Gå til innhald

Snakk til oss om vennskap

sko i sand

Det har på ingen måte gått opp for meg at eg har vinterferie, men det har eg faktisk. Etter ein hektisk og intens dag på jobb har eg vore på ein veldig koseleg venninnekveld på Gamlaverket på Sandnes med nydeleg fiskesuppe og ein lang og god prat. På ny vil eg prisa meg lukkeleg som har så fine venninner. I morgon blir det ein tur til farmor og så tek me det der i frå, husryddinga og, trur eg… Leif har tatt med sønene våre på gutetur til London. Eg håpar dei får det kjempefint.

Kahlil Gibran står for tur som dagens diktar. I dag passar det godt å la han koma til orde om vennskap.

Gi din beste venn det beste i deg selv. Hvis han må kjenne ditt tidevanns ebbe, så la han også bli kjent med dets flo.
For hva er en venn vis du oppsøker ham for å slå tiden i hjel?
Oppsøk ham alltid for å få tiden til å leve.
For han skal fylle ditt behov, men ikke din tomhet.
Og i det søte vennskapet skal det være latter og gleder som dere deler.
For i små tings dugg finner hjertet sin morgen og sin fornyelse.

Kahlil Gibran.

Heidi

Eg og Arne Garborg

Bryne frå høghuset Bryne skule

Til dei som ikkje kjenner landskapet mitt: Slik ser den vesle byen eg bur i ut sett frå det einaste høghuset i mils omkrins. Arbeidsplassen min er det gamle kvite treetasjars murhuset midt i bilete, bygd ut med ein moderne bygning med flatt tak. Og utanfor i vest bryt havet på, mot ei sju milers lang sandstrand som det står i boka.

I dette flate flate forblåste hjørnet av verda kjenner eg meg heime. Overskrifta er ikkje så pretensiøs som ho seer ut til. Eg hadde bare rett og slett lyst til å koma med nokre fine sitat frå Arne Garborg, som levde her for 150 år sidan. Han har nemleg sagt mykje klokt som det framleis er verd å tenkja over. Sjølv kjem eg rett frå Gunnar og Hanne Lise der me stakk innom med roser fordi Hanne Lise fyller år i dag. Me har ete god kveldsmat og deilig valnøttkake, og spelt Kokelimonke. Før det hadde eg ein elleve timars arbeidsdag, og kom meg vel igjennom «De ville svaner». Det er veldig kjekt å få praktisera forteljarutdanninga mi så pass mykje som eg gjer i år. Men Arne Garborg var det ja, eller eigentleg Aadne, det var nemleg det han heitte før han normaliserte namnet sitt til det han meinte var norsk standard. Eller, det er nok bare ein av mange orsakar til namneskiftet, men det tek me ikkje her og nå. Ta heller i mot gode ord til ettertanke:

Di eldre ein vert, di meir vert alt bare spørsmål
*
Tanken gjev hugverk, tanken gjev sut,
endå må du tenkje dine tankar ut,
*
Kvifor er folk så uglade? Dei gjeng og ventar si gleda. Dei skulle gleda andre, så vert dei og glade.
*
Kvar tid hev sine talemåtar, men sanninga er ei.
*
Det lagar seg alt, berre ein ikkje kjem i ulag sjølv.
*
Ingen er sæl som ikkje eig eit varmt trufast hjarta.
*
Det er vondt å vera så gamal at ein ikkje kan vera fanatisk.
*
Mykje vert den tigjeven som elskar mykje.
*
Ingen veit kva eit godt menneske er, utan den som lid naud.

Arne Garborg.

Bryne frå høghuset

Heidi

Du e nu steike mæ ett kvinnfoilk etter mitt hjerte…

Ender i Frøylandsvatnet

Det over får stå som dagens kompliment. Eg har eit eigenarta forhold til Statistisk sentralbyrå, og feirer dagens innsats for fedrelandet med eit bilete frå noko i nærleiken av den lokale andedammen, sjølv om me faktisk har ein endå meir lokal ein, om me skal vera nøye på det.

For nokre år sidan sa eg ja til å vera med i ei statistisk undersøking om nordmenn sitt forhold til påske, og vart litt skuffa då eg oppdaga at undersøkjinga i grove trekk gjekk ut på kva eg tenkte om påskemarsipan, kva eg åt av slaget, kva merke eg foretrakk, og kva tid eg meinte det var passande tid å leggja det ut i butikkane. På eit eller anna vis vart eg slusa inn i «Den store norske undersøkelsen» og fylde ut sånn omtrent ein liten telefonkatalog av avkrysningsskjema. Nokre sider handla om samfunns- og verdispørsmål og var ganske interessante, men mesteparten var gradering av typar hudkremar eg aldri hadde høyrt om og mitt syn på Zalo i forhold til Sunlight. Av og til lurer eg på om det er noko gale med meg på sånne telefonundersøkingar. «Kor ofte tippar du?» «Aldri» «Kor tid kjøpte du siste eit flaxlodd?» «Eg kjøper aldri flaxlodd» osv…

Eg har prøvd å slusa meg ut, men har blitt fortald av samfunnet er heilt avhengige av å halda på informantane sine over ein tidsperiode for å kunna forska på samfunnstrender, og kven har samvit for å blokkera informasjonen av samfunnstrender. Eit år fekk eg direkte kjeft av han som intervjua meg fordi han meinte det var heilt forkasteleg at eg ikkje visste kva slags rente me hadde på huset, kor mange kvadratmeter det var eller kva verdi det ville hatt på marknaden. Eg kunne ikkje svara på kor fornøgd eg var med banken fordi eg aldri var i kontakt med dei, og var usikker på kva eg hadde i årslønn. Han har sikkert rett, men med tynn stemme forklarte eg at eg hadde mange andre veldig viktige ting å tenkja på og at eg ikkje hadde tenkt å selgja huset uansett…

Men nå har eg fått meir dreisen på det. Eg veit sånn nokonlunde kva dei kjem til å spørra om, og prøver å lata som om eg sjølvsagt veit ein del ting eg skvisar han eg bur i lag med i siste øyeblikk. «Kva er nå årsløna mi? Kor mykje straum betalar me i halvåret? Kva har me av faste kommunale utgifter?» Av ein eller annan merkeleg grunn veit han svara.

Desse samtalane passar i grunnen aldri og det har vore dagar eg har følt meg forfulgt av Statistisk sentralbyrå. Eg har opplevd å bli oppringd tre gonger på ein dag av ulike intervjuarar og avvist alle tre. Nå har eg funne ut at det er litt underhaldande å få dei som intervjuar meg på gli. Sist eg vart intervjua var det om senger og madrassar, og då fekk eg vita kva slags madrassar mannen i den andre enden foretrakk, og om kameraten hans som liker å sova direkte på stovegolvet…

I dag var det ein entusiastisk mann nordfrå eg snakka med. Eg veit ikkje om det var informasjonen om kva parti eg siste stemde på, at eg på ein skala frå ein til ti gav ein tiar for kor mykje eg stolte på folk og ein null for kor mykje eg trudde folk var ute etter å lura meg. Eller kanskje var det rett og slett det at eg lo høgt av vitsane hans. Han sa at ut i frå låtten og energien i stemmen så hadde eg svært god helse på ein skala med god helse, ganske god helse, ganske dårleg helse og dårleg helse. Det gav eg han rett i og der ein plass kom komplimentet i overskrifta, og eg lo sjølvsagt endå høgare, svak som eg er for smiger. Det ende med at eg fekk livshistoria hans og gjekk glipp av halve andreomgangen i laghopp. Me får seia det ende ein -ein. Han fekk eit menneske på plass i statistikken og eg fekk ei livshistorie. Eg samlar som sagt på slike. Og eg ler av den friske intervjustilen. Han sat jo der med alle opplysningar frå tidlegare intervju. «Og huset, det eig du sjølvsagt i lag med hain Leif Christian? Og han har ikkje fløtta sidan sist eller har planar om å reis?»

Ein har som kjend ikkje meir underhaldning enn den ein er i stand til å sjå i dette halvvegs surrealistiske livet me lever, og eg er heldigvis lett å mora. Nå skal eg øva inn HC Andersen sitt eventyr om «De vilde svaner», mitt absolutte favoritteventyr då eg var barn, men eg har aldri fortald det før. Litterære eventyr er litt vanskelegare å øva inn enn folkeeventyr fordi dei har fleire «ubetydelege detaljar» enn folkeeventyra som er blitt skikkeleg glattslipte gjennom generasjonar av forteljing. Medan eg sat her og skreiv ringde dei frå Nærbø og spurde om eg kunne koma og lesa dikt første oktober. Sidan livet mitt er velsigna fritt for avtalar i oktober, svara eg ja. På sundag skal eg lesa dikt på Ogna scene klokka sju. Det blir spennande.

vilde-svaner

Heidi

Og kjempa for ære og for makt…

Høner på Hognestad

surt keramikktroll

Med dette småsure keramikktrollet laga av ein førsteklassing på Bryne, tek eg pulsen på nasjonalkjensla og veit ikkje om eg skal le eller grina. Helst det første, det trivst eg best med. Eg er så glad for at eg slepp å ha ein smørecontainar i hagen når eg skal ut på etappane mine, og eg er glad for at eg skal sleppa å liggja og smila tappert på den nasjonale grillen etterpå når folk og fedreland vil ha skriftemålet om kva som gjekk gale og korfor.

Og så er eg glad for at både franskmenn og russarar vart hoppande glade for å få bronse og sølv, for Petter Nordthug uttalte til fjernsynet etter løpet at i stafett er det bare gull som tel, sølv og bronse kan ein gå heim og hiva frå seg i postkassa medan ein bur seg på betre tider… Eg er sikker på at bronsemedaljen får det betre i Frankrike enn i Petter si postkasse.

Men eg er norsk nok til å ritja klar med kaffikoppen min og lett forhøya puls under etappane, det må eg skunda meg å forsvara meg med. Det er som i dei fleste konkurransar i livet at dei fleste tapar. I dag var det eit halvminutt mellom å gå til total fiasko og å figurera som nasjonal helt. At mange av oss knapt hadde nådd opp den første motbakken før resten av feltet var ferdig med dei fire etappane sine har lite med saka å gjera.

Få kan skriva om elende som Jakob Sande kan det, og med eit passande dikt vinkar eg farvel til Jakob Sande for denne gongen. – trur eg.

Eg merkar

Eg merkar kor alt går på skakke
og snart går vel alt i stå.
Er det meg eller verda å takke?
Det grundar eg ofte på.

Eg sit som eg sat i ein kjellar
smidd fast og til skinnet flådd.
lagd i selen av sleipe gesellar
som haustar der eg har sådd.

Det er vel ei villfaring vonleg,
men eg merkar det no som før
at med kvart lyt eg bere personleeg
andre si syndebør.

Og tvilen kjem jamt attende
kvar fong eg har retten sett:
Du har rett, men det kunne vel hende
andre kan og ha rett?

Nei hjarte, hald opp med å klage
som salig salmisten sa:
Det er du som er komen or lage,
-verda er visst så bra.

Jakob Sande

Heidi

Son til Vofsi…

fruktfatansikt

Kven kjem frå Esjkoldalen, men store drueklasar, granateple og og fikenar? Jo, det er Nahbi, son til Vofsi frå Nathanaelstammen. Av og til opplever eg ein barnsleg fryd over namn som sporer meg heilt av frå all seriøs forskning og ettertanke, i den grad eg måtte driva med slikt. Eg klarer ikkje å la vera å sjå for meg Vofsi, viss namn på hebraisk sjølvsagt ikkje har noko som helst med mine eigne assosiasjonar å gjera. Eg får lyst til å laga ei biletbok av Nahbi og Vofsi, sjølv om eg ikkje utan vidare liker historia dei er ein del av… Og kva med fantastiske Jubal og Jabal og Tubalkain, dei og henta frå gamletestamentet, dei er sønene til Lamek og Adah. Endå meir fristar det vel å flytta dei inn i ei biletbok så lenge Jubal er stamfaren til alle som spelar harpe og lyre, Jabal er stamfaren til dei som bur i telt og held buskap medan Tubalkain var den aller første smeden. Det er då nesten som verselinja «Både Jubal og Jabal og Tubalkain syng seg sjølv? Eigentleg burde eg ikkje hekta meg opp i at nokon er son til Vofsi så lenge eg og alle som er frå Ålgård veit at idol- Siri er barnebarnet til Pus, men slik er det nå eingong blitt likevel.

Då eg prøvde å læra meg spansk grammatikk vart bøyiingsforma «haremos» liggjande og stengja for forståinga, og det blir litt muntrare stemning rundt eit skiskytar arrangement så lenge ein av deltakarane blir nemnd under eit namn som høyrest heilt ut som «Labbe Lund». Dei som har lede bøker om Ludde og Labbe Langøre forstår nok kva eg meiner…

Og då eg oppdaga at namnet Dunkert fakrisk eksisterer, så var eit hjørne av fantasien min straks i gang med biletboka «Dankert, Dunkert og Davidsen»… Eller noko liknande…

Midt i dette svadaet, skal eg la vera å nemna at på ein gitt plass i den fine songen «Deg være ære,» stikk ein liten bever hovudet fram og smiler til meg… Nei kva var det det stod i bilen, betre å tala fem ord med min forstand enn titusen…, men det var ein heilt annan samanhang. Eg trur eg beskyttar meg mot meg sjølv og stoppar her… Eg må viss vera overtrøytt 😉

Heidi

Som djupt vatn

ender i storm

Akkurat nå er det vatn på alle kantar i form av heftig regn, og etter nokre dagar med bortimot vindstille, bles det ganske kraftig att. I går omdisponerte eg skrivedagen min, og bestemde meg for å skriva i dag i staden. Nå har eg leika god nordmann og sett på damestafetten i OL, som ende med at det vart erklært skandaletilstandar sidan dei norske jentene bare kom på femteplass og tydelegvis ikkje hadde så gode ski. Så må dei stakkars jentene på grillen og forklara nasjonen kva som gjekk gale og korleis det kjendest å bli send ut med dårlege ski. Dei smiler tappert og seier det folk vil høyra, at denne gongen gjekk det ikkje, men me kjem sterkare tilbake seinare.

På den omdisponerte dagen, var eg og Ingrid først på besøk hos mor og far, og så laga eg middag til fire gode venninner som var her i litteraturgruppe. Nå sit eg her og skyler ned store mengder med svart kaffi og prøver å klarna hjernen til ei skikkelg skriveøkt i eit rom der eg nok burde setja av eip par timar til rydding… Eg har lese i ordtaka, det som før heitte Salomos Ordtøke i Bibelen. Der står det mykje som får meg til å tenkja at det å vera menneske har mange av dei same komponentane om ein lever i den eine eller den andre tidsalderen.

Som djupt vatn er tankane
i menneskehjartet,
den som har vit, kan ausa av det.
Ordt. 20.5

Og det er mykje det skrivinga handlar om for meg, å prøva å ausa av tankane i menneskehjartet. Det er så mange inntrykk som ligg der, så mange stimuli me blir utsette for heile tida, så mange tankar som demmer seg opp, og som ein ikkje får tenkt ferdig. I tillegg er det alt som skjer samtidig. Akkurat nå går det ei klatt fram og tilbake på tastaturet, ho veiver halen sin fram og tilbake over teksten eg vil skriva av og strekkjer halsen slik at eg får eit malande kattehode som gnir seg mot halsgropa medan eg skriv, før ho bøyer hovudet ned og angrip fingrane mine med ein futktig snute og ei raspande tunge. Kanskje dette overivrige dyret saknar Sunniva som er reist til Hamar denne helga?

Den same Sunniva gav meg eit godt skriveråd her om dagen. Ho sa at eg måtte passa meg litt for gjentakingane slik at ikkje mange av dikta blir alt for like. Ho brukte eksempelet at det ser ut som om eg har blitt heilt opphengd i motivet med malande kattar. Det har ho heilt rett i. Det er bare det at dette kattedyret med løfta hale og mjuke tredeputer spaserer rett inn i lyrikken min og nektar å la seg avvisa. Men frå nå av folkens, frå nå av skal eg tola litt kattehår før eg let meg distrahera.

Eg innser og at forfattaren av ordtaka, som ikkje lenger nødvendigvis er kong Salomo, har ein flik av sanninga når han, eller kanskje det til og med er ei ho, uttalar:

Det finst gull og perler i mengd,
men klok tale
er eit sjeldsynt smykke.

Ordtaka 20.17

Eg ser ikkje vekk i fra at eg kan koma til å skriva meir her seinare i dag. Ikkje bare i tilfelle den kloke talen skulle dukka opp…
Katten legg seg over høgrehanda mi med nesten full tyngde, men det var det eg skulle la vera å skriva.

Ha ein fin laurdag i regnet! Eg helsar med ein bit trollskog frå første klasse.

Steintroll i trollskog

Heidi

Tjueni år sidan

Scan 58

I dag er det tjueni år sidan eg forlova meg med ein ung mann som såg omtrent slik ut… Me kjøpte dei billigaste, glatte, smale gullringane me fann, for dei hadde me råd til. Eg lurer på om dei kosta 380 kr for dameringen og 420 for herreringen, men sikker er eg ikkje. Me var glade og letta fordi me hadde bestemt oss, og bittelitt vettskremde over kva me kasta oss ut i… Eg trur me stod ute på gata ein stad i Oslo og sette ringane på kvarandre, eller kanskje det kunne ha vore ein kafé. Eg hugsar i alle fall at det første levande vesenet me såg etterpå var ein logrande kongepuddel, kjærasten min meinte at det heilt opplagt var eit godt teikn, for han var i den fasen djupt fascinert av kongepudlar. Korleis begivenheten vart feira er eg usikker på, men dagen me hadde vald var Leif sin 25- årsdag, og eg meiner me kanskje feira det med kake i jentefellesskapet på Etterstadsletta der eg budde på den tida saman med Astrid og Anne Mette.

Eit par veker etterpå sette me datoen for bryllaup i mai, for nå hadde me jo bestemt oss, og på den tida tenkte ingen, i alle fall ikkje me, på å bruka mange år på å førebu eit bryllaup. Eg kjøpte metervis av silke for å sy meg brurekjole for for ei dame som vågar å gifta seg, er det å sy brurekjole nesten ikkje modig i det heile tatt. Som hos Askeladden dukka det opp mange gode hjelparer på vegen mot kjole og vigsle, men det er ein annan historie. Eg veit at ein australsk keramikar som eg nesten kjende ei veldig kort tid var med på å setja i knappenåler for å heisa kappeskjørtet opp på ein asymmetrisk måte, men størst ære for at me kom i mål med det litt halsbrekkande kjoleprosjektet hadde nok Eva Mari og svigermor. Nå skal det nemnast at eg hadde teke ei årseining i tekstilforming året før, så sjølvtilliten på større syprosjekt har aldri vore høgare verken før eller seinare.

Og sidan min kjære fylde år på denne datoen for 29 år sidan, så gjer han det i dag og. Me har feira i familien. Sunniva henta meg på skulen klokka halv fem etter ein foreldresamtale, og heime venta dei andre med kjempegod spaghettimiddag og salat. Dessert og kaker hadde døtrene ordna i butikken. Så gjorde me noko veldig kjekt, resten av feiringa fann stad på Hå Gamle Prestegård der kunstnaren bak fotoutstillinga «Tid til å vente», Elin Høyland, hadde foredrag om fotoutstillinga om Edvard Bjelland og garden hans, og om andre fotoprosjekt. Det var masse folk der, og det var veldig kjekt. Kjekt var det og at alle unntatt Halvard hadde lyst til å bli med, og at alle etterpå, som det skrive står, var enige om at det hadde vore ein fin tur. 🙂

Heidi

Skyming

is på steinar Orre

Dagen har vore lang, så med eit skråblikk på livet gjer eg Jakob Sande sine ord til mine.

Når dagen til skyming skifter,
eg høyrer ein lystig song.
Eg les mine eigne skrifter
og veit eg har levd ein gong.

Når dagen til skyming skifter,
Eg høyrer ein vemodssong.
Eg les mine eigne skrifter
Og veit eg skal døy ein gong.

Jakob Sande.

Meg ved Hå gamle prestegard

God natt 😉
Smiler Heidi og geispar.

Kven lyttar eg etter i stilla?

image

Det har gått meir og meir opp for meg at det er viktig å ta seg tid til å vera stille. Til å lytta på stemmane inne i seg, til å lytta til menneska du har rundt deg, tenkja gjennom det som har blitt sagt og prøva å vera til stades i ditt eige liv. Eg trur dette liknar på det dei kallar mindfulnes, som er blitt eit slags moteord. Eg tenkjer at mindfulnes på ein måte er noko som har vore ein tilstand sidan eldgamle tider, men noko me kanskje meir enn nokongong treng å bli minna om i denne travle tida med så utruleg mange stemmar og utruleg mange impulsar. Frå oldkyrkja av, har det vore menneske som har drege seg tilbake frå det pulserande livet for ein periode, ikkje for å fjerna seg frå livet, men for å kjenna på det.

Mange menneske har den erfaringa at me av og til veit kva me skal gjera utan at me veit heilt sikkert kva som gjer at me veit det. Det er dette me stundom kallar intuisjon og stundom magekjensle. Truande menneske kan og kalla det «ledelse», eller til og med Den heilage ande. Eg trur kanskje at magekjensle og intuisjon har i seg sterke element av «det me ikkje veit at me veit». Det er ikkje alle erfaringar og tankar me har ord for. På eit eller anna merkeleg vis klarer eg å skriva i blinde på tastaturet, sjølv om eg aldri har lært meg touch eller andre tastatursystem. Eg ville vore heilt ute av stand til å teikna opp kor dei ulike bokstavane ligg på eit tastatur, eg har rett og slett ikkje peiling med rein tankekraft, men fingrane mine veit det på eit eller anna merkeleg vis. Dette mystifiserer eg på ingen måte, eg tenkjer tvert i mot at kroppen har sin eigen hukommelse og sine eigne erfaringar som ikkje er kopla til bevisste tankeprosessar, sjølv om det sjølvsagt er impulsar som kjem frå hjernen.

Oftast brukar eg erfaring og vanleg fornuft når eg skal utføra ei handling, men av og til hender det at eg bare veit kva eg skal gjera utan at eg har ein veldig logisk grunn til det. Plutseleg veit eg bare at eg skal snakka med nokon, besøkja nokon, gje nokon ei oppmuntring eller ein klem. Det hender at eg veit dette i ei tid, og så plutseleg er personen og situasjonen som eg visste skulle koma der. Dette kan mystifiserast eller avmystifiserast. Hjartet mitt veit heilt sikkert mange ting som eg ikkje kan forklara fornuftsmessig, akkurat som fingrane mine finn fram på tastaturet utan at eg anar korfor. Slik kan det vera med tekstar og, plutseleg veit eg bare korleis dei skal vera. Eg skulle ønskja eg hadde det slik med musikk og. Eg skulle ynskja at eg var skikkeleg flink på trompet, saksofon eller piano slik at eg kunne kasta meg ut i spontane jam-sessions og bare sjå kva som skjedde når språket vart musikk.

Det er sant at mange stemmar snakkar til oss. Og samansette som me er, så har me mange stemmar inne i oss og. Det er sikkert fleire enn meg og Tevje frå «Spelemann på taket som fører lange indre monologar, eller kanskje snarare dialogar med seg sjølv. og det er sikkert fleire enn meg som plutseleg ser revynummer i dei små rare hendingane me støter på kvar dag. Det er så mange stemmar som vil ha oss i tale. I bibelen står det om å lytta til Guds stemme. Her skil eg nok lag med mange av dei som les dette, men det er bare spennande. Tenk at eg har bestemt meg for å tru at ein kan lytta etter Guds stemme. Det er sjølvsagt den reine galskapen for dei som ikkje trur på det, og av og til er det reine galskapen i mitt hovud og. Andre gonger er det så verkeleg at eg skulle unna alle å oppleva at verkelegheita opnar seg for under på ein så forunderleg måte.

I ein av dei første aller første salmane eg skreiv, som Bjarte Lending sette melodi til ein gong for lenge sidan er første linja slik.

«I stilla kjem eg til deg, og leiter etter ord, eg rører ved din kappekant og bøyer meg mot jord. I deg er alt så heilag, eg kjærleik er og svik, eg vaklar mellom desse to, og grip din kappeflik…» – eller noko liknande, eg skriv etter hukommelsen utan å sjekka teksten. Eg forstår kva eg meinte den gongen eg skreiv det, ord er ikkje alltid lette å gripa tak i.

Men i dagmorges kjende eg at nå går det mot vår. Det var plutseleg mykje lysare ute då me tok fylgje til jobb, eg og Leif litt før klokka halv åtte i dag morges. Men «ennå sover bjørk og lyng, roser, hyasinter,» som det står i barnesongen.

Eg trur eg vil sleppa til Jakob Sande og. I dag er han kanskje meir handgripeleg enn meg, men eg klarer ikkje dy meg frå å prøva å setja ord på det ordlause ein gong av og til. Kanskje Jakob Sande og prøvde på det då han skreiv denne vakre voggesongen til dotter si?

Voggeong til Siri

Natta tgal i tunet står,
skogane søv der ute,
Månen gyller ditt mjuke hår
gjennom den dimme rute.
Fredfullt søv du i vogga lun
lik som ein fugl i eit reir av dun,
mjukt mot di vesle pute.

Sov du dyraste skatten min,
far skal ved vogga vake.
Vonde makter som her vil inn,
deg skal dei aldri take.
Far kjenner ein som er stor og sterk,
himmel og jord er hans veldes verk,
ingen veit om hans make.

Ville dyr som i skogen bur
flakkar på rov så vide.
Ligg i holer og holt på lur,
vakar ved nattetide.
Deg skal dei no og aldri nå,
far sit ved vogga og passar på,
vik ikkje frå di side.

Sov, du dyraste skatten min,
far skal deg alltid verne,
varsamt jamne ut vegen din,
gjer det so glad og gjerne.
Ute rår den myrkje natt,
sov og drøym, du min dyre skatt,
under den bleike stjerne.

Jakob Sande

bølge i vind

Heidi

Morsdag

ballerina med skjørt

I dag har me feira morsdagen litt. Eg fekk fleire fine presangar. Mellom anna fekk eg denne fine ballerinaen som Ingrid har laga. Den har eg ønska meg.

ballerina på stol

Eg kunne ikkje heilt bli einig med meg sjølv i om ho skulle ha på tyllskjørt eller ikkje. Ingrid hadde laga henne med skjørt, men vald å ta det av. Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men fundamentet ho står på er ein fint pussa og utskore frø, som ho liksom veks opp i frå.

ballerina på plass

Eg trur ho skal få ha skjørtet på hos meg. Her er ho komen på plass på kommoden…

Eg hadde invitert ungane på pannekakelunsj, men vart litt hekta på OL, og klarte ikkje heilt å halda mitt eige tidsskjema. Men vårblomane var på plass.

skorne tulipanar

Me var på kaffibesøk for å feira Bjørg som har fylt år. Tvillingane Malin og Emilie skal snart fylla to og har verdas søtaste små sko…

barnesko

Så var me innom huset til Ingrid og Oddvar som snarast. Ingrid har malt ferdig eit bilete som er laga spesielt til den eine veggen i huset.

hus Ingrid bilete

Vel heime var eg konsulent for Sunniva på eit større skriveprosjekt ho driv på med. Det er veldig kjekt at ho og liker å skriva. Så måtte eg fiksa litt på eit teaterstykke eg sjølv måtte ha ferdig til i morgon, og nå er det alt blitt seint… Eg har ikkje rukke alt eg hadde tenkt å rekka i helga, for eg har ikkje følt meg heilt frisk, men nå trur eg helsa er heilt på plass att. Nå gjeld det bare å koma seg i seg, så skulle eg vera klar for ei ny veke…
Trur eg… Som min «nye helt» Jakob Sande ville ha sagt det…

Heidi