Gå til innhald

Gina med gitaren

Då eg nettopp sat og bladde i Jakob Sande sine samla dikt, leita eg etter ein bestemt song eg alltid har likt godt: «Gina med gitaren». Til mi overrasking fann eg han ikkje der, eg måtte googla, og fann ut at det slett ikkje er Jakob Sande si vise, eg har bare trudd det. Josef G. Larssen har laga teksten og melodien har Monrad Holm Johnsen laga. Eg tek med songen her likevel, for han blir jo ikkje dårlegare om han ikkje kjem frå Jakob Sande sine hender.

Heldigvis ville vel ikkje Gina ha fått same harde dommen av flokken sin lenger, men framleis er det greitt å bli minna om at ein skal vera forsiktig med å dømma. Når det er sagt, så høyrer eg ofte om det forferdeleg fordømmande kristenfolket, og med ganske god innsikt i dei folkeslaga som måtte koma inn under omgrepet «kristenfolket», så må eg bare seia at dei der forferdeleg fordømande folka som mange snakkar om, har eg så godt som aldri møtt… Men så er eg ikkje objektiv vil kanskje nokon hevda.

Eg trøyster meg med at Jesus sjølv sa at han ikkje var send for å dømma, og då treng eg ikkje sjå på det som ei oppgåve lagt på mine skuldre heller. Takk og lov for det, for i skrifta står det noko om at me skal målast med det same målet som me måler andre med.

Heidi

Folk er folk?

Gatebilete Stavanger. feb 14

Utflukta i dag gjekk til Stavanger. Stormen har lagt seg, og regnet har overteke.

ROmkvinne februar Stavanger

Men det ser framleis forferdeleg kaldt ut å sitja på gata og selgja «Folk er folk,» og tigga etter penger. Det skjer meg i hjartet at denne problematikken i det heile tatt er til stades. Det er ei komplisert og mangslungen rekkje av faktorar som gjer at nokon vert sitjande på denne måten. I dag snakka eg med tre rom-kvinner, og eg såg fleire eg ikkje snakka med. Etter å ha diskutert litt fram og tilbake med meg sjølv, har eg bestemt meg for å prøva å gje litt til tiggarar eg møter så sant eg har pengar i lommeboka. Eg har og lyst til å prøva å gje dei i det minste eit varmt blikk og eit smil. Eg veit at det er mykje som ikkje er som det burde, og at mange synest ein på den måten inviterer til tigging på gata som i utgangspunktet ingen ynskjer å ha i byane sine. Eg har likevel funne ut at hjartestemmen og det at det faktisk er medmenneske som sit der, gjer at eg ikkje kan gå forbi. Eg nektar å tru at ikkje dei aller fleste heller ville arbeida i eit oppvarma hus enn å sitja på eit kaldt fortau i time etter time…

gatebilde med hund Stavanger

Men ikkje alle som sit på fortauet sit der for å tigga. Nokon sit der nokså tålmodige og ventar på å bli henta.

På vandringa vår var me innom det nye biblioteket på Sølvberget. Det er blitt sååå fint der. Me oppdaga at me kan låna bøker der og levera dei heime på Bryne. Eg var så heldig å finna Jakob Sande sine damla dikt, som eg tok med meg. Vegg i vegg med biblioteket ligg kafeen på kulturhuset. Der kan ein handla med seg mat og setja seg på eit langbord fullt av aviser og magasin og lesa inne på biblioteket. Sidan eg føler for litt ekstra vitaminer akkurat nå, kjøpte eg nypressa juice med ingefær, banan, gulrot, mango og ginseng, eller kva det var alt saman. Godt var det i alle fall. Gresk yoghurt med solbær og heimelaga müsli var og kjempegodt. Me var innom Foodstory for å kjøpa ein presang, og me kjøpte med oss eit glas chilimarmelade. Det har eg hatt lyst på heilt sidan eg smakte på Siv Torild sitt heimelaga clilisyltetøy rett før jul. Blåbærsyltetøy med pepar såg og spennande ut. Det får venta til neste gong.

Og visst har eg sett på OL- studio, eg ser ikkje vekk i frå at det blir meir heller før dagen er omme. Heia Norge… Men eg trur likevel at eg vil la Jacob Sande avslutta innlegget for i kveld. Eg kan ikkje venta med å bla i boka som til mi glede ser veldig lånt og brukt ut. Av og til bekymrar det meg at lyrikksamlingane på biblioteket ser heilt uopna ut… Eg er ikkje heilt sikker på om eg skal sleppa Jakob Sande heilt enno her på bloggen, men eg tek likevel med det aller siste diktet i den siste diktsamlinga hans, «Det kveldar på Kobbeskjer.» Jakob Sande vart ingen gammal mann, bare eit par og seksti år, og dei siste åra var han lite produktiv, han sleit med helsa og hadde nok i tillegg betydelege alkoholproblem. Det siste diktet står som ein bautastein over livsverket hans, og heiter «Bautasteinar».

Bautasteinar

Det kan no so ymse vera
med eitt og hitt.
Kvar har vel sitt å bera,
eg har mitt.

No vil vel dei fleste seie
at eg bar mest.
Sjølv vil eg heller teie,
det høver best.

Men kviskra i løynd går orda
frå mann til mann:
Han her grov sitt pund i jorda
-ferdig med han.

So Herren vår Gud bevare
alle som ein!
Her kan vi trygt bespare
ein bautastein.-

Nei, ta det med ro, småsveinar,
trø stilt på jord.
Eg har reist mine bautasteinar
i ord.

Jakob Sande

Ha ei framleis god helg
ynskjer
Heidi

Bilde

Eg hadde heilt gløymt å hugsa…

image

… at OL begynte i dag. Endeleg kunne det passa å visa biletet av denne fantastiske buksa som eg såg i København før jul. Du kunne bokstaveleg talt ta ho med i lomma i tilfelle det kunne vera greitt med eit bukseskift, garantert var ho heilt krøllfri, og dermed ein grei parallell til plagget «bilbukse», som eg kjøpte veldig mange av til onkelen min. Eit par månadar før han døydde kjøpte eg opp restopplaget i hans storleik i butikken, fordi dei skulle slutta å laga slike bukser eller var det bare at dei skulle slutta å selgja dei på butikken der me alltid hadde kjøpt dei?

Men eigentleg vart dette ei avsporing, ser eg. Poenget var at eg hadde tenkt å skriva i ettermiddag, og så var det plutseleg ein opningssermoni på fjernsynet. Der havna me heile den herverande familien, med salatmiddag frå kjøkkenet som Sunniva kjørde ut og kjøpte. Me hadde lyst alle saman til å sjå korleis dei hadde fått til den mest spektakulære delen av eit OL. Det var ein flott sermoni, var me vel einige om, og plutseleg kjende eg at eg lett kunne koma til å bruka ein del timar framfor fjernsynet dei komande vekene… Eg kan godt la vera å sjå sport, men set eg meg ned, så kan eg og bli veldig fenga.

Vintersport var viktig i heimen der eg vaks opp. Eg har gode minne om at me sat i stova og åt tomatsuppemiddag med ferskt franskbrød for ikkje å gå glipp av ein einaste runde på titusenmeter på skøyter. Eg har heia fram både Fred Anton Maier og dei fire S-ane, og sett Kees Verkerk, både på ein campingplass på sørlandet og på Heradshuset heime på Ålgård. Eg har minne om Gjermund Eggen og Harald Grønningen på ski i dårlege svart-kvitt- sendingar i fjernsynet sin barndom, og hugsar bestemor si fortviling då Per Ivar Moe sklei på eit såpestykke og datt. Eg kan heilt tydeleg hugsa Ole Ellefsæter synga «I Grenåbel ska vi slå dæm, i Grenåbel ska vi flå dæm, i Grenåbel sæt vi alle kluter til for å tenne en olympisk ild»… eller noko liknande. Og saman med bror min har eg brølt på «Bisletts spesial» om at «nå i vinter, skal Maier bli sprinter, for han åt så mye julegrøt» og om «te med no godt i,» og «Vi frøys og nøys og drakk, og skåla for ære og for makt,» utan å fatta heilt kva det dreia seg om.

Eg kan framleis få kriblingar på ryggen av å høyra eurovisjons-musikken som eg forbind med skøyteløp, og sjå for meg den lyskransen som glitra ut og inn medan melodien vart spela. Eg forbind det veldig med skøyteløp, og trudde lenge at melodien var laga akkurat til det formålet. Eg låg på sofaen med feber og høyrde på det skirennet som resulterte i Bjørge Lillelien sitt legendariske fistelutbrot om at saken var biff, pannekaker og ertersuppe, eller kva de nå var. Då Oddvar Brå brakk staven, såg eg stafetten i ein butikk på Sandnes, og visst har eg snakka med Ivar Formo. Då han var på Ålgård for å kasta glans over eit rulleskirenn, kom han bort og spurde om eg kunne gå litt bakover fordi eg stod langt ute i løypa. Eg smilte og flytta meg, litt mållaus av å verkeleg ha blitt snakka til av sjølvaste Ivar Formo. Seinast i dag var eg bortimot sjokkert over at han eg deler hus og heim med aldri kunne hugsa å ha høyrd om Vjatjeslav Vedenin…

Men det var lenge sidan, eg innrømmar det. Ein gong imponerte eg skikkeleg i ein quiz fordi eg hugsa så mange gamle idrettsheltar, men for å vera ærleg så veit eg vel meir om dei som gjekk for førti år sidan enn om dei som er med i dag. Er det fleire enn meg som hugsar idrettskorta som eg trur fylde med Donaldblada, sånne der ein såg eit bilete av Magnar Solberg på framsida og kunne lesa på baksida at han i privatlivet var politi og at han hadde så og så mange medaljar frå ulike meisterskap i skiskyting… Eg har gløymt kor mange det var, om nokon måtte lura…

Og sommar OL, – det må vel ha vore det som var i 1968 i Mexico. Då stod far opp i femtida om morgonen for å sjå på boksing og fekting og slikt, og av alle ting så bad eg om å bli vekka for å sjå saman med han. Det var koseleg å sitja der og eta brødskiver med kvitost og sjå på fjernsyn før resten av verda vakna. Slike opplevingar har mine ungar måtta klara seg uten. Om ein skal vera brutalt ærleg, så har det blitt fint lite skigåing på dei og. Eg oppdaga til mi glede for ein ti-femten år sidan at ein ikkje er meir forplikta til å gå på ski enn til å driva med bueskyting eller bølgesurfing fordi ein tilfeldigvis er fødd som nordmann. Litt synd for ungane er det vel sikkert, men me får satsa på at oppdraginga har halde mål på ein del andre felt. Etter å ha vore på skitur med studiekameratar trua rett nok eldstemann med å forlanga skadeerstatning for «tapt norsk allmennoppdragelse». Men sjå det er ein annan sak… Dersom eg nå skulle koma til å bli hekta på sport ei tid framover, så får eg i alle fall koma meg i seng og få litt søvnoverskot slik at eg rekk andre ting og…

napoleon

Heid

Å vera heil

meir vind i håret

For meg har det alltid vore eit ideal å vera heil. Eg vil gjerne vera den same i alle samanhangar, og det eg gjer og meiner, bør eg i følge min eigen teori, kunna både seia høgt og stå for same kva forum eg måtte hamna i.

Eg innser at det ikkje er så enkelt. Me er alle samansette og har mange sider. Eg veit at det i både psykiatri og sjelesorg blir praktisert at ein set opp eit indre galleri eller mannskap, der ein let dei ulike sidene av seg sjølv få eit namn og ein personlegdom. Dette har eg sjølv prøvd på fleire gonger for å utforska tanken, og ein treng ikkje ha menneskesinnet sine irrgangar som spesialområde for å oppdaga at inne i ein bur det både trygge bestemødre, små redde jenter, klønete Klodrikar, tvilande tenkjarar, ryggjeslause humoristar og helgenar med klippefast tru på det gode. Ja, kanskje ikkje alt dette finst i alle, det kan tenkjast at ein og annan slepp å dra på ein Klodrik som gløymer lommebøker, knuser krystallglas og brenn seg på strykejernet, men poenget er at me alle er veldig samansette.

Dette er tankar som slår meg ganske sterkt når eg les biografien om Jakob Sande, som verkeleg, i likskap med mange kunstnarar, var eit samansett menneske. Mannen som skreiv «Det lyser i stlle grender», skreiv og dei beiskaste og mest burleske ting, og var ofte krass i sin kritikk av kyrkja. Då ein anmeldar i Dagen skreiv om ei av diktbøkene til Jakob Sande at dette måtte han fråråda alle kristne å lesa, vart Sande rasande og dømde bokstaveleg talt mannen nord og ned. I periodar seinare i livet sleit han med at han i ein del samanhangar vart alt for glad i alkoholen. Når han var full, elska han å sitja med gamle årgangar av eit fråhaldsmagasin, der drukkenboltar vart frelste frå flaska og elendigheita. Om det var bare ironisk frå hans side, eller om det og var eit element av melankoli i det, seier soga ingenting om.

Nokre av dei som kjende han, kjende han som ein blyg og forsiktig mann, og kjende han lite att i framstillingar som til dømes den Jon Eikemo seinare reiste rundt med. Då ekteskapet hans havarerte, skreiv han vakre dikt om at han høyrde gravferdslåt kvar gong han måtte skiljast frå dottera Siri, medan kona hans fortalde at det ikkje var lett å få han til å sitja barnevakt ein laurdagskveld, fordi laurdagskvelden kunne koma med eit tilbod om fest og moro, og då var det ringt å vera bunden av ansvaret for eit barn.

Etter å ha lese mange timar om denne mannen, så synest eg nesten at eg kjenner han litt, og eg må seia at eg liker fyren. Stort sett så liker eg folk, det skal og seiast. Me er ein merkeleg gjeng, alle me samansette menneske som kavar rundt med eit namn, eit ansikt og eit indre persongalleri som me sikkert alle saman av og til blir litt trøytte av å forhalda oss til. Då eg var lita, var det eit dikt eg høyrde på «Ord for dagen» i radioen, som verkeleg brann seg inn i meg. Eg kunne det så godt som utanåt etter å ha høyrt det ein gong. Velsigna vere det programmet. Fordi eg veit at dette korte diktet kvar morgon før barnetimen gav meg så mange gode impulsar, har eg alltid etterpå hatt tru på å lesa dikt for ungar. Vel var eg kanksje eit litt merkeleg barn, men ikkje såååå merkeleg heller…

Her kjem diktet, sjå samanhangen den som kan 🙂

Til hjertene

Glem aldri henne,
du aldri møtte, –
som kanskje møter
deg etter døden.

Glem aldri henne
som kanskje ventet
på å få møte
deg hele livet.

Glem aldri henne
som har din lengsel.
Glem aldri henne
for den du elsker.

Glem aldri henne,
for hun alene
er det du elsker
i den du elsker.

Gunnar Reiss- Andersen

Ha ein fin fredag alle i alle, i alle fall…

Heidi

It´n Aksel, it´n Theodor, it´n Waldemar… åååå itte je…

meir vind i håret

… som dei syng, «Snikkersvekara», i Trost i Taklampa av Alf Prøysen… For ikkje eg…, ikkje det eine og ikkje det andre… Du verda så lett eg har sluppe unna, tenkte eg her ein dag då det vart diskutert ulike behandlingsmetodar hos fysioterapeutar og kiropraktorar, for aldri har eg vore hos nokon slike. Og eg har til og med vore så heldig at eg aldri ein einaste gong i løpet av mitt lange yrkesliv, har vore sjukmeld. Eg skryt ikkje, trur eg, eg har bare vore svineheldig til nå. Bank i bordet og ti kryss i taket, kanskje det er å utfordra skjebnen å skriva slikt? Eigentleg er det ein hån mot mine veltrente og hypersunne venner og slektningar at det er meg som nesten aldri har vondt nokon plass og aldri er sjuk. Takk til immunforsvaret mitt som har fungert heilt utmerka til nå.

napoleon

Men det var ikkje det eg skulle skriva om, eigentleg. Det hender at eg har eit markant streif av kvalme, litt vondt i halsen og litt tett i hovudet, slik har eg hatt det dei to- tre siste dagane, og eg har vurdert om eg eigentleg er bittelitt sjuk. Sunniva har ikkje trengt å lura, for ho har lege strekk ut i senga si og kasta opp. I morgon hadde eg og far tenkt oss inn til farmor, men sidan eg ikkje kan få bestemt meg for om eg er smittefarleg eller ikkje, så let me det vera. Det hadde ikkje vore kjekt å smitta ei dame på 97 år med influensa eller omgangssjuke. Likevel får eg dårleg samvit, og blir litt lei meg, fordi eg hadde gleda meg til å sjå henne, og eigentleg synest eg ikkje at ein skal besøkja gamle folk bare når ein er sikker på at ein ikkje har eit streif av noko som helst, for då kunne dei sikkert blitt ganske einsame sånn midtvinters…

Men nå skal eg bruka helga på å bli skikkeleg frisk, så kjem det nok betre tider. Denne helga er ei stille og roleg helg, så det passar heilt utmerka. Døtrene mine fekk ein Københavnstur med mor i julegåve, og den skal me ta helga før påske. Det kjekke er at Eva Mari skal vera saman med oss halve opphaldet der nede. Eg gleder meg veldig. I dag har eg bestilt hotell til oss. I vinterferien skal eg ein tur til Trondheim, og så skal eg på seminar to helger i mars, det gler eg meg og til. Det siste seminaret reiser eg til utan eigentleg å kjenna nokon, det er litt spennande å utfordra seg sjølv. Eg er veldig glad i å gjera ting saman med nokon. Det å reisa rundt aleine med ryggsekk i Latinamerika eller andre stader i verda slik ein herverande mann gjer med stor reiselyst og utan å blunka.

Nesten utan at eg har lagt merke til det, har januar blitt til februar, og om to veker er det vinterferie. Det er ikkje klokt kor fort tida går. Dagens høgdepunkt i første klasse, har vore å laga steintroll. Elevane hadde med seg to steinar kvar, og me drog fram masse «nesten- gratismateriale» frå formingsavdelinga og varma opp eit par limpistolar til vaksen bruk. Eg sit igjen med bare ei einaste brannblemme på ein av fingrane. Det må vera ny rekord etter ein halv dag saman med limpistolen. Det andre høgdepunktet denne veka for elevane var at me fekk besøk av ein lys levande brannmann med ekte røykdykkarutstyr, som lærte oss om brannvern. Alle elevane fekk i lekse å gå heim og be foreldra sjekka batteria i røykvarslarane. Den leksa må eg hugsa å få gjort sjølv og… Og elles så boblar det rundt meg dette rare levande livet med alle sine innfall og eg står midt i det heile og lever.

steintroll

Eg veit eg har sagt liknande ting før, men diktboka eg har ved sida av meg er ein av mine absolutte favorittar: «Haugtussa» av Arne Garborg. Nå skal eg sjå om an Aadne kunne ha noko som kunne passa for i dag… Ja, visst, her har me jo diktet om vindtrolla, det kunne ikkje ha passa betre, vel? Dikta minner om at det har blese før og her på Jæren, sjølv om det store samtaleemnet akkurat nå er at nå har me hatt storm og kuling nesten samanhangane i nesten to månadar i strekk, og ingen kan hugsa å ha opplevd liknande… It´n Aksel…

Vindtrolla

Tsjuh! buh! seier Nordankvitskjegg,
han hiver med mørke venger.
Det yler og kvin over nakne hei;
det kvitnar om ås og enger.
-Tsju!

Tsju-hu- huh! seier Nordvestistroll
det veltar skip og stamnar!
Havet rørest av djupe grunn
og bryt på femten famnar.
-Tsju!

Tsui-lu! seier Vestanhavmann,
han er så salt og våt.
Han lokkar med sol og blåning blide,
men helst det ender i gråt.
-Tsju!

Tsju-su seier Austanbergkall,
han er så kvass og klår.
Han kjem frå alle dei ljose tindar
med snøhatt om snøydde hår.
-Tsju!

Sulilu! seier Sunnanljosalv,
han susar i lauv og lyng.
blomar hev han i fløymde håret
og blæs på fløyte og syng.
-Tsju!

Sulilu seier Sunnanljosalv,
då er det godt å gjæta.
Då er det lognt under solvarm stein;
då vil mine lam seg kjæta.
-Tsju!

Sulilu! Å du sæle sommar
med sol i bakke og brot.
Då søv eg i lyngen mun beste blund
og vaknar utan gråt.
Tsju!

Arne Garborg.

snøføyke ved Hå gamle prestegård

Om nokon skulle lura, så er det denne gongen den godaste «Austanbergkall» som har «gitt sæg te sjå osse». Men me kan drøyma om dei tre siste versa og gle oss til det lir så langt.
Heidi

Søtaste gjesten

Svale februr 14

I dag har eg gleda meg heile dagen til å få besøk av vesle Svale. Sist eg såg han var han veldig mykje mindre, nå er han 2 1/2 månad gammal og ein aktiv og smilande baby. Ingenting er som å halda eit så lite menneske. Eg skulle gjerne hatt eit nyfødd barn alltid, men det er vel kanskje ein visdom i at det ikkje er slik det fungerer. Det var veldig koseleg å få besøk av han og Hilde som var heime på besøk i nabohuset.

Eg har leita i fleire dagar etter eventyr/ segn/ fablar med tilgjeving som motiv. Eg hadde bestemt meg for å ikkje finna det i bibelen, der veit eg det er mange slike forteljingar, etter lang og iherdig leiting har eg funne nokre, som eg vil bruka i morgon. Det blir spennande å sjå om det fenger barna. Eg er overraska over oppdaginga mi. Eg har aldri tenkt på det før, sjølv om eg i og for seg er utdanna eventyrforteljar og har lese og høyrt veldig mykje. I folkeeventyr og fablar får folk si «velfortente straff» i form av døden, rulling nedover bakkar i spikertønner, bli dradd mellom ville hestar eller djupe striper på ryggen strødde med salt… Det hender, som i Kvitebjørn Kong Valemon at ein må gjera noko heilt umogleg for å gjenoppretta tilliten etter at ein har gjort noko dumt, men blank tilgjeving er det lite av. Interessant.

Eg har til slutt funne nokre tekstar som kan brukast, eit maya-eventyr, eit afrikansk eventyr frå Sierra Leone og ein historie om ei kone som av vanvare jaga vekk katten sin og måtte ut og leita etter han. Sunniva kastar opp, stakkars ho har pådratt seg diverse i løpet av dei fire vekene ho har jobba i skule og SFO, etter kvart opparbeider ein eit utruleg immunforsvar, heldigvis. Eg blir aldri sjuk, kviskrar eg som eit mantra til meg sjølv, akkurat nå er eg bare litt trøytt…

Heidi

Sundag

vind i håret

Eg opphøya viss akkurat fredagar til høgdepunktet i veka, men sundagar er slett ikkje så verst dei heller. Det begynner på laurdagskvelden med tanken på at ein ikkje treng stå tidleg opp neste morgon. Akkurat det er ein av yndlingstankane mine, enten eg er ute i det store livet på eit eller anna kjekt, eller eg bare tek livet med stor ro, for eksempel på sofaen i loftstova med eit skråblikk på det som måtte interessera på fjernsynet eller i ei god bok.

loftsstova på skrå

Og så ta det veldig med ro om morgonen, for eksempel med ei god bok, ein biografi, kanskje, denne er eg heilt hekta på akkurat nå.

Jakobsandebok

Eg synest alltid det er så spennande å få kikka inn i nokon sitt liv. Eg kunne ha skrive svært mykje om livet til Jakob Sande, som eg er i ferd med å oppdatera meg på med stor interesse. I dag vil eg bare nemna at han lærde seg romani, språket til dei reisande, fordi han hadde venner blant taterane, og hadde planar om eingong å skriva eit større verk om dei. Han skreiv til og med dikt på eit slags romani.

eplekakehjarte

Etter frokost med min aller kjæraste, bakte eg eplekake medan eg høyrde på radiogudsteneste, og fleire veldig interessante radioprogram. Heia P2. Eg brukte litt tid på å finna ut om det var bryet verd å laga mønster med epleskivene… Det var kjekt å prøva det ut, men eigentleg trur eg ikkje nokon la merke til det før eg sa i frå at dei måtte sjå på ho før dei begynte å skjera.

Etterpå brukte eg tid på å førebu bønnevandring med sju postar til den økumeniske kveldsgudstenesta før det me hadde i nærleiken av hundar og vaksne ungar ramla inn til spaghettimiddag og eplekake.

Så var det rigging av bønestasjonar nede i kyrkja saman med Irene. Lovsongsteamet øvde mens me rigga til, og det var fint å halda på.

nattverd kveldsgudsteneste

Kyrkja var full av folk. Det var fint å vera der. Eg kjende den der udefinerbare kriblina eg av og til får i kroppen i møte med det heilage. Ein kjenner seg som ein del av noko større og dørene blir opna til eit rom me ikkje alltid veit om. Eg trur ikkje eg klarer å forklara det betre. Etter nattverd og lystenning får eg bera fram krukka med alle bønnelappane som blir skrivne. Dei blir borne fram til altaret og løfta opp til Gud. Det kjennest fint å flov til å gjera det. Bønene blir ikkje lesne av nokon, men eg trur det er fint for oss å få lov å skriva dei, leggja dei i ei krukke saman med mange andre bøner og sjå dei bli løfta fram for det heilage. Eg har tru på symbolhandlingar. For mange av oss rekk dei lenger enn orda… Og det skriv eg som er ein skikkeleg ord-hemul…

lystenning kveldsgudsteneste

Og så var det rydding, og så er det kveld. Eg trur eg har nemnt det allereie. Ei helg går jammen fort…

Heidi

Framleis mykje ver

svart fugl og grøn bølge. Hå gamle

Så heldige me er som har så mykje ver der me bur at me kan dra på spennande ver- og fotosafariar kvar einaste helg. Eg liker dette biletet veldig godt. Det er Leif som har teke det. Mine i-phone-fortografi blir litt småpuslete i forhold, så eg er heldig som har med meg eigen fotograf.

I dag bles det endå kraftigare enn sist helg, men det fauk ikkje fullt så mykje snå. Då be stoppa bilen for å fotografera ein stad langs riksvegen, var kasta så sterke at eg var nesten redd for at bilen skulle velta medan han stod der i vegkanten. Det var bare så vidt fotografen fekk til å opna bildøra då han skulle inn att-

Tre, skodde og snøføyk v Hå gamle

Nede ved Hå gamle prestegård var det heilt fantastisk. Sjøen stod isgrøn og kokande mot land. På grunn av frålansdvinden som framleis bles frå aust, blir bølgene kasta bakover av den kraftige motvinden, og det blir slik Arne Garborg så treffande beskreiv det, som galopperande hestar med flaksande man på full fart mot land.

sjøsprøyt og pålandsvind

Me hadde reist ned både for å kjenna på havet og for å sjå på ei utstilling. Eg anbefalar sterkt utstillinga til Elin Høyland «Tid til å vente.» Ho har over eit tidsrom fulgt bonden Edvard Bjelland som bur på garden Bjelland i Hå. Garden er driven på gamlemåten, og husa og det som er inni er omtrent som det var for femti år sidan. Edvard Bjelland er etterkvart ein veldig godt vaksen mann, utan livsarvingar. Garden med det gamle jærhuset er i forfall, sjølv om han jobbar hardt for å halda ting i orden. Utstillinga er eit rørande portrett av ein mann og garden hans.

svaner i reddedrev, Hå gamle

Nede ved sjøen bles det så kraftig at eg ei stund måtte ta av brillene fordi dei haldt på å fyka av ansiktet. Eg er usikker på om ein helst bør vera fødd og oppvaksen her for verkeleg å kjenna kor fantastisk flott det er å stå nede ved sjøen i det som må nærma seg liten storm og nesten streva med å halda seg oppreist. Det er noko fascinerande med synet, og noko frigjerande med å få så masse naturkrefter midt i ansiktet. Eg måtte opp med mobilen for å prøva å dokumentera korleis det var…

i vinden v hå gamle

Og slik ser det ut første februar på Jæren. Det litt spesielle her er at ved hjelp av masse vind så ligg det ein heil del snø i nokre parti medan det fem meter unna kan vera heilt snøfritt og forblåst. Eg kjenner at eg eller nokon andre skulle ha skrive ei vise om havet og vinden i ferbruar…

nesten rennedrev obrestad fyr

snøføyke ved Hå gamle prestegård

fuglar og grøn bølge Hå gamle 1.feb

Velkomen til jærs alle de som ikkje bur her. Eg ville ha unna dokker ein dag som denne, men veret er det aldri nokon som kan garantera for i dette hjørnet av verda…

Heidi

Tre små sjimpanser

image<a

Me gjekk i første klasse, eller kan det ha vore i andre. Ragnar retta opp handa. "Kan meg og Geir Rune få koma fram og syngja ein sang?" spør han. Det får dei lov til. Me hadde ein eigen stad i klasseromet me brukte når me fekk "koma fram og syngja ein sang". Me stod like ved døra når me song, der me spissa blyantane våre i ei grøn papirkorg. Dette er mange år før me begynte å kalla dei to for "Villmannen" eller "Vidlasen" og "Drengen", som dei seinare heitte i mange år. Det er før eg fekk mitt kallenamn og, det som alle gutane i klassen brukte, og som sikkert ingen andre enn meg hugsar lenger, og det er like greit. Kallenamnet mitt var ikkje stygt på nokon måte, bare litt rart.

Men nå var mealtså mykje mindre, og Ragnar er den av dei to som alltid kan alt teksten. Dei syng "Daktari- songen om "Daktariangen" om at "Daktari, Daktari må fly som en vind, Daktari, Daktari i jungelen inn, til dyra som ventar på dokteren sin…" Songen begynte slik: "Kom la oss leke Daktari, sa Kari til Mari, en dag de sku finne på no gøy, den sjuke katten til Walter, som mjauer og halter, den fant de i naboen sitt høy." Alle såg jo Daktari. Eg trur det var under ein daktariepisode eg hadde den gode opplevinga at eg klarte å lesa rulletekstane på fjernsynet før dei forsvann. Ein stor og sterk gut, som var litt skummel for oss små vart kalla Judy, og då måtte sjølsagt broren få namnet Totto. For dei av lesarane som ikkje såg norsk fjernsyn i 1968 må dette vera meiningslaust, men for oss, med ein kanal og dei same referansane, var dette sjølvsagt…

Ragnar kunne fleire songar. For eksempel den om "Tre små sjimpansar, Bingo og Bango og Bongo" som "bor i en landsby langt inni jungelen i Kongo". For oss som gjekk på sundagsskule i baptistkyrkja var jo Kongo mest som heime, me hadde då sett Liv Godin sine bilete der i frå der ho iført tropehjelm, eller var det ein stor stråhatt, dirigerte eit kongolesisk barnekor. Songen om sjimpansane hadde eit ganske dramatisk vers: "Bongo hørte også brølet fra en annen kant, han hoppet inn i øret på en kjempe-elefant…" På det punktet i songen lo alltid alle i klassen høgt. Det var langt mellom kjempe-elefantane på Ålgård, men visst såg me dei for oss.

Etterpå vil Ellen koma fram og synga ein song. Ho syng veldig fint, og vil synga ein ny song ho har lært: "Nede på stasjonen tidlig en morgen, står alle togene så fint på rad…" Så stoppar ho opp og ser fortvila ut. "Æg he glømt koss an æ vidare" seier ho. Ho prøver på ny etter oppfordring frå frøken, men stopper opp på same plassen. Frøken seier at ho hugsar sikkert songen ein annan dag, og at han høyrest fin ut og at ho gleder seg til å høyra. Slik blir det. Neste gong får me med heile songen.

Eg ville den gongen og gjerne vera der det skjer, og få mine to minutt i rampelyset. Derfor ber eg og om å få koma fram og synga. Kva eg song har eg gløymt, men eg må innrømma at eg med vaksen sjølvinnsikt grøssar litt ved tanken…

Det er merkeleg kva som sit som klistra i hjernen. Det er og skummelt å tenkja på kva eg sjølv i "barmhjertighetens glemsel" har gløymt som ein eller annan annan går rundt og hugsar… Eg ser framleis for meg ein koftekledd Per Martin som lagar svingar i lufta med armen slik me alla gjorde då me song "Jeg hører flydur, jeg hører flydur." Eg ser for meg at me sit under pulten og bankar i golvet medan me syng: "Nedi jord bak stein og grus, knakk, knakk her jeg sitter…"
Eg ser for meg Rita med kortklipte lyse krøller som syng:"Nærmere deg min Gud, nærmere deg," då me stod ved pulten og song morgonsalma. Eit av dei andre rare minna eg har er uttrykket i ansiktet til Steen då han stod i ungdomsmusikken i baptistkyrkja i kvit pologenser og song av full hals: "Disse sterke armer, skal bære meg, inn i himlens sal, inn i himlens sal…"

Minne er noko merkelege greier å bera med seg. Det må vera fælt å lida av hukommelsestap.

Heidi

Då Gud heldt fest

måke på strand

Ein ny fantastisk fredag er her, med gode timar til skriving. Eg har drøymejobben resten av veka og, men det er noko eige med fredagar. I dag hoppar eg over bokhyllealfabetet mitt, og let Jakob Sande koma til orde. Eg held på å lesa ein biografi om han, skriven av Ove Eide, og eg fekk så lyst til å dela eit av dei finaste dikta eg veit her på bloggen.

I diktet «Då Gud heldt fest i Fjaler», blandar han vestlandsnaturen og det bibelske på ein briljant måte, og ender opp i det nesten esjatologiske. Det minner meg litt om frodigheita til Petter Dass når dei halte lamme, stumme, stamme, grumme, gramme og grove kjem fram for å lova Gud saman med niser, torsk, skreien og tanteien. Det er eit langt dikt, men me unner oss såpass…

Då Gud heldt fest i Fjaler

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustkvelden du veit,
eg låg utmed stranda og pilka, den stunda då sola beit.
I vest stod ei diger kveldssol, og lutte mot himmelrand,
men det var ei jordisk kveldssol som skein på ei jordisk strand.

Det var som alt var omskapt, eg merka det litt i senn.
Eg var som Johannes på Patmos, Patmos i bibelen.
former og fargar skifte på strender og firmament,
det som var kjent, vart ukjent, og det som var ukjend vart kjent.

Eg såg meg ikring forbina, og vende meg først mot aust,
der tempel i mot meg lyste istaden for gamle naust,
Og høgt over spir og kuplar slo regnbogen opp sin krans
mot veldige, ville snøfjell, lauga i måneglans.

Då såg eg kometen kome, han kom som ein storm i frå sør,
og drog over himmelvelven sitt blodraude ris av glør.
Velsigna og høgt forbanna han sigla sin kurs mot nord,
til berre ein gyllen avglans låg att over fjell og fjors.

Fargen i sjøen skifte frå blodraud til silkeblå,
og småisk kring ripa leika med gylte kruner på.
Bottenpå femti famnar låg som eit eventyr
med skimt gjennom myrk korallskog av storfisk og fabeldyr.

Fjøra med fugleivet og skogen i lia der
låg omskapt for augo mine, og kom meg med eitt så nær.
I staden for tjeld og hegre steig ibis og pelikan,
og palmer og seder susa der før det stod bjørk og gran.

Då var det eg høyrde songen frå slippen på Salbu strand,
og ut gjennom stengde portar kom syndarar hand i hand.
med hammar og tong dei helsa eitkvart som dei såg i sky,
eg trur at dei såg mot staden, Jerusalem, Herrens by.

Eg skal ikkje gløyma den kvelden, det var ein augustikveld,
vårherre heldt fest for folket i Fjaler prestegjeld,
-Bergens stift, som det heitte, Ytre Sunnfjorf provsti,
Gud unne oss alle nåden, når timen vår er forbi.

Jacob Sande

Så får eg for min del siga vidare i nåden og få gjort litt andre ting medan det framleis er fredag…

Heidi