Gå til innhald

Ein gul sundag full av løvetann og tulipanar

mai 7, 2023

Det har vore ein fin sundag, og plutseleg er det kveld igjen. I dag vart det sundagsgudsteneste i form av ei messe i den katolske kyrkja i Stavanger. Av og til kan det vera kjekt å gå på besøk for å sjå korleis andre har det.

Eg leita i boka me hadde fått utdelt for å prøva å henga med i liturgien. Deler av liturgien var på latin og det klarte eg ikkje å finna fram i. Eg følte meg rimeleg kyrkjeframand når folk knelte, korsa seg og slo seg for brystet, fordi det bare skjedde før eg fekk tenkt meg om. Eg trur det er ein sunn og nyttig følelse for slike som meg som vanlegvis er insiderar å vera ein plass der ein ikkje heilt har knekt kodane.

På vegen heim frå Stavanger var grøfter og enger lysande gule både av løvetann og påskeliljer.

For eit par veker sidan las eg mange løvetanndikt for skrive-elevane mine. Både Alf Prøysen, Inger Hagerup og Harald Sverdrup har funne dikt, og etter litt googling fann eg fleire som var nye for meg.

Elevane fekk så i oppdrag å skriva eit eihe løvetann-dikt. Eit av dei presenterte eg her for nokre dagar sidan, men sidan det tydelegvis er høgsesong for dei små gule elska og forhatte solene, så tek eg rett og slett om litt fleire i dag.

Eg synest desse er ganske fine. Dei er skrivne av 10-11-åringar.

Løvetann på feil plass

Korfor må den alltid gro
her kor eg skal bo?
Kvar dag ser eg den,
han gror og gror opp igjen.

Han er så irriterande,
eg prøver å få han vekk,
Eg kasta han i ein søppelsekk
Men nå har den
likevel kome opp igjen.

Han står der og gliser som ei sol.
Eg sit irritert i ein hagestol-
Eg kasta på ei bøtte vann.
Det tok ikkje knekken på løvetann.

Alle barna lagar lenker og krans,
men han skal få danse sin siste dans.
Han irriterer meg, er så lett å se,
alt det eg ber om er litegrann fred.

Han har spreidd seg i heile hagen min,
den eg hadde klart å få så fin.
Eg må få han bort.
Nå snart og helst veldig fort.

Han øydelegg i hagen,
eg  føler meg som dragen
Han står og sprutar ild
for å få det slik han vil.

*

Løvetann

Du lille løvetann som står og glor,
tenk at ein dag skal du bli stor.
Snart får du din egen løvemanke,
Når det skjer begynner hjartet mitt å banke.

Etter kvart blir du gammal med grått hår.
Det er når det har gått nokre løvetannår.
Du er så sterk når du pressar deg opp.
Du fortset å gro sjølv om folk ropar stopp.

Det er det bare du som kan,
ja, det er det bare du som kan.
Du spreier deg ut og får nye venner,
mange som du ennå ikkje kjenner.

Du har sterke fargar, det veit du vel.
Dei går ikkje bort sjølv når det blir kveld.
Du trur noko anna som ingen andre trur.
Mange går bare forbi der du bur.

Du er så sterk når du presser deg opp.
Du fortset å gro sjølv når folk ropar stopp.
Det er det bare du som kan,
ja det er det bare du som kan.   

*  

Den mektige løvetann

Sjå på meg.
Eg blomstrar så fint.
I mine gule fargar.
Men  nei, nei,
ingen vi sjå på meg.
Dei går forbi
ein og ein
Med mobilar i hendene.

Eg blomstrar over alt-
Eg står så sterkt kvar enn eg er,
og prøver på å få deg nær.

Men nei, nei
ingen vil sjå på meg.
Dei klypper og riv meg vekk.
Der eg står og blomstrar i fred,
kjem dei og tek meg vekk.

Eg er så sterk og gul og fin.
Eg skin så fint i sola og,
Men nei, nei
ingen vil sjå på meg.
Dei kallar meg ufysent ugras,
dei fjernar meg så fort vekk.

Her er eg og prøver
å spre familien min.

Når eg har blomstra ferdig
og har blitt gammal med kvitt hår,
så sprer eg meg vekk
ved hjelp av barn,
kom, barn, kom til meg.
Du og du, blås meg vekk,
slik at eg kan spre meg.

Sjå på meg, eg blomstrar så fint
alle plassar du går forbi.
Dei vaksne seier eg er eit ufysent lite ugras,
dei klypper meg berre vekk.

Barn, barn, kom til meg.
Blås meg vekk.
For lykke, for glede. Så, –  kom

Heidi

                                                   

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: