Oslo-sommar

Det er alt femte dagen vår i Oslo, og dette innlegget er skrive frå eit badehandkle i sola ein stad på Langøyene. Me reiste ut med badebåten frå Oslo sentrum, det er minst 25 grader i sola og skikkeleg «sommar-sommar». Eg synest dagane som tikkar og går har vore gode alle saman.
Me hadde ein nyedeleg laurdag i lag med Henrik og Eva Mari med ein kort bytur, strikking på verandaen, badetur til Bogstadvatnet og middag rundt langbordet på Haslum.

På sundag var me på hyggeleg kaffibesøk hos onkel Bjørn, Ingrid og Ivar i Asker, og etterpå besøkte me Jan Georg og Birgitte, som eg ikkje hadde møtt på veldig lenge. Så heldige me er som kjenner så mange fine menneske me kan dela sommaren og livet med. Nå i sommar kunne eg like godt sagt » Dela jordbær med» for her i Oslo har me ete store, søte jordbær minst ein gong kvar dag med mange ulike vertskap og gjester.
På måndag kom Torun med buss frå Røyse, og me to la ut på vandring langs Akerselva ca opp til Frysja og ned igjen. Det er laga veldig fin turveg langs elva, og det er fine badekulpar for dei som har lyst til å bada og eventuelt har hugsa å ha med badetøy og handkle. Sidan Torun er ihuga pilgrim så fant me ut at dette måtte kvalifisera som pilgrimsvandring. Det å gå langt saman i eit tempo som ikkje er ubehageleg høgt for meg er ein veldig fin måte både å vera saman på og ein god måte å få ro til lange samtalar på.
Me tok oss tid til både kaffipausar og ispausar, og turen vart avrunda med indisk mat på fortauet på Grønland.
Me fann ut at det ville vera koseleg at Torun overnatta, så ho stakk innom ein Remabutikk og kjøpte tannbørste og jordbær. Så blei det både koseleg kveld og lang frokost i lag, og som ekte pilgrim syntest ho at det å låna soveposen min var heilt ok for ei natt.
Eg har ikkje tatt med veldig gode sko til å gå tur med, så etter ein dag på vandring hadde eg vonde føtter og vannblemmer sjølv om eg hadde vore raus med gnagsårplaster undervegs.
Ein liten føremiddagstur vart det på oss i går og før ho tok bussen heim og eg reiste heim til Tøyen for å leggja beina høgt før me reiste til Fagertunveien med pizza, salat og jordbær i hagen med svoger og svigerinner.
Nå har eg bada, pysete som eg er, så kjendest det kaldt å koma uti, men veldig behageleg etter kvart. Oslofjorden er som regel ein del varmare enn Nordsjøen langs jærstrendene.
Nå får eg avslutta skrivinga før eg bruker opp batteriet. Alle billettar er nemleg på mobilen, så den bør det vera liv i. Fortsatt god sommar.
Heidi