Så kom me til Røros


Då me var ferdige med frokost på terrassen, oppvask, rydding og utvask på den idylliske overnattingsplassen vår i Mora var det på tide å setja kursen mot nordvest. Leif kjører bilen, eg strikkar, hjelper til å sjå på skilt og gps og held utkikk etter elg og reinsdyr. Det er grei arbeidsfordeling sett frå min synsvinkel.
Då me kom til Idre måtte me stoppa for å fylla straum og for at eg skulle ha teamsmøte med nokre av dei eg skal ha salmekveld i lag med. Det er eigentleg ganske surrealistisk at eg kan sitja i møte på ein parkeringsplass utanfor éit svensk kjøpesenter og i same omgangen sjekka kva som skjer i dag på klasstrinnet eg har reist i frå heime på Bryne.
Då møtet var slutt og me hadde ete lunsjen me hadde kjøpt inne i butikken, begynte det å tordna og regna heftig, så då var det greitt å kjøra vidare. Skilta med fare for elg var ikkje utan grunn. Plutseleg såg me ei elgkollle eller kanskje ein fjorårskalv på eit jorde like ved oss. Me fekk tid til å sakka farten veldig ned og beundra han før han valde å kryssa vegen framfor oss.

Me såg og ein annan elg på lang avstand og ein liten flokk med reinsdyr. Det er flotte dyr som ein helst ikkje vil ha på bilpanseret.
I den vesle bygda med det velklingande namnet Tufsingdal hadde dei ein sjølvbetjent matbutikk det ein logga seg inn med bankkort, fann varene ein ville ha, betalte og logga seg ut. Det måtte me prøva ut, så då vart det ispause der.
Å koma til Røros var fantastisk. Det er så utruleg vakkert her. Me har utsikt over hovudgata frå hotellvindauget og har vore ute på ei lita byvandring. Eg visste frå før av at deler av Pippi Langstrømpe- filmar er innspelte her, og syntest at eg kjende meg igjen
Det å gå i byen var nesten som å gå i filmkulissar eller på eit museum bortsett frå alle bilane som såg ut til å kunna kjøra overalt. Det hadde vore endå mykje finare utan alle bilane, i ei av hovudgatene var det viss gågate kvar laurdag… Samtidig forstår eg jo at folk faktisk bur her og lever kvardagsliva sine i desse gatene. Det med bilkjøring eller ikkje er ikkje heilt enkelt.
Nå er eg så trøytt at det sitrar i kroppen. Det blir ein tidleg kveld. Me gleder oss til å bruka i morgon føremiddag her på Røros.
Heidi