gjer ein seg tankar. Dei skal eg ikkje utdjupa her nå, bare ønska for oss alle at året skal bli av det gode slaget. Denne nest siste dagen har eg skrive skodespel til den store gullmedaljen, og plutseleg er eg så godt som ferdig med det eg hadde tenkt å gjera og kan nesten ta ferie dei siste dagane av ferien. I kveld har eg site i sofaen med jentene mine og ulltepper og hund og sett på filmen «The help». Eg las boka for eit år sidan eller noko slikt og likte ho godt. Filmen handlar om systemet i sørstatane der barna til den kvite middelklassen vart oppfostra av mørkhua barnepiker. Filmen var fin den og, og blir med dette anbefalt. Nå skal eg rydda litt hus medan eg ventar på Halvard. I morgon blir det nyttårsselskap hos oss. I dag i tretida begynte eg å lesa på facebook at folk eg kjenner skreiv at nå var bordet dekka til nyttårsfesten. Eg lurte på om eg burde få panikk, men droppar panikken. Dagen i morgon er lang før gjestene kjem. Eg kosar meg heller med tanken at i dag fekk eg verkeleg unna masse skriving. Og skriving er ein av dei tinga eg har tenkt å prioritera i 2012.
Heidi
Eg sit her og skriv på ei tiandeklasseforestilling. Kvart år lagar me i kulturskulen der eg jobbar ei stor forestilling der elevane i tiandeklasse er aktørar, som musikarar, songarar, dansarar, skodespelarar og medforfattarar. Me lærarar har hatt fleire møter om prosjektet og elevane har vore samla til idédugnad og eg har hatt ein kveld med ei skrivegruppe der me har laga ei manusskisse. Nå sit eg her og prøver å sy det saman til eit fullt manus. Ein del av det heile er å setja inn låtar som elevar eller lærarar gjerne vil ha med. Det fører til at eg må oppdatera meg på musikk eg kjenner lite til. Michael Jacksom og Pink Floyd kjenner eg jo litt til sjølv om det ikkje er den musikken eg lyttar mest til. The Bungel, Alica Keys, Avenged Sevenfold og Iron Maiden veit eg så godt som ingenting om, så litt av jobben er å setja meg inn i musikken deira og tekstane. Det er interessant fordi dette er musikk og tekstar eg kjenner lite til og som kan gi nye impulsar. Eg var nokså sikker på at Iron Maiden ikkje var min musikk, men eg vart i grunnen meir fascinert enn eg hadde rekna med både av musikken og tekstane deira.
På ei tilstelning før jul hadde ein av kollegene mine eit par vintersko som såg fantastisk behagelege ut. Eg fekk prøva dei, men hennar par var i storleik 37 og litt for små til meg. Ho fortalde at merket heitte Duckfeet og at ho hadde kjøpt dei på nettet. Namnet på skorne var lett å hugsa, for dei hadde fasong akkurat som andeføter, noko eg innbillar meg må passa mine korte og breie føter perfekt. Eg treng nye vintersko, for det eine paret med støvlettar får eg vondt i beina av å gå meir enn ein kilometer på, og dei andre er av semska skinn og trekk vatn som svampar fordi det er ca fem millimeter sole på. Nå har eg googla Duckfeets og funne at dei har dei på nettet på sal til litt over tusen kroner. Spørsmålet er om eg torer å handla sko på nettet. Dessutan synest eg framleis at tusen kroner er i det meste laget å betala for sko. Eg har litt vanskelege føter og får gnagsår av det meste, i tillegg er eg glad i å gå og treng sko som er «made for walking» som det heiter i songen. Eg får tenkja på det til i morgon. Det dumme er at eg ikkje trur dei har slike sko i vanlege butikkar. I dag såg eg at januarsalet allereie har begynt så smått. Kanskje eg må kikka litt i dei lokale skobutikkane.
Elles så har me vore på kjempekoseleg «faddarmiddag» for Maren hos Torhild og Per Magne saman med Sunniva. Dei hadde laga kjempegod mat, og me traff hyggelege menneske der. Før me reiste heim gav Torhild og Magnus oss ein minikonsert. Torhild på det store kvite flygelet som står midt i stova, og Magnus på gitar, julegavemunnspel og vokal. Det har regna og blese heile dagen. I følge vermeldinga var det dagen for full storm langs Rogalandskysten. Eg trur det har løya litt nå. Ingen skal kalla veret vårt kjedeleg i alle fall-
Til slutt noko hemmeleg som eg mest ikkje torer å seia høgt. Eg likar mørket. Folk er så opptekne av at nå har sola snudd, men eg likar desse aller mørkaste dagane og aller lengste nettene i året. Mørket er lunt og fredeleg og innbyr til eit rolegare liv med mange tende stearinlys. Eg liker dei korte lyse sommarnettene og dei lange mørke vinternettene. Slik er det bare…
Heidi
song me på bedehuset, eller rettare sagt song generasjonen over meg på bedehuset. Generasjonen over meg er i dette tilfellet ikkje foreldra mine, for dei gjekk ikkje på bedehuset, men poenget er at songen haldt fram med… her er det fredfullet og tyst. Og det i sin tur hadde eigentleg ikkje noko anna å gjera med denne teksten enn at det akkurat nå stormar ganske friskt utanfor, og her i skrivestova mi kan det vel kallast fredfullt og tyst med ein delvis malande katt som ligg på skrivebordet, så tett inntil tastaturet at høgre handleddet mitt ligg på katten sin venstre pote, medan eg skriv. Ein skikkeleg skrivekatt er det, så snart eg set meg til å skriva så er katten her. Nokre gonger er det rett og slett litt irriterande med ein malande katt som insisterer på å trykka ned både bokstavar og hurtigtastar. Dersom eg blir utolmodig og kastar katten ned, så er ho her att i løpet av 10 sekund. Dei fleste vil vel tenkja, men så få den katten ut av romet og lukk døra. Til det er det bare å svara at det kunne sjølvsagt vera eit alternativ, men så er det det at det er grenser for kor hardhjerta ein orkar å vera med eit malande vesen med mjuk pels.
Og storma har det gjort mykje i det siste. Mange plassar i landet har det storma langt meir enn her. Eg trur det har storma i Sverige og, og at stormane kanskje er grunnen til at eg ikkje har klart å koma inn her dei siste tre dagane. Eg ville ha oppdatert litt om julefeiring, men nå blir det så mykje eg kunne ha skrive ned at eg veit ikkje kor eg skal begynna. I kveld har me hatt alle ungane her inkludert Oddvar, Håvard og Oscar. Me har ete heimelaga pizza med kjøttdeig, pepperoni og tortillachips. Etterpå har me småete på mandarinar og flatbrød med rømme og fenalår. Me har tend mange levande julelys og spelt Trivial Pursuit i tre timar. Etterpå var det så vidt at nokon orka å smaka på riskremen og sjokoladepuddingen. Vaffelrøra blei aldri til vafler, så den får me bruka i morgon. Det er akkurat plass til åtte rundt spisebordet vårt, og det er veldig triveleg å samla alle saman.
I går reiste eg og far og Ingrid på besøk til farmor. Me fekk gynga oss litt over fjorden, men dei hadde i alle fall sett ferja som hadde vore innstilt i rute att innan me kom til kaia. Farmor venta på oss med «god gammaldags middag»: steikt fiskepudding med kokte poteter og gulrotstuing. Det er slik mat me åt i barndomen min som eg aldri lagar eller får servert lenger. Det smakte godt. Til dessert fekk me fruktcoctail med piska krem og til kaffien julebrød, bollar med brunost og småkaker. Farmor blir nittifem år om to og ei halv veke. Denne gongen syntest eg at ho verka sprekare enn på lenge. Ho har fått diagnostisert nokre helseproblem ho har hatt i nokre år, og fått medisin som gjer at plagene blir haldne i sjakk. Eit par veker før jul fekk ho høyreapparat i begge øyrene, slik at ho høyrer toleg bra. At hørselslegen hadde sagt at han aldri hadde gitt høyreapparat til ein så sprek nittifireåring før, seier eg ingenting på. Det var ein koseleg generasjonstur. Eg mora meg over at me var tre generasjonar som var på tur i lag for å besøkja fjerde generasjonen. Det gjer og litt godt for opplevinga av eigen alder å vera nest nederst på aldersstigen. Far er snart syttito, men er på ingen måte ein gammal mann. Alder er ikkje det same som det var ein gong… Me var alle glade og fornøgde då me kom heim etter ein tolvtimars ekspedisjon, og syntest me hadde fått mykje ut av tredje juledag.
På julafta åt me pinnekjøt hos foreldra mine og første juledag var det stort juleselskap hos Jan og Bjørg der me møtte heile familien hennar og fekk bli betre kjende med veldig koselege folk. Etter ein tradisjon frå Bjørg sin familie vart det servert kakao med krem til maten. Det var nostalgisk godt. Det må ha vore veldig mange år sidan eg sist smakte søt kakao med stivpiska krem på toppen.
Andre juledag var det utruleg deilig å ta livet med ro. Eg strikka, las i ein Knut Hamsun-biografi, såg på TV og såg filmen om Cornelis Wresvijk som eg fekk til jul. Det var ein nydeleg, sterk og litt trist historie om eit liv og eit stort talent som ikkje alltid klarte å klamra seg fast til den smale stien. Det einaste fornuftige eg gjorde denne dagen var å rydda litt i julegåver og baka bollar til ungane mine. Det er ytterst sjeldan eg brukar ein heil dag til å kvila og gjera ingenting. Det gjorde godt. Kanskje bruker eg for lite tid på bare å ta livet med ro.
Som ein ekte tenåring så snur eg døgnet så snart eg har sjansen. Eg trur på teorien at me B-menneske er skapte for litt lengre døgn. I alle fall er eg sjeldan trøytt når andre folk kryp til køys, men nå er det på tide. Eg er nøydt til å bruka deler av morgondagen til å få skikk på eit manus.
Gledeleg romjul alle saman.
Heidi
og det er julafta. Men framleis er det i praksis kvelden på «litlajulaftå». Eg har vore snill mor og henta Sunniva på toget. Det meste er ordna til i morgon, eg har bare att å rydda eit par rom. Dagen har vore god og snart er det jul for alvor. Eg er den lukkelege eigar av ein stor perm med noter til dei nye liturgiane til den nye gudstenesteordninga. I tilfelle nokon skulle ha bruk for å låna dei, så er det jo greitt å nemna det. Eg trudde liturgien skulle vera utan opphavsmenn, men jammen har eg ikkje fått snike meg inn som tekstforfattar av Gloria/Laudamus. Tore Aas har laga musikken. Kanskje det er det me på godt jærsk kunne kalla «litt bøse». Av ein eller annan grunn så blir eg alltid litt lattermild når eg ser namnet mitt i litt høgtidelege samanhangar. Eg trudde eg skulle henta eit lite hefte eller ei CD-plate på posten, så var det ein blytung ringperm. Men eg vart glad for å få notene, det var bare overraskande.
Ei anna julegåve eg fekk i går kveld var utskrift av notene til julesalmen eg laga saman med Torhild i fjor jul. Eg prøvde å leggja dei ut her, men fekk det ikkje til. Dersom nokon gjerne vil ha notene, så kan eg senda dei via mail. Ungane mine meinte at dei ikkje var for gamle til julestrømpe med julehefter og julegodteri på julaftamorgon, så nå er strømpen full. Dei måtte lova meg å ikkje snikkikka før i morgon tidleg for nå har eg tenkt å leggja meg, men det har ikkje dei.
God jul alle saman om eg ikkje får skrive det i morgon.
Heidi
kalla me denne dagen då eg var lita og alt som kunne relaterast til julafta var magiske greier. Om ti minutt går datoen over til å bli litlajulaftå, men av ein eller annan grunn har andedrakttidsmålaren gjort spranget allereie. Kanskje det er evig sommartid på andedrakt?
Det å ha barn byr på overraskingar. Det siste er at Halvard er blitt veldig oppteken av filosofi og les Nietzsche. I går hadde me ein spennande samtale som ende med at eg lova å lesa eg og slik at me kunne diskutera innhaldet. Så nå har eg «Thus spoke Zarathustra» på hasteleselista mi.
I dag har det skjedd mykje, det vil seia eg hadde tenkt at huset skulle vaska seg, eller kanskje snarare bli vaska denne dagen, men det har ikkje skjedd. Det får bli i morgon. Eg har vore inne i næraste storbyen og vandra i gatene og handla nesten alle dei siste gavane. Det magiske med jula dukkar opp glimtvis og er i slekt med gamle glansbilete og magiske melodiar frå barndomen. Eg held glimta fast og nyt dei. Det kan vera synet av gammeldags juleornament, gamle kuler som liknar på bestemor sine eller synet av nokon som ler ute i snøen eller nokon som drikk kakao med krem eller som kysser einannan på gata med stjerner i auga.
Me har vore på «åpen kåk» hos Ståle og Siv Torild, ein koseleg tradisjon der folk droppar innom heimen når det måtte passa i løpet av kvelden og har med seg eit eller anna det går an å eta og kanskje eit eller anna det går an å framføra. Så blir det sunge og spelt og prata i ei julepynta stove. I morgon har Ingrid invitert oss på julegrøt klokka eitt. Tenk at eg har ei vaksen utflytta dotter som inviterer mor og far på julegrøt. Det blir ein koseleg pause i alt det andre eg har tenkt må gjerast. I mailen min i dag fekk eg notene til julesalmen min. Eg lurer på om eg får til å setja dei inn her. I går mens eg skreiv blogg mista eg internett, det var derfor bare første del som vart lagt ut då. Resten av bloggen vart skrive i ettermiddag, så viss du ikkje fekk med deg filmklippet, ja så må du nesten gå tilbake og lesa.
Heidi
For ei veke sidan var eg utsend av onkelen min som ikkje er så mobil lenger. På handlelista stod det mellom anna: julebrød, smultringar og krumkaker. Eg fann smultringane greitt, sjølv om det var endå lettare å finna amerikanske doughnuts. Krumkakene gav eg nesten opp å leita etter, men eg fann dei til slutt. Det eg imidlertid ikkje fann same kor godt eg leitte, var julebrødet. Eg begynte å lura på om det gode gamle julebrødet var i ferd med å forsvinna for godt. Kanskje ingen kjøper det lenger. Eg må innrømma at eg aldri ville ha kjøpt julebrød sjølv heller. Kjærasten min påstår at han synest julebrød er kjempegodt, men så er då han meir enn eit år eldre enn meg og… Kanskje ingen på under 60 kjøper julebrød lenger? Det er i så fall nesten litt vemodig, men eg føler meg ikkje kalla til å stå opp som den som skal halda liv i julebrødindustrien. I staden kjøpte eg fire julegeiter, han tok fornøgd i mot to av dei og sende dei andre to heim med meg. Julegeiter smakte då litt av anis før? Eller er det bare noko eg innbiller meg? Nå kjennest det ut som om dei blir laga av same deigen som sirupskakene.
I dag hadde eg litt den same kjensla av å vera lettare utdatert. Eg hadde pynta juletreet vårt med kuler og pynt i blått og kvitt og sølv og fekk det for meg at gammaldags englehår hadde vore fint til. Er det fleire enn meg som hugsar englehår? Eg tenkjer på desse krøllete kvite trådane som var ganske kvasse å ta på som bestemødrene våre hadde på juletrea sine? Eg fekk eit nostalgisk lyn i meg og fann ut at englehår ville gjera susen. Eg hugsa at det reflekterte lysa frå julelysa så fint. Eg var innom det eg kunne finna av tenkjelege butikkar der dei kunne tenkjast å ha englehår, men ingen hadde det. Det verste er at eg har ein mistanke om at ingen under femti forstod kva eg snakka om ein gong. Dei såg ut som dei gjorde i butikken den gongen Pippi Langstrømpe ville kjøpa spunk. Eit par av dei sende meg til den kristne bokhandelen som og har ein hobbyavdeling. Dei trudde sikkert eg ville laga englar og trong hår til å ha på toppen.
Føremiddagen brukte eg til å laga kvite kakemenn, eit absolutt julemust frå barndommen. Ungane ville gjerne ha det i år og, det og risbollar. Eg fann ei oppskrift på nettet, for mesteparten av lausarkoppskriftene mine forsvann under kjøkkenrenoveringa. Dessverre viste dei seg å ikkje ha rett smak. Kakemenn skal enten vera tynne og sprø eller tjukke og mjuke. Desse var ingen av delene. Dessverre var eg ikkje fornøgd med smaken på verken risbollane eller kakemennene, det einaste eg har bakt i år, men resten av familien et risbollar med stor appetitt. Kanskje søtsmaksevna mi er litt øydelagd etter fleire år på meir eller mindre streng lavkarbodiett? Eg har teke eit lite avslappande sidesprang i anledning jula, men oppdagar at julekaker eigentleg ikkje smakar meg så veldig lenger. Det er jo kanskje litt trist, men på den andre sida ikkje trist i det heile tatt…
Noko av kosen med kakemennene var å invia dei nye peparkakeformene frå Ikea. Det aller vanskelegaste var elgar og kronhjortar. Dei knakk gevira stort sett alle saman. Kanskje det er lettare å laga peparkakeelgar enn kakemennelgar? Det var nå koseleg å baka litt i alle fall. Spesielt sidan sola skein på kvit snø ute på gata. Viss ingen vil eta kakemenn får eg ta dei med meg på jobb etter jul. Der forsvinn det aller meste… Eg hadde ein tur ut for å handla litt og fleire av førsteklassingane mine kom springande for å få klemmar. Det er noko av det aller koselegaste med å jobba i første klasse; alle klemmane du får når du minst ventar det.
Om kvelden var eg, kjærasten min og dei to jentene våre på ein sjarmerande konsert med Hege Orstad som eg kjenner frå ho var elev i ein av dramaklassane mine. Ho har ein utruleg fin stemme. Til minneom ofra 22.juli og familiane deira song ho ein gravferdssong midt i konserten. Det var ein ukjend song som rørte borti eit eller anna inne i meg som gjorde at eg plutseleg bare kjende tårene koma rennande. Eg skal sjå om eg får til å laga ei lenke slik at de kan sjå Hege synga denne songen. Eg såg at ho hadde ei lenke dit på facebooksida si.
Eg trur jammen eg fekk det til.
Og om nokon vil bidra med statistiske fakta om sitt forhold til julebrød og englehår, så er eg takknemleg.
Heidi
og kan derfor ikkje gå og leggja meg. Eg må jo til fulle nyta tanken om at vekkerklokka ikkje skal få avbryta draumane mine i morgontidleg. I går vart det ikkje skriving, for då gjekk det i eitt til langt på natt med julebrev og diverse. Dagen i dag har vore innhaldsrik og flott. Det var siste adventsamlinga med elevar dette året, før dei kjem tilbake til klasseromet sitt har eg og Helen vore der og pakka vekk julekrubba me har sett opp gjennom adventtida, og me har fjerna adventstake og reinsdyr og englar frå vindauga, perler, pipereinsarar og julepapir har me sjølvsagt og rydda vekk. Eigentleg burde me ha gjort det i dag, men sidan ingen andre sannsynlegvis skal bruka det på lenge, så utsette me hovudvekkryddinga til ein dag i romjula eller ein av dei første nyårsdagane.
Me har ete kake, konfekt og riskrem på lærarromet, rektor har halde tale og ein versjon av Elvis Presley har vore på besøk. Me har delt ut insamla pengar til Idas hjelpefond. Ida har fortalt oss om ungane i Guatemala me samlar inn pengar til, og me har vore på bilete i lokalavisa.
Heime har Halvard teke juleansvar og mekka peparkakehus og sett opp juletre. Odd Christian har fått vita at han stod på eksamen i religionsvitenskap, og eg føler det mest som om eg har vore oppe til den same eksamenen. Eg har teke toget til Sandnes saman med Arne, vore på kaffibesøk i den fine leiligheita til Kirsti, og eg har vore på nydeleg jukekonsert med Randi Egeland på Sandnes Brygge. Eg kjende ikkje til henne i frå før, men det var verkeleg vakkert. Konserten var julepresangen frå Torhild til meg. Det var ein super julegave. Me var der saman, ho, eg og Kirsti. På veg dit snødde det så mykje at det vart kvitt ute, men då eg skulle gå til toget frå konserten hadde det begynt å regna og me vassa i slapsevatn.
På toget sat eg i same vogna som ein mann som sat og leika med lightaren sin. Det såg ut som om han prøvde å setja fyr på både buksa si og sokkane sine. Det lukta svidd nylon, så at han ikkje brant seg under føtene forstår eg ikkje. Eg vurderte å prøva å få denne vaksne mannen til å legga vekk lightaren, men lot det vera. Kanskje det at eg i det heile tatt vurderte å gjera det viser at eg er litt yrkesskada etter 26 år i skulen? Fyren tok heldigvis ikkje fyr før eg gjekk av toget…
Då eg kom av hadde snøvatnet frose til is, men eg kom meg heim med heile handledd og lårhalsar. Av alle ting steiker eg fisk i omnen fordi eg vart så svolten. Det har liksom ikkje vore tid til å eta skikkeleg i løpet av denne dagen. Frokosten vart eit havsteikt egg med kald plomme som eg åt rett frå steikepanna fordi Sunniva forsov seg og måtte kjørast til toget fordi ho skulle opptre og ikkje kunne koma forseint. Vekene før jul går litt på halv åtte. Ein veit aldri heilt koss ting blir. Men sjeldan har eg fått så mange klemmar som i dag… Så sit eg her ein halvtime inn i det nye døgnet og ventar på fisken min. Heldigvis har eg sans for humor.
Heidi
Eg har ikkje fått med handball-VM før nå, men kunne ikkje gå glipp av å sjå Norge vinna finalen. Eg har hatt ein fin fjerde sundag advent med føremiddagskonsert på radio. Kjærasten min tilberedte lammelår og mor og far vart inviterte på middag. Så å seia heile storfamilien var samla for å støtta Borghild og Ida si adventmarkering for Idas hjelpefond. Det er fantastisk å sjå at jentene brukar seg sjølv både kreativt, fysisk og administrativt for å støtta fattige funksjonshemma barn i Guatemala. Heia Ida og Borghild. Eg har pådrege meg eit eller anna eg vil senda fort forbi med hovudverk, kvalme og vondt i halsen. Nå går eg tidleg i seng for å kurera meg sjølv. Eg har nemleg nettopp blitt spurd om å spela dodraug på personalavslutninga i morgon, og då kan eg vel ikkje gå hen og leggja meg sjuk. Huset er langt på veg julepynta. Det er koseleg det. Viss det er påfallande mange skrivefeil her, så skuldast det at eg akkurat nå er usikker på kor brillene mine måtte befinna seg, og då er eg dårleg på korrekturlesing.
Heidi
Føret i dag veksla mellom gater glaserte med ein millimeter is og heftige mengder regn. Eg tok toget til næraste byen og kikka litt på julemarknaden i gatene før eg møtte venninnene mine på ein kafé. Me avanserte frå det dårlegaste bordet i lokalet, via eit bord i passasjen før me kapra skinnsofaane framfor peisen. Me var der i meir enn tre timar og åt salat og ost og drakk litt ulike ting, dei mest lausslupne mellom oss avslutta med sjokoladekake. Så lot me alt me skulle ha gjort vera alt me skulle ha gjort og bare nytte kjensla av å sitja der og prata ein heil laurdagsettermiddag. Då eg gjekk heim frå toget var det så glatt at eg heldt fast i steingjerda utanfor hagane til folk.
Me har lufta Oscar, sett konsert frå slottet på TV og i tillegg ein nokså tåpeleg romantisk komedie som passa godt til behovet om å ikkje gjera noko fornuftig. Eg set pris på at kjærasten min hentar tenåringar som dermed slepp å ta både tog og buss for å koma seg heim. Så har eg laga ein stor boks med risbollar, og då eg skulle ta den store boksen ned frå hylla i kjellaren viste han seg å vera full av gløymde krumkaker frå i fjor. Dei var ikkje mygla og bortimot etande, men dei havna i komposten likevel… Kanskje baka litt færre krumkaker i år?
Heidi
for nå er det plutseleg vindstille og minusgrader. Deilig. Det går langsomt opp for meg at nå er det rolegare dagar som kjem. I dag har eg nesten blitt ferdig med kalendarane som skal lagast. Me har hatt julebord med kulturskulelærarane heime hos Åse. Det var veldig triveleg med langbord dekka til tjue. I morgon er det kafébesøk med venninner. Eg har kjøpt inn ingrediensar som skal halda til kakemenn, krumkaker og risbollar. Så trur eg kanskje at eg for ein gongs skuld skal pynta tidleg til jul. Det blir bra.
Heidi