
Timeplanen for neste år er i orden enn så lenge, og du all verda kor fort ein haust og ein vinter og ein vår går. Me sat då nettopp der og planla dette skuleåret? Nå skal eg ta ein tidleg kveld før det blir morgon…
Heidi
I kveld skal eg fatta meg kort, for nå er det bare fem og ein halv time til eg skal opp igjen… Eg har jobba med presentasjonen om Alf Prøysen som eg skal ha for åtte grupper med tredje- og fjerdeklassingar denne veka. Eg har lese biografiar til auga blir store og trøytte og kloke, og har problem med å leggja det i frå seg. Eg er djupt fascinert over både livet og forfattarskapet til Alf Prøysen. Eg håpar eg får til å gjera det interessant for ni- og tiåringar og.
For meg har han vore ein viktig person heilt frå eg og bror min sat ved radioen på Bryne og høyrde på Barnetimen for dei minste, rista sparebøssene og song saman med han:
Å du gode sparegrisen min, nå skal du få toøringen din, la meg bare riste dei til første verset slutter…
For ikkje å snakka om Kanutten og Romeo Clive. Eg visste at Alf Prøysen var Romeo Clive, men eg trur det gjekk litt tid før eg fann ut at Kanutten var Anne Kath Vestly som fortalde i barnetimen om Aurora og Ole Aleksender Filibom-bom-bom.

Aller øverst ligg ein av dei finaste Prøysen-songane eg veit om; Blåklokkevikua.
Før trudde eg at det handla om ei vik full av blåklokker, men forstod etterkvart at det rett og slett handla om «Blåklokkeveka», ein periode mellom slåttonna og skuronna der blåklokkene blømde, sommaren var på det finaste, og dagane var litt rolegare og romslegare.
Nå kan me vel lengta til blåklokkevikua nokon kvar 🙂
Hei
Slik venner, farer livet med all verdens løvetenner,
først blir de ild,
så blir de sne,
og siden gamle menner…
André Bjerke
Kanskje dette innlegget er litt prega av at dagane tikkar ubønhøyrleg mot den datoen då eg må leggja på eit år når nokon spør om kor gammal eg er…
Me les i ei bok kvar morgon så sant me får tid. Denne veka var ein av utfordringane: Våg å vera det mennesket du er. Våg å vera akkurat så gammal som du er, så sårbar som du er, og så sterk som du er…
Det er rart at dette med å vera så gammal som ein er faktisk er ei utfordring for dei fleste av oss. Det er heldigvis ein heil del år til eg må spørja og svara som kongen gjorde i talen sin: Talet åtti, kva i all verda har det talet med meg å gjera? Sjølv må eg innrømma at eg seinast i dag såg på eit tal som rett nok var ganske mykje lågare og lurte på kva det hadde med meg å gjera…Eg trur det er ei slags skjult sanning i at me heilt oppriktig gløymer kor vaksne me har blitt, men at alle andre ser det. Sjølv er me jo i den velsigna tilstanden at me i dei fleste av dagens timar stort sett bare ser oss sjølve frå innsida. Det er likevel blitt vanskelegare å stålsetja seg mot visse synsinntrykk enn det var før. Før i livet såg me spegelen koma og kunne ta på oss speglansiktet og trekkja inn magen. Nå står eg rett som det er og skal fotografera eit eller anna fint, og så kjem eg borti ein tast på mobilen som gjer at han kjem i selfiemodus. Sjølv om eg vil påstå at eg har ein relativt brukbar grad av sjølvinnsikt, så kan mitt eige bleike og usensurerte ansikt vera i overkant når eg har finstemt estetikken i blikket og står der og trur eg skal fotografera vakker natur…
Ein gong kom eg direkte oppgira heim og fortalde at eit menneske eg hadde blitt kjend med i jobbasamanhang, var sikker på at eg var minst ti år yngre enn eg var. Det kjendest som ei vitamininnsprøyting, som eg burde ha vore klok nok til å halda for meg sjølv. Etter at eg med ei viss glød hadde lagt fram situasjonen ved middagsbordet eller noko liknande, kom det tørt frå ein av ungane mine: «Slapp av litt mor, viss du lure så ser du nøyaktigt så gammale ud så du faktisk æ…» Eg må innrømma at eg kunne klart meg utan den realitetsorienteringa.
Alderen er bare eit tal, tenkjer kanskje den som les dette at han eller ho skal skunda seg å skriva i kommentarfeltet. Det er vel og bra at det er det det er, og tal er ikkje det som påverker verken meg eller livet mitt aller mest… Likevel, det er eit tankekors at me innerst inne som oftast ikkje ser med glede på det å vera akkurat så gamle som me er. Er me ikkje ansvarlege nok til å våga å bera alderen som nyttig livserfaring og takknemleg glede? I ein roman av Finn Carling er det skildra eit samfunn der alle med jamne mellomrom tek operasjonar for å sjå unge ut. Som ein slags motstraum er det ei gruppe menneske som let rynkene i ansiktet koma når dei vil, og let håret bli grått. Mange i samfunnet opplever desse menneska som svært provoserande og som bortimot ekle å sjå på…
Som ei trøyst til dei som held fast på at alder er bare eit tal, så er det mykje som talar for teorien at alder ikkje er så viktig og. Dersom eg les bloggen min frå ti år tilbake, ja til og med dagboka mi frå eg var atten eller tjue, så vil eg jo kunne konkludera med at den eg var då liknar meir på meg sjølv enn noko anna menneske som til ei kvar tid er jamnaldrande med meg. Det meste som eg skreiv for ti år sidan kunne eg har skrive i dag. Det får me til å tenkja at me kanskje lever litt for alderssegregert og er opplærde til å tru at folk på vår eigen alder er dei me har mest til felles med. Dersom me som er i femti-åra ikkje omgåst med åttiåringar eller trettiåringar fordi me trur me ikkje har noko til felles med dei, så kan me koma til å snyta oss sjølve for å finna venner som det ville vera veldig fint for oss å ha.
I dag kom Laila på besøk og hadde med seg denne fargerike koppen med ei flygande bokdame på i frodige fargar, teikna av Bjørg Torhallsdottir. Det passar godt her eg sit og førebur leseveka som me skal ha i den komande skuleveka. Og boka med skriveelevane mine? Den er bestilt og skal leverast 9. juni. Det er utruleg fint å koma i mål med store prosjekt. I kveld har eg nseten avslutta eit stort strikkeprosjekt og, bare monteringa står att. Eg stel systematisk tid frå meg sjølv og nettene mine gjennom å la meg totalt oppsluka av alt anna enn lysten til å leggja seg. Kanskje eg snart er gammal nok til å vita betre.
Så kjære lesar, du er hermed utfordra til eit spennande eksperiment. «Våg å vera akkurat så gammal som du er»- Heldige meg som omgåst så mykje med ungar og ungdomar. Det minner meg på kor kjekt det er å leika, og på at menneske i alle aldrar har nokså mykje til felles med einannan.
Heidi

Teknisk sett så er 19.mai gått over i ein ny dato, men så lenge dagen har vart fram til nå, så er dette datoen som gjeld framleis. Dei fine blomane over såg eg utanfor ein blomsterbutikk i dag, og dei var så fine at eg måtte fram med mobilen.
I kveld har eg vore på sommaravslutning med jobben, sidan det vart så tidleg i år, så vart festen heitande «vårfesten». Det var rett og slett så mildt og vindstille at mange av oss vart sitjande ute omtrent til midnatt. Det bar med seg ein smak av sommar.
Nå har eg rodd i land dag nummer to med Andreas Bøe og Den kulturelle skulesekken. Det gjekk kjempefint i dag og, så nå trur eg eg kan bestemma meg for at eg har forestillinga inne og ikkje treng å forandra på noko. Det vart eit anstrøk til panikkfølelse når eg på trass av god hjelp ikkje hadde fått prosjektoren til å virka når det var ti minutt til elevane kom. Det einaste me fekk opp på skjermen var eit slørete blått lys. Heldigvis viste problemet seg å vera lett å løysa då me fekk ytterligare kommunal hjelp som stilde diagnosen «manglande fjerning av plastdeksel framfor linsa.»
Eit anna stort prosjekt er også så godt som fullførd, boka med skriveelevtekstar. Nå er boka ferdigstild, og eg synest ho ser veldig fin ut. Det skal bare til ein kort runde med siste korrekturlesing før eg kan trykkja på bestill. Det kjennest herleg å vera nesten i mål med desse to store prosjekta. Visst er det nokre evalueringar, individuelle læreplanar, utviklingssamtalar, undervisningsopplegg og kartleggingar eg ikkje har fått tid til å tenkja på endå, men det er då vekevis att til ferien. Eg får sikta fem minutt framover om gongen, så kjem eg i mål dette skuleåret og…
Aller beste Sunniva fylte år i dag, og sidan ho er i Oslo fekk det bli avstandsfeiring med litt meldingar fram og tilbake. At «dei to små» fyller tjuefire og tjuetre i år er heilt uforståeleg. Pippi Langstrømpebiletet kjøpte Leif til henne på ein marknad i Berlin i vinter. Eg trur han syntest at biletet kunne passa og at det er viktig å kunna la to gonger tre få lov til å bli fire av og til…
Heidi
Gud signe vårt dyre fedreland, og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand,
og vetter for vårsol røma,
lat folket som brøder saman bu
som kristne det kan seg søma.
Dette er favorittnasjonalsongen min. Eg burde kanskje fortelja kva eg legg i dei to siste linjene før nokon begynner å irritera seg over det… I det å bu saman som brødre som det kunne søma seg kristne, ser eg nestekjærleik, romslegheit, raushet. gjestfridom, ærlegdom, solidaritet og viljen til å setja andre like høgt som seg sjølv. Så er det sagt. Ein treng ikkje vera kristen for å ha slike grunnhaldningar, dei kan me ha saman med gode muslimar, human-etikarar og buddhistar. Det å elska nesten sin som seg sjølv og gjera mot andre som ein vil at andre skal gjera mot seg sjølv er noko me aldri blir ferdige med å ha behov for å minna oss sjølve på.
Den smålåtne tonen i fedrelandssalmen : «Om sædet enn gror på ymist lag, det brydder då etter plogen», appelerer langt meir til meg enn linjene i «Ja, vi elsker» om at «Den herre stille har lempet, så vi vant vår rett.» Vår rett» er farlege ord i mitt hovud, fordi ein lett kan koma til å strekkja det meste dit hen at det blir vår rett. Om me tenkjer at det er ei guddomeleg meining med at me skal vera fødde til å ha rett til å ha det betre enn andre menneske fordi me var kloke og vise nok til å velgja akkurat dette landet den gongen me vart fødde. Det er ein behageleg tanke at det kunne vera slik, men eg har aldri klart å tru på han.
Men la oss feira fred og fridom og prisa oss lukkelege fordi me bur her og ikkje i Nord Korea, i eit svoltramma land eller på gata i Calcutta. Me har uendeleg mykje å vera takknemlege for, me må bare ikkje gløyma at me har eit ansvar for å gjera verda til ein litt betre plass både for våre og alle andre sine komande oldebarn. Og la oss gleda oss stort og begeistra over det som faktisk skjer rundt oss akkurat nå. Vinteren rømer for vårsola og sommaren. Slikt kan me lika.
Heidi

Tida forsvinn når eg jobbar med ting eg blir oppslukt av. Plutseleg har ettermiddagen forsvunne. Det minner meg om historia frå ei bok der ein eldre mann gjekk til daglegvarebutikken sin kvar ettermiddag i rushet for å stå i kassakø. Der gjekk tida seint i motsetnad til all anna tid, så han stilde seg der for å få tid til å kjenna på livet sitt før det var over…

I full fart fekk eg tenkt litt på 17.mai og. Eg fekk invitert litt familie, pynta med raude og kvite roser frå coop, lagt på svigermor sin gamle 17. mailøpar, kjøpt meg ei strømpebukse, bakt et sukkerbrød, handla inn litt mat. og… unnskyld alle hageflinke naboar…, hengt opp tre amplar i kirsebærtreet som nok aldri meir kjem til å bløma, fordi min kjære gjekk heilt amok med motorsaga då han skulle beskjera det. Eg hadde tenkt å luka bedet og få planta litt blomar i krukkene, men det har eg ikkje hatt sjanse til å få prioritert, så mitt femminuttsforsøk på å koma i Norsk hagetidende eller noko slik, får få stå for seg sjølv til dagane blir romslegare…
Då eg stod og venta på ein elev i dag, såg eg… ikkje skrifta på veggen, men fjeset på muren… Eit lite kunstverk som eg kanskje er den einaste som ser? Det fortener ein ålass her i dag saman med det skamskorne kirsebærtreet vårt… Den som har auge å sjå med, nyt!

Kanskje eg finn eit lite upublisert dikt i dag og? Nå skal me sjå…
Eg kler meg
i ei kyrkje av håp
og veit eg skal elska.
Eg kler meg
i ei kyrkje av håp
og går med modige steg
ut til den farlege kjærleiken.
Heidi
Etter å ha jobba intenst med bokmanuset har eg hatt ein fin kveld på Klepp hos Ingrid som bur ein ny stad på Klepp med fantastisk utsikt utover havet. Me er ein gjeng damer som møtest for å snakka om store spørsmål ca ein gong i månaden. Det er alltid fint. Me har ete heimebakt brød med ost og flybore portugisisk tomatsyltetøy.
Nå er kvelden alt ganske mogen, så eg tenkte å sjå om eg kunne finna eit dikt å by på før natta innhentar heimen…
Om krig og fred
og kvardagar
er det mykje å seia,
og mykje meir å tenkja.
Alle historiane,
alle dei blinde vala våre,
dei modige og dei redde,
lagar linjer
til portretta i ansikta våre.
Medan verda tikkar vidare
med høglydte pistolskot
og hamrande hjarteslag
ser me på kvarandre
og seier på det ordlause språket
at nå er det på tide,
nå må me stoppa opp litt,
men når det kjem til orda,
kremtar me usikkert
og slit med å finna att stemmen
nå når me verkeleg kunne ha trengt han.
***
Trur eg må sjå om eg finn eitt til. Dette er urframføring av ikkje-heilt-ferdige-dikt frå arkivet. Ein og annan sjanse får ein ta…
***
Gløym ikkje
å praktisera håpet.
Det burde falla deg
uendeleg lett.
Bare håpet
har feste i vind.
Bare håpet er realistisk.
***
For alle mørke krokar
me ikkje når inn i,
for alt i oss som fryktar lyset,
og for alt me ikkje vågar sjå,
foldar me tankar og fingrar.
foldar me hender og fornuft
i bøn
for våre redde omskiftelege hjarte.
***
I dag er me her framleis.
Denne dagen kan det meste skje.
Framleis kan tida
koma til oss med det meste.
Med opphaldsver eller kuling
på Vestlandet sør for Stadt.
***
Nå vart det rett og slett litt meir enn eg hadde tenkt, men det får vera sånn…
Takk for i dag.
Heidi
I dag var det ein morgon utan vekkjarklokke, og slike morgonar er mine favorittar. Eg skulle vera på post klokka tolv på Hå gamle prestegard, der eg skulle selgja lodd for vennelaget, men det var eg nokså sikker på at eg skulle klara å nå sjølv utan vekkjarklokke.
Det å ha ei økt på prestegarden er ein fredeleg aktivitet. Det ville vera synd å seia at folk står i kø og brukar albuane for å få kjøpt lodd, og i tillegg er eg ein særs lite aggressiv loddselgjar, men litt blir det då ut av det.
Det er i grunnen ganske koseleg å sitja der og vera ein del av atmosfæren, kikka på folk, snakka med hyggelege ansatte og slå av ein prat med kjende og ukjende som er innom. Eg har alltid likt atmosfæren der nede med kunstutstillingar, kunstbutikk, bokhjørne med sal av kunstbøker og kunstkort, kafeteria og diverse aktivitetar. I dag var det ein familiekonsert i løa i regi av Maijazz, så eg høyrde omen av glade jazztonar medan eg sat der med loddbok, notatbøker og gammelrosa strikketøy og slurpa kaffi som ein triveleg ansatt sytte for at eg til ei kvar tid hadde i koppen min.
Trillaren i andedammen denne helga er 17.maiveret på Jæren. I går såg det ut som om det skulle pøsregna frå morgon til kveld. Akkurat nå er scenorioet at det ikkje blir regn før til kvelden. Me har hatt 17.mai med vind og bortoverregn meir enn ein gong før, så det skal me klara, men det er så utruleg mykje gildare for barna å gå i tog utan å måtta ha på regntøy, støvlar og vottar…
Etter at eg var ferdig med økta som loddselgjar, måtte eg unna meg ein liten tur i området. Det var til og med solgløtt.
Då eg kom til hengebrua var eit heilt konfirmasjonsselskap i ferd med å stilla seg opp til fotografering midt på hengebrua i bunadar og findressar. Eg klarte ikkje dy meg for å ta eit par avstandsbilete av dei medan eg venta på passasje. Det var ein god idé og eit flott motiv. Det klør litt i fingrane etter å leggja biletet ut, men nå skal eg vera flink å visa biletbruketikk. Ein av gutane kom bort til meg etterpå. Eg sa at det var ein god idé og han svarte at det var det, men dei tok ein liten sjanse sidan det står eit skilt om at det ikkje skal vera meir enn tjue mann på brua på same tid…
Fotografering av blomar på Jæren består mellom anna i å prøva å knipsa mellom vindkasta for at blomane skal halda seg mest mogleg i ro…
Vel heime venta Leif med middag og nybakt brød, så hadde eg eit par timars skriveøkt for å prøva å koma i mål med det store prosjektet det er å gje ut bok i lag med skriveelevane.
I kveld har eg brukt litt tid på å førebu sundagskvelden. Då blir det kveldsgudeneste på Bryne der me mellom anna skal bruka mine tekstar på ulike måtar. Hilde Svela skal synga ein del av dei, og så skal me samarbeida om deler av framføringa. Eg gleder meg. Eg har aldri opptrådd i lag med Hilde før. Ho er ei veldig dyktig dame, og songen hennar berører meg.
Viss nokon lurer på om dette er ei akrobatisk oppvisining i kor mykje det går an å skvisa inn i dagane på sida av å vera i utviklingssamtaletida, så er skjønar eg tanken. Av og til skjer det litt mykje på ei gong, men mykje av det har eg vald relativt frivillig fordi det er ting eg liker å halda på med…
Og i kveld vart det ny strandtur med Ingrid og Oscar. Det gjer alltid godt. Nå har eg tømt ein desiliter sand ut av kvar sko og skal snart unna meg tid med ei kjekk bok. Om nokon opplever det litt kjepphøgt og eplekjekt å lesa om alt eg driv på med, så kunne eg kanskje ha unna dokke eit bilete av skrivebordet mitt med spor etter både utførde og ferdiglagde gjerningar. Du ville koma til å få den gode kjensla av å vera eit skikkeleg ordensmenneske…

Heidi

I dag har eg fått vore med på noko spennande. Syster May Brit har i denne veka hatt siste eksamen og blitt ferdig utdanna gestaltterapeut, og denne helga skulle dei nyutdanna terapeutene ha presentasjonar av oppgåvene sine i GT- lokala i Stavanger. Desse presentasjonene var opne for alle som hadde lyst til å koma, og det hadde sjølvsagt eg. I dag morges var me ein entusiastisk liten heiagjeng som reiste inn til Stavanger.
Bare det å koma inn i lokala der May Brit har brukt så mykje fint dei siste fire åra var ei oppleving, det var så fargerikt og fint og tiltalande der.
I dag var dei fem kandidatar som «skulle i elden» med kvar sin presentasjon på 45 minutt. May Brit var først ut av alle med workshop og smakebitar på livet i terapiromet. Emnet hennar var bruk av kreativitet for å skapa trygg atmosfære under terapi. Ho var kjempeflink og eg var skikkeleg stolt av henne. Eg er overbevist om at ho er ein flink terapeut. Det var og ei oppleving å få høyra på dei andre fire kandidatane.

M
Det siste biletet er det Hege som har fotografert. Eg har fått lov til å bruka det 🙂
Heidi



