Gå til innhald

Eit hjarte av stein

juli 21, 2022

Tida tikkar seg ubønhøyrleg framover, og i morgon skal me så smått begynna å pakka oss ut av leilegheita til Trygve og Sunniva før me snur bilpanseret mot vest på laurdag.

Denne dagen har og vore varm og fin. Eg har vore på Aker Brygge og ete lunsj med Sissel, ei god venninne frå barndomen av. Det var ho som i si tid var forlovaren min og som laga brudebuketten i bilen på veg til kyrkja, men sjå det er ein annan historie, som HC Andersen ville ha sagt.

Ferien vår, og spesielt denne siste veka i Oslo, har vore full av gode menneskemøte. I dag har eg lyst til å skriva meir om ein type menneskemøte der eg ofte har ei oppleving av koma til kort…

Av ein eller annan grunn har eg den same tiltrekningsevna på tiggarar som ein magnet har på metall og ei honningkrukke har på bier. Kvar gong eg har vore i sentrum denne veka har dei kome til meg, den eine etter den andre, dei fleste kvinner av romfolket. Den første dagen kjøpte eg eit hefte med eventyr frå deira kultur av den første som kom bort til meg. Ho ville ikkje ta i mot vipps sjølv om det stod bak på heftet at dei kunne betalast på den måten. Eg gjekk derfor for å ta ut pengar i ein minibank. Då eg kom tilbake hadde tiggarjenta tatt av seg det profesjonelle tiggaruttrykket i ansiktet og sat med eit ope smil og snakka med Torun som hadde blitt sitjande igjen med henne. Torun hadde nettopp gitt henne jakka si, som ho hadde funne ut at ho ikkje trengte, og den unge jenta hadde fortald kva ho heitte og litt om seg sjølv. Ho forlot oss med eit stort smil, og eg sat igjen med eit hefte med eventyr og tenkte at det var lurt å bruka deira kulturbakgrunn til å laga eit produkt eg som forteljar og lærar kan ha bruk for.

Etterpå har eg møtt kanskje sju damer som vil selja meg eit tilsvarande hefte, og når eg seier at eg alt har kjøpt det viser dei meg at heftet er utgitt i minst fem bind.

I dag har eg takka nei så avvisande eg har klart til alle som vil selja hefte, og har og klart å seia nei til alt det andre dei vil ha pengar til. Eg føler meg som eit menneske med steinhjarte når eg seier nei, for eg veit jo at eg har alt eg treng og framleis pengar på kontoen. Eg trur ikkje på at pengane går til bakmenn og eg trur ikkje at dei køyrer heim i mercedesen sin etter end tiggarøkt. Eg er overbevist om at mange har det veldig vanskeleg og at dei helst ville ha sluppe tigginga om dei kunne.

Samtidig tenkjer eg at tigging er det yrket dei kan og har fått opplæring i, og mange er kjempedyktige og veit kva slags strategiar ein bør bruka om ein skal oppnå noko. Bare det å tigga i seg sjølv byr på store kulturutfordringar. Me er opplærde til at det er siste utveg å be om hjelp på gata, medan dei truleg ser på det som eit yrke. Eg føler meg pinleg berørt på deira vegne når dei tyr til alle nyansar i tiggarfaget, som for eksempel å bruka veldig tynn og ynkeleg stemme, medan dei kanskje ikkje opplever det slik sjølv. Enden på visa i dag, var at eg traff ei som var flinkare til å tigga enn eg var til å stå i mot…

Med ei kjensle av å vera ein stålsett steinhjarteberar etter å ha avvist mange på vegen nedover Karl Johan, kom det ei ny søt tiggande dame oppover gata. Då eg sa at eg ikkje hadde tenkt å kjøpa fleire eventyrhefte nå, fortalde ho at ho var veldig, veldig svolten, om eg please, please kunne kjøpa litt mat til henne… Det sa eg at eg kunne. Eg kjøper ofte mat til tiggarar fordi eg ikkje held ut tanken på at dei verkeleg er svoltne.

Eg var på veg inn på ein Seven Eleven for å kjøpa bollar eller kjeks, litt frukt og kanskje ein kopp kaffi, då ho sa at eg heller måtte gå på Rema, for der fekk eg mykje meir for pengane. Det hadde ho jo heilt rett i, så me la i veg. Etter ei stund innvende ho at det var så langt til Rema, kunne eg ikkje bare kjøpa eit hefte, så kunne ho kjøpa maten sjølv for pengane? Slik blei det. Ein null til henne. Dyktig jobba.

Etter at eg hadde sagt nei til å kjøpa fleire hefte, hjelpa henne med pengar til mat til barna hennar i Romania, eller kjøpa billett til den gamle mor hennar som ho ikkje hadde sett på tre år, og som så gjerne ville til Norge, innsåg ho nok at det ikkje vart meir i dag. Ho bad Gud velsigna meg fordi ho kunne sjå at eg var eit godt menneske, og håpa kanskje at eg ville ombestemma meg. Eg bad Gud velsigne henne mens eg gråt litt inni meg for at dette er så vanskeleg. Det kan vel faktisk henda at me som har det me treng og litt til har godt av å bli utfordra på ein måte me ikkje bare kan betala oss ut av…

Eg kjenner dette er ei kjempevanskeleg problemstilling, og eg ser ingen enkle løysingar, sjølv om eg veit at nokon gjer det. Eg kan ikkje la vera å sjå medmenneske som av mange og kompliserte grunnar ikkje har dei same privilegiene som meg.

Eg veit det finst folk som opnar heimen sin for tiggarar frå romfolket. Dei inviterer dei heim på mat og sosialt samver, gir dei klede og let dei bruka dusj og badekar. Nokre klarer å utvikla verkelege vennskap.

Kanskje litt for mange av oss held igjen fordi me ikkje heilt veit kva som vil skje om me opnar for mykje opp?

Eg kan ikkje la vera å forhalda meg til ein stemme i meg som gjentek noko eg har høyrt nokon seia: «Eg var svolten, og du gav meg mat. Eg fraus og du kledde meg.»

Eg veit det finst andre og kanskje betre måtar å hjelpa på enn å gje pengar til tiggarar på gata, men korleis formidlar me varme og respekt til dei som kanskje treng det meir enn nokon?

Dette vart å reisa spørsmål utan gode fasitsvar. Slik er det ganske ofte her i livet. Korleis får ein til å elska nesten sin som seg sjølv på gode og tenlege måtar?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: