Gå til innhald

Oslo 22.mai

mai 22, 2022

Idag har me vore på det nye Munch-museet. Eg er imponert både over bygningen og over utstillinga. Me var heilt øverst oppe og såg på utsikta, og etterpå tok me etasjane nedover. Eg skulle ønska at eg kunne ta elevane mine med meg på utstilling der, det hadde vore kjekt.

Etterpå hadde me lunsj på operakafeen med utsikt over sjøen, så i dag har me vore skikkeleg kulturelle. Me avslutta dagen med å vandra litt på Grünerløkka der det var sundagsopne butikkar, og i dag var det sol og.

I kveld har eg møtt «ungane“. Me har ete pizza og dessert på Olivia. Nå sit eg her og ventar på nattoget som skal ta meg heim til Bryne. Eg sit her og snakkar med Kjell Ronny som eg nettopp trefte. Me er gamle kjende frå tidlegare av, og nå blir eg oppdatert på kva som har skjedd med han.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: