Gå til innhald

Helsing frå klosteret

juli 13, 2022

Nå har me skifta adresse frå tønne til kloster. Me er komne til Vadstena og bur i gjestehuset til Birgittasystrerna. Ordenen vart stifta av den hellige Birgitta her i Vadstena på 1300-talet. Nå har me akkurat ete frokost med to veldig trivelege damer nede i spisesalen.

Av alle stadar eg ikkje har visst at eg burde ha lyst til å koma til trur eg Vadstena må stå øverst på lista. Det er så vakkert her at eg blir heilt målbunden, ein nydeleg middelalderby med slott og kloster langs bredden av Vänern. Det du ser er utsikta frå vindauget på romet vårt, og mellom oss og stranda er det ein fin og fredeleg klosterhage.

Det er ti nonner som bur her, i alle fall dersom dei er dei same som på biletet frå i fjor. Den yngste er litt over femti år og kom hit på besøk som relativt nyutdanna tysk lege og bare forstod at det var her ho skulle vera.

I går var me til messe saman med nonnene i klosterkyrkja. Sidan dei har same drakt og hodeplagg og i alle fall slik eg hugsar det like briller, så har eg rett og slett litt vanskar med å plassera kven av dei som tok i mot oss i går.

Då eg skreiv om å vera litt kyrkjeframand på høgmesse i den danske kyrkja, så blir den kjensla forsterka på svensk katolsk messe. Det var fint å vera der. Eg kjenner alltid ei slags sorg over å ikkje kunna delta når det blir delt ut nattverd, men tenkjer at eg får respektera at den katolske nattverden enn så lenge ikkje er for lutheranarar.

Vadstena er meir enn klosterliv. Det er ein nydeleg liten by med koselege, tronge gågater, butikkar og kafear. I går var me på eit fantastisk gammaldags konditori med nydelege rekesmørbrød og den mest fristande kakedisken eg kan hugsa å ha sett. Me drakk kaffi ute i hagen, og på vegen ut med ein skjør porselenskopp på eit tefat klarte eg å få kaffi over den nye linkjolen min. Eg trur eg har fått vekk det meste med kaffi og handsåp, og frå nå av skal eg bera kaffikoppar mykje meir forsiktig…

Reisekameraten min er ei litt uroleg sjel når han er på tur. Han vil ha med seg mest mogleg. Nå har han gjort syklane våre klare til ein sykkeltur. Det skal vera så fint å sykla her i området.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: