Gå til innhald

Fastelavnssundag

image

i føremiddag då eg måtte ut eit ærend for å kjøpa smør til bollebaksten, såg eg at det faktisk stod to-tre fiolettblå krokus i bedet ved inngangsdøra. For eit oppmuntrande syn.

Sidan me har vore ute og reist heile veka, bestemte eg meg for å høyra radiogudsteneste i dag i staden for å gå til kyrkja. På den måten kunne eg laga god middag som barna kunne koma og eta, og ikkje minst servera dei nybakte fastelavnsbollar. Til mi store glede oppdaga et at gudstenesta i dag vart send frå Tøyenkirka, der kirkens bymisjon held til, og at Carl Petter Opsahl skulle tala og spela klarinett. Det ville vera ei overdriving å påstå at Carl Petter er ein nær venn av meg, men me har arbeidd saman om fleire salmeprosjekt der han har laga melodiar til mine tekstar, og me har vore i lag på fleire korsveifestivalar. På den måten har me blitt litt kjende, og han er ein person eg godt kunne tenkja meg å bli endå betre kjend med. Eg har veldig sans for musikken hans, han er musikar og spelar klarinett, og ikkje minst for organisasjonen Kirkens bymisjon. Eg har tenkt mange gonger at der kunne eg ha tenkt meg å arbeida, for dei har ein veldig varm og inkluderande profil. Ikkje minst stiller dei opp for å hjelpa dei som har det vanskeleg i storbyen og møter folk der dei er gjennom gategudstenester og kvardagsmesser i Tøyenkirka, med servering av varm suppe og kyrkjekaffi. Eg har vore der på ei kvardagsmesse, der det var urframføring av ei nattverdssalme eg hadde skrive. Det var ein god plass å vera.

image

Medan eg skrelde og hakka grønsakar til suppe, og fekk gang på store mengdar bolledeig, fekk eg meg ein snartur i Tøyenkirka i dag og. Carl Petter snakka om karnevalet som inngang til fasten, og om karnevalstradijsonane i sørlegare land der alt, i nokre vibrerande karnevalsdagar blir snudd opp ned før den lange strenge fasten skal gjennomlevast. Desse dagane då fattige slepp å ha respekt for rike, der ingenting er svart-kvitt lenger, der kaosfesten overtek for kvardagsstrukturen og det heilage og det profane flyt saman til ein tilstand der ingenting er som det pleier. Så drog han linjene til julefeiringa, at det plutseleg er det forsvarslause og hjelpelause spebarnet som blir hylla, at Gud kjem til menneska som ein fattig, at ting blir snudd opp ned i forhold til det me trur er naturlege lovar for korleis ting heng saman… Ok Carl Petter, dersom du les dette, eg ser ikkje heilt vekk i frå at eg kan trekkja eigne tolkingar inn i det du eigentleg sa, men det rørde ved noko i meg. Det same gjorde musikken, lystenninga og dei frie bønene. Den kringkasta sundagsgudstenesta gjorde Tøyenkirka til ein god plass å vera og for oss som eigentleg ikkje var der.

image

image

Og så vart det bollar med vaniljekrem, og bollar med fløtekrem, og til og med varm sjokolade med krem til dei som måtte ha lyst på det. Med andre ord ei markering som burde gjera oss klare for faste…

Og ikkje minst å bli klare for kvardag. Nå skal eg ta ein tur bort til skulen for å sjekka at alt er klart til oppstart i morgon. Eg har hatt ein fantastisk ferie, og vore veldig produktiv når det gjeld skriving. Eg kjenner at nå er eg så godt i gang med å skriva at eg håpar det kan la seg kombinera å halda skrivestimen oppe mist ihektiske arbeidsveker.

image

Før eg skal gå skal eg ta meg tid til å presentera dagens lyrikar, i dag heiter ho Anne Lise Tyssebotn Gjesdal. Ho er ein lokal lyrikar som eg har møtt mange gonger, og er ven med her på facebook. Boka hennar heiter «Mine fuglar». Eg har plukka ut to vårdikt, det passar i dag.

Udressert

Som før sagt
er det ikkje kroppen min
som er problmet.
Kroppen er det råd å kontrollera.
Har eg først sett han frå meg
i ein stol
vert han lydig sitjande
til eg flyttar hab,

Det er sjela mi
som valdar meg hovudbry.
Ho vil stadig ut og flyge
på eiga hand.

Ho vil sveva høgr
under den bleikblå halvkula
stundom segla i havsalt luft
eller slå seg ned
i ein furutopp

No om våren
vil ho rett som det er
byggja seg reir
i lag med ein svart og kvit
flugesnappar.

Anne Lise Tyssebotn Gjesdal

Augneblinken
når konglane opnnar seg
når påskeliljene
slår ut sine solgule
fivreldvenger
når regndråpen knusest
til eit gyllent
edderkoppnett
når eg undrande ser
at vinterisen er smelta
når du rekkjer ut handa
og rører
ved mitt hungrande kinn.

Anne Lise Tyssebotn

Flyktende ungdom

London reklame med jente Leif

I dag fekk eg veldig koseleg besøk av ei venninne frå lærarskuletida, Janne. Me var veldig mykje saman då me gjekk på lærarskulen, etterpå har det blitt mest julebrev og eit og anna veldig sporadisk treff. I dag var ho på desse kantar og hadde tid til å treffa meg. Det var så fint å vera i lag. Eg forstod godt korfor eg haldt meg så mykje i lag med henne den gongen då, og er rart å tenkja på at då eg begynte på lærarskulen var eg ikkje eldre enn Halvard er nå. Eg var jo vaksen då… I alle fall like vaksen som nå… Føltest det som i alle fall.

Det er ikkje desse kjensgjerningane som gjer at eg har vald tittelen på innlegget, at eg eigentleg meinte flyktige ungdom, eller noko slikt… Overskifta er begrunna i at eg vil dra serien min med lyrikk frå bokhylla eit lite steg vidare. Dagens lyrikar, som kanskje i si tid var endå betre kjend som opplesar og skodespelar, heiter Claes Gill. Då eg begynte å bla i boka, oppdaga eg ar det var eit dikt der eg hadde eit forhold til. Diktet heiter «Flyktende ungdom», og eg hugsar det frå ein norsktime på vidaregåande skule. Eg veit ikkje heilt korfor, men eg meiner bestemt at akkurat denne norsktimen var me i eit auditorium i staden for i klasseromet vårt, og at norsklæraren vår, den alltid like dramatiske Øyvind Andersson med spisse sko og karakteristisk fippskjegg, framførte det med stor patos framme i auditoriet, før me vart oppfordra til å koma med vår meining om kva det handla om.

Flyktende ungdom
en hind
jaget av et kobbel
halsende hunder:

Den stolte Jæger
på post
mønstrer i kjølig
ro sine hender.

Claes Gill

Me fekk forklart at en hind var det same som ei rådyrho, og så skulle me diskutera kven som var den stolte jeger på post, og kven som var hundane. Eg synest framleis det er eit fint dikt, og tenkjer at det fine biletet som Leif nettopp tok på gata i London kanskje kan gje eit hint til kva eg tenkjer er noko av svaret.

Det er blitt mars, og nå er det vår og ikkje vinter, i alle fall ikkje i fylgje kalendaren. Våren er ei av mine tre favorittårstider, så nå gler eg meg. Me har fått lyset tilbake, i dag var det sol her, og i nabolaget har eg sett både snøklokker og klosterklokker. Visst skal våren koma.

Heidi

Ofte striber af lys, ofte striber af varme

imageimage

Kva gjer ein ihuga gammelrosabloggar når ho landar på Sola flyplass og må venta ein time på Jærlines? Bloggar litt, såklart. Med min overkomelege, men likevel eksisterande dose flyskrekk, så er eg sjeldan så lukkeleg som når eg går ut av eit fly og konstaterer at «Det der var då ingenting, korfor i all verda går eg rundt og gruar meg…»

Linja i overskrifta er henta frå den danske visesongaren «Trille», som eg elska å høyra på på åttitalet. Det er sikkert fleire enn meg som hugsar henne. Ho har ein fin song som eg trur heiter «Striber af lys», der ho beskriv små lysglimt av varme mellom menneska på gata ein vanleg kvardag.

Den hobbyen utfører eg og rett som det er: Å leita etter striper av lys. På kafeen på torgsenteret såg eg fleire små ting som gjorde meg glad; Ein pensjonistmann som gjekk ned i friarstilling for å knytta kona sin joggesko som hadde gått opp, at eit par der begge hadde psykisk utviklingshemning vart behandla med stor respekt, sjølv om dei trong lang tid ¨å ein annan kafe såg eg den same mannen begge gongene eg var innom. Han kom med rullator og mørke briller og hadde tydelegvis vondt for både å sjå og gå. Dei som serverte han behandla han som om han skulle vera bestefaren deira, og stilde ingen spørsmålsteikn til det eine vaffelhjartet han ville ha med syltetøy. Det fekk han, – saman med rekesmørbrødet, og i dag opplyste dei han om at nå hadde dei fått inn den blåbærsafta som han likte så godt. Dei hjalp han til rette ved bordet med maten, men på grunn av sola sette han i gang å flytta seg. To damer han tydelegvis ikkje hadde møtt før, som og var gjester hjalp han då dei såg at han ikkje såg til å gå mellom stolnane. Dei hjalp han og la eit pledd over beina hans og den eine spøkte med at ho kanskje kunne få jobb som den personlege hjelpepleiaren hans. Han fortalde at han kom til denne kafeen kvar dag. Det var ikkje vanskeleg å forstå at kafebesøket var høgdepunktet i dagane hans.

I dag på gata la eg eit par myntar i pappkruset til ei rom-kvinne og såg at det vart tend lys i begge augene hennar. Hundre meter unna spurde ein mann i boblejakke om eg hadde lighter slik at han kunne tenna røyken. Lighter hadde eg ikkje, men i mummimammaveska fann eg fyrstikker som eg brukar til å tenna lys i eventyrtimane på skulen. Så fekk eg sjå han bli glad og, for han hadde spurd ei stund utan å få napp. Det var mest så eg venta at ho med nasen i trerota stod bak neste hjørne sidan eg var så godt i gang, men det gjorde ho ikkje.

På flyet sat me framfor ein mann som las biletbøker for fireåringen sin, og førde så fine samtalar med han at eg ville kunna ha handplukka han usett som far til mine barnebarn om det var det om å gjera. Eit par med stjerner i blikket kysser einannan på torget, og to damer på min alder omfavnar kvarandre i ein varm klem på eit fortau. Det kunne sjå ut som om ho var lei seg for noko og fekk trøyst av ho andre. Og inni meg begynte altså songen til Trille å synga:

«Sådan ser jeg ofte striber af lys, ofte striber af varme,
som når en hvisken høres bedre enn et rob,
ja jeg ser små skibe sejle fulle af håb.»

image

Og elles i dag? Eg har skrive endå meir, vandra i sentrumsgatene og vore ein tur på biblioteket i Trondheim der kafeteriaen hadde koselege gamle møblar og eventyr på veggane.

image

Og eg har vore inne i butikken som sel gamle leiker. Eg blir som ein liten unge når eg ser gamle leiker. Det var både dokkehus, marionettedokker og handdokker som eg nok kunne likt å ha, men eg nøydde meg med å kikka. Det er kjekt det og.

image

image

image

image

Nå er me vel heime, Halvard var snill og henta oss på flybussen. Nå kjenner eg at eg rett og slett er litt trøytt så eg trur det får bli ein roleg kveld med litt kveldsmat framfor fjernsynet.

Heidi

Noko av det raraste eg har opplevd

image

I dag hadde eg meg først ei lita turistvandring på Bakklandet. Det er så fint der.

image

image

Så gjekk eg til sentrum og fant meg ein kafe. Eg skreiv inn pilgrimssalmen eg hadde laga i går i Nidarosdomen, fordi eg ville at nokon skulle lesa og gje respons. Eg trur eg skreiv i går at nokon hadde ringt for nesten eit år sidan og bedt meg skriva ei pilgrimssalme, at eg hadde tenkt på det heilt til i går, og plutseleg i går var eg klar til å skriva. Etter halvannan time var eg ferdig. Eg hadde akkurat skrive teksten inn på mobil, for eg ville at nokon skulle lesa og gje respons. Fem minutt etterpå tikkar det inn ei melding der Åge Bognø lurer på om eg har tenkt meir på den pilgrimssalma han ringde om for eit år sidan. Eg sa at den skreiv eg i går, og så kunne eg senda det eg akkurat var ferdig med å skriva inn. Eg tenkte at han på ein eller annan måte måtte ha høyrt frå nokon at det låg ei nyskriven salme på bloggen min, men nei, han ante ikkje noko om det. Han hadde sitte på toget for å besøkja sonen sin, og fått ein plutseleg innskytelse om å kontakta meg… Eg vart nesten litt fælen. Det kjendest heilt surrealistisk at eg akkurat var ferdig med å tasta inn teksten og lurte på kven som eigentleg hadde gitt meg oppdraget. Akkurat då kjem meldinga, og eg har ikkje høyrt frå mannen på eit år. Eg hadde til og med gløymt kven han var. Viss eg ikkje hadde vore religiøs frå før, så trur eg at eg hadde blitt det der og då…

Etter at Leif var ferdig på kurset, var me på ein fiskerestaurant me hadde fått anbefalt og åt nydeleg mat.På biletet ser du potetogklippfiskball. I tillegg åt eg fiskesuppe med jordskokk. Begge deler smakte kjempegodt. Det som var kjempekoseleg var at Elsa Bakken tilfeldigvis var på restauranten med ei venninne, og etterkvart kom Anne B Ragde og. Den første gav meg ein varm klem og bad meg helsa til Bryne. Den andre snakka eg ikkje med, og det er i grunnen heilt naturleg, for me kjenner ikkje kvarandre. Ikkje ennå i alle fall 😉

image

Så bar det heim til pilgrimsgarden der, eg skulle vera testperson i ein test Leif driv og blir sertifisert i som rådgjevar. Det var ein ganske omfattande test. Resultatet var at eg fekk to bokstavar, kanskje var det KO, som skulle beskriva min personlegdomstype. Det betydde at eg scora høgast på omsorgsevne og kunstnarisk evne. Det komiske var at då eg fekk ei liste med yrke som kunne passa til min profil, så var ikkje lærar på lista. Derimot kunne eg anbefalast å utdanna meg til ballettpedagog. Fint å vita…

Så har me vore på kino og sett ein japansk film «Som far så sønn». Det var ein fin film, som har fått mange prisar. Plottet er at to babyar er forbytta på klinikken og to svært forskjellige ektepar har oppdradd «feil» barn i seks år. Den eine faren er eit karrieremenneske med planane klare for son sin, Den andre guten har vakse opp i noko som liknar meir på familien Viltersen. Spørsmålet blir: Kva gjer dei nå? Byter dei barn? Eg las for ei stund sidan at i eit bestemt tidsrom var det fleire slike forbytingar i Japan. Filmskaparen hadde til si forbausing oppdaga at alle hadde vald å bytta tilbake slik at barnet vaks opp hos dei biologiske foreldra sine. Han begrunna det med at japanske menn tradisjonelt hadde hatt siste ordet i viktige spørsmål, og at mange japanske menn var karrierefedre som hadde sett lite til barna sine. Han meinte og det spelte ein rolle at blodsband tradisjonelt var blitt sett på som veldig viktige i dette landet. Filmen er vakker og klok og veldig lite hollywoodsk. Han stiller spørsmålsteikn ved kva som er viktige verdiar og ikkje, og fokuserer på relasjonen far son. Med dette er filmen anbefalt.

Dersom det er mange skrivefeil her, må eg heller retta dei i morgon. Av hensyn til min sovande rådgjevarmann, så skriv eg i mørket, og når eg i tillegg skriv på eit spansk tastatur, så blir det litt innvikla. Eg hadde bare så lyst til å bli ferdig med å skriva om ein sjeldan dag.

Så får morgondagen visa om eg skiftar spor og blir ballettpedagog…

Heidi

Så fint å vera her

image

Det kjennest veldig luksuriøst å ikkje trenga å bruka dagane sine til noko som helst bortsett frå å sosa omkring med skriveblokka mi. Kanskje eg burde reisa vekk på denne måten oftare, for eg får verkeleg gjort veldig mykje.

I går skreiv eg ei salme på medan eg sat på kafear og drakk kaffi og såg på folk. Eg har lenge hatt ein avtale med flinke Carl Petter som eg har samarbeidd med før, og eg laga ein avtale med han om at viss eg skreiv noko i Trondheim, så skulle eg senda det til han. Slikt samarbeid er frykteleg spennande. Kanskje eg ikkje burde publisera tekstar eg nesten ikkje har fått tenkt ferdige, men nå gjer eg det viss likevel. Dersom noko skjer i auge eller øyrer, så sei gjerne frå 😉

Når tankane flyg glade ut
og fargane er mange,
når nettene er utan sut
og lovsongane lange,
Når lufta jublar utan ord,
vil alt av godt som finst på jord
få rope ut at Gud er stor
og mange er hans vegar.

Når tankane vil fare vill,
og fargane vil falme,
når orda mine teier still
blir pusten min ein salme.
Når tyngde sveiper mold og jord,
og bøna mi er utan ord,
så kviskrar ho at Gud er stor
og mange er hans vegar.

Når mine tankar ikkje er,
skal gleda framleis leve,
og alt som veks og blømer her,
lovsynge i all æve.
Ja, vind og regn og eld og ord
skal synge over hav og jord,
skal synge ut at Gud er stor
og mange er hans vegar.

Heidi

image

image

I dag gjekk eg og over Bakke bro til Bakklandet, for eg likte meg så godt der i går. Eg var ikkje heilt ferdig med chilikaffien til Kaffebar Dromedar, så eg havna viss der igjen. Det var faktisk fleire enn meg som sat der og skreiv…

image

image

Då eg hadde sitte der så lenge at det nesten var litt påfallande, så gjekk eg ein liten tur ut. I ein liten stengd kunstbutikk såg eg denne skulpturen. Det hender eg kjøper kunst, mest litografiar, men skulpturar har eg framleis aldri fått meg til å kjøpa. Derimot har Ingrid laga mykje fint til meg. Eg har framleis ikkje brukt pengane for lang og tru teneste i Time kommune… Kanskje eg burde slå til med denne eller noko liknande? Av grunnar eg ikkje skal nemna her, så har eg stor respekt for alt som kan knusast…

image

Etter pausen havna eg på Annas kafe, der eg drakk hyllebærjus, og ein kraftig svart te som smakte ei blanding av lakris og tjøre. Der inne var det fargerikt kreativt kaos med eit tilsnitt av retrostil, og Anna sjølv stod bak disken med eit sekstitalsforkle og skjørt med rakning på strømpebuksa og selde heimebakte kaker,salatar og nybakte grove bagels. Ho fortalde meg at kafeen var oppfyllinga av draumen hennar. Eg såg plakatar om at det var forteljarkafe og strikkekafe der nokre kveldar, og ute på doen var det oppslag om at ein kunne kjøpa ein kopp kaffi og betala for to. Så kunne dei som av ulike grunnar ikkje sjølv kunne betala, koma inn og høyra om det var betalt kaffi å henta. Eg angrar på at eg ikkje gjorde kjøpte slik kaffi, det var jo ein strålande ide… Eg såg og ein plakat om at bandet Pantertanter trong trommeslagar, men det kunne eg ikkje gjera noko med.

image

image

Hos Anna var det og ei anna dame som sat og skreiv og blide samtalar om vanskelege tema som surra rundt i romet. Medan eg sat der vart eg ferdig med ein salme til… Som vart omtrent sånn som dette…

Dagen demrar, regnet fell,
vinden bles mot bratte fjell,
i frå hav og kjøkkenbord
tonar songen; Gud er stor.

I frå kott og store salar,
gater, smug og store salar,
i frå skog og moldsvart jord
ljomar det at Gud er stor.

Myrull, lyng og tornekratt,
vinterdag og sommarnatt,
varme favntak, gode ord
kviskrar om at Gud er stor.

Du som var og blir og er,
ver hos oss, ta bustad her.
Brenn deg inn i hug og ord,
for me veit at du er stor.

Her kor sol og vindar bur,
her hos tvilarar som trur,
her skal himmel møta jord
i vår lovsong, Gud er stor

Heidi

image

Så gjekk eg til sentrum for å møta Leif. Me åt nydeleg vietnamesisk middag, og akkurat då eg var i ferd med å foreviga godsakene, så gjekk batteriet på mobilen. Eg som hadde tenkt å fotografera at retten til bordkameraten min var slik at han sjølv måtte dyppa rispapir i varmt vatn og rulla saman maten sin til ein slags usteikte vårrullar…Ja, ja. Eg åt innebakte kongereker med sterk saus.

Eg trudde eg la den utlada mobilen i veska, men det hadde eg tydelegvis ikkje gjort. Då me kom heim var veska full av rare ting som kart over byen og ein publikasjon frå Jehovas vitner, men ingen mobil. Eg har ein sprek og snill kjærast som blir hakket meir stressa enn meg når noko forsvinn. Han sprang raskt tilbake og henta mobilen som den snille serveringsdama hadde lagt trygt bak disken.

Vel tilbake på pilgrimsgården så fekk me med oss eit foredrag om pilgrimsvandringa til Nidaros i mellomalderen. Foredragshaldaren, Terje Brattberg var veldig morsom å høyra på. Han hadde denne typiske trønderske måten å vera på der ein er små-arrogant på ein humoristisk og høfleg måte. Eg veit ikkje andre måtar å forklara det på, det er noko eg har lagt merke til lenge, og som eg oppleber som sjarmerande.

I dag var det min sjanse til å koma inn i Nidarosdomen, eller domkirka, som eg høyrer at alle dei innfødde kallar ho. Dei har bare ope nokre timar ein kveld i veka fordi dei driv og finstemmer det nye orgelet. Eg skulle så gjerne ha hatt med meg fotoapparat, for eg blir alltid berørd av å møta alt det vakre i denne katedralen. Sidan eg hadde flatt batteri på mobilen var det lite å gjera med det.

Det rett og slett gjer noko med meg å koma inn dit. Etter å ha vandra rundt ei stund og tend eit lys, sette eg meg ned framfor høgaltaret der den korsfesta Kristus heng høgt opp mot dei gotiske kryssbuane under taket. To kvinner står ved krossen, den eine er heilt sikkert Maria, Jesu mor, og den andre kan kanskje vera Maria Magdalena? Medan eg sat der stemde dei orgelpiper, det høyrdest nesten ut som pulsslaga til kyrkja. På høgaltaret brann det eit kvitt lys og det var to glasvasar med kvite og rosa blomar i. Eit fylgje av engelsktalande turistar vart guida rundt, og ei stund var det litt kaotisk, og så vart det heilt stille. Frå orgelet kom det plutseleg fin musikk, og dersom dette ikkje hadde vore i ei kyrkje kunne eg kanskje ha sagt at stemninga vart nesten magisk. Nå er det vel meir meir nærliggande å bruka ordet heilag. Eg henta fram skriveboka frå veska, for eg har tenkt at eg kunne ha lyst til å sitja aleine og skriva i Nidarosdomen.

For omtrent eit år sidan fekk eg ein telefon, eg trur det var frå kyrkjerådet, men eg hugsar sjølvsagt ikkje kven eg snakka med… Dei lurde på om eg kunne skriva ein pilgrimssalme til bruk i samband med pilgrimsvandringar. Eg sa at det ville eg gjerne, men at eg ikkje hadde tid akkurat då. I dag medan eg sat der, fekk eg plutseleg lyst til å skriva ein pilgrimssalme. Eg sat der og skreiv i halvannan time, det var i grunnen ei merkeleg, rar og spesiell oppleving. Eg får kalla det eg skreiv for eit utkast til ein pilgrimssalme, for det er ikkje sikkert han toler morgondagens skarpe skjær av etterpåklokskap…

Me vandrar gjennom tida,
ber med oss pilgrimsstav,
på vegar over fjellet,
på stiar langs med hav,
ber med oss våre kroppar,
vår lengt, vår tru, vår trong.
Nå kjem me til deg, Kristus,
me løftar opp vår song.

Ja, mange har gått før oss,
nå er det me som går,
er pilgrimar på vandring,
med takk, med tvil og sår.
Me ber på alt me levde,
me snublar gong på gong.
Nå kjem me til deg, Kristus,
me løftar opp vår song.

Me kjempar oss mot vinden,
blir signa av di sol.
Du møter oss i lyset,
i bekk og skogsfiol.
Langs vegen opnest tida,
me skimtar kven du er.
Nå kjem me til deg, Kristus,
velsign oss, me er her.

Heidi

Morgon på Pilegrimsgarden

image

Dette har så langt vore ein veldig god ide. Eg nyt å vakna i denne byen og ikkje ha noko som helst som må gjerast, bortsett frå det som skal skrivast, og strengt tatt så må eg ikkje skriva ein gong. Nå har eg rigga meg til med eit provisorisk skrivebord ved vindauget, og ser rett bort på Nidarosdomen. På biletet er han veldig godt kamuflert, men då eg nettopp hadde vindauget ope for å få inn frisk vinterluft, så høyrde eg klokkespelmusikk. Det kan godt vera det kom frå ei anna kyrkje då, veit ikkje om dei har klokkespel i domen. Kyrkjene ligg tett her i Trondheim sentrum.

image

image

Eg stod opp saman med han som skulle på kurs for å få ein felles frokost og maksimalt utbytte av dagen. I frokostsalen var det heilt stille, slik eg trur det er på tause retreat, eg veit dei arrangerer retreat her av og til. Ein mann sat heilt stille og åt frokosten sin og ei dame sat med den berbare PC-en sin og skreiv. Dama helste vennleg, mannen såg ikkje opp. Det vart nesten unaturleg å snakka der inne sidan det var så stille at alle ville høyra alt me sa. Etterpå vart eg sitjande litt å lesa aviser og drikka kaffi. Det var stille på ein god måte. Stille kan vera både godt og ubehageleg.

Eg har eit lite skriveoppdrag eg har lova å gjera, og så har eg tenkt å finpussa på salmen eg skreiv i går og kanskje skriva ein ny. Det kan lett bli litt diktskriving og. Når det nærmar seg lunsjtid vil eg ut på byen med skrivebok og kulepenn. I dag trur eg det får bli ei vandring på Bakklandet.

Sidan eg nå eingong er på ein pilgrimsplass, så kan dei som vil innvia dagen saman med meg og Charles Ringma få nokre gode og utfordrande ord med seg frå boka Den indre rytmen:

Siden vi bør være motivert av kjærlighet og ikke av plikt, må vi pleie den sårbare kjærligheten med stor omsorg. Å være i tjeneste for andre gir oss ikke den fornyelsen kjærligheten kaller oss til. Tjeneste er kjærlighet som strekker seg ut mot andre. Tjeneste er kjærlighet som gir seg selv. Det er bare i stillheten hos Gud at kjærligheten finner seg selv igjen. Der vokser den fram innenfra, mens kjærlighetens Gud steller godt med oss.

Charles Ringma.

Eg tenkjer at setningen Det er bare i stillheten hos Gud at kjærligheten finner seg selv igjen, godt kan opplevast provoserande. Her hos meg skal han få stå uimotsagd i dag. I alle fall frå mi side.

Ha ein fin dag, og nyt det gode livet har å by på. Det har eg tenkt å gjera.

Heidi

Trondheim sist i februar

image«

Av ein eller annan grunn har eg alltid likt meg ekstra godt i denne byen, Kanskje fordi eg har opplevd veldig mykje fint dei fire gongene eg har vore her. På den eine sida av Pilegrimsgården ligg Nidarosdomen, og på den andre sida Nidelva med Bakklandet rett fram. Sjå så fint det er her.

image

Og faktisk så står kånå her og akkurat som på torget i Stavanger, bare at her kallar dei ho Goddagen, og påstår at ho har budd her på ekte. Alltid når eg ser kånå får eg ein slags snikande mistanke om at eg nesten liknar litt på henne. Ikkje det at ho ikkje virkar koseleg, men alligavel…

I dag har eg brukt store deler av dagen til å sitja på diverse kafear og skriva medan eg smugkikkar litt på folk. Det har vore veldig triveleg, og eg har faktisk fått skrive ganske mykje. Når det har gått ein times tid, synest eg det kanskje er på tide å flytta seg, og då tek eg meg eit par gater opp og ned før eg finn meg ein ny plass. Det låg inne i planen min å skriva litt i Nidarosdomen, men han viste seg å vera stengd på grunn av at dei driv og stemmer det nye orgelet, og som dama på museumsbutikken sa, då må det vera fullstendig stille rundt stemmarane. Den einaste sjansen me har til å koma inn er i morgon kveld, så då må eg ta meg ein tur. Men museumskafeen med utsikt over domkirkeplassen og veggen med alle relieffa funka heilt fint det og. Grøn kryddarte og antropsofisk plommejus med ingefær var og gode greier. Då dei stengde klokka tre, sette eg meg til og med ei stund i sola for å skriva.

image

Utanfor ein bruktbutikk like borte i gata, sit det to bamsar og ei dokke på ein stol. Bamsen til venstre er veldig lik elsklingsbamsen min frå eg var tre år. Eg vart reint sentimental av å sjå på han. Min bamse var kanskje like stor som den brune, men hadde same fargen som den gule bare at han ikkje hadde raude føter og hender. Eg meiner å hugsa at han avgjekk ved døden etter å ha blitt bada i ein søledam.

Etter end arbeidsdag møtte eg Leif i byen. Me åt brokkolipai på sjokoladepikene. Så gav me oss på vandring på Nedre Bakklandet, for både Borghild og Carl Petter hadde sagt at me måtte drikka kaffi på Dromedar kaffebar. Der fann me fram til chilikaffien du anbefalte, Borghild. Han smakte kjempegodt. Sidan me er ute i den store verda unna me oss eit gulrotkakestykke på deling og.

image

Og plutseleg var det mørke kvelden. Me er jo litt lenger nord enn vanleg, og fann ut via ein tabell at dagane her i Trondheim er ein time kortare enn dei er på Jæren i slutten av februar. Gatene på Nedre Bakklandet er som henta ut frå Skomakergata eller noko slikt. Det var mange koselege småbutikkar og kafear der. Eg må nok ta ein tur dit i morgon når det er lyst. Ein butikk heitte Den gamle kramboda, og såg ut som eg faktisk kan hugsa at veldig gamle butikkar såg ut på begynnelsen av sekstitalet. Bestemor kalte heile livetbutikkar for krambuer, så det er eit ord eg har eit forhold til.

image

Sånn såg det ut då me kikka inn av vinduet med ekte kjøpmannsdisk og gammeldagse bombomspann. Nå sit me her i eit felles oppholdsrom på Pilegrimsgården og skriv på kvar vår datamaskin. Det vart ei veldig kort natt sist me sov, så det blir sikkert ein relativt tidleg kveld. Kanskje me finn på eit eller anna spennande i morgon kveld? Eg gleder meg til å oppleva endå meir av byen.

Heidi

Nidaros pilegrimsgård

image

Du all verda så mange timar ein dag har om ein bare kjem seg opp. I dag var det oppstandelse klokka ti på halv fem før Sunniva kjørde oss til flyet. Flyturar er ikkje det kjekkaste eg veit, men me kom oss veldig trygt og greitt fram. Me gjekk av flybussen like ved Nidarosdomen, og fann vegen til Pilegrimsgarden.

Eg sit nå på eit relativt enkelt rom med tre oppredde senger og ikkje så mykje anna. Eg har utsikt til kyrkjegarden med steinkrossar og smijernsinnramma graver, og på den andre sida av gravfeltet, kanskje hundre meter unna ser eg Nidarosdomen i morgonsol. Eg har prøvd å leggja inn eit bilete eg netopp tok, men det viste seg å ikkje vera så lett. Men eg gjer som kjend ikkje opp så lett når eg har ein fiks idé, så biletet kjem nok etterkvart.

Leif er her i samband med vidareutdanning, og eg har hoppa opp i kofferten hans og blitt med på lasset, eller noko liknande i alle fall. Mitt prosjekt er å skriva, lytta, sjå og vandra gatelangs. Det gler eg meg til. Forsåvidt er eg jo i gang allereie, for her sit eg, men det meste har eg til gode.

Eg var heldig som fekk eit rom tidleg på morgonen. Staden er eigentleg overnattingsplass for pilgrimar, me kjem ikkje pilgrimsleden til fots, men pilgrimar er me då i ordet sin vidaste forstand. Atmosfæren her er vennleg og enkel. Bygningen er under oppussing, så her er det masse handverkarar som driv på med forskjellig. Eg vart teken venleg i mot, og fekk nøkkel og kode til låsen på utgangsdøra. Nå skal eg ordna meg litt og etterkvart leggja på vandring med notisbok i veska. Det var dette biletet, ja…

Nærare reportasje kjem etterkvart.

Heidi

Kraft til å fortsetja

image

Eg fekk nettopp telefon frå ein journalist i Jærbladet som lurte på kva eg forbandt med livsglede, og kva som var mitt livsmotto. Systemet var slik at eg skulle svara spontant og som det står i elle-regla me brukte av og til då eg var lita. «Svar-nå-straks-uten-å-betenke-deg-sælig-mye-om?» Var det ikkje slik me sa det?

For ikkje å gå Jærbladet i næringa, så skal eg ikkje fortelja kva eg svarte, men stor filosofisk veltalenhet veit eg ikkje akkurat om det var. Det var nå artig likevel å få eit lite tankekors kasta i fanget heilt uventa ein måndag føremiddag i vinterferien. Det eg hadde tenkt å skriva her i dag er derimot gjennomtenkt, om enn av andre enn meg. Charles Ringma har skrive noko om bønn som eg kjende skapte veldig gjenklang inne i meg:

«Den som virkelig ber, står med hendene åpne mot verden.
Når vi ber, hører vi hører vi verdens rop, og håpet gjør at vi hører kallet til sosialt engasjement.

Følgelig fører ingen sann åndelighet til at vi fornekter verden. Det åndelige livet kaller oss ikke til å forkaste verden eller trekke oss unna vår neste. I stedet utruster det oss til innsats. Det holder oss oppe på den lange veien som ikke ser ut til å ha noen ende.

Forsøk på å møte verdens vedvarende nød vil ikke i seg selv gi oss kraft. Viljen til å gå inn i disse situasjonene, må finnes inne i osss. Når vi mer med hendene åpne mot verden, vil vi ikke bare se kva vi kan gjøre og dinne vilje til engasjement som koster. Vi vil også finn kraft til å fortsette når når tegnene til forandring er få.»

Dette er for meg sann utøving av kristendom… Og eg veit at det er milevis frå kva mange forventer av det dei trur er livsfjerne svermarar og i verste fall livsfornektande mørkemenn. Er det noko me treng som menneske så må det vera mot til å sjå og høyra, vilje til å gjera det gode, og mot og styrke til å halda fast på dette i tankar og handlingar…»

Charles Ringma

image

Heidi

Sosial- fest- og feriedepartementet

tulipanar og appelsin

Dei første vinterferiedagane har vore hypersosiale med islett av litt langrenn og skiskyting frå OL. Det var så fint å ta turen til farmor. Denne gongen var eg så heldig at me fekk med oss ein tur til det nye huset til Lars, det eldste søskenbarnet mitt som eg gjerne skulle sett meir til, og Astrid Anne. Dei har nettopp gitt frå seg garden og flytta inn i nytt fint hus. Medan me sat hos farmor og prata etter at me hadde drukke ettermiddagskaffi, fekk eg ei melding frå Jane, barndomsvenninna mi, om at ho gleda seg til kvelden. Med eit lite kvardagssjokk gjekk det opp for meg at dette var den datoen eg trudde var i mars ein gong. Me skulle ha barenskulevenninnetreff heime hos Jane. Me hadde leitta lenge etter ein dato, og eg hadde som vanleg vore den vanskelege som aldri kunne. Så hadde me funne ein dato alle var fornøgde med, og eg hadde gløymt han. Nå sat eg i farmor si stove klokka fem og var uendeleg langt unna. Då eg sette far inn i situasjonen, sa han at dersom me kom oss i bilen med det same, skulle han få meg fram sånn ca til klokka åtte. Som sagt så gjort, me fekk forklart farmor korleis ting låg an, og ho såg heldigvis humoristisk på det, og me stupte ut i bilen. Framleis var eg ikkje heilt godt hjulpen, for eg hadde jo ingen bil på Ålgård, men eg ringde til Sunniva, som lova å koma og henta meg. Det ordnar seg for snille jenter så lenge dei aller næraste er minst like snille…

Kledd til fest og morro var eg ikkje, men eg fekk teke med meg sjølv og det fekk vera det viktigste. Eg stod på trappa bare litt over ein halvtime for seint, og fekk tilgjeving, deilig kyllingsuppe og vaniljepudding med friske blåbær. Det vart ein veldig koseleg kveld, og klokka halv eitt vart eg plukka opp av snille Sunniva.

I går kveld var eg ute med tre andre venninner, plutseleg skjer alt på ein gong. Me var på teater og såg eit merkeleg og surrealistisk stykke «Black rider», basert på songane til Tom Waist. Dette er henta frå omtalen på internett:

En musikalsk fabel av Tom Waits, Robert Wilson og William S. Burroughs
The Black Rider er fortellingen om Wilhelm, en ung bokholder som forelsker seg i skogvokterens datter. Men for å kunne gifte seg må han bevise sitt verd som jeger. Dessverre er Wilhelm fullstendig uerfaren med skytevåpen, og han har ikke mange sjanser for å få sin elskede. Men så får han et tilbud fra en ung mann som nettopp har ankommet skogen i en svart sportsbil – og som presenterer seg som Djevelen. Wilhelm inngår en pakt med ham om magiske kuler som alltid rammer sitt mål. Men i den dystre og kullsvarte skogen er ingenting som det ser ut til å være, og det store spørsmålet er om Djevelen virkelig eksisterer? Dersom svaret er ja, er det da helt ok å inngå en pakt med en ung mann i en svart sportsbil, som kanskje har helvete under panseret…
Bli med på en mystisk reise i en mørk skog akkompagnert av Tom Waits fantastiske musikk!

The Black Rider er basert på det tyske eventyret Der Freischütz, men deler visse selvbiografiske trekk fra forfatteren William S. Burroughs liv. I 1951 drepte han sin kone, da han prøvde å skyte et vannglass av hennes hode, i et forsøk på å gjenskape Wilhelm Tell-myten.

***
Det er noko av det merkelegaste eg nokon gong har sett på ein scene, og det seier ikkje lite. Men visst var det fascinerande. Den polske djevelen, i skikkelse av ein fantastisk rolletolkning av ein polsk skodespelar, hadde akkurat klart å overbevisa oss om at djevelen og vondskapen eigentleg ikkje finst, då det skjebnesvangre inntrer; ei pakt med djevelen krever sitt offer… Eg anbefalar teaterglade menneske å koma seg i veg og sjå stykket, men gå med eit ope sinn…
Etterpå var me på kafeen på det nye konserthuset og åt heilt fantastisk mat; Kamskjell med hasselnøtter og trøffelkrem og steikt kveite med risotto og parmesanost. Maten var ein sann fryd. Vel heime var det min tur å vera snill med Sunnva og henta henne og ei venninne på toget klokka to om natta. Etterpå vart me sitjande og prata litt på kjøkkenet etter å ha avslørt kor Leif hadde lageret sitt med kald eplemost.

Som den gode nordmannen eg av og til er, så hadde eg vekkerklokka på ti over halv åtte for å kunna sjå på femmila. Eg må nok ha duppa av innimellom, for dei to timane gjekk styggfort og plutseleg fekk eg med meg spurtoppgjeret der det vart tredobbelt russisk. På nytt norsk idrettspråk heiter det nå at «russerne tapetserte pallen». I går var det oss som «tapetserte pallen» på damene si tremil. Det seier sannsynlegvis mest om meg at eg finn reportarane sitt språk like interessant og til dels irriterande, som sjølve idrettsprestasjonane. Eg på innrømma at eg irriterer meg litt over påstandar som «Langrennsgutta har ikkje levert». Kva då levert? Og at det blir omtalt som ein stor tragedie at beste nordmann var fem meter frå å ta gullmedalje på femmila i OL. Og så må idrettsjefane på den nasjonale grillen for å forklara korfor dei «ikkje har levert», eller tapetsert for den saka si skuld. Tidlegare utøvar, nå OL-reportar på TV2, Odd Bjørn Hjelmesth er forresten ein fyr med skikkeleg glimt i auget som eg har stor sans for.

I dag har eg kost meg med Ingrid og Sunniva, og me tok den lettvinte varianten å henta inn både Oddvar og fire porsjonar kinesisk take- home- mat som me koste oss med. Om kvelden var eg og Sunniva på Ogna scene der eg skulle lesa dikt. Det vart ein fin kveld som eg kunne ha skrive mykje om, men nå er eg litt for trøytt. Det var masse variert program der og ein pause der ein kunne kjøpa seg varm mat. Havet kokte kvitt og skummande då me kjørte bort, det er flott å sjå på. For eit fint hjørne av verda eg har busett meg på. Det var koseleg å få selskap av Gunn, Karin og Kathy Ann. Då me kjørde heim klokka ti var det for mørkt til å sjå noko som helst av havet, men me spelte vamp i bilen heim, og måtte ha eit stopp på ein busshaldeplass for å laga oss ei speleliste til vegen heim. Det einaste «fornuftige» eg har gjort i dag, bortsett frå å vera opplesar, var å laga eit passe langt diktprogram for framføringa. I morgon blir det den flinke dagen. Då skal eg rydda, vaska, pakka og skriva litt. Ein tur bør eg og få til å koma meg ut på. Det har vore vidunderleg å praktisera eit par «gjera-bare- det-du-har-lyst-til-dagar». Men før eg går hen og blir flink, skal eg unna meg ein morgon der eg søv så lenge eg vil og ein kveld der eg les på senga så lenge eg bare orkar… Det er godt med ferie, ja… Eller avspasering som ein kanskje burde kalla det…

napoleon