Korsvei i Seljord

Så har eg kome meg til Seljord i lag med den gamle lavvoen vår. Korsveifestivalane har vore eit viktig rom i livet mitt heilt sidan midten av nittitalet. Her har eg funne livsglede og inspirasjon og her har eg funne vegvisarar for trua mi.
Denne gongen prøver eg noko eg aldri har prøvd før. Akkurat nå er eg her aleine. Før har eg alltid hatt med meg ein stor familie og eller ein stor venneflokk som eg har gleda meg til å vera i lag med. På grunn av korona er antalet folk som kunne vera her blitt veldig nedskalert. Eg og Leif skulle eigentleg til Lindesnes på ein av fleire korsveifellesskap med overføring på storskjerm og lokale samlingar. Då denne måtte avlysast fekk me tilbod om overføring til Seljord.
Leif måtte i år ta eit par dagars timeout på grunn av eit helseproblem, så han droppa meg og teltet i Seljord etter Kristiansandturen og reiste heim eit par dagar. Planen er at han kjem tilbake.
Eg kjende eg måtte utfordra eigne komfortsoner for å vera her aleine, men lysten til å oppleva dette igjen var stor, så eg bestemte meg for at det kom til å gå bra.
Det gjer det òg. Eg er tilkopla eit veldig hyggeleg tun der alle er veldig inkluderande, og eg tenkjer at eg har kjempegodt av å gjera ting aleine av og til. Leif er mykje flinkare enn meg til dette. Han har farta rundt i verda med seg sjølv og ein ryggsekk og syntest at det er heilt ok. Dit kjem nok aldri eg, men dette går faktisk kjempefint. Eg skriv meir seinare. Nå er det felles matlaging her, så eg får ta litt tak eg og.
Heidi