Gå til innhald

Haustsalme

oktober 12, 2022

Det er haustferie etter veldig intense veker i oppstarten av eit skuleår i skule og kulturskule. Det har blitt lite tid til skriving, og blogginnlegga har hopa seg opp i tankane utan at eg har hatt tid til å henta dei ned.
Då blir det vanskeleg å vita kva for ein ende ein skal starta i når det endeleg opnar seg ein veg til tastaturet. Eg vel å leggja det meste eg har tenkt til sides og starta her og nå. Det andre kan skrivast ned kor tid som helst viss det kjem tid og råd.

I heile september har eg tenkt på ein salme eg har visst eg skulle skriva, men ikkje fått ned på papiret. Temaet var nåde i september. Eg hadde lyst til å finna ord for dette vakre i at hausten gløder samtidig som ein veit at det betyr at ei ny og kaldare årstid nærmar seg. Dette gjeld og i overført betydning. Det er mykje i verda akkurat nå som gir grunn til bekymring. Korleis kan me i trygg bekymringsløyse gjera oss klare til å ta i mot noko som kan synast truande og som me ikkje heilt veit kva er? Dette kombinert med at eg gjerne ville ha ein slik tekst med på gudstenesta på sundag kveld der eg skal snakka om å vera ein berekraftig kyrkjelyd. I går var det plutseleg tida for å skriva denne teksten. Hilde Svela som eg skal samarbeida med har sagt at ho gjerne vil laga melodi til. Sjølvsagt er nok ikkje den melodien klar på sundag, men eg har lyst til å lesa salmen fordi eg ser ein klar samanheng mellom å vera ei berekraftig kyrkje og det å stå støtt i vanskelegare og mørkare tider.

Nokon lurer sikkert på korfor i all verda eg driv og legg ut salmetekstar før eg er sikker på om dei er ferdige. Svaret er at eg har bare gode erfaringar med det. Det at andre kan koma med tankar og innspel før eg veit om siste punktum eller komma er sett, har eg bare opplevd positivt. Så her tek eg sjansen på å presentera teksten frå i går kveld, ei salme om hausten:

***

Sjå mogninga rundar si høgde,
sjå åkrane gløder som gull,
og blåklokker dansar med vinden
i skyer av geiteramsull,
mens trekkfuglar flokkast og reiser
med lengt i mot varmare land,
og bølgjene piskar mot stranda
som blonder mot kjølnande sand.

Me takkar for sommar som var her,
me takkar for alt me fekk sjå.
Me takkar for haust og for gåver,
for alt som me fekk og skal få.
Me takkar for sol i september,
og veit noko nytt er på veg.
Me trekkjer oss tettare saman,
og pustar inn nåde frå deg.

I nåden frå deg skal me leva,
i lyset frå deg henta mot,
Gud, hjelp oss å tru det skal lysna,
så mismotet ikkje slår rot.
Me trur på at mørket skal venda,
me trur på at lyset kjem att,
i nåde og håp skal me kvila,
og takka for dag og for natt.

I livet finst vintrar og somrar,
eit liv rommar haustar og vår.
Me lever med mørket og lyset,
me lever med håp og med sår.
Ver hos oss mens årstider vekslar,
ver hos oss og fyll oss med tru,
ver hos oss når avmakta tyngjer,
i lys og i mørke er du.

***

Eg lurte forresten litt på sistelinja. Skulle eg formulera det slik «For midt inni mørket står du», eller « I djupaste mørket finst du». Eg valde å fokusera på at Gud er både i lys og mørke, men vil gjerne høyra kva andre tenkjer om det.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Eva Lillian permalink

    Hva med i lyset og håpet er du.
    Den slutter ellers med at det er mørkt, og det er det jo ikke alltid.

  2. Irene Skjæveland permalink

    Tusen takk, denne salmen var dyp og trøstende ! Du har fått en «gudegave» Heidi! Salmene, og det du skriver berører! Jeg likte best avslutningslinja slik du valgte, for jeg tenker også, Gud er heldigvis både i lyset og mørket. Så heldige vi er som har fått ta imot troens gave, og troen på at rettferdigheten vil seire! Lykke til med søndagskvelden🥰mvh Irene Skjæveland

  3. Berit Nærland permalink

    Eg synest du skal la det stå slik du har skrive det. Det rommer alt, at Gud er der heile tida og overalt.
    Nydeleg salme, vakker bønesalme!

  4. Onkel åge permalink

    Det var godt skrevet Heidi !
    Synes siste linje kan stå som skrevet.
    Nåden favner oss,vi har en raus Gud.

    Tusen takk for fine ord. Så kjekt å høyra frå deg.
    Heidi

  5. Tone Lise Vaule permalink

    Flott og sterk salme. Smaker litt på om «står du» eller «finst du» i siste verset i stedet for» er du» Bare min følelse uten videre begrunnelse😊Lykke til!

    Tusen takk for tilbakemelding, Tone Lise. Eg set stor pris på det.

    Heidi

  6. Astfid permalink

    Siste stofa, i lys og i mørker er du. Nydele❣️

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: