Frans av Assisi og kong Charles

I dag hadde eg laga ein nokså velutfyld timeplan for meg sjølv, og eg hadde eigentleg tenkt å styra unna kroninga i Westminster Abbey. Grunnen til det var ikkje av prinsipiell art, meir det at eg ikkje hadde veldig god tid til anna enn det eg måtte prøva å få gjort. Eg fall likevel for freistinga å gå inn på NRK, og må innrømma at eg fekk med ganske mykje med det eine auget medan eg jobba med andre ting.
Eg oppdaga nok ein gong at eg er ganske svak for storslåtte dramatiske seremoniar, kanskje spesielt dei som er i eit kyrkjerom. Det er jo på ein måte eit nøye regissert og nitidig innøvd skodespel om tradisjonelt viktige ting i historisk samanheng. Eg let meg fascinera over at kongen framleis måtte snu seg i fire himmelretningar og dei som såg han måtte bekrefta at han var den kongen han gav seg ut for å vera, og den kongen dei ville ha. Han måtte sverja truskap til kyrkja, og erkebiskopen og den eldste sonen hans måtte ned på kne for å sverja truskap til kongen. På eit punkt i seremonien vart han ikledd prestedrakt, og då han skulle salvast på panne og bryst vart det bore fram elegante skjermbrett til å skjula han med fordi denne handlinga skulle vera privat for han, dei geistlige og Gud. Både dei musikalske innslaga og dramaturgien var storslått. Det dei ulike personane måtte gjera i denne forestillinga var å koma seg på føtene og i den rette type klede. Så var det bare å halda seg til sine tildelte replikkar i manus og til dei rørslene som høyrde med. På ein måte var alle menneska i rolle som ei brikke i eit spel som var større enn dei.
Eg trur jo på ein måte at me menneske treng seremoniar der me av og til kan lena oss på rollar og replikkar andre har laga for oss. Då er me med på noko som er større enn oss, og me blir ei brikke i eit slags skodespel mange har spelt før oss der me ikkje treng å finna opp alt frå gong til gong. Kroninga vart ei interessant blanding av eldgammalt og nytt. Det var fletta inn mellom alle ledda med truskap til kyrkja at kongen skulle respektera alle former for tru og livssyn. Statsministeren som interessant nok er hindu, las frå bibelen i eigenskap av sitt embede som statsminister, og for første gong deltok prestar av begge kjønn.
Som ein kontrast til den storslåtte kroninga har eg sitte nå i kveld og laga oppgåver til elevane mine om Frans av Assisi, som er temaet i to veker i KRLE- undervisninga. I sist veke øvde eg med stor glede inn forteljinga om rikmannssonen Frans som kledde seg naken på torget og erklærte at frå nå av ville han ikkje eiga noko, men vera gift med fru Fattigdom og tena dei svakaste i samfunnet. Det er og kjekt å kunna fortelja elevane at i følgje historia var Frans ganske bråkete og opprørsk då han var barn og ungdom og gjekk på skulen. Det å vera helgen for dyrevern og miljøvern i tillegg til diakoni er heller ikkje heilt feil i ei tid som vår.
Det er fint å kunna fortelja gamle legender og historiar, og i skulefaget krle la dei vera akkurat det. Eg kjenner det er fint at elevane i tillegg til å læra om ei kyrkje som etterkvart fekk makt i samfunnet og om byggjinga av store katedralar, får læra at i religionen sin historie finst det og menneske som har vald å leva slik som Frans av Assisi.
Viss eg skal hoppa heilt ut av rolla som religionslærar og bare vera meg sjølv slik eg har privilegiet å gjera her på bloggen, kan eg seia at eg aldri opplever kyrkja så truverdig som når ho er utan makt og pengar. Frans av Assisi har alltid gjort inntrykk på meg. Det same har arbeidet i kirkens bymisjon og i Frelsesarmeen sitt arbeid for dei svakaste gjort. Her kunne eg heilt sikkert ha nemnd mange fleire.
Det var greitt å enda opp med Frans i kveld for å balansera inntrykka frå dagen som har gått.
Heidi