Gå til innhald

23.mai

mai 23, 2022

Sidan eg hadde testa negativt på lørdag og ikkje hadde fleire symptom på sundag, stappa eg bare hurtigtestane i handveska då me sjekka ut av hotellet om føremiddagen. Utover dagen begynte eg å hosta litt, men ein går liksom ikkje ut på toalettet på Munch-museet eller på operaen og riggar opp til femten minuttars koronatesting. Eg bestemte meg for å prøva å ikkje vera hysterisk og tenkte at eg fekk testa i kupeen på nattoget.

Då eg åt pizza med ungane i går kveld bemerka dei hosten min og meinte at oddsen for å ha korona var høgare enn oddsen for ikkje å ha det.

Då eg endeleg kom inn i kupeen viste det seg ein ekstra rød strek umiddelbart. Så var det å varsla venninnene eg hadde vore i lag med, familien og jobben. Jammen flaks at eg reiste heim i sovekupé, så var det ingen der å smitta. Skikkeleg hell var det òg at eg fekk med heile venninnehelga før eg vart sjuk. Håpar bare eg ikkje har smitta dei andre, men dei var veldig klare på at dette var ein sjanse dei ville ta.

Nå er eg heime og har lagt meg nedpå etter ein god varm dusj. Eg vart henta på stasjonen. Ved utgangsdøra stod blomen på biletet og i gangen og trappene inne låg det presangar. Eg har bestemt meg for at dette er ein ny og interessant måte å feira bursdag på 😊. Ha ein fin dag alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: