Gå til innhald

Barndomsminne frå Øvre Vats

Oterfjøla flyt

bak båten

far ror.

*

Kaldt vatn

mot handa mi

som pløyer overflata

kjøleg, sanseleg

med sprikande fingrar

ikkje skrem fisken

seier bror min.

*

 

 

Fisken i ein plastpose

det vart då nokon

til slutt

eg kvir meg

for å knekka nakkane deira

fingrane inn

i dei stripete raude gjellene.

*

 

Vassa med gummistøvlar

Dra båten skikkeleg til land.

*

 

På gummistøvlar

opp bakken

mot det kvite huset til farmor.

*

Forbi hesjene

med gult høy

som luktar sterkare

om kvelden.

*

 

Over vegen

som mor trur

er farleg.

*

 

Forbi stikkrenna

som bror min

forsvann

ned i ein gong

og eg lo

sjølv om det

var det siste

eg skulle ha gjort.

*

 

 

Kvelden mørknar

rundt bringebærkrattet

sjølv om det er sommar.

*

 

Fjøskleda heng på ein spikar

i bislaget

dodøra til høgre

det er alltid kaldt

å setja seg der

med vindauget

ut mot gardsromet.

*

 

Skyla hendene

i den store vasken

den med ausa

der farfar drikk vatn.

*

 

Steikjepanne med brunt smør

fisken i salta mjøl

med mykje svart pepar.

 

Steikja til skinnet knasar

frydefullt mellom tennene

rosafarga kjøt

steikte poteter frå middagen

og saus av sur fløyte.

 

Eta sjølv om det

er nesten natt nå

og me må tidleg opp

om me skal vera med i fjøset.

 

Heidi

Ein blir nok frykteleg sliten

Det hender livet

spring fortare

enn du orkar.

*

 

Slik svingane

tok deg

i baksetet

på den gamle folkevogna

*

 

då du var lita

og til slutt

måtte ut for å spy

*

 

eller i beste fall

klarte å svelga

kvalmen

i små beiske munnfullar

til du var framme.

*

 

For dansar me ikkje

på stram line

med alt me har

i hendene

og strever

med balansen

rett som det er

utan å sjå ned.

*

 

Men tankane

finst

om alt

som kunne ramma oss.

*

 

Tsunamiar av frykt

Tikkande atomkraftverk.

*

 

For framleis

er me små

og dei store held

rattet

med det me kan håpa

i beste fall

er støe hender.

*

 

Og kanskje skulle me

ha dekka bord

i begge stovene

i eit gammalt hus ved havgapet.

ein sommarkveld.

*

 

Prestekragar

i blå skåler på bordet

og rabarbrasaft

skulle dei fått

og blomsterkransar

til å setja på hovuda sine.

 

Og så skulle dei

i ein time eller to

få vera små

desse store,

vera ein stad

der dei ikkje kan skada

andre enn einannan

ei heil lang sommarnatt.

*

 

Og nokon skulle spela

på munnspill eller fløyter,

*

 

ein blir nok frykteleg sliten

av å vera president

eller diktator.
Heidi

Kongo var jo mest som heime

Eg har laga ein eigen blogg for dikt frå oppveksten. Du finn han her:

http://kongovarjomestsomheime.blogspot.com

Fleire av diktbloggane mine blir oppdaterte undervegs.

Heidi

Telja dagar og telja steg

Kva som skal gje dei beste teljeresultata er ikkje godt å seia.

I går var det første dagen i livet mitt med ein stegreknar i bukselinninga. Det meste skal prøvast her i livet. Det var ein dag med mykje naturleg gåing innelagd, fordi eg skulle hit og dit og i grunnen har til vane å gå på beina dit eg skal, dersom det let seg gjera. Om kvelden viste det seg at eg hadde gått 18201 steg den dagen, noko som scora svært høgt opp på den lista eg hadde funne over kor mykje ein bør gå kvar dag. Det stod i artikkelen at svært mange blir sjokkerte over kor lite dei går i løpet av ein dag, men for meg var det faktisk motsatt.  Men det skal nok noko til å toppa suksessen i dag, for dette er meint å vera ein skrivedag med eit litt lågare fysisk tempo. Eg får håpa at to timar på tangokurs i kveld kan gjera susen. Og eg har teke meg sjølv på fersken i å gå fram og tilbake på kjøkkengolvet bare for å få mange steg, og i å småtrippa under oppvasken. Verda vil bedrast, og eg får håpa at eg djupast sett lurer meg sjølv inn i noko positivt.
Det å telja dagane sine som det står så fiint i bibelen er mindre handgripeleg. Visst vil eg telja timane mine, strekkja dei ut og bruka dei maksimalt. Det minkar på permisjonsåret, og eg har så utruleg mykje eg gjerne vil bruka tida mi til. Det må ikkje få bli ein mani verken dette å rekna steg eller timar som gjer at ein ikkje får gjort stort anna enn å telja. Og djupast sett er eg vel eit priviligert menneske som er fødd sånn omtrent utan evne til å kjeda seg. Sjølv om det å kjeda seg i fylgje psykologar og filosofar visstnok skal vera sunt, fordi det er då ein blir kreativ.

Og eg høyrer lyden av hovane til våren som kjem som ein vill hest med flaksande man. Han er ikkje lenger unna enn at det er på tide å gjera seg klar til å svinga seg opp på hesteryggen i fart, sjølv om eg altså er litt redd for hestar og aldri har gjort det før. Eg står klar med raude gummistøvlar og godt mot.

Her luktar det svidd, eg må ut på kjøkkenet og sjå om Ingrid sine muffins treng å bergast ut av omnen.

Det hadde ho klart sjølv, heldigvis. Og i går fekk Sunniva vita at ho hadde kome på andre plass i ein fotokonkurranse ho tok del i. Eg let meg imponera. Den jenta er overalt samtidig og rekk det meste.

Eg har gitt meg sjølv ein tidsfrist på ei drøy veke til å få send diktsamlinga mi inn til «Det norske samlaget» innan den 1. april. Sjå nå har eg skrive det her på internett. Då har bordet fanga og eg er bunden til å gjera det. Det siste steget er vanskeleg å ta. Ikkje fordi det er ein høg terskel på å senda inn manuskript til forlag, det har eg gjort før, men fordi eg gjerne vil at det skal vera bra og skikkeleg gjennomarbeida før eg sender det frå meg.

Nå vel eg å gå direkte til eit stort forlag denne gongen, fordi eg veit at mange små forlag har slutta heilt å gi ut dikt. Dessutan liker eg godt nynorskprofilen i «samlaget» (Ja, eg veit at forlaget har eit merkeleg namn i svenske øyrer…).

Eg veit at porten er trong og vegen smal inn dit, og om eg i det heile tatt kan ha noko håp om å bli anteken, nei det veit eg ikkje heilt. Men me prøver… Til rors Columbus…
Men først skal eg ut og handla litt. Sjølvsagt skal eg gå til fots. Og skulle eg møta Våren på vegen, så veit ingen kva som hender…

Heidi

Alle dei kvite stjernene

Eg var så heldig å ha ei bestemor, ei mormor, som sjeldan var meir enn to minutt unna meg dei seks første åra av livet mitt. I tillegg så hadde ho uendeleg mykje tid for meg. Eg kan omtrent ikkje hugsa at ho sa eg måtte venta når det var noko eg ville.

Nå, i eit travelt vaksenliv, kan eg mest ikkje fatta at det fantest vaksne med så mykje tid for barn. På Lucianatta i 1993 døydde ho, nitti år gammal. Dei siste tre månadane ho levde, budde ho på sjukeheim. Sjukeheimar var noko ho frykta mest av alt, og sidan ho var grunnleggjande engsteleg, så seier ikkje det så mykje.

Livet hadde ikkje bare fare fint med henne, men for meg var ho ein av dei viktigste personane eg nokon gong har kjend. Eg var svært glad i henne.  Livet ville det slik at akkurat denne hausten var eg i barselpermisjon med ei nyfødd lita jente. Det gjorde at eg kunne besøkja henne så å seia kvar dag desse månadane. Vesle Sunniva var i fanget mitt, eller ho låg på eit teppe, og øvde seg på å krypa. Dei to sende dagleg tannlause smil til einannan, og eg var plutseleg den vaksne.

Då bestemor pusta ut for siste gongen, var eg heime for å sova mellom nattevakene, men eg var der då ho somna for siste gongen. Bror min kom for å henta meg med bil, for dei hadde sagt på sjukeheimen at ho nærma seg slutten. Han fortalde meg at han akkurat hadde sett eit stjerneskot, og me hugsa begge den gamle historia om at når eit menneske døyr fell det ei stjerne frå himmelen.

Då me kom fram, møtte mor oss på gangen og sa at det var over. Etter at dei hadde steld bestemor, fekk me koma inn. Dei hadde bunde opp andletet med kvitt klede, så ho likna plutseleg på ei nonne der ho låg. Det forundra meg å sjå korleis alle spora livet hadde sett i andletet hennar ikkje var der lenger. Døden hadde glatta dei ut.

Med veslejenta mi på armen stod eg der og skulle ta farvel. Eit farvel til bestemor som var ferdig med å leva, medan eg stod der med Sunniva som nettopp hadde begynt å leva. Barnet forstod sjølvsagt ikkje kva som hadde berørd dei vaksne så sterkt, og smilte trøystande og tannlaust til alle som var der.
I dag har eg lagt ei lita samling tekstar frå denne tida ut på internett. Du kan finna dei her.

http://alledeikvitestjernene.blogspot.com/
Heidi

Mennesket og maktene

er den treffande tittelen på Olav Duun si bok om befolkninga på eit øyvære som vart trua av naturkreftene. Denne tittelen passar uallminneleg godt som overskrift på hendingane i verda den siste veka og. Eg har gått omkring i ein litt anspent tilstand midt i alt som er bra, og det første eg gjer når eg kjem heim er å springa til datamaskinen eller radioen for å sjekka tilstanden i Japan. Å få tre store katastrofer i hovudet samtidig er meir enn folk burde oppleva, og eg tenkjer heile tida på dei som er ramma av dette. Eg må jo innrømma at det kjennest ekstra uhyggeleg med den truande atomkatastrofen. Det minner oss om at verda er lita, at mennesket trur dei har kontrollen og at naturkreftene er sterke.

Nyheitene vekslar mellom å begatellisera det som skjer til å bruka ord som apokalypse. Keisaren av Japan ber for folket sitt, og det håpar eg alle andre gjer og; ber til sine gudar slik at bønene kan legga seg som eit vernande teppe om den klinkekula me bur på.

Eg var blant dei som på slutten av 70-talet gjekk med jakkemerke med «Atomkraft nei takk», og det flagget er eg framleis villig til å heisa. Eg tenkjer at når verda forhåpentlegvis kjem seg nokonlunde heilberga gjennom denne krisa så må det ettertanke til i forhold til andre atomkraftverk rundt på kloden og kor sikre dei er.  Og med min litt hypokonderiske hjerne så ville eg gjerne at nokon av dei som har greie på det skulle fortelja meg at atomvåpenlagera i verda under ingen omstendigheit kan bli påverka av reine naturkatastrofer. For ein merkeleg art menneska er som har noko så sjukt som atomvåpenlager på jorda. Men nå reknar  eg med at det er fantasien som spring av garde med meg, eg håpar i alle fall det…

Og i følgje dei som har greie på det, så er det svært lite truleg at me i vår ende av verda blir påverka av det som går føre seg i Japan. La oss håpa det. Samtidig er tanken på ofrene for tsunaen og jordskjelvet og for alle dei som er redde for ei atomulukke noko som spøkjer i hjernen min. – Og det er eit betimeleg spørsmål korfor ikkje tørkekatasrofer og hungersnaud i afrikanske land berører like djupt.

Det er mange spørsmål, men eg gjer som den japanske keisaren, ber om at det ikkje må bli verre i Japan enn det er nå, og at menneska må få visdom til å forvalta jorda på rett måte.

Og eg har brukt tida i dag og i forgårs til å leggja ut på nettet ei diktsamling eg skreiv for 11 år sidan og ikkje fekk gitt ut. Samlinga heiter «Appelsin i regnet», og for interesserte så kan dikta finnast her: http://appelsiniregnet.blogspot.com/

Og eg har hatt tre klassar på kunstutstillinga på biblioteket og snakka om dei store spørsmåla i livet som bileta får ungane til å tenkja på. I kveld var eg i lag med Gry og kjærasten min og høyrde Tore Rem halda foredrag om Jens Bjørneboe. Det var veldig interessant. Før jul las eg den store biografien hans om Bjørneboe i to bind. For eit merkeleg og samansett menneske Jens Bjørneboe var.

Og nå må eg inn og sjekka om det er noko nytt i Japan.
Heidi

Bakerens barn.

Akkurat nå lir denne bloggen litt same skjebnen som bakaren sine barn som i følgje ordtaket ikkje får brød… Eg har så mykje å skriva at eg ikkje får tid til å skriva her, paradokasalt nok… Dagane er korte og eg har så mykje eg har lyst til å nå. Men eg kjem sterkt tilbake.

Det eg ville leggja ut her nå i kveld, var denne linken: http://regnbogesomrar.blogspot.com/

Då eg var 24 år gav egut den første diktsamlinga mi. Den andre kom tre år seinare. Sidan dei nå for lengst er historie, valde eg å laga ein historie med dikta frå desse samlingane saman med fotografi som kjærasten min har teke. Det aller første biletet er frå eg var to år, så det har far teke, og fire av bileta er Sunniva sine. Så velkomen innom om de har lyst til å lesa.

Eg vil så gjerne gje ut ei diktsamling, og legg slagplanar for korleis eg skal gripa det an. Og så er eg heilt hekta på å lesa lyrikk. Det er synd at så få av oss tek seg tid til å lesa dikt. Sjølv har eg hatt mange år der eg mest ikkje har hatt tid til det, men nå landar eg i lyrikkhyllene med stort velbehag.

Og elles går eg i fantastiske 50-årsdagar, leikar kunstpedagog og jobbar med forestillingar.

Carpe diem!

 

Heidi

Eit reir i freden midt i stormen

Når det stormar

vil eg lena meg

med panna mot din fred,

vil eg søkja ly,

vil eg ta heile livet mitt

med meg i hendene.

Som ein fugl

vil eg byggja reir

i freden midt i stormen

der du er

du som bur ved havsens ytterste grense

og vandrar saman med meg

i dødsskuggens dal.

Men ikkje vil eg gøyma meg

for livet

bare pusta roleg ut og inn

og kjenna at her

høyrer eg og heime,

før eg spreier vengene att

og siglar ut

på eit hav av vind

og sterke straumar

Heidi

 

 

Eg er tilbake frå vintererie i miniformat

Eg og kjærasten min og Sunniva la ut på tur i saman. Eg trur det er første gongen Sunniva har prøvd seg som einebarn, men ho er eit elskeleg og tålmodig vesen og eg trur ho opplevde det ganske ok.

Litt av planen var at ho skulle få øvekjøra. Det fekk ho. Til dels med ei livredd mor i baksetet som prøvde febrilsk å ta seg saman slik at frykta ikkje skulle smitta over. Gullungen vår har nemleg ein ganske modig far i trafikken, og det er jo bra, men så blir det opp til mor i baksetet å kunna analysera sin eigen redsel så pass objektivt at ho seier i frå når det objektivt sett er uforsvarleg det som foregår. Eg er ikkje heilt sikker på at eg klarte det… Men av og til fekk eg mi vilje om veto gjennom. Som då ho var passert på vegskuldra på ein motorveg der bilane suste forbi i 100 km i timen med beskjed om å kasta bilen innpå når det kom ei luke… Ved forbikjøring av trailar på den same motorvegen, sat mor med lukka auge og bad til Gud medan far forsikra med roleg stemme om at dette var heilt trygt…

Men visst kom me fram… Først til Frode som møtte oss med eit stort smil og nysteikte rundstykke på eit kjøkken så fullt av liv og vakre detaljar at Sunniva måtte fram med kameraet, så fekk me med oss innspurten på damestafetten før ferda gjekk vidare. Farmor og farfar gleda seg stort over å få nokre timar kvar dag saman med Sunniva. Me åt reker og salatar, ost og fastelavnsbollar rundt det store bordet i stova. Farfar kom med improviserte små quizar der me skulle gjetta kva for melodiar han spelte på pianoet med to fingrar, eg og svigermor strikka babytøy og me heia fram norske skiløparar på 5-mila på TV. Eg er takknemleg for alle gongene me framleis kan sitja slik og vera friske og oppegåande alle saman. Svigerfar har passert 90 og svigermor for lengst 85. Eg blir vemodig klar over at livet er forgjengeleg.

Installerte på finaste vis var me hos Henrik og Eva Mari. Brennande lys, søm og strikkepinnar, masse fotoutstyr og ein stor irsk setter som vil vera med på det meste. I tillegg fekk eg nokre veldig koselege timar i lag med Tove, som eg reiste til Tanzania med for seks og eit halvt år sidan. For første gongen på ti år, eller noko slikt, møtte me Jan Georg og Birgitte ein sundagskveld. Snøen låg framleis sånn omtrent meterhøg rundt huset deira på Bærums verk. Det var fint å møta dei igjen.

Mandag føremiddag rakk me ein oppdagingstur til Fretex i Sandvika. Der kom Sunniva og eg over eit par heilt nye steppesko med stålbeslag under hæl og tå til bare 250 kroner. Dessverre var dei litt små til meg, men slutta seg rundt foten til Sunniva som skoen til Askepott ein gong gjorde det… Sunniva og eg var samde om at begge to djupast sett alltid hadde ønska seg steppesko. Sjølvsagt kjøpte me dei, og Sunniva steppa for farfaren sin ein time seinare. Sjølv kjøpte eg bittesmå roser i bleikrosa organsa som eg har sydd på den eine bittelille babykjolen i bleikrosa og bleikgrønt. Det vart fint.

På veg heim hadde me eit stopp hos Jan og Hilde og Simen i Søgne. Det var utruleg fint å vera der og. Me var veldig mykje saman før me fekk barna våre og då barna var små, men dei siste åra har me sett dei alt for sjeldan. Det var veldig fint å vera der. Ferien har på mange måtar vore ei reise i det som ein gong var og som framleis er bare me finn det fram.

Vel heime var det ei stor glede å sjå at vesle Oscar Otto faktisk har begynt å bruka den nyopererte foten. Han kom glad og sprettande på fire bein for å ta i mot oss. I morgon skal han til dyrlege for etterkontroll og fjerning av sting. Eg håpar med alt eg har at alt ser bra ut.

Eg og Ingrid kjørde Sunniva og Thea opp til Vilde, og så stakk me innom foreldra mine som nettopp er komne heim etter to veker i syden. Dei baud på kaffi og nysteikt grovbrød som framleis var varmt. På vegen heim stoppa me for å gå ein tur rundt vatnet. Det var deilig å koma heim til det snøfrie landskapet her heime etter  alt snøen austpå.- Men nå snør det att her og. Akkurat nå er det kvitt ute, men eg satsar på at våren ikkje har planar om å kle seg varig i kvitt.

Skriva var det eg skulle. Det begynner å hasta litt med alle prosjekta mine.

Heidi

Våren litt på forskot

Eg har jo vore i London der mirakelet vår allereie var godt i gang. Her er det forøvrig så kaldt og surt at det gjer vondt å vera ute…

Kirsebærtrea blømer
og forsythiaen komkurrerer med sola.
Det er  tida for alt nytt,
tida for lidenskap og musikk.
På torsdag ingen større forandringar,
seier metereologen med slipset.
Det er beroligande
å kunna sjå fram til torsdagen
med roleg venteglede
at me kan gå roleg ut i frå
at ikkje noko vondt skal skje
den dagen i alle fall.
I tillegg til lovar han oss
lettskya ver og ein del sol.
Så torsdag og alle andre dagar,
her kjem me og våren.

Heidi