Læra utan læringsmål

Etter tre veker på ferie, to av dei utan barnebarn, har eg utvikla barnebarnabstinens. Eg må laga meg grunnar til å få møta dei kvar dag, og i går sykla eg bort for å leika litt med dei.
To glade jenter møtte meg i trappa. «Mommor, kan me leika med Pippi-huset?» spurde ho som blir fem i oktober. Det kunne me, så klart. Onkelen hennar har laga eit stort og fint Pippi-hus med heile persongalleriet i Pippi som passe store figurar. Me hadde ein liten samtale om korleis det er å vera Pippi. «Ho bur heilt aleine, og ho er kjempesterk fordi faren hennar, eh ho er kjempesterk og kan løfta tyvane opp på taket viss ho vil». Tjuvane kom sjølvsagt. Den eine hadde avbitne sko og måtte støtta seg til den andre, men på taket havna dei. Pippi ringde til politiet og dei kom, men Pippi måtte hjelpa dei å få tjuvane ned frå taket fordi det var ho som var sterkast. Så kom «hu damå så vil atte Pippi skal begynna på skulen», men det ville ikkje Pippi. Ho ville bare vera heime og løfta hesten sin. Heilt utan læringsmål hadde me ein samtale om litteratur og litt dramautøving + det å laga ein historie vidare ut frå noko litterært me har kjennskap til.
Så henta ho fram songkorta sine og me song oss gjennom nokre songar, hjelpte av lillesøster som snart blir to og som har ein forkjærleik for «Bæ, bæ lille lam, har du noe ull. Ja, ja kjære lam, jeg har kroppen full…», og Mikkel rev, og Blinke blinke stjernelill. Ein bitteliten musikktime vart det heilt spontant utan at me hadde sett opp målet på førehand eller drøfta læringsutbyttet etterpå. Det oppstod og ein spontan samtale om lesing etterpå. Kva stod det på korta? Me prøvde å lesa saman. Foreløpig er det for vanskeleg å lesa alt, spesielt med små bokstavar, men ho fortalde meg at i og s blir is, men viss me tar s -en først blir det si. Eg sa at s og e blir se, men ho lurte litt på om det ikkje måtte vera c og e som blir se.
Lesetimen vart fort slutt, og så kom det ein litt ufrivillig leksjon i sosial kompetanse, for mamma påpeikte at songkorta som hadde havna på golvet måtte plukkast opp før me tok fram duploen.
På veg ned trappa til duploen snudde ho seg og ropte «mamma?», utan å tenkja meg om svarte eg ja, noko eg ofte tek meg sjølv i å gjera. Då sa ho oppklarande: «Eg sa mamma, og det er ikkje deg, men viss mamma seier mamma, då kan du svara, mommor.» Det viste at samtalane me har hatt fleire gonger om kven som er mamma til mamma etterkvart var på plass. For omtrent eit år sidan vart ho kjempelei seg då ho blei fortald at viss ho blei mamma vart mamma mormor og mormor oldemor. Då gråt ho trøsteslaust og ville ikkje at mamma skulle bli mormor og mormor oldemor. Det kan vera at ho forstod at livet går og forandrar seg, men kanskje like gjerne at ho syntest at mamma kunne vera mamma, mormor vera mormor og oldemor vera oldemor. Det er mykje ein skal ha tak på her i livet enten ein kallar det samfunnsfag eller naturfag.
Med duploklossane måtte me bygga ein stor barnehage med hage og gjerde. Sidan ho bare har ein vaksen i sitt utval av duplofigurar måtte han jobba aleine i barnehagen. Mormor har mange fleire, så der kan dei vaksne ha ulike funksjonar og yrke. At både mormor og mamma insisterte på at barnehagelæraren måtte heitta Bent fordi han liknar på Bent Høye, var det ikkje snakk om, han heitte nemleg Per.
I duplobarnehagen er det høg grad av integrering. Minnie går i barnehagen saman med Elsa, Anna, Iben og dei andre barna sjølv om ho strengt tatt er ei mus som høyrer heime i Andeby med store, svarte, runde øyrer og stor rosa sløyfe. At ho strengt tatt skil seg ut frå dei andre blir det ikkje lagt merke til, heller ikkje at Elsa og Anna bur aleine på eit slott fordi dei er prinsesser og bur der heilt aleine fordi foreldra er døde.
I dag skulle duplobarna overnatta i barnehagen, og sjølv om Per var litt streng og sa at alle måtte ligga roleg og sova, så sneik dei seg ut, alle som ein, midt på natta og gjorde det aller farlegaste og mest forbudte. Rett utanfor barnehagen var det nemleg ein ulveskog og ein sjø med krokodillar og haiar. Dei hadde til og med ein glasvegg dei kunne stå bak og sjå på haiane, men uti for å bada ville dei. Per måtte stå opp gong på gong og redda dei både frå haiane og ulvane. Dette kan ein kanskje kalla å bearbeida farlege ting gjennom leik, kanskje ein til og me kunne seia at det var eit opplegg i psykisk helse og livsmeistring som er det nyaste faget i skulen. Då duplobarna gjekk heim måtte me bygga ein høg mur rundt barnehagen, og den vaksne måtte ha nøkkelen i lomma slik at barna ikkje skulle springa ut til haiane, ulvane og krokodillane.
Og der stoppa duploleiken avbrote av servering av brødskive med leverpostei til to små jenter, og mormor var så svolten at ho måtte få ei ho og. Etterpå måtte mamma og pappa ut ein tur for å ordna forskjellig, mormor vart barnevakt. Eldstejenta kom på at ho ville gjera ferdig perlebiletet av einhjørningen som ho hadde begynt på i Danmark saman med tante Sonja. Bittesmå perler skulle plasserast med ein slags penn på små prikkar med lim. Det krevde ganske mykje konsentrasjon og kunne passa inn i handverksdelen i faget kunst og handverk. Mens ho haldt på, snakka ho litt om riming, noko ho er ganske flink til. «Sant vel fin rimer på lim, mommor?» Det rimte nesten i alle fall. Så telde ho perlene ho sette på og kom heilt til nitten før det var nok teljing.
Me gjekk over frå matematikk til KRLE. «Mommor, i barnehagen seie di at nogen trur atte Gud finst, og nogen trur atte Gud ikkje finst». Eg høyrde for meg ein religionsdebatt i barnehagen der fireåringane hadde prøvd å få støtte hos ein vaksen om kor vidt Gud finst eller ikkje. I familien vår er det eit visst sprik i kva folk trur og ikkje trur, men eg trur ingen har pirka borti barnet si barnetru med å seia at mange trur at Gud ikkje finst. Var det noko som stressa henne? Nei det virka ikkje slik. Liksom litt trøystande sa ho eit namn på ei i barnehagen og sa at ho trudde Gud fantest.
Så måtte me over på litt sosial kompetanse fordi lillesyster dunka seg litt og måtte trøystast. Storesyster var i harmonisk lune og trøysta tålmodig, så måtte lillesyster sitja litt på fanget til mormor, og fant seg faktisk i at ho ikkje fekk lov til å jobba med perlebiletet.
Storesyster vart litt lei av perling fordi det var så mykje igjen og ville leggja det vekk. Så ombestemte ho seg. «Eg har jo bare litt igjen, og pappa blir nok imponert viss eg er ferdig når han kjem heim». Slik blei det, med bittelitt hjelp og moralsk støtte vart ho ferdig og var kjempestolt. «Mommor, me må ta ett bilde å senda te tante Sonja sånn atte hu ser æg he gjert det heilt ferdig». Pedagogisk skolert sa mormor: Ja, tenkt at du har gjort det heilt ferdig. Barnet let seg ikkje affisera.
Eg har lagt merke til at ho konsekvent seier gjert i staden for gjort, og det gjekk opp for meg at det er ein viss logikk i det. Det seiest at sterke verb er på veg ut, og det er jo logisk nok at å gjera kan bøyast som eit svakt verb: «Å gjera, gjer, gjerte, har gjert». Eg trur jammen eg må høyra etter om andre barn seier det same. Eg hugsar at Sunniva sa ho hadde blimt med Irene og Gerd Marie i barnehagen. Det var jo logisk det og. Å blima, blime, blimte har blimt. Barnespråk er spennande.
Me song litt meir mens me perla ferdig biletet. Dei ville syngja Karsten og Petras nattasong, men hugsa ikkje heile teksten. «Du kan jo finna an på mobilen mommor». Det gjorde me og spolte songen om og om igjen medan begge jentene song med så godt dei kunne. Sjølv små barn veit korleis dei kan leita etter kjelder og bruka dei for å læra. Me hadde forresten ein spontan liten engelsktime og. «Mommor, sant doggy betyr hond?» Eg sa at dog betyr hund men at det går an å seia doggy og. «I have doggy not, sant dæ betyr atte æg ikkje he hond?»
Då mamma og pappa kom heim, og mormor måtte gå, tenkte eg på alt me hadde vore innom i løpet av to-tre timar dersom ein tenkte seg at livet var ein skuledag. Så tenkte eg det eg har tenkt mange gonger:
Så utruleg mykje barn lærer heilt av seg sjølv gjennom leik og samver med andre. Eg tenkte på kor glad eg er for at eg ikkje før me begynte leiken måtte stilla opp læringsmål, presentera dei for barnet og evaluera etterpå kor vidt me hadde nådd dei eller ikkje. Mine læringsmål hadde jo heilt sikkert ikkje vore dei me ende opp med å vera innom, og det hadde vore dumt om eg måtte seia at me kan ikkje telja eller snakka om riming nå, for det er ikkje det me skal læra i dag.
Eg ser sjølv at dette kan lesast som ein dårleg skjult skrytetekst om alt det barnebarnet kan, men det var faktisk ikkje meininga. Eg er overbevist om at dette kunne vore skrive om dei fleste barn på hennar alder, sjølv om det ut i frå dag og situasjon ville variera kva det var dei var opptekne av, ville snakka om og læra.
Poenget mitt er først og fremst fascinasjonen over barn sin lyst og vilje til å læra. Eg prisar meg lukkeleg for at me har eit barnehagesystem her i landet som lar barn læra omtrent på denne måten. Det kan eg heldigvis seia at me prøver å gjera i skulen og. Eg har jobba i småskulen i lag med førskulelærarar som ut i frå si utdanning har lært meg mykje om kor viktig det er med fri barneleik. Eg skulle ønska me hadde nok vaksne og vide nok læreplanar til å bruka denne læringsmetoden endå meir oppover i skuleløpet. Av og til tek eg meg sjølv i å la vera å gå inn i spennande diskusjonar fordi det er avsporing i forhold til læringsmålet for timen. Heldigvis har eg jobba lenge nok til å vita at god læring ikkje nødvendigvis er kronologisk avkrysning i skjema med læringsmål. Eg håpar me vågar å vera flinke til å ikkje gløyma at barn faktisk lærer ting heile tida, nesten heilt av seg sjølv, og at dei må få litt rom til å fylgja eigen nyssgjerrigheit og oppdagartrong.
Det var viss omtrent det eg ville minna meg sjølv og andre om i dag.
Heidi
Tusen takk for at du deler😊
Eg kjende meg sååå godt igjen og er så heldig som har hatt mange slike lekestunder og lekedager denne sommaren🥰
Godt at me er fleire 🙂
Ein herleg tekst som eg no las for andre gong. I gml dagar hadde me ikkje læringsmål, men ein lærar skal alltid vita kvifor ein gjer det ein gjer, innebygde læringsmål, det skal sitja i ryggmargen. Men då kan ein vera friare, trur eg. Læringsmål time for time var ein grunn for å slutta som lærar. Kasussystemet t.d., med akkusativ og dativ, i tysk, det kunne vera læringsmål kvar veke heile året. Eg har mykje på hjarta n.d.gj. å ta opp tråden og ikkje hasta vidare – men eg er ikkje lærar lenger – eg er butikkdama – importør og direktør! Og så har eg barnebarn, på 1, 2, 3 og 4 år og eit par i vente. Skulle ynskja eg kunne sykla til dei, som du kan! Men eg må køyra i timavis, for å koma fram. Nei, det var ikkje skrytetekst, det var berre interessant og inspirerande! 😊