Luke 16- desember 2021

Bak denne luka skjulte det seg ei sprøyte. Eg har fått eit nytt forhold til sprøyter i løpet av det siste året. Å få nåla i overarmen følest nesten som å kryssa ei slags etterlengta mål-linje.
Dei to første sprøytene fekk eg i Vardheia. I dag var staden Timehallen. Då avtalen nærma seg, kom eg på at eg hadde gløymt å ha med det munnbindet som eg hadde fått streng beskjed om å ha med då eg fekk bekrefting av timeavtale. Hadde nokon på arbeidsromet med seg eit munnbind? Ikkje det, nei? Me brukar jo ikkje slikt på jobb…
Dei hadde ikkje nede i skuleadministrasjonen heller, så eg la sykkelturen om Kiwi. Der var dei heilt utselde. Eg fekk satsa på at eg fekk tigga til meg eit på vaksinasjonsstaden. Det var heldigvis ikkje noko problem. Det er litt komisk at det butikkane går tome for før jul er munnbind og eingongstestar. Nå kan me bare gløyma folkeopprøret rundt smørkrisa for nokre år sidan… Her kunne det frista med den tørre kommentaren «Jommen sa dei smør…» , men det skal eg spara oss alle for.
Me jærbuar begynner viss å bli vane med massevaksinasjonar. Første gongen eg var med på det sat folk litt rastlause på kvar sin isolerte stol og trykte litt nervøst på mobilane sine. I dag var det både lått og høglytt samtale i ventelokalet. «Nå nå me æ stappfodle av vaksina å konne vore mæ på alt, så he di stengt heilt ner», var ein av replikkane eg overhøyrde.
Det blir eit slags rart samhald av folk i same båt, nesten som å få straumstans på ei eller anna fjellvidde når ein er på ein lang togtur. Eller det kunne minna om den desemberdagen i 2013 me måtte vassa til livet i snø for å koma på jobb. Eg hugsar til og med at dei av oss som kom seg heilt fram åt komler på heimkunnskapen då me hadde send ungane heim. Kven som stod for kokekunsten har eg gløymt, men eg hugsar at det var koseleg på ein heilt eigenarta måte.
Heilt tidspunktadekvat så er me lærarar ganske trøytte når jula nærmar seg såpass som ho gjer nå. Obligatoriske juleaktivitetar har me snart lagt bak oss, og alle begynner å bli klare for ferie… I dag presterte eg fleire gonger å seia feil namn på elevar, og eg gjekk meg vill i ei hoderekningsoppgåve eg hadde gitt elevane. Heldigvis var nokre av dei kvikkare i tankane enn meg, så me fann svaret til slutt. Eg forklarte at nå var me på gult nivå igjen, så me måtte hugsa å vaska hendene godt og vaska pultane før me åt. Då eg var nesten ferdig med å spruta såpevatn på alle pultane sa ei jente. «Men Heidi, me treng vel ikkje å bruka antibac?» Eg hadde tatt feil flaske.
Me lærarar er nok litt kollektivt redde for karantener i jula sjølv om me ikkje snakkar til elevane om det. Det er jo litt rart å høyra og lesa alt som blir skrive om å halda avstand, bruka munnbind og ha heimekontor. Me er jo ei yrkesgruppe som lever og leverer litt alternativt i tider som dette. Så langt har det gått bra. Karantene i julehelga skal me nok og ta på strak arm om det trengst. Det skal likevel ikkje leggjast skjul på at dei fleste av oss som jobbar i skule og barnehage og har veldig lyst til å kunna feira ei bortimot normal jul i lag med familiane våre.
Elles så er det kanskje litt rørande å lesa at me er så viktige at me bør sleppa karantene når me er nærkontaktar i jobbsamanheng. Det sjarmerande ordet «fritidskatantene» har eg og nettopp lært meg. Det betyr at me er ønska på jobb, men utanom arbeidstida er me i karantene. Det er ikkje fritt for at det nesten dagleg dukkar opp tankar i hovudet mitt om gode idear til revyinnslag…
Men, men. «We shall overcome…» Denne gongen og. Snart er det juleferie. Ein stor takk til alle flinke folk som gjer massevaksinering mogleg siste veka før jul. Det kan ikkje ha vore få «vaksinandar» som var innom Timehallen for å blotta aksla si i dag.
Heidi
Luka