Dette biletet kjem til å vera framsida på den nye boka vår som får tittelen «Ta heller med deg hjartet ditt». Nå når eg lastar opp biletet for å bruka det her, ser eg at det ikkje er frå ein grøftekant langs vegen slik eg trudde, men frå ein urtehage utanfor eit gammalt slott ved den latviske byen Sigulda. Viss eg ikkje hugsar feil, så vart urtehagen i si tid laga av munkar eller nonner. Det passar i så fall perfekt inn i mitt hovud som framsida på ei diktsamling med veldig mykje ulikt, akkurat som i ein urtehage.
I sommar har det for alvor gått opp for meg kor mykje det betyr for meg å ta vare på naturen og klimaet, eller kanskje eg skulle bruka det store ordet skaparverket. Me skal gje jorda vidare til barn, barnebarn og oldebarn, og dei fleste av oss har vel eit sterkt ønske om at jorda framleis skal vera ein plass med reint vatn, sunne vekster og ein rikdom av dyr og fuglar. I tillegg ynskjer me for dei at dei skal ha luft som er rein nok til å pusta i og eit klima som er vennleg nok til å leva godt i. Eg har kjend på at eg ynskjer å gjera små og store val som kan vera med og fremma desse verdiane. Så gjeld det bare å finna ut kva som er klokt og viktig. Kan me framleis unna oss kjøt til middag, bilturar til butikken og lange flyturar bare for å sjå andre kulturar og land? På det siste punktet kjem flyskrekken min inn som viktig støttespelar og er hjartans einig i at lange flyturar bør vera eit tilbakelagd stadium…
Akkurat nå kjenner me vel alle på store utfordringar i samband med flyktningesituasjonen me plutseleg er oppi. Store flokkar med flyktningar langs danske motorvegar har ikkje vore kvardagskost for oss priviligerte skandinavar. Plutseleg er flyktningar noko meir enn tal og kvotar. Det rører meg at så mange nordmenn tek private initiativ for å hjelpa til. Mange er til og med klare for å opna heimane sine for ukjende framande menneske frå ein annan kultur.
Eg veit at det er mange om og men og til og frå i alle desse vanskelege avgjerslene me må ta, og at det å prøva å leva rett og anstendig har mange fasettar og innfallsvinklar. Likevel klarer eg ikkje la vera å tenkja at ein god plass å begynna må vera ved den setningen eg har vald som boktittel, «Ta heller med deg hjartet ditt.»
Dette året les eg ein liten tekst av mor Theresa kvar kveld. Ho seier sjølv at ho stavar evangeliet på ei hand med eit ord for kvar finger,der orda er henta frå Bergpreika. Eithandsevangeliet lyder som fylgjer: «Du gjorde det mot meg». Med andre ord: Ein skal behandla kvart menneske med den same respekten som om det var Jesus sjølv me hadde framfor oss. «Eg var svolten og du gav meg mat, eg var tørst og du gav meg å drikka, eg var naken og du kledde meg…» Dette er så nydeleg skildra i Tolstoj sin legende om den gamle skomakaren som så gjerne ville sjå Jesus.
«Det du ikkje gjorde mot ein av mine minste gjorde du heller ikkje mot meg.»
Eg veit at for ein del menneske fungerer denne tanken betre om ein tek vekk gudsaspektet og seier at «Det du vil at andre skal gjera mot deg skal du gjera mot dei.» Det er ein fin setning det og, seier eg som gjerne vil kalla meg både humanist og kristen.
Eg lever faktisk i den naive tru at dei aller beste menneske vil det beste for sine medmenneske og at me snublar litt rundt omkring alle saman og prøver å finna formelen for det gode og rette livet. Biletet over er ein sjeldan plante som Ivar L viste meg ein dag eg møtte han i Sandtangen. Det er ein albinoraudkløver for dei som ikkje straks måtte sjå det. Framleis er naturen blømande og bugnande.
Og framleis er det seinsommar her. Det er så fint å kunna skriva det meir enn ei veke inn i september. Grågåsa flyg i plog over himmelen og gjer seg klar for haust. I denne veka såg eg ein vipeflokk på Orre. Det var eit syn eg var glad for å sjå for tidlegare i sommar har eg ikkje sett ein einaste flokk med viper, bare enkeltindivid. Nede ved stranda er det framleis nokre hardhausar blant oss som badar i det eg vil tru er heller kjølege bølgjer og både soloppgangar og solnedgangar har vore fantastisk vakre denne veka. Det er så mykje fint her som me må ta vare på.
Me skriv ellevte september i dag om eg ikkje tek feil… Datoen i seg sjølv er ei påminning om å takka for det me har og kjempa for alt det er verd å ta vare på.
Heidi
Eg er svak for dei vemodige tonane i seinsommaren. Noko med denne årstida er så vakkert og trist på same tid at det nesten gir meg lyst til å gråta-
Eg har prøvd å fanga noko av dette i ein visetekst, eg trur at eg delvis har klart det… Eg er langt frå sikker på at eg ikkje kjem til å forandra på denne teksten etterkvart, likevel har eg lyst til å by på han medan det framleis heiter august.
Det vil seia at eg har mindre enn ein time på meg, så det får viss bare stå til…
***
Kjærleiksvise i august
Me møtte kvarandre i juni
då natta var vaken og stor,
vemodig og vakker
og svart- trasten song
i angar av gras og av jord.
Me møttest i mjuke famntak,
og snubla i blikk og i ord.
Me var hos kvarandre i juli
då blomane blømde og lo,
då livet var mjukt
og uendeleg stort,
og svaberga brende som glo,
mens småbarna gråt og pludra,
og bølgjene svala og slo.
Sjå nå er august snart til ende
med mognande blomar og bær,
me står her i lag
og held dagane fast,
for framleis er sommaren her,
høyr kveldane dirrar og mognast
dei nynnar om alt det som er.
For framleis er sommaren sommar,
sjå blåklokker står her på tå.
Dei ringer for alt som har vore og er,
og alt som skal koma og gå.
Eg kjærteiknar dette med blikket,
og veit eg har livet mitt nå.
Sjå framleis ligg enga og blømer,
det bugnar av liv på mitt fang,
og vinden han syng meg ei vise,
ho er både lettbeint og vrang.
Eg kysser deg varleg på panna
og håpr september blir lang.
Heidi
To dagar den siste veka har eg vore hos mor og far og plukka bær. Det er ein koseleg aktivitet eg liksom må ha med meg kvart år i august. I år var det lite bær, men det vart då ein fem- seks liter med rips og litt stikkelsbær. Med i opplevinga var mor sin heimekokte komlemiddag rett etter jobb i dag. Etter ein lummer varme heile dagen, begynte det å regna medan eg stod og plukka. Eg hadde teke med meg regnkåpe så det gjorde ikkje noko. Det var så varmt ute at det i grunnen bare var behageleg med vått gras og våte tær i sandalar.
Då eg kom heim måtte eg koka litt syltetøy av rips og stikkelsbær. Det vart ein veldig sur variant med splenda i staden for sukker, men det smakte godt. På sida av vart det grove scones med havregryn.
Det aller beste med heimelaga syltetøy, er nesten den gode lukta på kjøkkenet. Lukta av syltetøy på koking tek meg direkte til kjøkkena til farmor og bestemor ein gong i barndomen. Då var syltinga ein lang og nødvendig prosess med koking og sterilisering av små norgesglas, certo for å så syltetøyet stivt og syltevoks for å forsegla glasa. Det gjekk og med store mengder sukker. Det var kanskje både for å drøya bæra og for at syltetøyet skulle halda seg lenge. Mitt eigenproduserte oppkok skal bare klara seg ei vekes tid i kjøleskapet…
Det har vore vidunderleg med desse varme dagane dei siste to vekene. Den som venta på sommaren venta ikkje heilt forgjeves. Plantene i pottene på verandaen er rett og slett fine og frodige. Varme vindar har blese ganske kraftig til tider, men det gjer ingenting. Eg har fått med meg nokre lukkelege timar ute på verandasofaen med gode bøker og varm vind i håret. Nå melder dei regn, og i kveld har det hølja ned, men eg har framleis eit håp om litt meir sommar. Eg er ikkje heilt klar til å gje slepp endå, og september i fjor var nydeleg viss eg hugsar rett.
Etter halvanna veke på jobb er livet forlengst på plass i ein annan og travlare rytme, og pulsen har nesten gløymt kor avslappa han dunka i sommar. Me har tatt med liva våre inn i ei ny tid og eit anna rom, og me erfarer det same som me kjenner på kvart år. Det er godt å vera i det romet og.
Grågåsa har begynt å fly over himmelen i kjend plogformasjon, og i dag fløy svalene i flokkar og. Raunbæra blir raudare for kvar veke og kveldane blir langsamt mørkare. Eg har ikkje bada i sjøen her heime denne sommaren, og nå blir det nok ikkje heller. Men framleis har me fint kveldslys og framleis varmar sola godt. Kvart år i august tenkjer eg at dette er den finaste tida av heile året. Eg innrømmer at eg nok er svak for ein liten drope vemod blanda med det vakraste naturen har å by på.
Heidi
Det er det diktsamlinga vår kjem til å heita. Eg tenkte fram og tilbake og fram igjen, og plutseleg visste eg bare at det var slik det måtte vera. Denne helga har me brukt mykje tid på å plukka ut foto som skal få spela mot dikta, og nå i dag har me hatt møte med flinke Linda på «Tryll design» som gjorde så god jobb for oss sist me laga bok. Ho skal hjelpa oss med lay-outen, og eg gleder meg veldig til å sjå korleis det blir.
Tittelen på boka spelar på alt det me skal klara, få til, prestera og gjera. Kanskje spesielt me flinke jenter. Me skal «bera med oss» eit perfekt ytre, eit fint og velstelt hus, ein flott CV, ein vellukka jobb, dei politisk korrekte meiningane om det meste og visa at me er på høgda og ikkje sakkar akterut. Då har eg lyst til å seia «Ta heller med deg hjartet ditt»… Det er kanskje det som er mangelvare slik samfunnet vårt ser ut i dag. Alt treng ikkje vera så fint og flott og vellukka alltid, men me treng alltid å bli møtte med vennlegheit, romslegheit, varme omsorg og nestekjærleik. Det er truleg det finaste me kan gje andre menneske og, og faktisk trur eg me treng å bli minde på det. Me må våga å vera der for kvarandre. Det same tenkjer eg om alle dei vanskelege tinga me skal ta stilling til. Me kan tenkja at samfunnet er så stort og komplisert at det ikkje gjer nokon forskjell kva me trur og meiner eller kva me faktisk gjer. Eg veit at eg kan anklagast for eit naivt og forenkla syn på livet, likevel vågar eg å oppfordra oss alle til å bruka hjartet i møte med alle einskildmenneske. Korleis ville me sjølv lika å bli møtte i deira situasjon? Korleis ville me lika at barna våre vart møtte dersom livet butta i mot på den eine eller andre måten? Det går ikkje an å leggja strategiar for alle handlingar me kan koma ut for, men det går an å bera med seg hjartet sitt og bruka det. Dette vart min lett forenkla, men likevel ganske oppriktig meinte vesle tale denne mandagen seint i august… Eg trur eg har trykt dette diktet før i ein tidlegare versjon, men nå tek eg det med slik det truleg kjem til å vera i den nye diktsamlinga:
TA HELLER MED DEG HJARTET DITT
Pakk livet ditt rundt deg,
gå ut og ver ein forskjell.
Opna dørene mot byen,
slå gjerne krossmerket
på panna di og på brystet ditt.
Legg navlen og nasetippen
forsiktig til sides.
Ta heller med deg hjartet ditt
det såre og det varme,
ikkje tenk for mykje,
bare ta det med.
Tenn gjerne eit lys
for alt du ikkje har ord for,
og for alt du aldri sa.
Ta gjerne på deg ullsokkane
dei kan koma godt med.
Heidi
Det er så utruleg vakkert ute på denne tida av året. I kveld har me vore ute og gått tur i området rundt Hå gamle prestegard. Lyssetjinga var heilt magisk. Byggåkrane gulnar mot mørkblå kveldshimmel. Humlene surrar i markblomane, og laksen hoppar tett og høgt i elva og dett ned att i flate plask. For ein gongs skuld var det heilt vindsstille og nesten sommarvarmt klokka ni om kvelden.

Eg byr på eit par dikt i dag og frå ei diktsamling som framleis er utan namn.
AV APRIKOS OG LAKRIS
Orda skal fylla hjarta våre
og bu i munnane våre
dei skal bera med seg
som ei kribling av noko større,
slag av sommarfuglvenger
den fjørlette kjensla av spindelvev,
lydane av barneføter på golvet,
varmen av barnekinn
pusten frå dei som gjekk frå oss.
Orda skal smaka av aprikos
og lakris
av sommareple og rabarbra.
Rause skal me la dei bu mellom oss,
me skal kjenna dei att
og røra dei med ettertanke.
Me skal ta maskene av og på,
me skal smila til kvarandre
medan melodiane gøymer seg
eller kjem og går.
Slik er det å vera levande,
slik det er å pusta livet ut og inn
medan det klør oss i halsen
og kanskje til og med på ryggen.
Framleis er tida der
for å binda kransar
med lilla og gule blomar
og leggja dei i håret på dei levande.
Det er alltid noko som dirrar,
kanskje det bare er livet
Det er tida for morellar og mørk sjokolade
det er tida for lyse kveldar
og tida for mørke netter.
Det er tida for å finna einannan att.
Heidi
Med eit humoristisk skråblikk, og med dårleg skjult beundring for alle flinke trimmarar, så tek eg med denne teksten og.
Visst lar eg meg inspirera, og visst går og syklar eg turar med stor glede, men det monnar liksom litt lite når folk susar forbi på tredje runden sin med pulsklokke og kondomdress…
Dersom nokon hadde trent så hardt i barndomen min som «nesten alle» gjer nå, så hadde dei blitt sett på som merkelege fanatikarar.
Det må jo bety at me er inne i ei veldig sunn «helsa- først- av- alt-periode.» Eg håpar at det og kan trekkja oss middelmådige trimmarar opp på eit bort i mot akseptabelt aktivitetsnivå og.
Dette seier eg heilhjarta og utan snev av ironi. Samtidig oppfordrar eg oss alle til ikkje å gløyma å pusta og drøyma…
TRÆ DRAUMANE PÅ LANGE STRÅ
I mor si tid
fantes husmortrimmen.
Ein gong i veka,
så var du salig.
Det er hardare for oss
som bør vera klare på tredemølla
før dagen har demra
og jogga med pulsklokke
før og etter daglege yogatimar.
Det er blitt lett
å ikkje hugsa
å ikkje gløyma å pusta.
Livet veit å setja fart,
anna er det ikkje snakk om
så det er best å setja bokstavane
på rett plass i det store alfabetet
Det er best å hugsa
å træ draumane på lange strå
før dei forsvinn .
Ein kan få bruk for dei.
Heidi
(Og nå burde eg kanskje heller konsentrera meg om å få ferdig denne diktsamlinga slik at eg kan koma meg ut på trimturen min.)
Heidi
DET ER DU SOM SKAL TA TIL VENGENE
Det er bare eg som står her
slik eg alltid har gjort det.
Eg står her og er mor di,
eg står her og lar deg gå
Det er du som skal ta til vengene.
Det er eg som skal vera att.
Du får kanskje aldri vita
at eg ber din pust i min pust,
at eg voggar di tru i mi tru,
at eg framleis,
svært forsiktig og varsamt
alltid ber deg med meg,
utan at du eingong merkar det.
Heidi

























