3.juni – Sommarmånad

I går hadde me lesedag i Sandtangen der elevane gjekk rundt i skogen og fann postar med ulike formar for leseoppgåver. Det var meld ein del regn, så me kryssa fingrane, laminerte postane og håpa på det beste. I beste fall ville me og få det tørt nok til å få gang på grillane slik at me kunne få varme pølser på slutten av skuledagen.
Veret var oss relativt vennleg, og med nok klede og vestlendingane si eigentlege festdrakt, regntøyet, var det fint å vera ute. Heilårstemperaturen som ofte er hos oss både på 17.mai, jonsok og julafta på ca 12 grader Celcius, var og på plass.
Det som er spesielt for denne årstida er dei heilt fantastiske fargane og det fine lyset. Etter månadar med vinterfargar, gjer fargane seint på hausten og tidleg på sommaren noko heilt spesielt med meg. Eg synest Barbro Hörberg treff spikaren midt på hovudet med denne songen:
https://www.youtube.com/watch?v=XXVoRieHhJM
Etter at elevane var sende heim hadde eg ei økt med å laga vikaropplegg for komande veke, for nå skal eg rett og slett gå inn i mi første «sekstiårs-ekstra-ferieveke». Typisk nok tok det meg eit år å koma så langt som til å få brukt ho. Me skal først til Bærum i pinsehelga, og så skal me på køyretur til Trondheim der eg skal vera med på «Salmens dag» i regi av Norsk hymnologisk forening.
Etter å ha fått vikaropplegget nokonlunde i havn, nådde eg akkurat heimom for å skifta klede før den andre store hendinga denne dagen, teatertur til Stavanger.
Me er ein gjeng kolleger som har starta ein «teater-ring» I praksis vil det seia at me går på teater saman ca ein gong i året, og då legg me ofte inn eit koseleg kafébesøk og når me først er i gang. Nå var det lenge sidan sist på grunn av nedstengningar og korona, så det var ekstra kjekt å koma seg av stad.
Stykket me skulle sjå var «Våken drøm», eit stykke bygd på Vamp sine tekstar der karane i bandet og skulle vera med som musikarar. Eg har før sett eit teatestykke med Vamp sin musikk, og hadde venta meg noko som likna på det. Det som møtte meg var heilt annleis. Me vart tekne inn i det som eg nesten vil beskriva som eit rocka alternativt univers, der tekstane var sette inn i ei heilt anna ramme, enn det vare, sommarfarga litt melankolske vestlandsuniverset eg gjerne forbind med både bandet sin musikk og tekstane deira. Her møter me både, Jesus, Stalin, Ludvig den 16., paven, ei berusa nonne, henrettingar, massemordarar, månevandrarar, Titanic og hekser, og me får sjå ei narkoman kvinne setja eit skot i armen til var musikk. Det heile var gjennomsyra av ein burlesk humor, eit dystert alvor, og av ein heilt fantastisk scenografi.
Her var det bare å gløyma alt ein hadde trudd og opna sansane for det som måtte koma. Det må jo vera ein dramatikar sin draum å kunna gjera så mykje heilt spinnvillt på ein scene. Kvar gong eg er på teateret så misunnar eg litt rette vedkomande moglegheita til å tenkja ut dei raraste fantasiar, og så kan det gjennomførast. «Der vil eg ha inn ei dame som dansar nedover ein vegg, der vil eg ha inn ei flygande dansarinne, der vil eg ha eit hav av røyk, og der skal scene-elementa dreia og visa ei mørk bakgate der paven står på ein balkong og har kjærleikssorg.
Eg innrømmer at mange av koplingane var litt rare, men eg tek av meg alle hattar for å klara å laga noko, bygd på så mange merkelege innfall og tankesprang som likevel kommuniserer. Midt i alt det besynderlege sat eg att med ei kjensle av at dei hadde klart å fanga dei nyansane i livet som det er vanskeleg å setja heilt ord på, det som nesten hender, og det som du trur er der utan at du kan vera heilt sikker. Eg kjende på denne rare humoren i det å leva, på dette å ikkje heilt nå fram til kvarandre sjølv når ein vil, og vart bevisst på desse små uverkelege opplevingane av å vera nær kvarandre som plutseleg kan dukka opp i heilt uventa samanhengar. Eg kjende på at i det som er stygt og avskyeleg kan det vera element av noko som er veldig vart og vakkert, og at livet består av veldig mykje me ikkje heilt klarer å gripa tak i.
Nå skriv eg så uklart sjølv her at eg trur eg må vera meir prega av teateropplevinga enn det eg trudde at eg var. Eg veit ikkje om det er fleire billettar å få tak i, men dersom det er det, så unnar eg mange å sjå dette stykket.
For meg har både kunstutstillingar og teaterforestillingar et element av kjensla av at dette hadde eg hatt lyst til å gjera sjølv. Når eg er på kunstutstilling får eg veldig lyst til å gå heim og mala, og når eg er på teater får eg utruleg lyst til å laga teater sjølv. Er det slik alle har det, mon tru? Eg må innrømma at eg ikkje får den heilt same typen dragning når eg ser nokon springa maraton, ta OL-gull i alpint eller driva med basehopping. Det kan jo tenkjast at me er litt ulikt skrudd saman…
Nå kjenner eg at det skal bli godt med nokre fridagar. Eg slapp veldig billig unna korona, men føler framleis at eg ikkje har fått energinivået heilt opp dit eg vanlegvis pleier å ha det. Det blir fint og spennande med ei friveke. I føremiddag har eg jobba med diverse det var greitt å få unna før eg skal reisa, og eg har unna meg å svara på alle fødselsdagshelsingane på facebook. Sidan eg var sjuk den dagen hadde eg ikkje klart å opna alle der og då. Det er litt som å opna dører til folk eg kanskje ikkje har møtt på lenge, og det å ta seg tid til å svara er som å møta den personen litt på ekte i eit sekund eller to. Eg seier som eg har sagt det før. Så utruleg mange fine folk eg har blitt kjend med gjennom livet.
Katten mjauar og er svolten. Det er kanskje på tide med ei meir praktisk tilnærming til livet. Eg har framleis mykje å ordna før avreise. Eg har og planlagd ein tur ut for å kjøpa knappar til kofta mi som nå er ferdigstrikka. I kveld kjem Sunniva heim. Ho skal på reunion på Vågen, og me ventar til i morgon med å reisa slik at me får ein kveld i lag med henne. Det gler eg meg til.
Heidi