Gå til innhald

Kunst på biblioteket

Me har eit fantastisk bibliotek. I dag har me flytta litt på reolar og laga oss eit lite rom med stolar, prosjektor, storskjerm, PC og kart på veggane. Der har eg sitte og teke i mot skuleklassar for å fortelja dei om Flintoe og Munthe som reiste omkring i dei norske fjella på 1800-talet for å mala bilete og teikna kart. Midt i forestillinga ein plass får dei lov til å kikka i kosmoramakassane, og det er like kjekt kvar gong eg merkar at dei blir veldig stille og konsentrerte når eg fortel dei historia om den store fuglen på Stetind som tok sauer og lam frå folk, og ein av mennene sydde seg inn i saueskinn i håp om å bli teken av fuglen og koma opp i reiret for å få øydelagd det. På biblioteket er det ei eigenarta stemning mellom bokreolane, studentar sit rundt omkring ved borda og les til eksamen, ungar koser seg i leikekroken, og det luktar herleg frå matlaginga på den franske restauranten.

I kveld har me hatt ei open forestilling der elevar frå kulturskulen utfylde kunstformidlinga med musikk, song og opplesing. I morgon skal eg ha tre nye skuleklassar før me sender utstillinga vidare. Så langt trur eg det har vore veldig vellukka. Nå føler eg at eg plutseleg har fått ein fridag fordi klokka er ni og eg ikkje har meir eg må gjera i kveld. Nå skal eg laga meg litt kveldsmat og bare kosa meg.

Heidi

Hestablomma, sauablomma, løvetann

I dag hadde me utedag slik me alltid har på onsdagar. Me er verkeleg ikkje bortskjemde når det gjeld å få fint ver på utedagane, så denne vart for oss ein heilt fantastisk dag bada i sol. Ungane sprang yre på joggesko i staden for cherrox og gummistøvlar og kom seg både høgt og langt på raske føter. Dei kom lukkelege med store mengdar av det ein kan kalla hestablomma, sauablomma eller løvetann alt etter kva kan av landet dei kjem frå. Den språklege grensa mellom hestablomma og sauablomma går vel ei mil frå her, men eg veit ikkje om ungar kallar det det lenger. Kanskje dei nå går for det meir lærebokaktige løvetann? I alle fall så sprang dei lukkelegaste jentene rundt med lysande gule kransar i håret, det var dei me rekk å plukka før området var kjemisk rensa for løvetenner med lange nok stilkar til å binda kransar av… Glade ungar og glade vaksne oppdaga at det faktisk er mykje koselegare å eta skulematen ute når det ikkje regnar. Nå trong me ikkje berekna kaffien på termosen ekstra sterk for å nøytralisera alt regnvatnet som kom til å blanda seg oppi…

Eg nådde så vidt heim tids nok til å eta ei lammekotelett i handa før me skulle på salsakurs for å automatisera «Dit le que non», og øva inn høgresvingar. Vel heime var det meir religionslesing saman med Ingrid. Me har jobba oss gjennom evangelia, apostelgjerningane og Johannes openbaring, og har nå til saman vore på ei ti timars reise gjennom læreboka i bibelfag. Veldig interessant. Kanskje eg burde gått opp til eksamen eg og, men teknisk sett har eg vel i grunnen den eksamenen sjølv og, eg studerte kristendom eitt år på MF då eg var eit par år eldre enn Ingrid er nå. Ho himla forresten litt med auga då det gjekk opp for ho at eg i si tid la meg til nesten nøyaktig den same fagkrinsen som ho er i ferd med å opparbeida seg nå. Me er jo ikkje så like, liksom…

Nå er det tida for å avslutta dagen. I morgon blir det kunstformidling både på dagtid og kveldstid, og om to dagar er det på tide å sende nasjonalmuseet sine kosmoramakassar vidare til neste mann på lista.

Heidi

Med smak av sommar

Med smak av sommar kom den første dagen i mai. Det gjer godt for slike som oss som har hatt på seg regntøy så godt som kvar einaste utedag i første klasse heile skuleåret, og som heilt til denne veka har hatt ullskjerf, ullgenser og ullstrømpebukse under ytterkleda. Det er gjerne slik at plutseleg og utan førevarsel går det frå vintertemperatur til sommar, og tulipanane i bedet har gått frå knoppar til vidopne blomar på sånn omtrent ein einaste dag.

Ingrid og eg tok med oss Oscar ned til stranda. Skodda låg tjukk ute ved horisonten, men inne på stranda var det sol og klar himmel, det var lukt av salt sjå og eit streif av rå havskodde. Mange hadde tydelegvis hatt dei same tankane i føremiddag for i løpet av den timen me gjekk tur der nede strøymde det på med menneske med nistekorger, grillar og turklede.

Etter turen tok me ein tur opp til mor og far der solkroken på terrassen var heilt vidunderleg. Me åt egg og bacon og fotograferte Oscar som leika i graset. Det er fint å vera der, det blir ikkje så ofte. Flagget deira vaia fint frå verandaen og var det næraste eg kom til politisk første mai feiring i dag. Og så bar det heim til eigen soloppvarma terrasse der eg og Ingrid gjorde eit djupdykk i profetane, dei poetiske skriftene og evangelia. Det er eit vanvittig stort pensum ho skal beherska til eksamen, men samtidig er det kjekt å jobba saman med desse tinga.

Hukommelse er nokre rare greier. I to dagar har eg leita etter nokre viktige papir, eg har endevend papirbunker, vesker, permar og hyller. I går var eg ein tur på jobben og leitte, og i kveld sykla eg halvdesperat ned att. Eg leitte gjennom permar og pairbunker, så plutseleg hugsa eg heilt klart kor eg hadde lagt dei heime: ein usannsynleg plass på soverommet der eg aldri legg slike ting, men der og då var eg så trøytt at eg ikkje orka leggja dei på plass… Så sykla eg letta heim att og fann dei akkurat der eg hugsa at dei låg… Så kunneeg endeleg gjera jobben og bli ferdig. Herleg. Men ikkje spør meg korfor eg brukte halvanna døgn på å koma på det… Eg vil kanskje ikkje vita svaret…

Heidi

Ein halvtime att av april

Eg har hatt fri og handla fire nye bukser fordi eg hadde slite hol i alle eg hadde. Eg har ikkje vore i kleshandlemodus på lenge, men i dag måtte det til. Så har eg kjøpt ein himmelblå topp med kvite prikkar som er ein forsmak på sommarhimmelen. Snart er det mai-månad, og eg har tenkt meg i gang med det store dokumentera-mai-månad-prosjektet med skriving kvar dag… Me får sjå koss det går.

På fredag feira eg 40-årsdagen til ein venn av meg. Me har kjend einannan i fjorten år, og på trass av aldersforskjell og mange andre forskjellar, så har eg mest alle desse åra rekna han som ein nær venn. Han fekk eit skikkeleg surprise-selskap, og eg trur det vart ei god oppleving når det første sjokket hadde lagt seg. Han har ei veldig søt kone som trakk i trådane og som hadde klart å halda det hemmeleg. Det slår meg nok ein gong med kor fort tid går, og korleis liv kryssar andre liv i tilsynelatande tilfeldige mønster. Menneske møter menneske, og slår følge med dei på vegen, kort eller langt. Eg er djupt fascinert av menneske og samspelet mellom menneske. Mange snakkar om det vonde og det med rette. Likevel synest eg me skal gje fokus på det gode og av og til, dette at menneske møtest, støtter einannan, tek vare på einannan og lærer av einannan. For det er på mange måtar mest av det gode. Ein burde la seg overraska og overrumpla over det gode, ikkje bare av og til, men dagleg. Av og til ser me oss blinde på kvardagslivet og gløymer å oppdaga at det goe finst.

Eg har drive kunstformidling og kost meg veldig med det. I dag har eg og Guri montert utstillinga på biblioteket her, og eg og Jan Ivar har funne fram kostyme til Roald Dahl- forestillinga i neste veke. Det vart og tid til ein hyggeleg lunsj med Signe som ikkje bur her lenger. Eg og Jan Ivar, Signe og Thorbjørg sat på den franske restauranten på biblioteket i ein time og halvanna og lo så tårene trilla av ting som hende før då Signe budde her.  Eg åt deilig salat med røykelaks, som eg kan anbefala til dei som måtte koma forbi.

Ein lærer stadig nye ting av å ha vaksne ungar, i alle fall får ein oppdatert det ein kan. I går jobba eg med teaterhistorie saman med Sunniva, før eg og ho fordjupa oss i europeisk historie frå mellomkrigstida fram til nå, noko ho hadde prøve i i dag. I kveld har eg og Ingrid sitte i tre timar og lese om gamle-testamentet. Ho studerer religion dette halvåret og skal snart ha ein stor eksamen. Sidan eg sjølv har studert religion, kjenner eg til det meste frå før, men det er ikkje alt eg hugsar like godt må eg innrømma. Der rare er at eg verkeleg kosar meg med å lesa historie til eksamenartium eller religion på universitetsnivå saman med ungane mine. Før jul las eg religionsvitenskap saman med Odd Christian, og det og var kjempespennande, sjølv om me begge gjekk oss litt vill i hinduismen og oppdaga at å få oversikt over alt som rører seg der må vera så godt som umogleg. I morgon er det ny fridag. Det blir smått med å svinga raude faner, er eg redd, men litt radiofeiring av arbeidardagen kan det vel bli. Elles så står skriving og meir religionslesing på timeplanen. Og så det å begynna på årets mai-blogg, då…  Nå luktar det nysteikt lågkarbobrød i heimen. Eg får gå og berga det ut av steikeomnen.

Heidi

Tango, kunst og skriving

I dag var det rett og slett eit velsigna menneske som etterlyste ny tekst, og då fekk eg lyst til å skriva… Det er ikkje det at det står på lysta, men det livet mitt har vore ein smule overmøblert i det siste. Likevel hadde eg ein slags intensjon om å skriva kvar dag i mai slik eg har brukt å gjera. Me får sjå, den tid den utfordring.

Dei som kjenner meg herfrå, eller frå sjølve livet, veit at kjærasten min er eit ivrig og engasjert menneske, når han interesserer seg for noko så gjer han det fullt og heilt. Dei siste åra har ei av hovudniteressene heitt dans med fokus på salsa. Visst har eg litt halvhjerta prøvd å fylgja opp… Eg har vore på eit par korte salsakurs utan å ha blitt smitta av den heilt store lidenskapen, i tillegg har eg vore på eit par swingkurs, eit kurs i bugg, eit helgekurs i baccata, og i fjor var me på tangokurs. Tango har eg likt best av dansekursa, men dette var ein relativt folkeleg variant som har lite med ballroomtango å gjera. Me høyrde om nokre venner som hadde gått på kurs i argentinsk tango, og likte det godt. Kjærasten min sjekka derfor opp kva moglegheiter det varfor slike kurs. Me fekk vita at det ikkje var fleire i vår, men me var velkomne til å koma og kikka på tangogruppa som skulle ha sundagsdans i går klokka eitt i «Folken», som eg alltid har uttalt med same tonelagstrykk som i «folket», men Sunniva, som etterkvart har større befatning med utelivet inne i storbyen enn meg, lærte meg at det skal uttalast med same tonelag som ordet «månen». I lokalet hadde det tydeleg vore feste eller konsert dagen før, for det var så mykje ølsøl på golvet at skoa laga omtrent same lyden som om golvet hadde vore smurt inn med honning.

Dei me skulle sjå på var der ikkje, for det var ikkje komne fleire enn formannen og ein ung mann med hestehale frå Estland, som fekk ein slags privattime med leiaren.  Då me kom syntest sistnemnde at det var så synd me hadde kome forgjeves, så han ville gjerne gje oss litt valuta for oppmøtet. Han møtte meg derfor med fylgjande replikk: «Ta av deg kåpa, så får me sjå kva me kan gjera…» Eg vart ein smule skrekkslagen, og sa at eg var ein nokså middelmådig dansar. Han tok hintet og spurte om eg var i stand til å høyra rytmen i tangomusikken, noko eg meinte at eg var… Heldigvis har eg litt sjølvironi og ein viss porsjon humor, og plutseleg klarte eg ikkje la vera å mora meg over det litt absurde i situasjonen at eg tråkka rundt på Folken ein sundags ettermiddag med leiaren i Stavanger tangoforening, i min aller første privattime i argentisk tango, på eit golv som var omtrent like klissete som eit fluepapir. Etterpå fekk me nybegynnarinstruksjonar begge to og utøvde så godt me kunne. Etterkvart dukka det opp nokon som kunne det og me fekk sjå korleis det eigentleg skulle sjå ut. Det var ytterst elegant. Mannen teiknar små flørtesirklar på golvet med foten medan han dansar, og dama slynger sine lange danselegger med høghælte sko om leggene på dansepartnaren sin. Eg er vel ikkje sikker på om eg nokon gong kjem til å meistra den dansen heller, men tango er verkeleg flott å sjå på. Og så kan eg skriva hendinga på den lange lista av besynderlege hendingar eg har funne meg sjølv i.

Elles så er eg ute på ny fredagsturne, denne gongen med historia om då fjella i Norge vart «oppdaga», ein powerpointserie med fjella som motiv i kunsten og fem kosmoramakassar med Flintoe sine fjellmaleri frå 1822. Det er veldig kjekt å leika kunstformidlar. Eg storkoser meg med å reisa rundt i skuleklassar med ei eller anna form for «forestilling». Det verste for meg er å ta seg fram mellom skulane i kommunen med alt som skal fraktast frå plass til plass, for er det noko eg ikkje er veldig glad i så er det bilkjøring, og spesielt ikkje når klokka går raskare mot neste forestilling enn det eg strengt tatt skulle ynskja. Då eg reiste med Garborgprogrammet i januar bestemte eg meg for at det ikkje kom til å bli glatte vegar akkurat då, men fredagane opprant med dei einaste snøstormliknande dagane me har hatt i vinter… Men så var eg ganske stolt over meg sjølv når eg kom heim og faktisk hadde klart det. Nå på fredag høyrde eg plutseleg eit dunk då eg skulle rygga ut frå ein trong skulegard, men heldigvis så hadde eg viss bare vore litt borti ein kontainar med tilhengerfestet på bilen…

Saman med skrivekursjentene mine skal eg gje ut ei bok som skal vera ferdig til trykk innan 17-mai, og me skal ha to relativt store teaterforestillingar med dramaelevane. Og ja… Eg har framleis min normale 75% stilling i førsteklasse. Men tek ein ein ting om gongen så er det utruleg kva ein når over… Og med så kjekk jobb så treng ein ikkje så mange hobbyar utanom… Sjølv om eg altså strengt tatt har ein del av dei og. Og elles så rullar livet på. Me har ei russejente i huset og i sist veke såg me ei flott forestilling som ho og dei andre avgangselevane i dramaklassane hadde laga. Det var ganske eksperimentelt teater, eg synest det er flott at dei får erfaring med det. Sjølv har eg viss lova å halda eit helgekurs i forteljarteknikk ein gong i mai, og å lesa eigne dikt på ein 17.maifest i nabokommunen. Kanskje greitt å ikkje bli alt for sein i kveld når eg kjenner etter…

Og nå nærmar faktisk sommaren seg med stormskritt. I skulen skjer det noko etter påske som gjer at då er det vanskeleg å rekka alt ein ikkje har rukke til nå… Merkeleg at me faktisk gløymer akkurat det frå år til år. Sommar skal ikkje bli dumt nei. Framleis er det heilårstemperaturen på ca fem – ti plussgrader som preger klimaet, men dei japanske krisebærtrea og gullregnen er på gang. Ein vakker dag så kjem varmen…

Heidi

 

 

Barbro Lindgren, pateren og eg.

Via ei bloggvenninne i Sverige, eg håpar det er i orden at eg kallar deg det, Scylla…, har eg oppdaga ein dokumentarfilm om den svenske barnebokforfattaren Barbro Lindgren. Nå har eg brukt ein blank og fin fredagføremiddagstime til å sjå, det er så vakker ein dokumentar at eg prøver å leggja ut ei lenke her så andre og kan få sjå.

http://svtplay.se/v/2745839/k_special/antligen_mandag_-_en_film_om_barbro_lindgren

Eg vart heilt hengande fast i den vakre filminga og i møtet med denne kloke dama. På ein merkeleg måte kjenner eg meg i slekt med henne. Dei største forskjellane eg kanskje at ho seier at ho liker seg best aleine, medan eg elskar å ha menneske rundt meg, og at ho fortel at ho har slite mykje med det depressive. Det eg sit att med etter å ha sett på er eit sterkt ønske om å bruka endå meir tid på å skriva. Eg har skrive fleire barnebøker som ikkje er blitt gitt ut, den eine skreiv eg for ti år sidan, og fekk tilbakemelding frå eit stort forlag om at dei var interesserte i å gje ut boka dersom eg bare jobba litt meir med ein del gitte punkt. Av ein eller annan grunn som er uforståeleg for meg sjølv, har eg aldri fått teke denne sisterunden. Kanskje det ligg litt prestasjonsangst i det? Eller kanskje meir sansynleg at det alltid er meir fristande å begynna på noko nytt enn å flikka på det gamle. Det skortar ikkje på ideane, det er mest tida det står på. Men nå skal eg la meg inspirera og motivera. Dei siste dagane har eg brukt ledige timar til å koma meg gjennom den siste dagboka til Kjell Arild Pollestad. Han skriv på ein måte som gjer det vanskeleg å leggja boka frå seg. Han legg ikkje att eit veldig flatterande bilete av maktstrukturane i den norske katolske kyrkja.

Pateren og eg er nok usamde om ganske mykje her i verda, men samtidig ser eg at det er mykje det kunne vore spennande å snakka med han om. Han er ein fargeklatt av eit menneske, og ein ressurs på kultur. Når eg les bøkene hans meiner eg å sjå eit varmt menneske mellom linjene som djupast sett vil alle vel. Dei siste åra har me jo vore så godt som naboar, og eg ser han av og til. Det merkelege er jo at eg veit så mykje om han at eg på ein måte synest eg kjenner han litt, medan han ikkje kjenner meg i det heile tatt. Eg har lurt på om eg skal gå bort og helsa på han, men har til nå ikkje heilt hatt mot nok til det.

Bøkene hans er jo sterkt personlege, kanskje på grensa til det sjølvutleverande av og til. Eg lurer på korleis det kjennest for dei han kjenner å lesa om seg sjølv. Tanken kjem jo då om det er litt av det same eg gjer her på bloggen min. Eg meiner sjølv at eg er veldig bevisst på korleis eg framstiller andre menneske her, og har som ein regel for meg sjølv å aldri skriva noko nedsetjande eller negativt om nokon. Det har jo slått meg at dei som les dette får vita ganske mykje om meg, men det har eg bestemt meg for å by på til dei som måtte oppleva det interessant. Likevel veit eg jo at på eit og anna plan er dei ei sensurert utgåve av meg sjølv eg presenterer, og slik må det sjølvsagt vera. Karl Ove Knausgård skriv at hans intensjon og fortsett var å vera heilt open og heilt ærleg. Han seier og at han ikkje sjølv forstod heilt kva dette kom til å innebera. Eg har stor respekt for prosjektet hans, samtidig som eg nok kanskje synest at prisen må ha vore for høg for ein del av dei involverte. Når det er sagt, så må eg innrømma at eg har slukt «Min kamp» med stor interesse. Då Tor Obrestad anmelde ei av diktsamlingane mine, utfordra han meg til å «Våga det heilt nakne». Han meinte at eg haldt litt igjen, som ville vore interessant å ta med i dikta. Til ei viss grad har eg nok prøvd å fylgja rådet, for eg syntest jo det var smigrande at ein mann som Tor Obrestad i det heile tatt skreiv ei slik anmelding, og eg rekna med at råda hans var verd å lytta til.

Likevel, eg kjem nok aldri til å ta ein Knausgård eller ein Pollestad. Eg trur eg er meir på linje med Barbro Lindgren som seier i filmen at ho fortel det ho har behov for å fortelja. Ein del ting er ho for blyg til å skriva, og ein del ting har ho ikkje behov for å dokumentera skriftleg. Men alt det eg faktisk har lyst til å fortelja, det ventar eg på å finna plass til å få fortald.

På tysdag drog eg pusten djupt og gjorde meg klar for å begynna på jobb att. Plutseleg var eg ganske andpusten fordi det er forestilling på forestilling og prosjekt på prosjekt eg skal gje meg i kast med i tillegg til dei vanlege timane på jobb. Eg må bli flinkare til å sortera ut kva for nokre kjekke ting eg faktisk må seia nei til. Men nå når kvardagane har rulla seg i gang kjennest det heilt ok. Akkurat nå skal eg nyta til fulle ein av dei få frifredagane eg har i vår. Dei fleste går med til ulike prosjekt, og blir sikkert gode fredagar dei og.

Heidi

Bare eit dikt i dag

Dette diktet har eg skrive til Sunniva. Det er rart å tenkja på at ho snart skal ut i livet heilt aleine på ein annan måte enn før.

Eg ser jo at ho har det som trengst for å fly ut på eiga hand, men litt vemodig er det.
Det rare er at på ein måte kjennest det meir personleg å leggja ut dikt enn alt det andre eg skriv som er henta direkte frå den levande kvardagen. Det er den eg står oppe i med begge beina, men kanskje eg på ein annan måte står meir ubeskytta i dikta. Med hjartet i hendene på ein måte…

Det er nå du skal vidare

ut i resten av livet ditt,

bera med deg din eigen pust

vera i din eigen puls

Hald underet fast

i hender som er bare

gå ut med ømme og modige tankar.

Barneblikket ditt

skal eg gøyma ein hemmeleg plass

finna det kvar gong eg treng det.

Med mitt nakne mot

velsigner eg

alle dei du skal elska

slik du eingong lente tilliten din

heilt utan baktankar

mot ryggrada mi.

 

Heidi

 

 

 

Herre over dødens makt.

Eg er nettopp komen heim frå midnattsgudsteneste saman med Sunniva. I år var det for første gongen eg kan hugsa så vindstille at alle stearinlysa haldt fram med å lysa ute på kyrkjegarden. Me stod i ein stor ring mellom gravene og song «Deg være ære, Herre over dødens makt, medan fullmånen lyste stor og øm bak dei framleis nakne vintertrea, og då me seinare reiste heim var himmelen høg og klar over landskapet som er i ferd med å vakna til ny vår.

Som alltid var det stemningsfullt når presten etter ein klagande saksofonsolo: ,Nobody knows the trouble I`ve seen,nobody knows my sorrow, kom inn med det tende kristuslyset i ei mørklagd kyrkje og forkynte: «Kristus er oppstanden», og alle etterkvart fekk tend sitt stearinlys. Levande lys har eit venleg og forsonande skjær og gjer alle dei bare ansikta glødande og varme.

Eg elskar å høyra Sunniva synga, ho har så varm fin stemme og det stryk over noko langt inne i meg, heilt objektiv er eg ikkje som mor, det innrømmer eg. «Go down, Moses, way sown i Egypts land. Tell old pharaoh to let my people go.»

Etter fin dramaoppvisning og lysbilete på stort lerret framme i koret, vart altarlysa tende og folk vart inviterte fram til alterringen framme i koret for å ta del i nattverden. Medan det gjekk ein jamn straum av menneske fram vart det sunge lovsongar. Det var så fint.

Og nå er fem påskeegg fylde etter alle kunstens reglar og gøymde i stova. Det går mot natt.

Heidi

Magiske kjenningar av barndom

Av og til, stundom når eg minst ventar det, får eg desse magiske kjenningane av barndom, som sit fast i kroppen i eit sekund eller to, og vekkjer minner om glansroseboka mi, og om frammøtekortet på sundagsskulen med fiskegarn og gullfiskar. Dikta under har ei tilknytning til slike sekund, sjølv om det kanskje ikkje er openbart for andre enn meg…

***

For lyset skal bera meg

gjennom den stille klare morgon

og en gang som en såret due

som en såret hjort jeg var

gjennom perleporten ein gong

kanskje ein sommardag

med lukter av støv og gras

og dampande asfalt

eller kanskje en dag med is

og piruettar over skøytebanen,

kanskje det skal kitla i magen

og håret flyta på vinden

i små vernlause sekund

med stjernene vrimlande

ein stad der oppe

kven veit

alt til si tid.

***

Du har føtene på pedalane

og tråkkar deg ned utforbakkane

på veg mot sjølve livet.

Du syklar lukkeleg

under skiftande månar

og er framleis eit barn,

kan framleis trollbindast

av måneskin

og morgontåke

framleis er gule grasbakkar

til for å rulla seg nedover

og potetgraset blømer

med krydra angar av haust og jord.

***

Du ligg bak ein stor stein

det gule graset frå i fjor

luktar våt jord

og kanskje er steinen ei gravstøtte,

eller kanskje det du skimtar

der borte bak den store tua

er hanken på ei skattekiste?

 

Du er barnet

som elskar gamle kyrkjegardar,

elskar dei rustne jernkorsa

der ville prestekragar

og skjelvande blåklokker

kviler uryddig

mot den mest uleseleg skrift.

 

Tankane er skålbrot

av historier og gamle eventyr.

Resten diktar du sjølv,

det er den aller beste delen,

men du veit det framleis ikkje.

 

Til påske kanskje

skal hanen gala frå potetskåla

og du skal dyppa flatbrød

ned i den salte suppa

og eta bittersøte bitar

av neper og kålrabi

med skeia som er bare di.

 

Og du skal tetta holet i flaggstonga

med gammal fuktig mose.

***

 

 

 

Onklane mine sykla heim i matpausen

dei åt flatbrød og poteter,

steikte pølsebitar og

makaroni med smør,

dei drakk søt havresuppe

av store kaffikoppar

før dei måtte sykla tilbake

og bestemor kunne ta tallerknane vekk.

 

Så smilte ho tannlaust

til meg som framleis var der

og helde kaffi over tørre kavringar

på to kantstøytte tefat

som me åt med teskei

og salt kjøleg margarin

etter at dei var blitt mjuke.

 

Bak tyllgardina

som hadde små runde hol

etter morfar sine tusen sigarettar

såg me rosespireaen bløma.

***

 

 

 

Onsdag i påskeveka

Me hadde koseleg kveldsbesøk i går av Arne og Hilde som har vore tre månadar på reis. Det var tende lys, blomar, kaffi, ost, kjeks, sjokolade og reiseskildringar. Så tok me oss tid til vårt store fellesprosjekt i år lesing av Veven av Martin Lönnebo og jamnlege samtalar om det me les. Ikkje minst var det Oscar som er på overnatting og hoppar opp i alle fang for å bli klappa på og kost med. Sunniva skulle øvingskjøra oss til ein nittenårsdag ho skulle vera med og feira, men ho viste seg å ikkje vera sikker på vegen dit. Me fann fram, men fekk først ei vakker «nesten-solnedgangsseanse» med utsikt over havet og strendene. Så for tida sit me rett som det er i ein bil ho og eg, og spanar på solnedgangar.

Eg har planar om å få vaska alle dei vaskbare sofatrekka våre, og nå ligg første omgangen i vaskemaskinen. Det stod faktisk 60 grader på vaskeseddelen, så me får håpa det går bra. Kjærasten min leikar «praktisk familiefar med hus og heim», og oljar hagemøblene. Nå har eg innvilga meg sjølv ca to timar som lyrikar. Eg trur eg gjer som i går og legg tekstane ut her etterkvart. Som sagt så er det eg legg ut her framleis råmateriale som etter kvart må mognast, slipast, pussast på og kanskje i siste omgangen raderast vekk… Eg tek framleis gjerne i mot ros og ris og generelle eller helst spesielle råd… ute skin påskesola, men i dag får ho venta litt.

 

***

Det finst bord du alltid vil hugsa,

det finst reiser du aldri blir ferdig med,

morgonlyset finst,

dei stripete gardinene ,

og alle dei

du aldri rakk å bli kjend med.

Utallege par sko har du slite ut

i gater som ein gong var der .

Men visst kan du sørgja for

å ha anemonar i vasane dine

og vakta det kvite flygelet

så det ikkje får stå ubrukt

ikkje for lenge om gongen.

Kroppen min hugsar

tunge lyshåra barnehovud

mot  halsgropa mi,

mot akslene mine,

hugsar kveldssola

over landskapet mitt

hugsar den ordlause tanken

at det er her du høyrer heime

i lappeteppe

hugsar eg klesplagg

eg hadde gløymt eksisterte,

men framleis finst ingenting vakrare

enn dotter mi når ho søv

i det først morgonlyset.

***

Det er vinter

og store heisekranar

med nakkar som har tolt det meste

tronar i gatene mine.

 

Skodda pustar

kaldt og rått

på oss

frå gøymestadane sine

bak hus og store tre

 

I natt skal me ut og mala

mala dei grå bygningane

kongeblå og oransje

skarlagensraude og solgule,

mala til husa skrik av glede.

 

Så klovnar, barn og vandringsmenn

skal vita dei er velkomne hit.

***

 

Det finst alltid ein katt

som gjerne vil bli klappa

det finst alltid ein vandringsmann

og ein blå duk

og alle har me eit streif av Solveig

for visst har me venta lenge.

 

Lengta etter musikken

og dei store lysprosesjonane.

***

Sandslottet

avbilda i alle bøker

med perler, skjell og vollgrav

med tårn og spir og vaiande vimplar

kor utruleg langt i frå

alt me nokon gong sjølv presterte

men visst har me prøvd oss

med spann og spade

med overraskande brenningar

med blonder av kvitt skum

i randa av alt som raste saman.

Lets do it,

let´s fall in love.

***

 

Du blir aldri trøytt av å lesa andlet.

som opne bøker kjem dei mot deg

i lange rekkjer på fortaua

og ligg som einslege landskap

framfor deg på bussen

når tankane tek eigarane

og dei gløymer å redigera.

Dei fleste skal du aldri bli kjend med

men les likevel

med andakt og respekt

for det er dette som er livet.

***

Ansiktet ditt

er aleine i dag.

Det er

forsvarslaust og ope

og eg kan så lite gjera.

Eg ville så gjerne

byggja murar av varme

om ansiktstrekka dine

ville så gjerne

stroke tanken din trygg.

Eg veit du skal aleine ut

i  landskap eg ikkje kjenner,

møta morgonar eg aldri skal få sjå.

Eg einsame,

skal stå aleine att

med andre ansikt

og andre barndomar.

Så lenge lyset framleis finn meg

skal eg stryka kinnet ditt med ømme tankar

og håpa at ansiktet ditt

har det godt.

***

Velsigna vere pusten din

velsigna vere sekunda

gå vidare vesle solbarn,

bileta dine

er stempla under huda mi

og lyset frå auga dine

syng i tanken min.

Måtte gode dører opne seg

og fjella leggja seg flate.

***

Heidi