Gå til innhald

Livet i ei tønne

juli 12, 2022

Eg må innrømma at for meg er ikkje eit lite telt den mest foretrukne forma for overnatting på ferie. Nå har det seg slik at eg for tida er på tur med ein veldig god venn som meir enn gjerne kryp inn i eit telt for natta. Sidan me skulle koma seint fram i går kveld ettermiddagssegling mellom Danmark og Sverige, fekk eg han på ideen å bestilla campinghytte på den campingplassen me hadde planlagd å bu på.

Stor var overraskinga då det viste seg at me skulle bu i ei tønne, og i første omgang virka det lettare klaustrofobisk.

Det viste seg imidlertid at det var romslegare enn ein kunne tru. Tønna var innreia omtrent som ei campingvogn, vil eg tru. På midten var det ein sovehems med plass til to og ved inngangen var det sitjebenkar med eit uttrekkbart bord. Framfor kvar tønne var det eit bittelite bord og to lette stolar og i tillegg eit grillspann.

På campingplassen var det mest vsmingvogner, og dei stod tett. Så var det to rekkjer med tønnehytter og ei rekkje med litt større hytter. Inne i tønna var det vindauge i begge ender slik at ein kunne kikka ut. Mellom rekkjene var det hekkar som viste seg å bestå av rips- og solbærbuskar. Campingplassen låg ved ein idyllisk sjø og veret her er heilt nydeleg. Alt i alt ende dette opp som ei sjarmerande erfaring, og eg kunne faktisk ha blitt mykje lenger i tønna om det hadde falt seg slik sjølv om førsteinntrykket må seiast å vera sjokkblanda vantru.

Fergeturen mellom Frederikshavn og Göteborg var veldig fin. Eg var litt skeptisk etter at alle våre hadde særdeles gyngande turar over Skagerak i helga, men over Kattegat var havet som eit stovegolv. Ferga var som ein blanding av danskebåt og Boknafjordferge. Innseglinga til Göteborg var utruleg vakker, først med fin skjærgård, så med bypanorama.

Det viste seg å vera litt marerittaktig å koma oss ut av byen. Eg trur me kjørde feil minst fire gonger før me fann rett avkjørsel og kom inn på den motorvegen me skulle vera på. Det vart med andre ord ein lang sightseeingtur gjennom trafikksystemet ut av byen. Minst ein gong oppdaga me at «men akkurat her var me jo for ei lita stund sidan»… Det hender ganske ofte i trafikken at eg takkar Gud for at det ikkje er eg som sit bak rattet. Det gjorde eg absolutt i gårkveld, men eg torer likevel å påstå at via felles mentale anstrengingar fann me ut av det til slutt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: