Gå til innhald

Sommar

juli 17, 2022

Siste natta i Sverige budde me på eit slags «gardspensjonat». Ein familie hadde innreia halve huset sitt til hotell, og budde i den andre halvparten sjølv. Gjester som ville var velkomne til å sjå på fjosstellet og til å helsa på dyra. Kyrne gjekk rett utanfor den delen av huset der me hadde vindauge, så det var nesten litt heimsleg… Ytterdøra var open og nøkkelen stod i døra til romet vårt, så det var sjølvbetening på ankomst. Det var eit felles kjøkken som alle kunne bruka, og felles doar og dusjar på gangen.

Det som fleire av dei som hadde anbefalt plassen på nettet kommenterte var den fantastiske frokosten.

Då me vakna lukta det kaffi og nybakt i huset, og kvar dag frå sju til ti vart det servert frokost på eit stort kjøkken nede eller rundt småbord på terrassen utanfor.

På kjøkkenet stod det eg går ut i grå var den unge husfruen smilande i dongeribukse og T-skjorte. Ho ønska alle som kom inn god morgon, helste spesielt på barn og hundar, og spurde folk om dei hadde sove godt. Så fekk me servert te eller kaffi i presskanner, nybakte scones, heimelaga knekkebrød og havrekjeks, egg og honning frå garden, heimelaga saft og syltetøy og i tillegg ost og skinke. Vidare viste ho til ei skål med vaffelrøre og eit varmt vaffeljern «I fall ni er sugna på våfflor…»

Sidan det vart ein litt annan frokostatmosfære enn på eit vanleg hotell kom me i prat med eit par frå Skåne som sat ved sida av oss.

Nokon hadde skrive i gjesteboka at dei hadde vore der med barn og at opplevinga var nesten som å besøkja gode venner på landet. Dei ville garantert koma tilbake.

Sjølv må eg innrømma at eg av og til på våre mange og lange reiser heller har villa ta inn på eit billeg hotell enn på privat «Bed and breakfast». Dette trur eg er fordi eg kjenner meg litt sjenert når ein skal inn i nokon sin private sfære, og viss ein er sliten kan det kjennast mest behageleg å bare gå heilt anonymt inn på eit hotell.

Uansett så opplevde eg det fint å overnatta på gardshotell i Sverige, og eg beundrer dei som klarer å kombinera gjestfriheit og arbeid på denne måten. Eg synest det er beundringsverdig å stå opp grytidleg kvar dag for å servera heimebakt og fin frokost, samt smila og småprata glad og opplagd med alle som er der. Endå meir imponerande er det å kvar dag sørgja for at alle rom er gullande reine og alle sengene fint reidde opp. Det må jo vera bare ein hårsbreidd mellom jobb og privatliv, og ein må til ei viss grad vera tilgjengeleg døgnet rundt.

Eg har og tankar om at slike tilbod er mykje meir hjartevarmande enn sterile hotellrom og frokostbuffetar det folk lessar haugar av godsakar på tallerknane sine og i verste fall kastar halvparten fordi dei ikkje orkar å eta det opp. Slik oppfører ein seg sannsynlegvis ikkje på noko som liknar eit privat kjøkken. Det vart presisert på små plakatar at alt dei serverte var økologisk og at det som ikkje kom frå garden var kortreist frå området og gardane omkring.

Lukka til både til familien på akkurat denne garden og til alle andre som i jobben og kvardagen praktiserer det å møta andre på ein god måte og å vera gjestfrie. Verda treng det. Menneske treng menneske som ser dei og dei treng menneske som er komfortable med å bli sett.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: