Luke 14- desember 2021

Eg går ut frå at eg ikkje er den einaste som driv med intens indre dialog om både det eine og det andre.
I dag trur eg rett og slett eg byr litt på meg sjølv…
Eg:
Det kan då ikkje vera morgon alt? Eg er så usannsynleg trøytt.
Meg:
Å vera trøytt er ein nokså sannsynleg konsekvens av å sitja oppe og jobba til langt på natt…
Eg:
Eg trur jammen at eg er litt sår i halsen.
Meg:
Sånn kjennest det nesten alltid i halsen når du vaknar.
Eg:
Men tenk om eg er koronasmitta og går på jobb utan å forstå at eg er smitta? Så blir eg ein sånn supersmittar som smittar alle på jobb slik at 60 ungar og 10 vaksne må vera i karantene på julaften på grunn av meg.
Meg:
Skjerp deg.
Eg:
Eg burde kanskje ta ein hurtigtest?
Meg:
Har du ikkje fått med deg at det er mangel på hurtigtestar i landet vårt? Spar dei testane me har liggjande til nokon faktisk får symptom.
Eg:
Viss ein kjenner at ein burde ta ein hurtigtest bør ein ta han.
Meg:
Du tok to i sist veke, dette er reint hypokonderi.
Eg:
Då venter eg litt og ser, men tenk om eg vurderer feil
Meg:
Det gjer du ikkje.
…
Same ettermiddag:
Eg:
Nå kjem gjestene snart. Plutseleg kan ein av oss vera smitta og smitta dei andre. Eg som går oppi ungar heile tida burde kanskje forstått at dette ikkje er tida for å ha gjester.
Meg:
Skjerp deg. Her er god plass til å halda meteren.
Eg:
Eg som vassar i potensiell smitte burde sikkert ta ein hurtigtest for ikkje å smitta gjestene mine. Tenk om dei blir veldig sjuke. Eg har jo nokre testar liggjande. Viss eg burde ha tatt ein vil eg angra resten av livet for at eg ikkje gjorde det dersom nokon blir alvorleg sjuke.
Meg:
Skjerp deg.
Eg:
Testen ser heldigvis ut til å vera negativ denne gongen og. Takk og lov. Men det hender at slike testar viser feil.
Meg:
Skjerp deg.
Eg:
Du har rett…
***
Så kom pressekonferansen i går kveld. Det viste seg å vera nokså harde tiltak, men skulen blir omtrent som vanleg og det blir ikkje tidlegare juleferie. Eg forstår at barn og unge skal skånast for unntakstilstandar, og at foreldre må senda barna til skulen for å kunna gå på jobb sjølv. Eg kjenner likevel at det kan kreva si dame å stå i frontlinja og trøysta barn med rennande snue og hoste. Plutseleg hugsa eg med heile kroppen kor ubehageleg eg kunne synast det var i fjor at me gjekk der uvaksinerte utan vernetiltak medan resten av verda var på heimekontor.
Plutseleg gjekk det opp for meg at eg ikkje treng å venta så lenge før eg får 3. dose. I staden for å venta i seks månadar eller fem månadar treng ein nå bare å venta i fire og ein halv månad. Litt teljing på fingrane fekk det til å gå opp for meg at fire og ein halv månad er omtrent akkurat nå. Plutseleg hadde eg logga meg inn og fått avtale om vaksinering torsdag klokka kvart over tre. Tanken på at eg burde takka nei til tredje dose fordi det finst så mange i verda som treng han betre enn meg forsvann i utsikten til å på ny bli erklært å ha god beskyttelse framover. Ein jobbar tross alt med ungar, det finaste me har i dette samfunnet. Då er det best å halda seg best mogleg beskytta. På veg heim for å ha forening sykla eg innom butikken for å handla med meg diverse. På den første avisframsida som lyste mot meg stod det med krigstypar: » Tre vaksinedoser er ikkje nok».
Og visst er me svake for laussalsavisene sine overskrifter om «dødsflått» og «mordarveps», om quizzar som avslører «kor sannsynleg det er at du kjem til å døy av hjarteinfarkt det komande året» eller om faren for at «det blir for lite juleribbe eller meirismør i år». Det gjeld bare å halda tungene sånn nokonlunde rett i munnen…
Ein varm tanke med håpet om at me alle kjem fram til juleferien utan korona eller karantene. Og ein varm tanke for at me klarer å bevara sjølvironien. Då har me alltid noko å le av.
Helsing ho som kikkar ut frå skapet og erkjenner sin nye trong til å ta daglege hurtigtestar i smug…
I minnebøkene frå «for veldig lenge sidan», hende det at folk skreiv: «Lev i håpet som katten i skåpet!» Det er då eit knakande godt livsmotto.
Heidi