For ein fin oktobersundag. Det vart radiogudsteneste og sein frokost etter ein sein kveld i går. Så trilla eg sykkelen ut av garasjen for å få meg ein tur i det fine veret. Det var seinsommartemperatur ute, og hausten har framleis ikkje klart å bita seg heilt fast i naturen. På Fotland fann eg desse sauene som nytte livet i ein byggåker.
Eg hadde høyrd at det var ei fin utstilling på Fotland mølle, så den har eg hatt lyst til å få sjå. I dag fekk eg sjansen. Det var Gunn Fotland som hadde kalligrafiutstilling. Ho hadde brukt mange spennande teknikkar og ulike materiale. Eg likte utstillinga veldig godt, og fekk og ein prat med kunstnaren som gortalde litt om arbeida sine. Eg fekk lov til å leggja ut bilete på bloggen. Dessverre er ikkje kvaliteten så god som det arbeida hennar hadde fortent, men kanskje dei er fine nok til at de som les får lyst til å sykla bort og oppleva det sjølv.
Dette motivet frå Haugtussa blir auksjonert ut til iinntekt for Idas hjelpefond. Slikt har eg sansen for.
Og dette biletet blir lodda ut blant alle som har vore innom for å sjå utstillinga. Det var så fint at eg måtte tilbake i loddbøtta for å kontrollera at eg hadde skrive rett telefonnummer på lappan. Nettopp Moder Theresa har eg jo fylgt gjennom daglege tekstar nå i 2o15, og det gjer kanskje at biletet kommuniserer litt ekstra godt med hjartet mitt.
Ho hadde og brukt tekstar frå Vamp sine plater. Legg merke til korleis ho lett storleikane på bokstavane og bokstavane fortelja ei eiga historie.
Denne teksten får bli den lyriske teksten for i dag. Av og til er uro ei viktig drivkraft trur eg. Både ro og uro høyrer menneskeslivet til. Eg likar uttrykket «heilag uro», som eg har høyrt ein eller annan plass ein eller annan gong.
Litt tekstile uttrykk var det og…
Naturen rundt Fotland mølle er eit slags kunstverk det er godt å kvila auga på.
For komande somrar vil eg minna meg på at ein treng ikkje sørgja for tidleg over at sommaren går frå oss. Det finst faktisk mange markblomar først i oktober og.
Dei syna som høyrer hausten til er heller ikkje å forakta. I kveld skal me sjå Torvald Tu sitt gamle suksesstykke «Kjærleik på Lykteland» framført på Bryne mølle, så dette blir ei innhaldsrik helg. Noko av det eg kjem til å hugsa frå Jensi si gebursdagsfeiring i går kveld er Iren Førland si framføring av «Amzing grace». Den salmen har eg eit spesielt forhold til, ikkje minst etter Ingrid og Oddvar sitt bryllaup. Ordet grace har ei tyding på engelsk som me ikkje heilt klarer å dekkja med eit norsk ord, sjølv om det kan seiast mykje fint om ordet nåde…
Through many dangers, toils and snares,
I have already come;
this grace has brought me safe thus far,
And grace will lead me home.
Heidi
Haustvise
Eg møter deg i byen når sommar blir til haust,
og vinden bit med haustkald pust mot kinna.
Sjå livet er blitt sundag og orda dei sit laust,
me kjenner godt at livsmotet skal vinna.
For du og eg har vandra i slike gater før,
me veit at det er meining i å vandra,
me veit at det skal opnast og lukkast mang ei dør,
me veit at mykje ofte blir forandra.
Men me blir ikkje redde, for det er me som går,
me kjenner tonen og me kjenner orda,
for ofte vart det vinter og ofte vart det vår,
og alltid kom me heile ned på jorda.
Ei syster ei venninne, ein ven som vil deg vel,
eit menneske som held deg fast i armen.
Når hausten kjem med vindar som stryk mot liv og sjel,
så går me tett i tett og kjenner varmen.
Me skal om mange bakkar bli gamle du og eg,
men framleis skal me le av slikt me gjorde,
ein gong for lenge sidan, ein gong som var i går,
og stø oss blidt mot stokkane og ordet.
Heidi
I dag fekk eg ei av desse helsingane frå facebook og fortida om tekstar eg har posta på facebook for eit og to og tre og fire år sidan. For eit år sidan gjekk eg gatelangs i Stavanger i lag med ei god venninne. Etterpå skreiv eg denne haustvisa. Eg hadde rett og slett gløymt denne teksten heilt av, så takk til facebook som hjalp meg å hugsa. Eg kjende at denne teksten rett og slett hadde lyst på tonefylgje, så viss nokon skulle kjenna at det er ein melodi som vil ut, så er det bare å låna teksten…
Liljene frå Torvald Tu forestillinga for tre veker sidan pyntar framleis stova mi, av og til varer gode ting lenger enn ein trur. Nå skal eg hoppa på sykkelen og dra bort til Ingrid for å øva på noko. I kveld er det stor femtiårsdag for svoger Jensi. Eg håpar han får ein fantastisk dag å ta med seg vidare. Eg har laga kake som nok vart meir rotete og barnsleg enn stilrein og delikat, men det får våga seg. Det er ein kommentar til han frå meg på sett og vis.
På Bryne er det potetfestival, og haustferien er her. Det siste er ikkje til å tru.
Ha ein fin hausthelg alle saman.
Heidi
Blada gulnar enten me vil det eller ikkje, og ei ny årstid skal røra oss. Ubegripeleg nok så begynner haustferien i morgon. Etter kvart skal me setja oss på eit fly som går sørover for å besøkja svoger og svigerinne i Spania. Eg veit av erfaring at når flyet er trygt nede på bakken så er eg eventyrlysten, nyssgjerrig og klar for ferie, men eg har ein tendens til å fortrengja litt at eg skal ut på turar som involverer å bli transportert i lufta… Nå skal eg heller fortelja om ei reise eg bestilde i går, som er heilt min type reise. Eg skal på helgetur til Mosjøen ei helg i oktober, og turen går med tog. Takka vera sympatisk korresponderande rutetabellar, så let det seg gjera å forflytta seg frå Bryne heilt til Mosjøen på nokså nøyaktig eit døgn. I Mosjøen bur nevø Arild med sin Hege og tre små barn, og eg skal hjelpa Eva Mari litt med barnevaktoppgåva ho skal inn i. Helga må bli litt oval for at det skal gå opp, men eg har heimejobbedag på måndagane og så har eg byta meg til ein frifredag. To døgn på reise og to døgn i Nordland. Eg gler meg veldig.
I kveld lukta det nydeleg av brød i heile huset då eg kom heim. Ikkje mange ting luktar så godt som nybakt brød. Etter eit kvarters tid stod heimebakaren min der med eit halvkuleforma grytebrød i hendene. Eg skulle bare smaka litt, men dei fleste veit kor fort varmt brød med smør glir ned halsen. Den som bare vil smaka bittelitt gjer klokast i å halda seg heilt unna. Det var stappfullt av sunne kornsortar, så verre utskeiingar kan vel tenkjast. Det er ikkje rart at dei sa før i tida at ein aldri skulle eta varmt brød. Dersom familien var blitt slepte laus på noko slikt, så hadde vel brødforbruket auka til det doble.
Trøytt og litt ør etter ein lang arbeidsdag, så skal eg ikkje bli sitjande lenge ved tastaturet i kveld. I morgon ettermiddag må eg skriva to songar og baka eit stort sukkerbrød før eg skal ut om kvelden. Eg burde nok heller bruka tankane på det.
Til slutt kostar me på oss ein kveldssong skriven a av Clemens Bretano for om lag to hundre år sidan. Han er omsett til norsk av Åse Marie Nesse
Kveldssong
Høyr ei einsleg fløyte klagar
brunnar susar kjølegmilde,
og dei gylne tonar svagar-
la oss lyde, stille, stille!
Løynleg lengt og fagre draumar
talar ljuvt til hjarta att.
Lyset stig frå toneflaumar
famnar meg i mørke natt.
Clemens Bretano
Heidi
Nå er eg nettopp komen heim frå øving med blåsekvintetten eg ikkje spelar i… Dei er veldig flinke musikarar, og eg er med som forteljar. Me skal framføra historia om Babar, den vesle elefanten. Det er laga som ei musikalsk forestilling, omtrent som den meir kjende historia om «Peter og ulven», som eg hugsar me såg med rikskonsertane på skulen då eg var barn. Musikken er veldig fin. Historia om Babar kjenner eg frå før og kan nestan utanåt etter å ha lese boka utallige gonger for barna mine då dei var små. Ein kan seia kva ein vil om historia om Babar som får status blant dei andre dyra, og blir krona til konge fordi han har lært å oppføra seg som eit menneske, men saman med musikken blir det fint. Det er spennande å jobba saman med så flinke musikarar. Nokre gonger skal eg inn og snakka over musikken, og det er ikkje så lett når eg ikkje les notar skikkeleg og ikkje sit med notebladet framfor meg. Heldigvis har me funne ut at fløytisten kan nikka meg inn på rett plass. Eg er van med å fortelja nokså fritt når eg fortel med barn, men her må eg halda meg tett til manus for å gje musikarane stikkorda. Nå har eg eit par veker på meg til å arbeida historia skikkeleg inn, leita fram rekvisittar og bilete og bestemma meg for kor mykje eg skal vera i rolle som elefant og gammal dame. Det er spennande. Eg har alltid hatt lyst til å vera musikar og spela saman med andre, så dette blir vel sånn omtrent så nær som eg nokon gong kjem til å koma. Premieren skal me ha på Time bibliotek laurdag 17. oktober.
Så har eg tenkt å gje eit ansikt til kvardagsnevrotikarane, eller kanskje snarare hypokondarane blant oss… Denne gongen hadde eg bestemt meg for å forbli roleg og ubekymra medan eg venta på svar frå mammografiundersøkjinga. Det er lettare sagt enn gjort når fantasien tek overhand. Den siste veka har eg hatt vondt i magen kvar gong eg nærmar meg postkassen, og i går då eg hadde skrivedag, tok eg meg i å speida nervøst etter postbilen når tida for postudeling nærma seg. I dag var postkassen tom, og då eg såg brevet liggja på spisestuebordet torde eg mest ikkje opna det. Eg skalv på hendene og var klar for det meste.
Eg registrerte at det bare var eit ark i konvolutten og håpa det var eit godt teikn… Heldigvis har dei vit til å skriva den glade bodskapen med krigstypar slik at det er det første eit nervøst auga finn fram til. Det første eg tenkte var at dei kanskje hadde send meg feil brev og at det kom kontrabeskjed i morgon. Det neste eg las var at det stod i ein bisetning at det var ikkje alltid ein oppdaga kreft ved mammografi. Så tok eg til vit og vart letta.
Eg veit at eg burde skamma meg over å reagera så tåpeleg… Eg likar å sjå på meg sjølv som eit roleg og avbalansert menneske med robust psyke… Me har vel alle ein akilleshæl eller to. Eg er ikkje redd for så forferdeleg mykje… Bare for sjukdom, at det skal skje noko med barna mine, for å reisa med fly og for å kjøra bil utanfor min komfortkjøresone; som forøvrig går nordover til Kleppe, sørover til Ogna og austover til Ålgård… Det er jo ikkje sååå mykje… Sånn ca innanfor normalen kanskje? Eg må skunda meg å fortelja at eg ikkje er redd for å snakka i store forsamlingar, dumma meg ut offentleg, be om unnskuldning, skriva kva som helst, eller å møta nye menneske… Kanskje det oppveg litt for nevrosane? Det er merkeleg kor forskjellig me er skrudde saman… At eg ikkje er spesielt glad i tannlegebesøk, reknar eg og for å vera sånn ca ganske normalt.
Nå er ikkje prosjektet mitt i dag å blottleggja meg heilt eller noko liknande. Eg tenkte bare rett og slett at i ei verd der me trur me må vera så flinke og dyktige, så kan det vera greitt å våga å stå fram med det som er nokså svakt og tåpeleg og… Og så veit eg av erfaring at me taklar meir enn me trur kvar gong me må. Av og til er det bare så veldig deilig å sleppa…
Heidi
Og visst har det vore ein fin seinsommar og ein fin start på hausten så langt. Eg har hatt skrivedag og blitt litt dregen mellom å vera flink jente og bruka dagen til å skriva og å vera flink jente og koma meg ut og nyta det fine veret. Flinke jenter må gjerne stå i krysspress fordi dei ikkje klarer å vera flinke meir enn ein plass på ein gong… Eg har i grunnen slett ikkje rukke å gjera alt det eg hadde tenkt i dag, for eg vart sitjande og strikka ferdig ein genser som eg nå klør i fingrane etter å montera. Det vart litt diktskriving. Eg har heile tida nye ting eg har lyst til å skriva ned. Tida strekk ikkje til, og det er vel eit luksusproblem. Sjølv ikkje etter meir enn femti år hr eg lært meg kor mykje det er realistisk å rekka på ein dag. Til slutt vart det ein sykkeltur langs Frøylandsvatnet. Det gjorde godt. Det er så fint der på denne årstida, og ettermiddagslyset er så fint.
Eg såg heile tida ting eg hadde lyst til å fotografera. Av og til hadde det vore fint med eit litt meir avansert kamera enn det eg har på mobilen, men det er nå utruleg praktisk å ikkje trenga å bera på ekstra fotoutstyr. Reinfannen står med kvit ull nå, raunbæra lyser raude, vannliljene ligg der framleis og dei siste markblomane står og blømer. På markene langs vatnet beitar det kyr og ute på vatnet er det ein flokk med svaner. Det var mykje folk ute og jogga, sykla og gjekk tur, eg møtte og to store hestar med ryttarar. På vatnet låg det av alle ting ein ganske stor båt. Eg lurer på om det er ein slags arbeidsbåt som ligg der i samband med gangbrua som skal byggjast over vatnet. Lufta hadde dette skarpe kjølege draget som fortel at det ikkje er sommar lenger sjølv om sola skin. Eg trur eg avsluttar med å by på ein liten smak av det eg har skrive i dag. Det er litt galskap å presentera ting som ikkje har fått liggja til ettertanke ei stund, men det får vel våga seg…
Kva steinar kan brukast til?
Til meir enn steinkasting
det vil eg helst tru.
Det hender me må bera dei med oss
til me treng dei
sjølv om dei tyngjer i hendene
eller i ryggsekken,
men til slutt kan me byggja bruer,
eller kanskje små brygger av håp,
slik at små skip
og overfylde båtar
kan leggja til ein kveld i september
lasta med alt og alle
som kunne trengja ei bryggje i livet sitt.
Heidi
Så utruleg fort ei helg går. Nå er eg i den luksussituasjonen at eg faktisk har skrivedag i morgon. Det kjennest veldig bra å ha ein sundagskveld utan å gå og lura på om ein har kontrollen til måndag morgon på jobb. I løpet av helga fekk eg teke ned to av ballane eg hadde i lufta. På fredag las eg dikt på ein veldig fin kulturkveld i kyrkja. Det var fint å vera der. Eg vart rørt både av koret som song og av Per Odd Aarrestad som fortalde om vegane til og i glaskunsten som han nå er i ferd med å ferdigstilla i kyrkja. Det kjendest godt å lesa opp frå den nye boka «Ta heller med deg hjartet ditt». Det er alltid spennande å presentera heilt nytt stoff. Boka er i trykken nå, me får ho først i hendene om eit par veker frå nå av. Det gler eg meg til.
Eg har og fortald om Torvald Tu og fortald to av eventyra hans for barn på Klepp bobliotek. Det var veldig fint å få lov til å gjera det. Då eg vart spurd var eg litt i tvil fordi eg visste det ville ta tid å laga ei slik forestilling og øva ho inn. Ein annan ting var at det eg tidlegare har opptrådd med er stubbane hans på gammal jærdialekt. Dei er både fornøyelege og vakre, men dei er ikkje skrivne for barn, og dessutan er ein svært stor del av ordforrådet dessverre gått ut på dato, slik at førskulebarn nok ville ha problem med i det heile tatt å forstå kva som blei sagt. Det som fekk meg til å seia ja likevel, var at Torvald Tu på ein måte har vore ein av heltane mine heilt frå eg var lita. Tenk å koma frå Tu og bli diktar? Då gjekk det faktisk an, kanskje det kunne koma til å skje med meg og. Eg er oppvaksen med historiar om og av Torvald Tu, og fann ut at eg hadde lyst til å gjera mitt for at nye generasjonar med barn her i frå skulle kjenna til han. Eg har tidlegare lese ein del av eventyra utan å bli så veldig fenga, men nå når eg jobba med tre av dei, oppdaga eg at dei fungerte fint. Sjølv har eg aller mest sans for dei humoristiske eventyra på rim. Høna som reiste til byen og kom heim og fortalde kor frykteleg alt ver der inne har minst like mykje snert og brodd i vaksne øyre. På laurdag viste det seg å vera eit konkurrerande barnearrangement på brannstasjonen, så det var ikkje kjempemange barn som kom. Dei som var der var derimot herleg lydhøyre og det var ein fryd å få fortelja for dei. På fredag hadde eg ein generalprøve for dei seksti tredjeklassingane våre, så nå har dei fått nokre innspel om Torvald Tu dei og. Det viste seg at forestillinga var litt i kortaste laget, så eg fann ut at eg ville ta med meg Theodora, handdokka mi på delr av forestillinga. Det fungerte kjempefint. Theodora gjer alltid ein god jobb. Gjennom dei sju åra eg har blitt kjent med henne har ho utvikla ein markant personlegdom og lever nesten sitt eige liv…
I samband med forestillinga har eg lese meg opp på Torvald Tu, og har i grunnen bare fått endå meir sansen for denne mannen. Han hadde utan tvil eit stort talent for skriving, men då som nå var det vanskeleg for ikkje å seia nesten umogleg å leva av å skriva. Han kjende sjølv at han sjeldan fekk tid til å fordjupa seg i si eiga skriving. Han måtte produsera mest mogleg og skriva det han trudde folk ville ha for å i det heile tatt ha pengar til å overleva. Kjærasten hans, Trygve Stangeland, som var utdanna konsertpianist hadde svake nerver, og vart og alvorleg fysisk sjuk. Ein lang periode måtte han ha morfin for å klara seg, og Torvald jobba som ein helt for å få råd til å kjøpa denne medisinen til han. Han skreiv i dagboka at han måtte førebu seg på å leva vidare utan Trygve fordi sambuaren var så sjuk at det nesten hadde vore best han fekk svara. Det vart nok kviskra om på Bryne og på Klepp om desse mennene som levde saman på denne måten, men likevel vart det akseptert, kanskje fordi dei var stolte av forfattaren Torvald Tu og var glade i han som ein fjåg og omgjeneleg kar. Sjølv skriv han at han aldri har angra eit sekund på den intime venskapen han og Trygve hadde.
Ikkje alle veit at Torvald Tu har ein bakgrunn i frelsesarmeen. Seksten år gammal vart han frelsessoldat. Nokre år seinare la han uniformen til sides. Om dette hadde noko med legningna hans å gjera er ikkje godt å vita. Han hadde nære venner i frelsesarmeen heile livet, og skreiv songar for dei. Han har skrive tekstar der han er kritisk til det han opplevde som hard og fordømmande kristendomsforståing, men trua på den lyse og varme kristendommen går igjen i forfattarskapen hans. Det eine eventyret eg fortalde på laurdag handlar om ei prinsesse som ikkje var i stand til å vera glad. Trass i at ho hadde helse, venleik, pengar og alt ho kunne ynskja seg av materielle ting, var ho tung og trist og ingen kunne hjelpa henne. Av ein fe fekk ho ein ring med ei himmelblå perle. Dersom ho alltid gjekk ettter lysstråla frå ringen skulle ho til slutt finna svaret på kva som kunne gje sann glede. Til slutt fann ho ei kvit lilje som måtte gravast fram frå ei trekanta tue kledd i dei sju fargane frå regnbogen. Denne lilja hadde ein usynleg stilk og usynlege røter festa i sjølve himmelen. Då ho fekk gravd lilja fram frå jorda med bare hendene fekk ho svaret. «Å gjera glad er å vera glad». Prinsessa fekk erfara at så lenge ho var fokusert på si eiga manglande glede vart ho aldri glad, men då ho gjekk ut for å gleda andre kjende ho gleda veksa fram frå ein stad inne i henne.
Teksten under, skriven til Trygve Stangeland synest eg er så vakker:
I kveld er fred i sinnet,
eg sit i stova inne,
i peisen ligg det torv og glør,
ute står månen blank i sør,
og Mosberghagen lyser full
av månegull.
Du spelar hugen min til kveik,
det stig og kling i lyst og leik,
å ja, du spelar stova full
av tonegull.
Så forandrar tonane frå pianoet seg, og går over i det såre og moldstemde:
Du spelar ikkje til lyst og leik,
du spelar til sorg og kvida,
du spelar barmen varm og veik,
Gud hjelpe kvar som må lida,
i verda er det tungt å strida.
(Torvald Tu)
Eg trur det som står i nest siste linja er Torvald Tu si evangeliske bøn. «Gud hjelpe kvar som må lida». Slik eg les tekstane hans, så var han oppriktig glad i menneske og oppriktig interessert i dei. I dette ligg det og å studera menneska sine viderverdigheiter med eit humoristisk skråblikk. Få andre gjer dette på ein så sjarmerande måte som han.
Heidi
(Dette innlegget er mellom anna inspirert av Olav Gatland sin Torvald Tu- biografi.)
På måndag hadde eg skrivedagen min. Eg brukte han til å gjera to viktige ting og mykje anna som i den store samanhangen ikkje er fullt så viktig. Først var eg og stemde. Ikkje mindre enn fire lister vart det… Kommunestyre, fylkesting, sokneråd og bispedømeråd. Dei to første listene var det vanskelegast å finna ut av. Eg tenkte fram og tilbake og opp og ned og i mente dei siste vekene. Så stemde eg, på eit parti eg aldri før har stemd på, men eg kjende at når alt var tenkt gjennom, så var det det som kjendest mest rett akkurat nå. Soknerådet var ikkje så vanskeleg. Det var bare flinke og gilde folk på lista, så det visste eg kom til å bli bra uansett. Eg ventar alltid til valdagen med å gå og stemma. Det er noko høgtidsstemt over det som eg likar. Folk nikkar og smiler til kvarandre og seier ting som «Ja, ja, du har tenkt å gjera borgarplikta du og…» Og alle kjenner at dei er litt viktige og at dei i beste fall kan vera med på å utgjera ein forskjell. Eg liker tanken på at alle saman, uansett kven me er og kva me gjer og meiner og står for, så har me alle nøyaktig ein stemme kvar, verken meir eller mindre, og har dermed like stor rett til å bestemma korleis ting skal bli.
Etterpå skunda eg meg til toget for å gå i gang med den minst lystbetonte aktiviteten denne dagen.
Eg hadde fått brev om at det var på tide med mammografisceening. Eg såg til mi glede at dato og tidspunkt var heilt umogleg og ringde og sa at datoen ikkje passa. Eg hadde håpa på ei god utsetjing, men i staden fekk eg koma nesten ei veke tidlegare enn innkalt. Sidan eg er dårleg på å lyga måtte eg innrømma at den tida passa ganske bra.
Eg sa strengt til meg sjølv at dette var ein del av å vera eit vakse og fornuftig menneske og at eg bare måtte koma meg i veg.
Eg grip meg sjølv i å tenkja at det å jobba på mammografen må vera ein av dei meir besynderlege jobbane i dette samfunnet. Der står dei to stykker og dyttar, drar og plasserar eit menneske som tilfeldigvis heng fast i kroppsdelar som dei er sette til å undersøkja. Breskjedane frå dei til oss, eller i alle fall til meg, kanskje eg er spesiell, var omtrent slik:
«Kom litt lenger fram. Slik Ja. Kan du bøya deg litt framover. Sjå mot døra. Endå litt meir mot døra. Snu kroppen til venstre. Nei, ikkje sånn, du må flytta føtene og. Sånn ja. Flytt føtene endå litt meir. Har du strake bein? Det må du ha. Kan du setja rumpa litt ut? Slik, ja. Slapp betre av i akslene. Bøy deg litt meir fram. Så må du slappa av og pusta heilt vanleg…»
Etterpå går samlebandet vidare og blir send inn på ein mellomstasjon for å kle på meg og gå strake vegen ut slik at neste mann kan koma inn. Dei er imponerande effektive. Eg oppdagar at eg har gløymt brillene som eg måtte ta av meg og bankar forsiktig på døra. Ho fortel at nei, ho såg at eg fekk brillene med meg, og ja visst, der ligg dei visst, inne i jakken, ja. Eg smiler og unskuldar. Ho spør om ho kan få hjelpa meg med ein ting, og drar på plass jakken som har vridd seg på ryggen. Eg smiler og takkar. Kaos, det er meg… Elvira Huskestuen på mammografibesøk.
Eg går ut, letta og oppkava på same tida. Og nei, vondt er det ikkje, i høgda litt ubehagelen. Eg lovar meg sjølv at nå må eg ikkje gå omkring og engsta meg, for svaret kjem først om 2-3 veker, og inntil då må eg prøva å ikkje grubla over det. Det er ikkje så lett for sånne som meg, i overkant utstyrt med fantasi og dramatiske evner. Det er lett å tenkja på ei slik screening som porten ut av uskulden inn i ein alvorleg sjukdom. For korfor skulle vel eg vera forskåna? For meg er det ulempa med slike screeningar, mykje unødig engsting. Eg snakkar fornuftig til meg sjølv og seier at skulle dei finna noko, så er det jo fint at dei finn det så me kan gjera noko med det, men strutsen i meg sjølv blir ikkje heilt overbevist. Ho liker seg best med hovudet i sanden når det blir litt truande her i verda.
Etter at eg har fått roa meg litt, støtta ei romdame som skal augeopererast, kjøpt eit nummer av asfalt og sagt ja til å bli «Redd barna faddar,» sjølv om eg er faddar i frå før, finn eg fram skriveboka og set meg i fargegata med skogsbærsmoothie og penn. Seinare blir det ei god skriveøkt på biblioteket. Kanskje eg skal dra til Stavanger og skriva oftare.Det er kjempespennande å vera der og sjå og høyra medan ein let ord og setningar koma ut av pennen.
Nå må eg i veg att. Eg skal øva inn ei forestilling om Elefanten Babar i lag med ein blåsekvartett. Dei er kjempeflinke, så her gjeld det å halda seg roleg og ikkje få prestasjonsangst. Det er første øvinga, og me har framleis god tid. Eg skriv nok meir om det seinare. Eg kjenner litt på frilansaren i meg akkurat nå. På fredag skal eg lesa dikt i kyrkja og på lørdag skal eg fortelja om Torvald Tu på Klepp bibilotek. Det er ei barneforestilling. Eg puggar tekst og repeterer historier så fort eg har tid. Men nå er det altså Babar.
Heidi











































