Gå til innhald

Greta som ikon?

juli 15, 2022

Gårsdagen i Vadstena var full av sterke inntrykk. Biletet over er frå ei utstilling i den store klosterkyrkja laga av Mats Hermansson. Han har malt ikoninspirerte bilete på stoff frå gamle presenningar. Han fortel om dette biletet at folk har latt seg provosera. Dei synest det er feil at ho nesten virkar opphøgd til helgen. Nokre meinte og at kyrkja ikkje skulle vera politisk og bidra til klimahysteri. Kunstnaren repliserer at han for det første er lutheraner og ikkje opererer med helgenar. Derimot synest han det er viktig at kyrkja er med på å stilla dei store spørsmåla om livet og bidra til å løfta fram viktige stemmar. Det same synest eg han gjer med desse to bileta.

Den store pilgrimskyrkja mef tydelege trådar heilt frå den første birgittinartida var ei oppleving på mange plan som eg kjende langt innunder huda. Eg har skrive litt om det og lagt ut mange bilete på instagram.

Ei anna sterk oppleving var det å besøkja klostermuseet. Det var sterkt både fordi det gav konkrete sanseinntrykk om korleis det må ha vore å leva som nonne eller munk både for lenge sidan og nå. Samtidig utfordra det på eit nåtidsplan. Setningen «Herre vis meg vegen og gi meg vilje til å gå han», forbind eg mest av alt som ein del av ein kjend salme. Desse orda blir i Vadstena tilskrivne den hellige Birgitta som hennar bøn for livet. Setningen kjennest framleis radikal og aktuell.

I Vadstena møtte me gode venner, Ingjerd og Frode. Dei har lenge snakka vatmt og entusiastisk om sine mange besøk i Vadstena, og det var nok dette som fekk oss til å ta vegen dit. Det viste seg at dei tilfeldigvis hadde planlagd å ankoma Vadstena den dagen me hadde planlagt å reisa. Det gjorde at me fekk ein halv dag i lag med dei med lunsj, besøk i urtehagen og felles opplevingar i klosterkyrkja. Det var fint.

Eg er takknemleg for dagane i Vadstena fulle av gode inntrykk og opplevingar. For meg vart det påfyll til både sjel og tanke.

På vegen vidare stansa me i ein liten by for å handla brød og ost. Det vart ei lity rar oppleving. Først, då me hadde parkert kom ei eldre dame bort med eit strålande smil:

«Jag blir så glad! Jag blir så glad när jag ser färgen på eran bil. Det finst så många tråkiga grå och svarta bilar. Man behöver lite färg.» Eg smilte og sa at det var eg heilt samd i og tenkte at det var då ein merkeleg og lettvint måte å gleda nokon på.

Så etter at me hadde betalt kom ho som stod framfor meg i køen bort. Eg forstår at ho vil fortelja noko: «Du, jag måstr seja något. Det var så stärkt at möta dig i affären derför at du liknar så veldigt på någon jag kände godt för länge sänn. Den personen såg nøyaktig ut som du, och hon var oerhörd viktig för mig under en kort period av mitt liv. Nu tyckte jag at jag såg henne, och mitt hjerta gjorde så här.» Ho viste med hendene på brystet at ho hadde fått hjartebank. “Det var så stärkt at jag kände du måtte få veta det.» Då eg svarte på norsk at eg tydelegvis måtte ha ein svensk dobbelgjengar. Ho spurde på engelsk om eg hadde forstått alt ho sa på svensk, og det bekrefta eg at eg hadde. Eg prøvde meg til og med ein setning på svensk om å ha en svensk » dubbelgjängare». Det var ei rar oppleving å gjera ein forskjell for noko på ein så passiv måte som det å likna på ein eller annan. Livet er ein merkeleg plass, og det er mange rare usynlege trådar mellom menneska.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: