Gå til innhald

Frå Røros til Trondheim

juni 9, 2022

I dag skreiv eg at Røros hadde blitt min nye favorittby. Då hadde eg nesten gløymt kor godt eg likar Trondheim. Her er eit bilete av Bakklandet teke frå rett utanfor Pilgrimsgarden der me nå har installert oss for tredje gongen. Det er ein nydeleg plass å bu.

I føremiddag hadde me ein fin føremiddag på Røros. Nå kunne eg gå inn i alle dei spennande butikkane eg såg i går. Det er veldig mange butikkar som sel kunst og kunsthandverk, og i tillegg fleire nisjebutikkar som sel ekstra fine klede, smykker og anna som ein fort kunne få lyst til å kjøpa med seg. Eg synest at dei som ekspederte i butikkane var ekstra hyggelege og imøtekomande, bare blide, hjelpsame folk og gode ord over alt.

Eg hadde gleda meg til å sjå den fine kyrkja inni, og det inne var det verkeleg vakkert. Eg har levd i den tru at familiehistorien min fortel at det ein gong i tida var ein biskop på Røros, og at han skulle vera ein av forfedrene mine. I går kveld måtte eg innhenta meir opplysningar frå far som måtte slå opp i gamle slektsbøker. Han kunne fortelja at han nok ikkje var biskop likevel, men at vår forfader Peter Ditlevsen var den første soknepresten på Røros ein gong på 1600 talet. Det skulle henga eit bilete av han inne i kyrkja. Me såg etter biletet utan å finna det, og måtte spørja han som tok inngangspenger om hjelp. Han kunne fortelja oss at hr Peter hadde havna på lageret.

Slekt eller ikkje, det var ei god kyrkje å vera i. Det var ein stad der ein kunne tenna tynne lys og setja ned i sand akkurat som det ofte er i katolske kyrkjer i utlandet. Eg tende lys for familien min og bad ei stille bøn.

Eg fekk ordna ein praktisk detalj som eg har tenkt på lenge. Eg fekk kjøpt meg ei analog armklokke med stor urskjeve og tydelege visarar og tal. Ho skal hjelpa meg å halda kontroll på tida når eg «er ute på oppdrag». Dersom eg er ute som forteljar, eller har diktkveld eller salmekveld er det heilt håplaust at eg må bruka begge hendene og trykkja på små knappar for å sjå kor mykje tid eg har brukt og kor mykje tid eg har igjen. Om eg får problem med tida på salmekvelden i morgon, så skal det i alle fall ikkje stå på klokka…

Eg insisterte på at me skulle drikka kaffi på ein av dei mange koselege kafeane på Røros før me reiste. I dag var veret vakkert igjen, så me fann ein plass me kunne sitja ute. Der reklamerte dei med «pjalt med ost». Me hadde i og for seg veldig lyst til å finna ut kva pjalt var, men me let oss frista av meir lettsindig kaffimat. Reisekameraten kunne nyta eit stykke marsipankake mens eg ikkje klarte å stå i mot softis med molter. Det var like godt som det høyrest ut til å vera.

Då me var godt og vel i bilen på veg nordover såg me eit «severdighetsskilt» som det stod «Falkberget Ratvolden» på. Me fekk lyst til å finna ut av kva det kunne vera. Det måtte vel ha med forfattaren Johan Falkberget å gjera? Me kjørde eit stykke på ein smal fjellveg før me kom fram. Ratvolden viste seg å vera heimen til Johan Falkberget frå 1922 av, og det var veldig fint å få med seg.

Etter ei stund stansa me på eit handelslag i ei lita bygd. Me ville kjøpa noko å drikka. Kanskje dei til og med hadde varm kaffi?Eg stokk då eg kom inn butikkdøra og såg rett inn i ansiktet på ein utstoppa brunbjørn. Det viste seg å vera ein slagbjørn dei måtte fella i 2009 fordi han hadde fått smaken på sau. Ganske komisk logikk: Kva gjer me med bjørnekroppen? Me stoppar han ut og ser han på handelslaget, sjølvsagt…

I kveld har me vore på vandring på Bakklandet i nydeleg sommarsol. Me har sitte på ein fortauskafe og ete vegetarmat til middag og kikka på folk. Eg er så glad i dei lyse juninettene. Her i Trondheim er det endå lysare enn heime, så her blir det vanskeleg å gå og leggja seg. Nå sit eg i salongen på pilgrimsgarden og prøver å forstå kva det hollandske reisefylgjet som sit ved sida av meg snakkar om… Eg får med ein del ord som er gjenkjennelege, men alt for lite til å få samanhang i det, så dei kan føla seg heilt trygge sjølv om dei er i same romet som ei dame med ein litt uoppdragen hang til smuglytting.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: