Gå til innhald

Små iskrystallar på fortauet

for nå er det plutseleg vindstille og minusgrader. Deilig. Det går langsomt opp for meg at nå er det rolegare dagar som kjem. I dag har eg nesten blitt ferdig med kalendarane som skal lagast. Me har hatt julebord med kulturskulelærarane heime hos Åse. Det var veldig triveleg med langbord dekka til tjue. I morgon er det kafébesøk med venninner. Eg har kjøpt inn ingrediensar som skal halda til kakemenn, krumkaker og risbollar. Så trur eg kanskje at eg for ein gongs skuld skal pynta tidleg til jul. Det blir bra.

Heidi

Desembermorgon

I dag ville det seg slik at eg fekk ein spasertur saman med ein liten gut i grålysninga. Ein stor kråkeflokk med omtrent same formasjon som ein myggsverm kom flygande. Ikkje lenge etter møtte me ein ny flokk, denne gongen med ein mindre fugleart, som eg ikkje kom nære nok til å idenifisera. Regnet hadde spakna og bare draup mildt og forsiktig i lyskjeglene frå gatelyktene. Då me passerte naboskulen, såg han ut omtrent som ein aventkalender der det var vinduslys frå dei opna lukene. I eit rom såg me ungane kjevla kakemenn eller peparkaker medan læraren gjekk rundt  og såg til at alt gjekk greitt for seg. Me kunne til og med kjenna lukta av nybakt ut på gata. I ei anna luke hadde dei tend dei tre adventlysa og sat roleg på stolane sine og lytta til ei forteljing. Mange av vindauga var pynta med papirdekorasjonar av ulikt slag. Eg fekk den gode følelsen som eg håpar var reell at der inne er ungane våre, nyleg vakna med nattedraumar i blikka. Dei sat der inne og tok seg god tid til å nærma seg ein ny skuledag medan det langsamt vart lyst ute. Eg vart varm og glad inni meg og tenkte at vestlandsvinter er då ikkje det verste ein har trass alt…

Heidi

Santa Lucia og rømmegraut

I dag skulle me ha brent bål medan det framleis var mørkt og fortald historier om santa Lucia. På grunn av veret så snudde me om på det og fylde eit rim med levande lys og femti førsteklassingar. Det sympatiske og trolske lyset gjorde susen. Bål eller ikkje, det vart ein nesten magisk start på dagen som har vore intens slik dagane er i skulane veka før fjerde sundag i advent. Fleire av lærarane hadde kledelege anstrøk av glitter i ansiktet etter dagens dåd, og som seg hør og bør glitrar korridorgolva av utilsikta glitterdryss.

I kveld har eg vore i venninneforening og fått servert deilig rømmegraut, flatbrød, fenalår og spekeskinke. Etter maten var det kaffi med heimelaga brende mandler, bringebær, krumkaker, kokosmakroner og diverse andre julekaker. Ei venninne hadde med seg små flasker med heimelaga bringebæreddik og solbæreddik som me andre fekk i julegave. Eg har flinke venninner.
Heidi

Gulldronning, perledronning

Perlehjarte i alle fall. Det var dagens adventaktivitet i første klasse, elevane likte det, og det var såpass hektisk at svetten rann som dropar over fjeset, men me kom i mål med fleirfarga glasperler på piperensarar som i ferdig utgåve skal bli pynt til vindu og juletre. Veret me held for tida er ei historie for seg sjølv. Storm frå morgonen av, store mengdar regn og eit anstrok av lyn og tore. Me har flytta forteljinga me hadde tenkt å ha i mørket rundt bålet i morgon til eit rom i kjellaren med masse levande stearinlys på golvet og diverse Lucialegender støypt saman til ei relativt heilskapleg historie. Ja, me veit at Luciadagen er i dag, men sidan me normalt sett har utedag på onsdagar tenkte me at me kunne kombinera forteljing med bål. Men noko av den same opplevinga klarer me kanskje å få til inne på golvet rundt mange levande lys? I dag var det ein slik dag der det i grunnen aldri vart heilt lyst. Eg likar eigentleg denne mørke tida før jul. Eg liker mørket som legg seg tett rundt oss og liksom fører oss nærare einannan. Når det er sagt så er eg ikkje missunneleg på dei som jobbar i naturbarnehagar nå om dagen. Eg tenkjer på dei barnehagane som har som ideologi å vera ute heile dagane uansett ver, og som bare har ein lavvo eller ein gapahuk å krypa inn i. Eg tviler på at det er så mange andre land enn Norge som synest det er flott at små ungar er ute heile dagen i storm og regn i dag etter dag og veke etter veke. Nei, det er godt å ha eit hus å krypa inn i desse kaldaste og mørkaste vekene i året. I morgon skal første klasse ha julekortproduksjon, og på torsdag er det toving av juletreeple. På fredag skal dei ha lysprosesjon på adventgudstenesta, så her ligg ingen på latsida.

Men dramagruppa vår tok juleferie frå i kveld av, og nå er eg ferdig med alle oppdraga før jul utanom skulen. Det kjennest bra.

Heidi

Ein låve full av varme

I dag var heile førstetrinnet inviterte heim på låven til ein av elevane. Me gjekk i det kalde regnet og vart mottekne av bål på bålpanna utanfor. Inne på låven viste det seg å vera eit kjempekoseleg festlokale med langbord og langbenker med saueskinnsfellar. På borda var det fine dukar, og massevis av levande lys. Dessutan var det deilig og varm peisvarme der inne. Me fekk pølser, popcorn, peparkaker og mandarinar og i tillegg var det kokt kaffi til dei vaksne. Ein italiensk musikar stod for underhaldning og taffelmusikk. Eg er oppriktig imponert. Etterpå har dagen gått i eitt med innlagd besøk på Ikea. Eit av føremåla var å kjøpa ferdig peparkakedeig, men det var dei utselde for. Heldigvis fekk eg handla litt av kvart anna, så det vart ikkje bomtur.

I kveld har alle fire barna og Oddvar i tillegg sitte i stova vår og ete mandarinar og ledd. Heldigvis har dei mykje humor på ting som har skjedd gjennom åra. Framleis kjem dei med ønskelister til jul, og me har ledd av smørhysteriet i Norge. Folk er tekne i å driva smørsmugling i stor stil, og det seiest at det finst dei som betalar femhundre kroner på svartebørs for ein halvkilo smør. Ingrid vile ha hjelp til å laga opplegg og vramgbord på ein raud julegenser til Oscar. Det er då litt humor i det og… I morgon er det juleverkstad i første klasse. Det kan koma til å krevja si kvinne…

Heidi

Ellevte desember

Det var dagen for sundagsskule med englevandring og mange levande lys.

Me sette varmen på fullt på kjøkkenet. Ingrid og eg drakk kaffi og bakte eplekake.

Dagen har forsvunne utan at eg heilt skjønar kor fort han har gått.

I dag er det definitivt rette dagen til å ta tidleg kveld. Eg har ei bok som ligg og ventar. -Ein tjukk Hamsun-biografi.

Og snart er eg i mål med det meste og kan så smått tenkja på jul.

Heidi

Tiande desember

Bak luka denne dagen fann eg:

Mange kalendarar for 2012

Norsk tekst til ein kvænsk salme

Julebrevet for i år

Thomas Tranströmer

Eit koseleg førjulsselskap

Plutseleg hadde eg den norske teksten til den kvænske salmen klar. Dersom dei som har spurd meg om å ta oppdraget godkjenner teksten vel å merka. Det kan tenkjast at eg må gå ein runde til. Forøvrig så sluttar det ikkje å forundra meg at tekstar liksom blir til av seg sjølv og hoppar ut av papiret og kjem for å helsa. Teksten er ei eigenarta natursalme med pietistisk tilsnitt. Det er ein salme som handlar om at sommaren er komen etter ein kald vinter. Eg tek med den foreløpige varianten som ein song å varma seg på og drøyma seg litt vekk i sånn på den mørkaste tida av året.

Morgonsola varmar kjærleg
sigersfjell med lys og brann,
alle sorger, all bekymring,
alt som tynga oss forsvann.
Kom nå alle himmelfuglar,
pust og fly i sommarvind.
Syng nå alle glade lerker,
kom og syng ein sommar inn.

Nå har siste stormen stilna,
vinteren har reist sin veg.
Snøskyer og frost er borte,
tåka har sagt takk for seg.
Blada brest på bare kvistar,
kvite roser står i knopp,
mild sørvestvind i frå Edom
opnar sommarporten opp.

Småfuglar dei syng i glede,
her er sommarluft og fryd,
biene har nettopp vakna,
alt blir fylt med sommarlyd.
Livet syng og sæla lyser
i frå Kristi kyrkje nå.
Sommarsola over krossen
viser kven me ventar på.

Nådepusten fyller brystet
gråten stilnar, alt blir fred.
Her er lys og her er stille,
sommarlufta strøymer ned,
strøymer mildt mot oss frå Kristus
tvilen teier, håpet sviv.
Ein gong skal eg reisa her frå,
heim til vår og evig liv.

Dersom du har lyst til å høyra melodien, så ligg han ute på youtube med originalteksten som begynner slik: Aurinkomme ylösnousi.

Om kvelden var me inviterte i selskap til Arne og Hilde. Me tok bilen i ekstremveret og Halvard sat på eit stykke. Han spurde oss kva me skulle gjera der. Eg sa at me skulle eta god mat, synga, lesa dikt for einannan, sjå på Cuba-bilete, prata og dansa  salsa. Han svarte straks at han var glad det var lenge til han vart så vaksen at han måtte gå i sånne selskap…

Men for oss som er  vaksne nok til å lika denslags, så hadde me ein heilt nydeleg kveld. Eg er mektig imponert over han som høyrde melodien til salmen eg hadde omsett på youtube, straks prikka han ned på papir og så spelte medan me prøvesong oss gjennom omsetjinga. Det var ei spesiell oppleving. Tenk å vera så musikalsk! Eit anna høgdepunkt var at Arne fann fram flosshatten og friska opp si ukjende ungdomstid som tryllekunstnar. Me lot oss imponera.

Det var dagen for Nobelprisar, og eg høyrde eit program om Thomas Tranströmer i radioen. Sidan me var bedne om å ha meg oss dikt me kunne lesa høgt, så tenkte eg at det kunne passa å lesa noko av Tranströmer. Eg oppdaga han for ein del år tilbake, og kunne leita fram ei bok frå dikthyllene mine. Eg avsluttar her med eit av dikta eg las. Det er omsett av Jan Erik Vold:

C-dur

Da han kom ned på gaten etter kjærlighetsmøtet

hvirvlet snø i luften

Vinteren var kommet

mens de lå hos hverandre.

Natten lyste hvit.

Han gikk fort av glede.

Hele byen hellet.

Forbipasserende smil-

alle smilte bak oppslåtte krager.

Det var fritt!

Og alle spørsmålstegn tok til å synge om Guds tilværelse.

Så syntest han.

En musikk rev seg løs

og gik i yrende snø

med lange skritt.

Allting var på vandring mot tonen C.

Et skjelvende kompass rettet mot C.

En time over plagene.

Det var lett!

Alle smilte bak oppslåtte krager.

Thomas Tranströmer.

 

 

Heidi

 

 

Kunstblad,ekstremver, kalendarar, lyrikk og Edom

I dag har eg bare vore inne, det har vore herleg å sleppa å gå ut for regnet og stormen har piska heftig om husveggene. Eg begynte dagen med å kosa meg med ein stabel kunstmagasin eg har hatt liggande. Nokre av dei har eg arva etter ei venninne, eitt har eg fått i presang og nokre av dei har eg kjøpt. Eg kosar meg veldig med kunstutstillingar og kunstblad. Men i dag var tida inne til å ofra dei for ei god sak. Eg har ein tradisjon med å laga kalendarar i julegåver. Då blir det klipp og lim og tolv personleg utplukka bilete til kvar av mottakarane. Etterpå leiter eg i den store samlinga mi med diktsamlingar, og så skriv eg inn dikt som passar til på eit eller anna vis. Dette er eit utruleg koseleg arbeid og fin resirkulasjon av både bilete og dikt eg har plukka med meg gjennom året.

Så har eg laga eit førsteutkast av den salmen eg skulle omsetja frå kvænsk. Det var og eit kjekt arbeid å halda på med, men i ei av linjene står det om stille vind frå Edom. Det er tydeleg at Edom her har ei slags tyding eg ikkje er i stand til å tolka. Eg har funne ut at tekstforfattaren var akiv læstadianar, og etter å ha søkt litt rundt på nettet, har eg funne ut at Edom nok er eit meir sentralt omgrep mellom læstadianarar enn i dei kyrkjelandskapa der eg er relativt lommekjend. Gåta får eg søkja vidare på i morgon. Det er litt freistande å bare droppa ordet Edom, men det er kanskje mest etisk å ha det med sidan forfattaren valde å skriva det. Men det blir heilt feil å skriva om den sørvestlige vinden frå Edom utan å vita kor forfattaren vil hen? Nå ja, det finst djupare problemstillingar i verda, til dømes det at det ser ut til å vera umogleg å laga ein ny klimaavtale på den pågåande klimakonferansen…

Nå kom Sunniva glad og fornøgd heim frå juleskuleballet sitt, og det er for seint til å leggja seg tidleg, men framleis tid til å leggja seg i nokonlunde anstendig tid… Eg er ikkje så alt for flink til det siste.

Heidi

Ein kjole, ein storm, ei julehistorie

Dagen har stort sett vore via jul i Kardemommeby, og eg trur me kan definera teaterprosjektet for seksåringane våre som vellukka. Det har gått i hundre og vore akkurat så intenst og så altoppslukande som slike prosjekt brukar å vera- Når me veit at aulaen vår tek bortimot firehundre personar, så er det ikkje få som har vore med oss på kardemommetur i dag i dei to fullsette salane. Nå er heile stykket pakka saman og tildels bore ned på kostymelageret. Slike teaterforestillingar ender liksom så brått og brutalt og eg er sliten og glad og klar for langhelg.

Veret forandra seg frå frost og klarver i dagmorges til storm og høljeregn utpå dagen. Eg skulle ut i pausen mellom forestillingane og manøvrerte med glatte støvlettar på stålis med fem cm vatn oppå medan regnet hølja ned. Ein fergetur i morgon er avlyst på grunn av vervarselet.

Eg hadde planlagd at eg ikkje skulle heim i pausen, og ende med å kjøpa meg ein ny kjole fordi eg var så varm, sveitt og sliten etter teaterdagen. Då eg kom opp att fekk eg eit lite sjokk. Aulaen var dobbelbooka, kortrapper og kulisser var rydda vekk, og lokalet var fullt av dansarar som øvde til ein stor forestilling. Heldigvis klarte me å bli einige om korleis me skulle løysa problemet, stor takk til Trine for ei smidig innstilling. Det å ha fri i morgon blir ikkje direkte feil. Nå har eg sett på nydelege fotografi frå Jul i Kardemommeby som kjærasten min har teke. Nå må eg bare finna ut kva for nokre av dei som kan brukast på heimesida vår. Det er jo visse krav til at det ein legg ut der må vera situasjonsbilete og ikkje portrett.

Heidi

Ein fin kveld

Eg var buden saman med ein gjeng andre damer til kollegaen som har bygd seg hus ytterst ved havet. Det var så fint der, og utsikten var fantastisk. Nå er det jo slik at kveldane er mørke, så me ante utsikten meir enn me fekk nyta han. Slik kunne eg nok lika å bu, ei skikkeleg borg med utsikt over havet. Ulempa er at ein må kjøra bil same kor hen ein skal, og det å vera 100% avhengig av bil innser eg jo at eg ikkje ville vera veldig glad for i lengden. I dag var vegane islagde, og eg var sjeleglad for at eg fekk sitja på med nokon den dryge halvtimen det tok å kjøra dit. Elles så har arbeidsdagen vore teater, og i morgon blir det endå mykje meir. Eg skal ha forteljarrolla og vera på scenen saman med elevane. Nei, nå skal eg definitivt ta kvelden. Eg treng dei timane med søvn eg framleis kan klara å skaffa meg.

Heidi