i betydningen mykje drama, i betydningen teater.
Det å setja opp eit teaterstykke med femti seksåringar er noko for seg sjølv. Det gjeld å halda tunga beint i munnen. Dei er heldigvis så naturleg sjarmerande at det nesten er dømt til å bli bra uansett… Men det å få ein seksåring til å skilja mellom leik og teater er ikkje gitt av seg sjølv. Når ein er inne i rollen som Jesper eller Jonatan, så kjennest det naturstridig å la seg fanga utan motstand når politimeister Bastian eller ei viss ganske streng tante kjem for å gjera akkurat det… Det er heller ikkje lett å fortelja dei at løver og kattar går lettare over scenen på to enn på fire bein, og det å stå roleg oppstild på korkrakkar i ein halv time og synga utan å bevega seg for mykje er heller ikkje så enkelt… Men det er ein levande ting å leggja kreftene ned i, og eigentleg elskar eg det. Nå er det snart premiere, me skal først visa det for hundrevis av barnehagebarn og så for foreldre og besteforeldre. Heldigvis har eg tre andre dyktige lærarar med meg i prosjektet.
Etterpå ein liten lunsjpause med Jan Ivar før me tek i mot dei to dramagruppene som me har kvar tysdag. Etterpå rigga eg Kardemommebyscene. Nå står det bare att å stryka ein duk til det vesle bordet til venstre på scenen. Og så å prøva kostyma på dei. Det blir spennande å sjå om tomannskameldrakta er alt for stor for dei.
Ute er det glatt nullgradersføre. I dag er eg klar for ein tidleg kveld.
Heidi
Bak luke tre har eg foreløpig funne
Eit julebord
Manglande søvn
Kuling og høljeregn
Ein ventande tur med skriveelevane
Og så veit ingen kva som hender
Eg kom meg i seng i halv fire tida eller noko slikt etter å ha rydda etter julebordet, og det kjennest som ein ny dag har begynt utan at eg har sove noko i det heile tatt. Julebordet vart i alle fall veldig vellukka, og alle var fornøgde, trur eg. Det er veldig sjeldan eg ikkje søv, men sidan eg ikkje har sovna til nå og det er to timar til eg skal stå opp, så tenkte eg at eg likegjerne kunne gjera noko fornuftig. Det er ikkje alltid eg planlegg datoar så godt, men regnet og vinden er faktisk utanfor mitt ansvarsområde. Heldigvis har eg gode regnklede og forsåvidt og godt mot på skriveturen. At eg kjem til å bli veldig trøytt etterkvart får me heller ta som det kjem.
Heidi
og det er ikkje bare julekvelden som kjem brått på kjerringa. Og eg som har tenkt å skriva litt her kvar dag i desember. Me får starta forsiktig og sjå kor det ber.
Bak luke 1 fann eg.
Ein hektisk og uføreseieleg arbeidsdag.
Mykje lått.
Mange klemmar.
Tende adventlys.
Den første kassen med boka me har bestilt.
Eg har hatt ein lang arbeidsdag og kom først heim for ein halvtime sidan. Eg er veldig trøytt og må få meg litt mat. I morgon skal eg nyta at eg kan sova litt lenger. Om kvelden er det julebord på jobben, og eg skal vera ein slags toastmaster. Det blir sikkert fint. Før det skal eg hjelpa Ingrid litt med eksamenslesing og i beste fall spa litt i huset. Halvard har funne sykkelnøkkelen min som han tjuvlånte og mista i sist veke, og eg er lukkeleg fordi eg frå nå av kan ta meg fram på sykkel att. Elles så er eg overlukkeleg for nye vanntette regnklede med plass til mykje varme klede under, for det er ekstremt mykje ver her for tida. Det var spennande å sjå boka vår på papir. Det er nokre småting med lay-outen som kunne vore annleis, men stort sett så er eg fornøgd. Har veldig få bøker att, så eg håpar inderleg at listene våre stemmer med terrenget slik at alle dei som har bestilt får bok.
Som om eg ikkje hadde nok å fylla dagane med, så har eg i mi manglande evne til å seia ordet nei lova salmebokkomiteen å gjendikta ei salme frå kvænsk. Eg ler av heile situasjonen. Dei sa i telefonen at dei trudde fristen var 1.januar, men i dag fekk eg vita at ho må vera ferdig 15.desember. Eg har ikkje hatt tid til å sjå på teksten endå, eg fekk han i dag. Ja, ja. Nokre baker kaker og vaskar hus før jul, andre kastar seg ivrig over kvænsken…
Heidi
på koss dei kan få sett boka me har skrive når dei ikkje er på facebook. Eg prøvde å laga ei lenke, men fekk det ikkje til. Derfor legg eg ut adressa til facebooksida mi. Eg trur eg har ein så open profil at alle kjem inn, men kanskje eg har misforstått. Statusen i dag er at me har litt over 20 bøker igjen. Det kan vera greitt å ha litt på lager, så eg kjem ikkje til å reklamera meir nå. :-
http://www.facebook.com/profile.php?id=546761166
Heidi
Dette året har det vore tett mellom gjesteboda. Det skuldast nok mest av alt at fødselsåret mitt er slik at året 2011 er femti år meir, og dermed er for eksempel alle dei eg gjekk på barneskule, ungdomsskule og gymnas med same årgangen som meg. Dei utgjer framleis ein stor del av grunnstammen i vennekretsen min, og eg er så takknemleg for å ha så mange venner både dei eg har kjend «alltid» og dei eg har plukka opp undervegs. Dei fleste av lærarskulevenninnene mine er eit å eldre enn meg, så feiringa fekk fart på seg allereie i fjor, men i år har det teke heilt av. Feiringane har stått som fjelltoppar over vekene og månadane, alle har vore ulike, og alle har vore fine. Dessutan har eg nok ei feiring og tre i vente, for heldigvis har eg då ein del venner som er yngre enn meg og. Om eg ville så kunne eg laga ein eigen blogg med overskrifta «fine feiringar», det kunne kanskje blitt litt einsformig trass alt? Men eg har lyst til å fortelja om to feiringar til fordi dei var heilt spesielle for meg:
Den første var ei forsinka feiring av meg sjølv. Synneva fekk ikkje til å koma på den store feiringa, så ho ville i staden ta meg med på blåtur. Den ståande avtalen heile sommaren var at den første dagen med fint ver det passa for begge, skulle eg bli henta på døra til noko eg ikkje fekk vita kva var. Det seier vel litt både om veret på sør-vestlandet og om våre respektive tidsskjema at den dagen aldri kom. Derfor vart eg invitert til blåtur heime hos henne i staden, og troppa opp heilt uvitande om kva som skulle skje. Eg vart motteken av lykter på trappa og yngstedottera som danna velkomstkomite saman med ein nabokatt. Det viste seg at det eg opprinneleg hadde gått glipp av var ein båttur og ein picnik. Båtturen let seg ikkje avvikla innomdørs, men picnik skulle det bli ei råd med. Inne på soveromet var det dekka til måltid på golvet og picnikkorga stod klar med presangar eg skulle fått med til turen, eit varmt pledd, glas, skåler og drikke. Det var utvald musikk i lokalet og fullt av lys, mellom anna eit stort hjarte forma av telys. I lag med døtrene hennar slo me oss ned i senga til prat, høgtlesing og spel. Måltidet var nydeleg traktkantarellsuppe med laga av sjølvplukka sopp. Synneva har ein eigen evne til å skapa små smilehol i heilt vanlege dagar.
For to helger sidan var eg på jentefest hos Anne Mette, ei av dei næraste venninnene mine heilt frå den dagen eg tok det store skumle steget å begynna på vidaregåande skule i den næraste byen. Ho hadde vald å samla venninner ho hadde samla seg gjennom livet til eit skikkeleg gourmetmåltid med innleigd kokk. Det vart eit måltid så spesielt at alle lågkarbovanar, vart sette eit lite steg til sides. Dette kunne eg bare ikkje gå glipp av.
Først fekk me gåseleverpaté på toast med fennikkelsalat, så var det kamskjell i appelsinsaus med ein eller annan variant av mosa grønnsaker, første hovudretten var grillsteikt torsk på ei seng av grøn erterpuré med sprøsteikt bacon over, og neste hovudretten var andebryst i porvinssaus med hasselbackpoteter, under serveringa av andebrystet begynte nokon å beklaga at dei var i ferd med å bli veldig mette, men at maten var så fantastisk at det var umogleg å ikkje eta han. Desserten var heimelaga sjokolademousse med friske bær og frukter. Sjølv om me sat til bords mest heile kvelden og smatta forsiktig med tungene mellom songar og gode ord, så rakk me aldri å eta kakene som stod klare på kjøkkenet. Me får bare håpa at overnattingsgjestene ikkje var for mette til å smaka på ei før dei reiste heim… Men eg hugsar ikkje kvelden bare for maten, som eg har konsentrert meg om å hugsa heilt fram til nå, fordi eg gjerne ville skriva ned menyen, men kanskje aller mest for den varme, opne og trivelege atmosfæren som var der.
I dag har eg bakt grovbrødpå lavkarbopulver som luktar utruleg godt. Nesten ingenting i heile verda luktar så godt som heimebakt brød. Eg har fredagsfri i morgon og nyt tanken på å kunna sova litt ekstra frampå. Eg har hatt ei fantastisk fin veke på jobb med ei fin forestillign midt inne i det andre. Det er eg takknemleg for.
Takknemleg og overraska er eg og over at boka me bestilte i femti eksemplarer i dag morges, og reklamerte for på facebook, vart utseld før det var gått eit halvt døgn. Me har nå bestilt femti bøker til. Det heile kjennest eigentleg litt uverkeleg, må eg innrømma. Eg lurer på om eg klarer å hala det sedvanlege desemberprosjektet mitt i havn i år og. Det går ut på å skriva innlegg på bloggen kvar einaste dag. Det er ein litt fiks idé å dokumentera alle dagane i mai og desember frå år til år. Eigentleg må dei vel vera valde med sviktande dømmekraft, for desse må jo vera dei desidert travlaste månadane i løpet av eit år…
Heidi