Gå til innhald

Ei kyrkje for alle

mai 4, 2023

For sånn ca 25 år sidan eller noko slikt, var eg vararepresentant i soknerådet, eller menighetsrådet som det heiter i bokmålsskrivande sokn. Eg møtte der av og til, og syntest det var interessant og lærerikt å ha hatt ei tå innanfor ein slik plass og.

Dei neste 20 åra var eg likevel sikker på at det ikkje var i eit slikt utval eg ville utøva min kjærleik til kyrkja. Då låg det hjartet nærare å vera med i sundagsskule, ungdomsklubb, kveldsgudstenestegruppe og kulturutval. Eg ville heller vera midt i prosessar enn å administrera og vera byråkrat.

Stor var derfor mi eiga overrasking då eg for litt over fire år sidan sat i kyrkja og kjende at nå kunne eg faktisk hatt lyst til å vera med i soknerådet. Der kunne eg kanskje jobba for alt eg gjerne vil at ei kyrkje skal vera: Eit ope og inkluderande rom som alle i den vesle byen vår kan eiga saman. Ein stad med låge tersklar og rom for stort mangfald. Ein stad som kan gi oss alle høgare himmel over livet vårt, og ein stad der alle er velkomne til å koma med håp, lengt, sorg og glede.

Eg trur mange har tankar, ja nesten fordommar om at dei, trua deira, tvilen deira og lengten deira ikkje passar inn i ei kyrkje. Kanskje hadde eg tenkt slik sjølv om erfaringane mine og livsvegen min tilgeldigvis hadde blitt annleis enn han hadde blitt. Det er ikkje innlysande at bakgrunnen min skulle gjera at eg enda opp som engasjert kyrkjemedlem.

Eg ville gjerne at kyrkja var eit rom for oss når me er glade, når me er triste, når me vil kjempa for noko som me brenn for og når livet vårt ikkje går heilt som me hadde håpa og trudd.

Eg vil gjerne at kyrkja skal vera eit rom for heile livet og i tillegg for heile livsløpet frå ein er nyfødd og blir teken med på babysong til ein ein gong, forhåpentlegvis veldig lenge etterpå må levera livet sitt tilbake.

I tillegg vil eg gjerne at kyrkja skal vera ein motkultur til ein veldig kommersiell dyrk-deg-sjølv-levemåte, der det viktigste er å prestera sitt liv og vera vakker, rik og vellukka. Personleg vil eg og gjerne at kyrkja skal vera ein pådrivar for ein grønare og meir berekraftig måte å leva på.

I dag var eg på møte i soknerådet. Biletet viser at me mellom anna tende lys, drakk kaffi og åt rundstykke… Det har vore fint å vera med på denne runden der dei fire åra eg er innvald for snart har gått. Det er fine folk som er det i lag med meg. Eg er vel når alt kjem til alt ikkje så veldig opprørsk, for den einaste gongen eg har vore grunnleggjande ueinig med det me bestemde var den gongen det var fleirtal for å gå over til kunstig juletre…

I dag snakka me om at alle som står på val til det nye soknerådet skulle utfordrast til å skriva 20-30 ord i Helgedagen, altså menighetsbladet vårt, om kva visjonar dei hadde for kyrkja og soknerådet. Eg tenkte på at 20 ord var nokså lite, og sidan eg har pålagd meg sjølv den ganske tåpelege oppgåva å skriva ein tekst på bloggen kvar dag, så kunne kanskje dette bli dagens tekst?

Eg er priviligert som har ei kyrkje i og over livet mitt. Eit slikt rom skulle eg unna alle å ha.

Og ja, rundstykka smakte kjempegodt for dei av oss som aldri kom seg heim frå jobb i ettermiddag…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: