Gå til innhald

Definisjon: Irrasjonell

Det heitte Sunniva sitt stykke om kjærleik, og fem ungdomar sitt forhold til kjærleiken og til kvarandre. Det vart uroppførd i går i høghuset og eg både lo og gråt ein skvett fordi det var rart å sitja der og på ein måte vera mormor til eit teaterstykke. Fem ungdomar frå Sunniva si teatergruppe framførde det, to av dei er eit par av bestevenninnene hennar. Sjølv sat ho spent og varm i kinna på første rad for å sjå på. Etterpå fekk ho masse blomar og godord og strålte som ei sol, og eg unde henne det veldig. Det vart ei sterk oppleving. I kveld skal ho sjølv på scenen og spela i eit ganske alvorleg stykke om sjølvskading. Sjølvsagt skal eg vera på plass då og. Det er litt kjekt at døtrene min deler mi interesse for teater. Hadde dei vore fødde med store handballtalent, hadde eg sikkert ikkje klart å ta vare på talenta og oppmuntra dei på den måten eg helst burde.

Etter forestillinga reiste me, eg og syster, Ingrid og Oddvar 17 etasjar rett opp med heisen for å gå på konsert i restauranten. Det var Ska-boom som spelte. Det er ei gruppe der to av Sunniva sine nære venner er med. Det vart og ei stor oppleving. Det var musikk til å bli i godt humør av med ein leiken trompet på toppen av den andre musikken. Dei lagar musikken og skriv tekstane sjølv i tillegg til å vera veldig dyktige musikarar. Det var skikkeleg imponerande. Mannen på trompet spelte forresten ein av dei fem ungdomane i Sunniva sitt stykke ein time tidlegare. Det var rett og slett sol ute etter det utruleg hustrige veret 17.mai, og med panoramautsikt over Jæren var det heilt fantastisk å sitja der og sjå landskapet vårt bada i sol. til slutt vart me sitjande og sjå sola gå ned i havet der ute, medan Alveland teikna seg tydeleg i horisonten med sjøar, gullslott og snødekte fjell. Når veret endeleg blir bortimot fint og me har venta så lenge på å sjå sola, blir inntrykka veldig sterke.

Då Sunniva kom heim litt utpå natta, strålande glad med armane fulle av blomar, hadde eg laga klar det tradisjonelle presangbordet til henne. Ved midnatt glei me nemleg over i nittenårsdagen hennar. Ho valde å la presangane ligga der til neste morgon slik tradisjonen tilseier, og eg hjalp henne å snitta alle rosene og setja dei i vasar. Me har hatt gebursdagslunsj med tacos og med jordbær og sjokoladepudding, og alt eg skulle ha gjort denne helga får venta til i morgon. Nå blir det først to forestillingar, og etterpå blir det kanskje to konsertar.

Heidi

 

Det året me fraus på 17. mai

Eg vakna natt til 17.mai av at eg var iskald. Det ende med at eg lukka det opne vindauget, sjølv om eg søv med ope vindauge sjølv i dei kaldaste vintermorgonane. Tidleg på morgonen vakna eg på ny av skulekorpsmusikk i gatene, og gjekk ut og festa det store norske varandaflagget vår som første mann i gata. Eg fekk og laga ein i-siste–17.mai-bukett av blomar frå hagen, raude tulipanar, blå scylla og ein kvist frå kirsebærtreet, og rakk å dynka bløtkaka med  appelsinbrus, fylla ho med jordbær og krem og pynta med blå blåbær og raude jordbær i den kvite kremen. Så var det å kle på seg for å vinka til førsteklassingane mine i 17.-maitoget.  Eg kan ikkje hugsa å ha kledd meg så varmt nokon 17.-mai, med ullstrømpebukse, høge støvlettar, med skjerf og regncape over den grøne kjolen. Likevel fraus eg så eg nesten hakka tenner medan eg stod og venta på toget. Ungane var stort sett kledde i bunadar og finklede, sikkert med rikeleg av ullundertøy under, bare eit fåtall hadde teke konsekvensen av veret og kom i full regnhyre med 17.-maisløyfe og gummistøvlar. Likevel var det fint å stå der og prata med dei eg tilfeldigvis møtte av kjentfolk.

Vel heime var det varm kaffi og ullpledd på sofaen med ein sveip innom NRK for å sjå litt på feiringa i resten av landet. Eg spurde om mor og far ville eta bløtkake med oss, og det ville dei. Då syster lurte på kva me hadde for program, inviterte me dei og. Ingrid bakte ei sjokoladekake i full fart og vaffelrøre vart rørt i saman. Sende ei melding til bror og sånn etterkvart, men dei hadde andre planar. Me var einige om at me eigentleg hadde vore nok ute og skrudde panelomnane på fullt. Varmen fekk eg ikkje i meg før me langt utpå kvelden hamna i den varme stova til Arne og Hilde. Dei hadde teke konsekvensen av det heile og fyrt godt i peisen. Men ein riktig hyggeleg 17.-mai vart det likevel, med døtre, mor og syster i sofaen, og ullpledd til disposisjon der og. Ingrid hadde sydd 17.-maidress til Oscar av to skjorter som var for små, og han spratt svært så fornøgd omkring. Då eg seinare høyrde nokon fortelja at på 17.mai var det to gradar kaldare enn på julafta, sju gradar på julafta og 7 på 17.mai, ja då trudde eg på dei.

Eit par flyttelass bort til Odd Christian vart det og. Han var så glad for å endeleg vera i eige husvere at han ikkje lot seg lokka heim til mor sine kakaer. Om kvelden hadde eg lova å lesa dikt på nasjonalfest på Klepp Rådhus der eg var i selskap av ordførar, rådmann, musikarar og ikkje minst operasongar Berit Mæland, som eg faktisk hugsar som ungdom i ungkyrkja då me kom til Bryne for 26 år sidan. Eg elskar å høyra henne synga, så det vart nasjonaldag med store bokstavar til slutt etter ei svært så roleg sofafeiring tidlegare på dagen. Det var ikkje fritt for at eg følte meg litt som spurv i tranedans då eg skulle fram og lesa etter ein feiande avdeling av Berit med Beth Iren Byberg ved klaveret, men det gjekk bra. Eg trur eg hadde den kjensla som på godt norsk heiter «hoppa etter Wirkola» då eg entra talarstolen for å lesa dikt om vår og samhald. Her er ein av tekstane eg las:

I veka før kirsebærtreet

dryssar kronblad

som kvit snø

over det grøne graset

skal eg bare stå der,

roleg ventande

under kvitbroderte greiner

stå der og kikka opp

på kvite kokosbolleskyer

mot bleikblå himmel.

Bare stå der

og tenkja ut

lange kjærleiksbrev til Gud.

 

Heidi

 

Sekstande mai

Ei lita førsteklassehand i mi. Han snakkar om syttande mai og vil gjerne at me skal øva oss på at ein av oss ropar hipp-hipp og den andre hurra. Me kjem til ein flokk elevar som øver på å gå i syttandemaitog, skulekorpset spelar og ein barnehage med heimelaga syttandemaipynt kjem marsjerande for å øva dei og. Igjen får eg denne merkelege rennande-auge-refleksen, eg er viss i ferd med å utvikla ein ekstrem grad av sentimentalitet, det ser ut til å bli verre med åra. Det har regna heile dagen, og det er ganske kaldt ute. Ein positivbieffekt er at me får nyta bløminga av både tulipanar og kirsebærtre i langdrag. Nokre år er det så varmt at bløminga eksploderer og tek slutt før ein får tenkt seg om.

I heimen er det ein spesiell dag. Odd Christian sin leilegheit er innflytningsklar, så han og faren og systera har vore på handel og kjøpt sofa og spisebord og brukt resten av dagen til flytting. Eg får ta ein tur bort i morgon, det blir spennande. Nå har han jo flytta ut mange gonger, og denne gongen blir det ikkje lenger borte enn at ein kan sykla bort på under eit kvarter, så den store sorga vil nok ikkje overmanna meg i denne omgangen. Det er likevel rart at nå minkar det på oss i heimen. Fram til oktober budde me sju personar, ein hund ein katt og ein undulat her i huset. Når Sunniva reiser i august blir det bare tre av oss tilbake pluss katten. Eg har vel ei kjensle av at undulaten og kjem til å bli buande sjølv om han er Sunniva sin…

Sunniva er russ, og nå har eg nesten, men bare nesten vent meg til å ha russ i huset utan å få alt for mange katastrofetankar om kva som kan skje i russetida. Det som er skikkeleg spennande er at teaterstykket hennar «Definisjon irrasjonell» skal spelast på høghuset lørdag kveld. Det blir spennande å få sett det i levande live. Ho fekk omtale i lokalavisa i dag, og det er alltid litt stas. Nå har eg brukt ettermiddagen på å vaska og rydda, så ein del av romma ser ganske strigla ut sjølv om huset ber preg av at nokon flyttar ut i dag. I omnen har eg eit sukkerbrød som skal bli syttandemaibløtkake med kvit krem, raude jordbær og blå bllåbær på toppen. Litt feiring får me unna oss sjølv om det blir ein ganske tilbakelent nasjonaldag. Eg skal nå ut og vinka til elevane mine som skal gå i syttandemaitog, og om kvelden skal eg på ei tilstelning og lesa dikt eg har skrive. Kjenner på lukta at eg bør gå ut og sjekka om kaka er i ferd med å bli svidd… Så får eg som alle andre gode nordmenn kryssa fingrane for litt mindre regn og litt fleire plussgrader i morgon.

Heidi

Dæ kjæme enn dag i mårå

du må tru å håba at i mårå

blir dæ sol.

Ja tenk nå litt på i mårå,

du ska ikkje grina meir i mårå,

dæ blir sol,

så om dagen i dag æ veldig domme,

så sett opp et smil, dæ fins kje tvil…

for solå går opp i mårå,

du ska ikkje grina meir i mårå,

dæ blir sol.

I mårå, i mårå, den dagen æg elske, æ bara enn dag frå nå…

I dag har me øvd tre timar på «Annie», for her er det ikkje snakk om å kvila på laurbær etter å ha halt i land ei Roald Dahl- forestilling i sist veke. Det er ein intens og kjekk fase når premieren er rett rundt svingen. Dessverre mista hr Warbuck lyst og motivasjon til stykket for tre veker sidan, men me har fått flinke, flotte Sondre til å steppa inn på kort varsel, så det skal bli så bra så. Helene synger fletta av publikum som ei utruleg sjarmerande Annie, og Rakel som frøken Hannigan er omtrent den råaste varianten eg har sett av den dama. At nokon hadde gløymt at det var tre gonger så lang øving som normalt i dag, og at nokon hadde mista manuskriptet og dermed ikkje fått øvd, er slikt ein får ta med på kjøpet. Om seksten dagar er me klare håper eg. Barneheimsbarna song så eg vart omtrent tårøygd på:

Dæ æ grævla hardt for oss,
Dæ æ grævla hardt for oss.
Me får skjenn
og me blir slått.
Ingen kyss,
å alre godt,

Dæ æ grævla hardt
Ingen så æ greie, nei
Dæ æ grævla hardt for oss.

Skitne lagen,
sonne klær
lide mad dæ
får me hær,
Dæ æ æ grævla hardt.

Kjenne du på den kalde fæle trekken?
Kjenne du kor mørkt å trist der æ?
Du står å skure på den same skitne flekken,
di slår dæg viss du ikkje gjære dæ…

Ingen trøst når du he hatt vonde drømma
Ingen bryr sæg viss du grine kvær enn kveld.
Du står å håba at du konne rømma.

Men du kan ikkje og blir hær ligavel.

Åååååå
Tomt i magen liv
Råde stinkeliv
Alltid triste liv
Ingen framtid liv

Nissen ser me alre hær.
Julanissen ken æ dæ?
Ingen gjer vel dæg enn klem
Når du bur på barnahjem.
Dæ æ grævla hardt.

(Hermar etter miss Hannigan)

Du blir oppe te dette golvet skine
Slig så toppen på Chryslerbygningen

Bare mas, og mas igjen,
Ingen klemma bare skjenn
Snart så får me pryl igjen
Æg elske dæg, miss Hannigan

Dæ æ grævla hardt, for oss,
Dæ æ grævla hardt for oss,
Ingen gjer vel dæg enn klem
når du bur på barnahjem
Dæ æ grævla hardt,
Dæ æ grævla hardt,
Dæ æ grævla hardt.

Om nokon skulle lura på om dei får sett denne forestillinga, så har dei ein sjanse den 31. mai klokka 18.30.

Og etter end skuledag, steikte kongereker på kinarestauranten og tre timar teaterøving går mor heim med ullstrømpebukse under dongeribuksa, med vinterkåpe, skjerf og støvlettar, og synest i grunnen at maisola varmar ganske godt når ein kjenner etter. Eg har klart å spa fram vasken og kjøkkenbenken og å setja over ein oppvaskmaskin og handvaska to bunadskjorter. I morgon er det ein øvefri dag med sjanse til å henta inn resten.

Heidi

Månen sin dag

Eller måndag som det heiter på moderne språk. Dagen har vore fullpakka av det å vera menneske. Eg har vore i minutta og sekunda. Dei fleste har vore gode. Saman med ein kollega har eg ledd av ting som kanskje ikkje først og fremst er noko å le av, men det er få ting det er så mykje berekraft i som humor. Humor og barn er noko av det som løftar ein viljesterkt, trassig, utolmodig og livsbejaande mot høgare himlar.

Eg har forresten noko å tilstå. I kortimen i dag fann eg til mi overrasking meg sjølv med rennande auge. Eg ser ikkje på meg sjølv som spesielt nasjonalistisk eller spesielt sentimental. Likevel vart plutseleg kombinasjonen av 115 syngande barn i seks- til åtteårsalderen, Norge i rødt hvitt og blått, Ja vi elsker og alle dei nyutsprungne grøne trea i meste laget for meg. Eg tørka tårene i smug og håpa at ingen la merke til dei…

Til middag steikte me currywursten frå Korshavn og åt han med sennep og gratinert blomkål. Etterpå vart det tid til nesten fem timar med islam, jødedom og kyrkjehistorie heime hos Ingrid. I morgon opnar eksamensporten seg. Måtte oppgåvene vera henne vennlege. Uansett så har ho lært mykje og det har eg og, sjølv om dette er ting eg sjølv har studert for snart tretti år sidan og interessert meg for i all ettertid, så er det mykje eg kunne frå før og framleis mykje eg ikkje kan. Men det å smugstudera saman med barna mine er noko eg trivst godt med. Plasser meg på ein sofa med ei lærebok og ei dotter, så har eg det bra.

Vekene framover blir travle, men nå skal eg plukka ned ball etter ball av alle dei eg i livsglede og overmot har kasta opp i lufta. Til nå har det gått bra, så eg skal nok klara å ta hys… Ein månad til med intens jobbing så blir det ein lang sommarferie nesten heilt utan krav og fastlagde gjerningar. Eg ser fram til det, men i mellomtida skal eg nyta alle dei fargerike ballane eg har teke ansvar for å gjera noko med.

Det regnar framleis, og eg skal unna meg ein tidleg kveld…

Heidi

I alle nyansar av grønt

har trea sprunge ut. Saman med dei kvite frukttrea og dei veldig rosa japanske kirsebærtrea, gjer det stort inntrykkpå eit menneske som heilt til ganske nyleg har levd med nakne svarte vintertre og gråbleike vårfargar. Eg er heime att etter ein fantastisk tur til Lyngdal/Farsund- området saman med kjærasten min og fire andre gode venner. Eg har til og med rukke å lesa etikk med Ingrid i tre timar etter at eg kom heim. Nå sit eg her med ein kosesjuk katt som ikkje har sett meg på to døgn og som insisterer på å dytta borti handleddet mitt med snuten sin for å få meg til å klappa i staden for å skriva, og dersom eg ikkje tek hintet,plasserer ho både ein og to potar på tastaturet mitt slik at eg må viska vekk og begynna setningen på ny.

Ute regnar det tungt og heftig, men i helga har me sett mykje sol. Me har ete nydeleg mat, hatt lange frokostar og middagar, gått fine turar og ført lnge samtalar. Heilt nydeleg har det vore, og frå tidlegare tiders spartanske turar med tilsaman ein stor flokk ungar på omtrent same alder, er me nå seks vaksne som hadde leigd oss ei hytte med hotellstandard der me ikkje trong å vaska ut etter oss. Meir bortskjemde er me ikkje enn at det kjendes som skikkeleg luksus.

I dag, etter å ha pakka bagasjen vår i bilane, drog me til Korshavn, ein skikkeleg sørlandsidyll med brygge, fiskebåtar og strandpromenade mellom små kvitmalte sørlandshus. Turen vart avslutta på brygga der eit tysk ektepar driv kafé, det er sikkert eit populært tiltak blant dei stire mengdane tyske mannfolk som er i området for å oppleva Norwegen kombinert med havfiske. Me sette oss ned der for ein siste prat og ein kopp kaffi før vegane våre skulle skiljast. Kaffi og nysteikte pannekaker med tre typar syltetøy smakte utruleg godt. Etterpå fekk me smaksprøvar av heimelaga tyske pølser, og reiste alle heim med pakkar med bratwurst og currywurst tilvirka på tysk maner i Korshavn. På veg heim høyrde me noveller av Marit Tusvik på radio lesne av Henriette Stensrud. Veldig fint. Nå bør det bli ein tidleg kveld før ei ny og intens veke.

Heidi

 

 

 

Ein rapport frå mitt sterkt møblerte liv…

Kulturkomite og kreativ gruppe på onsdagskvelden. Eg malte mitt eige personlege ikon med perleport, gulldropar og ei kvinne med opne auge. I går var det full fart fram til premieren på Roald Dahl- stykket vårt. Det gjekk så godt som me bare kunne håpa på. Heksene klødde sine bare issar under parykkane, bestemora til Georg oppførte seg utspekulert forferdeleg, frøken Trunchbull pumpa jern og sykla på trimsykkelen sin, dei fire besteforeldra til Charlie sat godt innpakka i den felles senga si, bare bestefar Joe våga seg ned på golvet med stav og stripete kort jumpuit-pyjamas, medan fru Dust blanda levande meitemark i spaghettien til hr Dust. I dag har me hatt skuleforestillingar, ledd, bearbeida sceneskrekk, varma spaghetti til dustane, halde velkomsttalar til elevane som kom for å sjå, og venta tålmodig på at den eine forestillinga skulle kunna begynna, for plutseleg var heile lydanlegget kopla ut på grunn av ei oppdatering av nettet, men visst kom me i gang like før panikken tok publikum og lydmann.

Nå har eg prøvd å dempa symptoma på eit heilt overslept hus, god og utlada som ein er etter intense teaterprosjekt, men mest tid i ettermiddag har eg brukt på å lesa kyrkjehistoriemedngrid; kristninga av Europa, Hildegard av Bingen, Birgitta av Vadstena, korstoga, inkvisisjonen og reformasjonen med spesiell vekt på Martin Luther. Og så var det det huset ja, og så var det pakking som eg snart må utføra. Så snart kjærasten min kjem heim frå Trondheim om ein times tid, set me oss i bilen og kjører i eit par timar for å dra på hyttetur med gode venner. Ute regnar det, men dei lovar opphaldsver og kald vind i morgon. Pakka var det ja… Og ja, så har eg skrive dette i full fart utan briller, det medfører ofte stavefeil fordi eg ser så dårleg, men dei får bare stå til eg har tid til å retta dei opp… God helg, alle saman…

Heidi

 

Dei melder opphaldsver på yr

og det er bra, for i morgon er det onsdag og utedag. Veret har vore kaldt i det siste med både snø og hagl i lufta. I dag var det litt sludd i stormkasta og regnet hølja ned midt på dagen. Nå er det jo slik i Norge at ingenting heiter dårleg ver, det heiter bare dårlege klede, og få investeringar har eg sett større pris på enn den vatterte skibuksa og regnkleda med plass til skigensar og fleire lag ull under. Dei har vore i flittig bruk heile skuleåret, og kanskje kan eg avrunda sesongen nå når me passerer midten av mai? Dagen hhar vore særs møblert med jobb der eg hadde med ein observatør møte, og  tre timars generalprøve på stykket me skal ha premiere på på torsdag, ein Roald Dahl- kavalkade med glimt av «Dustene», «Heksene», «Mathilda», «Charlie og sjokoladefabrikken» og «Georgs magiske medisin». Ein del av karakterane til Roal Dahl er noko av det mest vondskapsfulle som tenkjast kan… Det er dei eldste dramaelevane som skal ha forestilling, og stort sett klarte dei seg bra, men dette er eit veldig nervepirrande stadium i prosessen. Det går nemleg alltid opp for oss vaksne kor dårleg tid me har ei vekes tid før det går opp for ungane…

Eg har funne ryggsekken eg har leita etter ei veke, og konstaterer at eg har litt for mykje å tenkja på, det er eit typisk signal på akkurat det når eg rotar vekk ting slik eg gjer nå. Lettare overbelasta harddisk, men i morgon blir det ein rolegare dag, trur eg… Nå skal eg vera eit usedvanleg fornuftig menneske og leggja meg tidleg.

Heidi

I fullaste farten

Eg et cottagecheese med epleog vaniljekesam. Katten ligg på skrivebordet og slikkar framlabbane sine. Dagen har vore fullpakka, eg og Ingrid klarte snika oss til litt kyrkjehistorie, mellom anna om Simon som levde på søyla si i 30 år. Kan det verkeleg ha vore så lenge, eller hugsar eg feil. Der budde han på ein liten plattform der han konsentrerte seg om å meditera og å be til Gud, og mat fekk han heist opp til seg ein gong i veka. Folk kom til han i ørkenen for å få gode råd. Nei, eg ynskjer meg ikkje ei søyle, men litt meir tid til meditasjon og ettertanke hadde sikkert ikkje vore så dumt.

I kveld har eg gjort noko fint. Eg har møtt fem andre damer for å vera saman eit par timar til samtale stillhet og bønn. Det rare er at det kjennest litt rart å skriva det om bønn. Vil då folk tru eg er ein slags rar verkelegheitsfjern fanatikar. Eg konstaterer at mange hadde kanskje heva augebryna mindre om eg hadde skrive at eg hadde vore i meditasjonsgruppe eventuelt på yogatime. Me er litt merkelege me menneske. Men nå tenkte eg eg skulle prøva å laga ein plakat til Roald Dahl forestillinga. Til rors Columbus.

Heidi

Macar, skytsenglar og diverse former for feiring.

I meir enn to døgn kom eg ikkje inn på bloggen. Eg trudde andedrakt låg nede, men så såg eg at eg fekk kommentarar. Det viste seg at macen min var overbelasta og trong ein restart. Eller kanskje skytsengelen min såg at eg ikkje hadde tid til å skriva, men var sta nok til å bruka nettene når eg hadde bestemt meg for daglege tekstar, og stengde tilgangen. Det hadde jo vore ein søt tanke då…

Nå er eg stuptrøytt etter ei travel helg med femtiårsfeiring av Gunn med mange kreative og handlekraftige damer med og utan hatt, og i dag har me vore i konfirmasjonen til søte Tonje. I går strauk eg bunadskjorter, pussa sølv, bakte konfirmasjonskake og skreiv song og tale. Det har vore ei god helg, og kanskje eg skriv meir om dette etterkvart, men nå er det på tide å skaffa seg litt søvn. Eg reknar med å koma sterkare tilbake.

Heidi