Gå til innhald

24.mai Hels på Miss Bunny

mai 24, 2022

Før påske hadde Mari på jobben min fått ein spennande idé. Kven ville vera med på Maskorama? Dei lærarane som ville vera med skulle skaffa seg eit maskert alter ego og spela inn musikkvideoar kvar veke. Elevane skulle så kvar veke stemma på kven dei likte best, og så gjetta identiteten på den som gjekk ut. Eg tenkte at det var ein så god idé at det måtte jo lærarane stilla opp på. Altså sa eg at eg kunne vera med.

Så gløymte eg det litt, vart forkjøla og hadde det travelt. Plutseleg spurde Mari om eg var klar til å presentera meg med eit foto av meg i kostymet mitt. Då måtte eg innrømma at kostyme hadde eg ikkje funne endå, og at eg kanskje bare måtte stryka meg av lista fordi eg ikkje hadde fått tid til å tenkja. Mari sa at ho håpa det ordna seg, og eg tenkte at dette måtte eg vel kunna få til. Hadde me ikkje ei gammal gummimaske ein plass som me hadde arva etter svigerfar? Ei sånn gammelmannsmaske som han brukte i 17.mai-toget i Bærum då han spelte blokkfløyte og var rottefangaren frå Hameln?

Den maska viste seg å vera tapt, og ingen i familien hadde masker eg kunne bruka heller. Eg sykla ned til Bryne for å tråla meg gjennom dei butikkane som kunne tenkjast å ha masker, men sidan karnevalstidene for lengst var over var ikkje det heller akkurat noko eldorado for ein maskehungrig kunde. Det einaste eg fann, halvvegs bortgøymd i ei hylle i ein leikebutikk, var ei kaninmaske og ei revemaske, begge halvmasker, og begge litt for små. Det fekk bli ei av dei. Sidan det snart var påske, valde eg kaninen og spurta heim for å leita etter kostyme. Ei badehette for å skjula håret, ei prikkete pusete morgonkåpe, ein fargerik stoffrest til sjal, og til slutt ei rosa tyllstrimle lagt firedobbelt for å skjula at halvmaska ikkje dekka munn og hakepartiet. Eit påskeegg i hendene og ein rask selfie. Miss Bunny hadde sett dagens lys og trong ikkje å manifistera seg på film før etter påske.

Eg visste jo at ho ikkje hadde fått det beste utgangspunktet. Ei litt for lita maske som bare burde sjåast heilt en face, eit heilt uttrykkslaust ansikt der blikket bak bare vistest i ein bestemt vinkel, og ikkje minst at ho som skulle bera maska ikkje akkurat er kjend for sine danseferdigheiter. Men nå var eg i alle fall med, sannsynlegvis som daudkjøt som snart skulle skrellast vekk, og så hadde eg gjort mitt for skule, heim og fedreland.

Det er bare det at eg ikkje kan fordra å gjera ting halvvegs. I alle fall ikkje kreative ting. Hodet mitt begynte å bobla av ting eg ville gjennomføra, og eg fekk ei liste der eg skreiv opp songar kaninen skulle framføra innan visse sjangrar. Eg forstod allereie då at ho var ein drøymar og ein romantikar, så første songen hennar vart «All you need is love». Sidan eg skulle få heim son og svigerdotter utdanna innan film, tenkte eg at dei kunne hjelpa meg å gjera det beste ut av den litt uformelege kaninen. Eg hadde sett for meg å bruka ekspertisen, og lurte på om min son som for tida lever av å laga animasjonar for nrk, kanskje kunne laga ein inspirert animert kaninvignett av frøkna. Eg forstod fort at ei slik arbeidsmengde det viste seg å vera kunne eg ikkje påleggja feriegjesten. Då han såg kaninen i kostymet, sa han «Mor du er klar over at nå er du meir lik deg sjølv enn du er utan maske og kostyme… Alle kjem til å sjå det er deg!» Me bestemte oss for å filma i halvfigur og Leif måtte stå bak og halda bakgrunnen, ein blå duk. Eg hadde eit skript i hovudet der Miss Bunny tok påskekyllingar ut av påskeegget og gav dei kjærleik, men det kom aldri med på filmen. Therese stod ved sida av og blåste såpebobler, noko eg hadde tenkt skulle bli veldig spektakulært. Så viste Miss Bunny hjarteteikn med hendene, noko som i grunnen likna mest på det som er introdusert som «Det internasjonala teine for farsa».

«Eg trur du er Miss Bunny, for eg kjende igjen hendene dine,» sa ei jente etterpå. Det var då eg kom på at ho kanskje burde ha hanskar, og at eg neste gong burde hugsa å ta av klokka…

Neste runde skulle Ingrid filma. Ho er tålmodig og har sans for detaljar. Problemet var bare at ho var aleine med barna den ettermiddagen, og minstejenta fekk nesten full panikk då ho kom ut og såg mor si filma ein gigantisk kanin, som ho ikkje gjenkjende som mormor, knelande ved dokkesenga. Ho hylte som ein stukken gris, og haldt ikkje opp med det første, sjølv om mormor gav seg til kjenne så godt ho kunne.

Etter kvart som vekene har gått har eg blitt ganske glad i mitt alter ego, kaninen. Ho er i tillegg til å vera eit romantisk følelsesmenneske veldig uredd. Ho lagar surfbrett på sløyden og kjører semitrailer.(Det kan bli harde timer bakom rattet, i Alpene om natta når det snør.) I tillegg kjøper ho seg sko med himmelhøge hælar og nagledekor, som ho ikkje har sjanse til å få på føtene, før ho spring på disco og trur ho skal imponera kaninkarane sjølv om ho har vondt i ryggen og giktfeber…

Familien synest dette har gått meg heilt til hovudet. Det blir stilt spørsmål på familiekanalen: «Kven skal filma mor denne gongen?» Det har ikkje vore kø for å få lov, men dei har stilt trufast opp, det skal dei ha. Eg har funne ut at eg er flinkare til å regissera andre enn til å få andre til å filma meg slik eg vil det skal vera der eg sit med sokkar på hendene og ei tåpeleg kaninmaske som gjer at eg nesten ikkje ser utan briller, og dette at eg alltid må sjå rett fram med maska på fordi ho er litt for lita…

Då eg hadde fått lånt lastebil og lokka mannen til å kjøra meg til Sandnes for å filma, var det vanskeleg å få han til å forstå at han nesten måtte liggja med frontruta i ryggen for å filma bunnyen som skulle styra bilen og sjå rett fram. Eg frykta at ingen fekk med det vesle poenget at kaninen åt gulrot i brød i staden for pølse. Det var og hardt å takla at det ikkje vart eit nytt opptak sjølv om munnsløret løsna frå maska på slutten av opptaket sånn at munn og hake kom til syne. «Nei, vet du hva Heidi, nå orker jeg ikke mer!»

Dei har ikkje forstått heilt. Eg har prøvd å forklara at dei andre legg lista mykje høgare, at dei fiskar torsk frå gummibåtar i svømmehallen, dansar med russen, spelar el-gitar i skogen, rir på hestar, kjører traktor og amerikanske bilar og tek toget til Hellvik i fullt kostyme…

Miss Bunny haldt koken lenger enn eg hadde trudd, men nå er ho ute av dansen. Og ho som hadde planlagt å troppa opp på kontoret til ordføraren med ein bukett løvetann og rappa til “Du er dødssøt».Han skulle ta i mot i dress og med ordførarkjede og vera med på dansen. Miss Bunny fekk aldri spurt han, men med hennar sjølvtillit så er ho sikker på at det ville latt seg ordna. Med knapp tidsfrist og ein koronadiagnose er det nok like bra at ho datt av lasset i tide…

Takk til familien min. Dokker har vore fantastiske, sjølv om dokker aldri heilt oppfatta seriøsiteten i dette. Spesielt takk til Odd Christian som dukka opp fleire gonger seint om kvelden for å hjelpa meg å redigera, og til Ingrid for veldig tålmodig hjelp. Ho hoppa til og med i kostyme og høghæla sko sjølv for å hjelpa mora med særdeles utfordrande discodans… Nå kan eg dessutan med fred i sjela kopla ipaden min til storskjermen i klasseromet utan å vera redd for at eit bilete eller filmklipp av ein viss kanin skal poppa opp på skjermen ved eit uhell. Det skjedde ein gong i 4B i eit hundredels sekund før eg fekk trykka det vekk, men det viste seg at minst ein elev hadde fått det med seg.

Takk til Miss Bunny, og fred over minnet. Dette har vore kjekt, og det har utfordra komfortsonene mine for kva ein byr på av seg sjølv… Dersom eg skulle fått filmane som eg ville, måtte eg nok hatt med eit profesjonelt filmteam og eit par stand-ins.

Eg heiar på alle dykk som framleis er med i konkurransen. De er heilt utrulege. Framleis er eg usikker på identiteten på minst fire av dykk. Det er slikt som dette som gjer Bryne skule til ein skule eg elskar å jobba på. Takk til Mari for godt initiativ og mykje ekstraarbeid.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: