Gå til innhald

Näs-Mora, men først og fremst Carl Larsson

juni 7, 2022

Eg kan fortelja at eg sovna godt i teltet i går kveld med hollandsk allsong som bakgrunnsmusikk. Verre var det med reisekameraten på biletet. Han oppdaga då me slo opp teltet i går at liggeunderlaget han hadde kjøpt til meg måtte ligga ope i 24 timar før det kunne brukast. Sjølvsagt forstod han at alt anna enn å gje meg sitt underlag ville vera å spela campingkorta sine veldig dårleg. Han vakna etter mindre søvn med litt vondt i ryggen. Kanskje dette gjer oss meir samstemde reint campingmessig…

I dag har me hatt ein veldig fin dag. Høgdepunktet var å besøkja Carl Larsson sitt hus på Sundborn. Det var akkurat så idyllisk det som det ser ut til å vera på maleria. Ute i hagen kunne ein få fritt, for å koma inn måtte me melda oss på omvisning. Me var så heldige å få oldebarnet til Carl og Karin som omvisar. Han hadde vakse opp med huset og hadde inside-historiar frå bestemora si, Brita, eit av dei barna det er flest bilete av fordi ho likte å vera modell og få aleinetid med faren sin. Det var tre par i tillegg til oss som var med på omvisninga, og i følge guiden fekk me ekstra mykje tid fordi den eine runden i dag hadde gått ut. Leif meinte at eg heilt sikkert var den einaste ikkje-pensjonisten i gruppa. Sjølv kryssar han nemleg den grensa i desse dagar. Dessverre var det ikkje lov å fotografera inne i huset. Det var utruleg fint der. Eg vart så begeistra for både historiane og huset at eg tok med meg ein ganske tung bokpose frå museumsbutikken. Eg er veldig glad i biografiar og gleder meg til å lesa dei to eg fekk med meg.

Det var fristande kafear på stafen det rin kunne sitja i blomstrande hagar og eta tradisjonell svensk lunsj eller kaker. Me måtte dessverre prioritera å koma oss vidare til ein by der me kunne kombinera mat med hurtiglading. I ein by eg akkurat nå har gløymt namnet på, fann me ein artig liten kafé det ein kunne sitja og eta i utstillingsvindauget om ein ville og det hundar fekk liggja på teppe på stolar og sofaar om dei var gjester det. Eg takka nei til utstillingsvindauget sjølv om det var ledig plass i det eine… Me delte eit rundstykke med ost og paprika og åt kvar vår kardemummabulle. Bollen på biletet er noko av det beste eg har smakt av gjærbakst.

Så kjørde me vidare forbi hoppbakkane i Falun med retning Mora. Me må ha kjørd gjennom sentrale deler av Sverige sitt skid-sports-land, for overalt har me sett skilt med skiutleie og skianlegg. Det er litt rart for me har jo kjørt gjennom skogslandskap i to dagar. Eg forbind skisport med fjell og ikkje med skog, men det er kanskje ikkje slik i Sverige?

Seint på ettermiddagen kom me til til Mora. Me bur i eit gammalt raudmalt hus som er gjort om til ein overnattingsstad. Det er litt sånn blanding av ungdomsherberge og bed and breakfast. Me har fått ein kode til å logga oss inn i huset og nøkkelen til anvist rom stod i døra. Det er mat i kjøleskapet til å laga vår eigen frokost, og me legg sjølve på sengetøy som me tek av før me reiser, pluss at me støvsuger rommet. Det virkar som ein ganske grei måte å organisera det heile på. Til huset høyrer det ein stor hage og terrasse det eg sit og skriv nå.

I kveld har me vore i Mora som var ein fin by. Eg var innom husflidsbutikken det dei selde dalahestar, moraknivar og folkedrakter. Eg skulle gjerne ha handla., men klarte å la det vera. Me var på restaurant og kjøpte steikt regnbogeaure med ovnssteikte beter og røykte ovnsbakte småpoteter med løyerom og ein nydeleg smørsaus til. Det er ikkje ofte me går for den standarden. I går var det pizza og hamburgar på ei vegkro.

På vegen heim var me innom i ein butikk og kjøpte med oss svenske jordgubbar. Eg kan informera om at dei smakte nesten like godt som norske jordbær.

I Mora er det eit stort Anders Zorn-museum som eg svært gjerne skulle hatt med meg, men det blir ikkje i denne omgangen. I staden skal me over grensa igjen og koma til Røros utpå ettermiddagen/kvelden. Det gler eg meg til. Røros har eg alltid hatt lyst til å sjå.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: