Gå til innhald

Kveld i Sæby

juli 11, 2022

I går kveld kjørde me ein fin tur på smale vegar i nydeleg kveldssol. Me ende opp ved havna i Sæby og bestemte oss for litt kveldsmat i denne kjosken som hadde sitjeplassar både ute og på taket. Reisekameraten kjøpte fiskefrikadeller på rugbrød og eg bestilte eit stjerneskudd sidan det var så godt då eg åt det på fiskerestauranten i Frederikshavn. Denne var gatekjøkkenvarianten og langt frå like fristande med reker frå lake, hermetisk asparges og store mengdar kinanål med thousen- island-dressing. Heldigvis hadde begge bestilt mat utan «fritter». Det virkar som om danskane et pommes frites til det meste og i det heile tatt mykje frityrsteikt mat..

Gourmetmåltid eller ikkje. Det var koseleg å vera på havna i lag med masse andre menneske. Det såg ut som om mange stakk innom fiskekjosken eller kjøpte seg ein softis i isbua.

I dag har eg brukt føremiddagen på å vandra litt aleine i denne nydelege byen. Det er fantastisk fint sommarver ute. I ettermiddag tek me ferge frå Frrderikshavn til Gøteborg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: