Gå til innhald

1. Pinsedag

juni 6, 2022

Første pinsedag vakna me til eit fantastisk sommarver. Leif hadde lyst på ei pilgrimsvandring til Bærums verk, for den etappen hadde han ikkje fått med seg. Han klarte å lokka med seg Henrik på vandringa. Eg og Eva Mari kjende oss meir frista av komfortable framkomstmiddel denne dagen og bestemte oss for ein forsommartur i mini-morrisen. For å markera dagen hadde ho pinsedagsgudstenesten klar på bilradioen då eg kom inn i bilen.

Me kjørde ut på Hurumlandet, og det var så fint og grønt med syrinar og valmuer i hagane og brygger med kafear og små bord. Me stansa på brygga på Filtvedt for å gå til ein lunsjplass det Eva Mari hadde vore før ein gong, Villa Malla som låg like ved ei strand. Der var det restaurant med lunsjbuffet der ein kunne sitja ute og sjå ut over havet, eller sitja inne i eit stort selskapslokale. Me sette oss ute i idyllen. Maten var kjempegod, og det var så varmt at me måtte trekkja inn i skuggen då me kom til kaffen.

Etter maten og ein liten spasertur kjørde me vidare med nedrulla bilvindauge og vind i håret. Me tok ein ny pause på Vollen i Asker der det var sundagsopne klesbutikkar, kunstbutikkar og kafear. Biletet øverst i innlegget er henta der i frå.

Om kvelden var me samla i storfamilie til grilling heime hos Joffe og Elisabeth. Først var me litt i den fine hagen som nå er meir blomstereng enn plen, og så åt me saman inne på den store glasverandaen. Det kjennest som ei stor lette at koronasituasjonen nå tilseier at me kan omgåst omtrent som normalt igjen.

Då me kom heim til Haslum vart det seinkveld på verandaen og ferdigstilling av kofta. Det var vanskeleg å få knappestolpane fine og beine og å få knappane til å sitja fint. Knappane vart sette på og så spretta av og sydde på att to gonger før eg vart fornøgd, og etter første forsøket med tinnknappar bestemde eg meg for at treknappar var finare. Halslinninga viste seg å vera litt for vid, men heldigvis er Eva Mari den flinkaste strikketøysdokteren eg kjenner, så det blei bra til slutt.

Alt i alt er eg ganske fornøgd med å vera i mål med dette store strikkeprosjektet, men det er eigentleg nå det hadde vore ideelt å begynna, for nå veit eg nokre småting eg ville gjort litt annleis. Slik er det vel med det meste i livet, me får ta med oss alt me har lært og leva framover så godt me kan.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: