Om tjue minutt svinger porten seg og opnar for sommaren og avslutter mai månad.
Så er det mission completed for denne gong. Eg kom i mål med å skriva litt kvar einaste dag i dette mystiske livsdokumenteringsprosjektet med å klistra dagane i mai inn i arkivet. Dette har eg halde på med lenge, i ti år eller noko slikt, og på mystisk vis gir det meining i hovudet. Det s
Dei som kjenner meg veit at eg kjem nok til å skriva ganske mykje her sjølv om det verken er mai eller desember, men i morgon kan eg «ta fri frå skrivinga med godt samvit…
I kveld har eg vore på kreativ gruppe og tre ivrige damer har site med egg- og tempuramaleri og latt kvelden susa utan at me la merke til at timane gjekk. Eg er priviligert sidan eg havnar i denne mystiske flytsona der tida nesten sluttar å eksistera rett som det er, ulempa er at plutseleg har gått ein kveld utan at eg har lagt merke til det, og eg skulle jo eigentleg ha rydda nå. Kven kan gå og leggja seg når det er lyst ute?

Det var spennande å mala med denne typen fargar. Sidan eg har gløymt å spørja dei andre to om eg får leggja ut bileta her, så skal eg ikkje røpa meir enn at det eine er mitt. At dei andre er flinkare enn meg å mala lever eg godt med…
Nå avsluttar eg mai-bloggen min for denne gongen. Takk for fylgjet.
Eg må bare visa at då eg kom heim frå jobb i dag så stod det ein nydeleg rosa hortensia og venta på trappa. Tusen takk, Gerd.

Heidi
Når du gløymer
å hugsa kven du er
kan du gå til Gud.
Han hugsar det.
Varsamt
bøyer han seg ned
og kviskrar namnet ditt
forsiktig inn i det eine øyret.
***
Eg vaknar om natta og skriv i mørket.
Eg stavar fuglar og kirsebærblomar.
Eg snublar i språket
og dett ut av rutinane.
Eg går som ein villfaren
ut i gatene
når morgonen kjem med lyset
og står der med opne hender.
***
Me samlar tankar,
støv og erfaringar,
me hentar fram bøner,
tru og livsmot,
ikkje for å byggja høge tårn,
ikkje for å setja nye rekordar,
bare for å byggja ansikt
med milde trekk
med kloke auge
som eit ikon
over gater og sjukehus
over skular og leikeplassar.
Heidi
Når vinteren smeltar og fram frå det frosne
og grå som er att etter sommar i fjor,
kjem gule små soler og snøkvite kvitveis,
og former seg stille til takksame ord.
Nå syng me den songen om vår og om sommar,
om viper og lerker og bjørker og lyng,
om vennskap og brorskap og alt som kan samla,
og fridom og glede blir liv mens me syng.
Me takkar for sola, for våren og livet,
for oss som er her og som lever i lag.
Me strekkjer ut hender, her skal me stå saman
om håpet og lyset om natt som blir dag.
For oss som er fødde i vinden på Jæren,
for oss som har funne ein ny stad å bu,
skal songen få tona om alt me skal dela,
om kjærleik og fridom om håp og om tru.
***
For ei vekes tid sidan snakka me her inne om at me kanskje kunne ha trengt nye nasjonalsongar som passar til nye vårar og nye tider. Eg har tenkt på det sidan. Dette er ikkje eit forsøk på ein ny nasjonalsong…
Det er bare eit førsteutkast til ein upretensiøs liten song om våren og det å høyra saman. Han er skriven på direkten etter sist innlegg, så her kan mykje forandrast. Eg veit ikkje korfor eg fekk lyst til å dela han som akkurat det…
Eit førsteutkast til ein song tilpassa akkurat nå… Men nå gjer eg det.
Heidi
Brunsneglar kan eg styra meg for, men denne vesle gule sneglen som drikk regn på ein knallrosa rhododendron er då ganske fin? Då eg forstørra biletet såg eg ar det såg ut til å vera ein skade i skalet som om han har fått seg ein trøkk, men klart å koma seg på føtene/ foten igjen. Det er kanskje å dra det litt langt å seia at det får vera dagens sundagspreike…
Då kan eg jo fortsetja med at klokka elleve gjorde eg noko så fromt som å vera på jærdagsgudsteneste på torget i høljeregn. Eg var der i lag med Torun og Astrid og me hadde det rett og slett ganske fint der me sat tett i tett med mange andre under eit presenningstak og såg på regnet ute og song med på songane tonesett av ei flink musikargruppe med unge forsongarar og to dansejenter med banner. Det var fint alt saman, men det som gjorde sterkast inntrykk på meg var å høyra Hanna Sannes synga Tore Thomassen sin song «Bønn for byen»:
Bønn for byen
Jesus kom til byen kom og bo her
Kom, flytt inn i hus av alle slag
Du som vet hva kjærlighet og tro er
Tenn ditt stille lys i byens jag
Gå omkring i byens mange gater
Hold omkring hver ensom hjemløs sjel
Let bak stumme ord og surrogater
Selv blant gråstein skinner en juvel!
Stikk en tur på byens mange barer
Jesus du ser hvem vi alle er
Du er den som lytter før du svarer
Slik at sannheten kan komme nær!
Tal til mammons mange små pirater
Tal om livets aller største skatt
Avslør dette overflodsteater
Før det går mot kveld og det blir natt
Lys din fred mot alle TV skjermer
Og til hver en opplagsfet avis
Tal om løgn der blitzlampene svermer
Sannheten har alltid hatt sin pris
Jesus gi hvert barn et sett med vinger
Og hver ungdom håp og hverdagsmot
Når den store himmelklokka ringer
Styrk hver gammel, syk og skrøplig fot
Sett en krans av stjerner på hvert hode
Lys for oss så ingen går seg vill
Se til dem som ikke helt kan tro det
At du er i byen
At du er her i byen
At du er i byen og er til!
Tekst: Tore Thomassen

Hanna song så vakkert at eg kunne ynskja eg kunne leggja songen hennar ut her. Det eg klarte var å finna teksten ved å googla, så den kan eg by på. Medan ho song viste dei bilete frå Brynebyen på storskjerm. Dette har Leif teke, det kan fungera her.
Etter gudstenesten gjekk me heim til Astrid som baud på kyrkjekaffi og nysteikte vaflar. Etterpå reiste me til Ingrid og henta ein liten firbeint venn som skal bu her nokre dagar.
Det ville vera ei veldig stor overdriving å seia at eg og Leif har ei gourmetkokkaktig tinærming til sundagsmiddagar. Ofte blir det å røra saman noko av det me finn i kjøleskap eller frysar. I dag slo me til med ovnsbakt steinbit, eller var det kanskje kveite, med parmesan og kryddarsmør og potetmos med kvitløk og urter. Det smakte veldig godt. Me hadde til og med jordbær til dessert som smakte nesten som dei norske og heimebakte safranbiscotti. Bare for å ha nevnt det…

Nå trur eg eg vil skriva ein song… Begynna på ein i alle fall… Men for å fortsetja snegleevangeliet. Det er greitt å hugsa at Ting Tek Tid.

Heidi
Mesteparten av dagen vart brukt til noko eg ikkje er flink til, hagestell. Armane ser ut som om eg har vore i slåsskamp med ein katt etter å ha lukt rosebedet. Rosene viste seg å vera fulle av lus. Kva gjer eg med det, mon tru. Ripsbusken er planta etter mykje om og men og til eventuell forlystelse frå naboar. Det tok tid å bli einige om kor han skulle stå, og han måtte gravast opp att fleire gonger. Til slutt havna han i bakhagen, som har vore hagemessig katastrofeområde, men det kom seg litt i løpet av dagen. Området må i utstrekning vera det minste det går an å kalla hage, så det burde la seg gjera å få skikk på det. Til slutt kunne me setja oss ned på terrassen og eta middag ute for første gongen i år, og konstatera at sett med milde vennlege auge, så hadde me då fått gjort litt i dag. Leif er i rettemodus og er sensor for store mengdar norskeksamenstilar, så den som måtte vera hovudgartnar i dag var meg. Veret har vore heilt fantastisk, dagen har hatt med seg skikkelege sommarkjensler.
Me venta til klokka var nesten ni for å få det aller finaste lyset. Så reiste me ein kveldstur til Sele.
Blomane stod der og gløda i kveldslyset,
Svalene flaug lågt og varsla regn. Tjeld og måkar skreik, og det må vel vera songlerka eg høyrde i saman med taktfaste vii-iip skrik? I eit ganske stort område var sanddynene heilt dekte av marehalm og blålilla lupinar. Det var så fint. Eg skulle ynskja eg fekk det endå betre fram på bileta.

Sjøhusa gløda medan sola gjekk ned i havet.

Me kjørde om Orre heim for å få med oss siste del av solnedgangen frå ulike synspunkt. Dersom eg hadde vore ein annan plass i landet akkurat nå, ser eg ikkje vekk frå at songen om å koma heim og sjå ein solnedgang på Jæren hadde dukka opp ved synet av desse bileta. Mot normalt, som det heiter i vermeldinga, så var det vindstille og i tillegg relativt godt og varmt heilt til siste del av solskiva hadde dukka ned bak horisonten. Dei melder ikkje fullt så fint ver i morgon, men me takkar og bukkar for dagen me fekk.
Heidi

I dag viar eg dagen til sol, sommar og vennskap. Det har vore ein slik dag me drøymer om heile vinteren og store deler av sommaren med blå høg himmel, grøne tre og blomar langs grøftekantene.
Eg og Anne Mette gjekk tur langs stranda frå Hå gamle prestegård og nesten til Orre før me snudde og gjekk tilbake. Bølgene skvulpa, måkane skreik og fuglane song, og det var som balsam for kropp og sjel å bare gå der og snakka lågmælt saman om viktige og uviktige ting. Etterpå kjøpte me oss mat i kafeteriaen og sat og åt medan me såg utover havet.
Etterpå tok eg sykkelen ned til Bryne der eg møtte Ingrid og fekk ein bitteliten smak av Jærdagen. Jærdagsarrangørane ikkje til forkleinelse, men denne dagen gjorde seg rett og slett endå betre ute langs sjøen…
Om kvelden hadde eg invitert to venninner til veldig lettvint kveldsmat, ost og kjeks og bær og druer, saman med safranbiscottiane frå i går og ei stor melkesjokoladeplate eg fekk av ein elev då eg fylde året. Det vart ein veldig koseleg kveld saman med Torun og Astrid.
I kveld har skodda sige innover landet og Jærnatta. Eg er spent på om ho lettar i morgon tidleg slik at me får den fine,varme sommardagen me har høyrt rykte om skal koma. Mykje vil ha meir…
Heidi
Dette har eg gleda meg til… Fire dagar fri… Sidan eg har hatt så mange prosjekt gåande og så mange ballar i lufta på same tid, så har helger og fridagar stort sett gått med på å jobba med desse. Etter å ha sitte med lenge med jobbrelatert kontorarbeid etter undervisninga i går, så hadde eg lova meg sjølv å ta heilt fri i helga.
Det kjennest veldig bra, men eg veit av erfaring at ein treng eit par dagar til å henta seg inn når ein plutseleg ikkje har det ekstremt travelt lenger. Det litt slitsame er at det i slike situasjonar alltid er ein del forefallande i heimen å bruka fingrar, armar og bein på, om ein måtte føla for det… Eg har fått rydda glaset med julesild og diverse anna ut av kjøleskapet, og som alltid lova meg sjølv å bli flinkare til å tømma matskapa før me kjøper nytt. Der er det eit visst utviklingspotensiale… I løpet av helga kan det tenkjast at eg får rydda skrivebordet og… Det kjem ikkje bilete av det i dag heller…
Ingrid og eg har fått oss ein tur langs stranda. Det er alltid ein fin ting å ta seg tid til. I dag var strendene pakka inn i skodde. Slikt skoddelys gjer at fargane blir så fine. Naturen har eksplodert dei siste vekene. Det er så fint å sjå. Nå er me akkurat på terskelen til sommaren, som er mi absolutte yndlingsårstid, sjølv om eg har sansen for dei andre og.
Det er fint å sjå at dei bestøvande insekta er på plass. Eg lurer på om det vesle oransje vesenet på alperosa er ein humlevariant eller ei blomsterflue. Det likna ikkje heilt på nokon av delene slik eg ser dei for meg.
Det å ta fri frå prosjekt inneber ikkje avslappande tekstile prosjekt. Eg har fått dampa og ferdigmontert ein babykjole som i grunnen vart ganske fin. Det komande mormorbarnet har nå fått kvitt hentesett og bleikrosa kjole med mønster på berestykket. Garn til eit nytt stort strikkeprosjekt er nå innkjøpt og påbegynt. Det ligg kjærleik og bøner for det vesle livet i maskane… I tillegg til strikkinga så har eg bakt ein boks knallgule safranbiscotti. Sunniva kom heim frå Marokko med store mengder safran som eg fekk i gave det året ho
gjekk på folkehøgskule. Ein heil del av safranen har gått til bakverk. Nå held det bare til ein runde til, trur eg.

Og i livet mitt er mai-månad reine festreisene i høgtider. I løpet av ei veke har me hatt 17.mai. Sunniva sin gebursdag og min gebursdag, I dag er det endå ei høgtid, markeringa av 32 års bryllaupsdag, som vel må seiast å ha fått ei markering av det svært forsiktige slaget. Eg fekk tigga meg til ei teikning i anledning dagen, og så åt me heimelaga pizza i lag med mi teikneføre eldstedotter før me fekk oss ein kveldstur over Jæren for å sjå og fotografera grøne tre, blomar, lam og sauer. Tidlegare i veka køyrde eg og Ingrid forbi eit lam som låg på ryggen til mor si. I dag kjørde me forbi ein sau med ei skjor på ryggen og ein sau på ein høg stein. Alt saman ville vore fantastiske fotomotiv om dei bare hadde halde posisjonen litt til ære for oss… Det gjorde dei ikkje. Nå skal eg starta på ei bok eg har gleda meg til å lesa. Eg har god tru for resten av langhelga.
Heidi
Nå har eg vore i Alf Prøysen si verd den siste veka. Eg har lese biografiar på ny og studert bilete og Internett for å kunna fortelja barna på skulen om både barndomen og vaksenlivet hans. Filmsnutten under frå ein gammal barne TV- episode som eg hugsar godt frå barndomen rører meg. Anne Kath Vestly er så nydeleg i rollen som Kanutten, og Alf Prøysen er flott som Romeo Clive. Kven som spelar Hagbart som aldri får styr på notestativet sitt veit eg ikkje.
I slutten av timen fekk elevane sjå dette klippet for at dei skulle få sjå Prøysen synga og spela teater. Eg fortalde og at dette var barne TV frå eg var lita. Elevane såg på med interesse.
Som vaksen les eg sjølvsagt andre ting inn i biografien hans enn det barna gjer. Eg får stor respekt for liva til både Julie og Matja (Mathea) mormor hans, som måtte setja vekk fem små døtre etter at mannen plutseleg døydde. Fattigdommen og arbeidet ho måtte klara for å brødfø barna vart ei uløyseleg oppgåve. Som førtiåring fødte ho ei dotter ho ikkje hadde far til, noko som i hennar situasjon vart sett på som ei stor skam. Ho jobba som budeie til ho var over åtti år, og var eit av dei flottaste menneska Alf Prøysen visste om. Truleg er det ho som dukkar opp i diktninga hans i fleire flotte kvinneskikkelsar med dette namnet, som Matja Madonna og jordmor Matja i julekveldsvisa.
Alf Prøysen formidlar som få andre noko djupt, vart, lysande reint og sårt om det å vera menneske. Eg har blitt minna om korfor eg alltid har hatt så stor sans for han. Måtte han aldri bli gløymt.
Heidi
Dette fine sommarkruset fekk eg frå Ingrid i dag. Det var så fint og sommarleg at eg måtte ha det med som dagens bilete.
Eg har hatt ein fin dag og blitt feira opp og i mente. Først med elevane på utedag i Sandtangen der det vanka song og mange varme klemmar. På spørsmålet i andre verset i «Happy birthday» «How old are you now?» måtte eg nesten svara: «I´m twenty nine years old now, I´m twenty nine years old now.» Så kom eg på eit av dei siste innlegga mine her og avslutta med, «I think I´m twenty-nine, but I might be fifty six»… Får bare svelga talet og prøva å leva med det.
Så fekk eg ny gebursdagssong på fellestida med kolleger, og jammen meg fekk eg ikkje feira vidare med planleggingskveld og timeplanlegging med dei same gode kollegene. Det treff seg rett som det er at ein av desse kveldane fell saman med 23.mai. Eg hugsar eg fekk feira femtiårsdagen min på same måten. I pausen mellom dei to seansane hadde eg tenkt meg ut på Bryne for å handla eit subsistutt for den tradisjonelle kaka ein brukar ha med til kollegene når ein fyller år. I det eg skulle gå vart eg oppringd av banken min som lurde på om eg hadde kjøpt billettar med air-france klokka tre i dag. Det hadde eg ikkje. Dei hadde oppdaga tre mistenkelege forsøk på transaksjonar på mitt kort og hadde stengt det. Takk til Scandiabanken som klarer å oppdaga slikt…Det ser ut til at nokon har hacka seg inn på kortet mitt via banken, men ikkje klart å få fullført dei. Godt jobba. Eg sparde fleire hundre euro, men kortet blir sperra til dei får send meg eit nytt- Då timeplan og ein del andre ting var i boks klokka halv åtte hadde eg ein avtale med mann og herverande barn om å møta dei for å eta middag i lag på Mølledammen. Det var kjempekoseleg. Då me kom heim var det blomar som venta på meg frå folk som hadde vore innom og ikkje funne meg heime, og det var ripsbusk og jordbærplante frå barna mine. Tusen, tusen takk.
Innboks og facebook er fylt opp med hjartevarmande helsingar. Å feira gebursdag når nye høgdar med sosiale medier. Tusen takk, alle saman. Eg har framleis tankar om å svara alle saman, men akkurat nå er eg for trøytt. Vit at det har varma veldig-
Heidi




