Gå til innhald

Vadstena

juli 14, 2022

Sykkelturen vår i går vart ikkje så lang. Eg fekk eit lite problem med sykkelen som vart verre då me prøvde å fiksa det. Til slutt løsna den eine bremseklossen og me fekk han ikkje på igjen. Det ende med at Leif måtte henta bilen. Ventetida brukte eg til å fotografera, for det var så vakkert der. På den lokale sykkelbutikken var dei veldig greie og hjelpte oss gratis. Me vurderte å sykla ut igjen, men ende med å gjera noko av det andre me hadde lyst til i Vadstena.

Ikkje langt frå Birgittaklosteret ligg det eit pilgrimssenter. Sidan Vadstena er eit pilegrimsmål var det overnattingsplass der for pilgrimar. Det var òg eit bibliotek der ein kunne sitja stille og les, ein liten kafé og ein bokhandel. I tillegg var det ein hyggeleg uteplass og ein kunne koma dit til temakveldar og foredrag.

Me ende med å kjøpa ganske mykje i bokhandelen. Det var så mykje fint der. Eg fann bøker som eg trur kan vera nyttige i arbeidet med grøn kyrkjelyd og med bønevandringar i kyrkja.

Vegen tilbake til klosteret la me gjennom urtegarden som delvis har funnest det sidan tidlege klostertider, men som vart rehabilitert ein gong på 1900-talet.

Etter meir byvandring og ein kvilepause for reisekameraten som del var me turistar på Vadstena slott og landa til slutt i klosterhagen med dei nye bøkene, trøytte føter og ein kopp kaffi.

Nå hhar me sjekka ut av Birgittasystrorna sitt gjestehus. Det har vore ein god plass å vera. Under frokosten er det faste plassar etter romnummer, og me har hatt to måltid saman med to veldig trivelege damer. Den eine av dei har tidlegare budd i Vadstena i mange år, og hadde då vore frivillig i klosterbutikken. Ho fortalde at nå er det bare seks systrer igjen i klosteret. Eg trudde dei var ca 10 etter noko eg hadde lese, men ho kunne fortelja at fleire hadde døydd dei siste åra. På syttitalet dreiv dei ein slags aldersheim der ein kunne koma og bu når ein blei gammal, og tidlegare hadde det og vore indiske og latinamerikanske nonner som hadde budd der.

Det er nok det same som i dei få norske klostera me har. Det er liten rekruttering av nye og yngre nonner, og dei som bur der blir eldre. Det er nok få i vår tid som vel å via livet sitt til å leva i eit kloster. For meg er det ikkje heilt uforståeleg at nokon vel å gjera det, men det er jo eit veldig alternativt livsval.

Ei av bøkene eg kjøpte i går handlar om å vera pilgrim i ei utfordrande tid. Korleis skal ein vandra gjennom livet sitt på ein god måte og korleis skal ein stilla livskompasset sitt i ei tid med nye og store utfordtingar.

Eg lar problemstillinga henga, for nå må eg avslutta skrivinga. Me skal på klostermuseum.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Else-Marie Bue permalink

    Takk igjen! Seier også nesten takk for at du fekk problem med bremseklossen. Dermed fekk me denne gode omtalen av alt det gilde du opplevde gjennom dagen som «pilegrim» ! På sykkelen må du sjå rett fram på vegen !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: