heile dagen og ho på snart elleve månadar tok heilt av på Sabeltannshowet med gynging i bereselen, fekting med armane, klapping i hendene og ivrig headbanging.
Like kjekt var det å studera insekt i blomane, eta frokost saman etter å ha stått grytidleg opp med svært morgonvakne små jenter, bada i sjøen og å bruka lang tid på lesing om kvelden, Jakob og Neikob, Erling og Bernt og Jona i magen på den store fisken. Lange filosofiske samtalar er òg kjekt når klokka er langt over leggetid. Det var og veldig kjekt å ha med seg veslesyster ein heil dag for at storesyster skulle få tid aleine med foreldra sine. Me tok henne med på besøk til Jan og Hilde som òg passa barnebarn den dagen.
Heldige meg som får leggja ut på oppdagelsesreiser i barndom saman med endå ein generasjon.
Heidi