Gå til innhald

Go tell it on the mountain…

høyrest det frå kjærasten min si side av arbeidsrommet. Og det er vel på tide å fortelja litt her og. Mykje blir det ikkje, for eg er veldig klar for senga. Nå er eg inne i den verkelege spurtfasen, mindre enn to veker att av skuleåret, og så utruleg mykje eg skal få ordna på desse dagane. Til helga dreg me til Hamar for å feira dobbel femtiårsdag, og stoppar i Bærum for å besøkja familie. Det blir fint. Det fører sjølvsagt til at dei andre dagane som er att blir endå travlare, men det får me leva med.

I sist veke var eg to gonger inne i nabobyen og såg den musikalen eg hadde skrive for barnehagane til byjubileet. Det vart deks forestillingar i ein stor konsertsal. Scenografien var flott, musikken heilt fantastisk og skodespelarane kjempeflinke. Det var ei stor oppleving å få sjå noko eg har skrive bli sett opp så stort, og det var ei spesiell kjensle å sjå mange barnehageungar synga songane eg hadde skrive av full hals og med stor iver. Dei hadde øvd inn tre av songane slik at dei kunne vera med og synga saman med skodespelarane. På scenen var det og eit barnekor i kvite kostyme som hadde funksjon både som songarar og skodespelarar saman med dei vaksne skodespelarane. Eg er så glad for at eg torde ta i mot eit så pass stort oppdrag.

Nå er det skrivekurset som tek mykje tid. Me held på å laga ei bok med tekstane som barna har skrive, og det viser seg å vera vanskelegare enn eg trudde å få formatert eit så stort dokument sett saman av fotografi, collagar og tekstar. Det har gått uendeleg mange timar med til arbeidet, og det kjennest som om eg kunne ha spart inn halvparten om både eg og datamaskinane på kulturskulen hadde vore litt meir oppdaterte.

Og så er det avrunding av 7.klasse som skal ut av mitt favntak og over i ungdomsskulen. Rydding i mapper, skriving av rapportar, innsamling av bøker og reptisjon av fagstoff. Nå skriv eg avskjedstalen i tankane, den eg skal halda på avslutningsfesten på torsdag. I tillegg skal ein halda ein stor gjeng 13- åringar i sjakk dei to vekene dei har att. Dei er veldig klare for ferie nå. Og det er me vaksne og, samtidig som det ligg eit slør av vemod over det heile slik det gjer rundt ein kvar definitiv slutt på noko som har vore krevjande, fint og viktig.
Heidi

Cottagecheese, ferske jordbær og pinjekjerner…

Det fekk duga som middagsmat i dag for eg har hatt ein lang skrivedag for å få ferdig boka til skrivekurset. Kvar gong er det uendeleg mykje meir arbeid enn eg har trudd, men det er kjekt å halda på med. Så har eg fått instruert ein av skriveelevane mine i det å lesa sjølvskrivne dikt på 10.klasse-konserten, og ein av dramaelevane mine i det å vera konferansier på same konserten. Ballane blir plukka ned ein etter ein, men framleis har eg ganske mange i lufta… Ute har veret vore noko i nærleiken av sommartemperaturar, og det er ganske fint etter å ha hatt frostnetter for ei veke sidan.

Sunniva er trygt heime att etter at ho har vore på John Meyer- konsert i København. Eg gjekk mange rundar med meg sjølv før eg gav henne lov til å reisa, eg synest ho er litt ung til å ta seg fram i den store verda aleine, men dei reiste ein heil gjeng i lag, og kompromisset vart at dei ikkje fekk reisa før på sundagen slik at dei unngjekk ei lørdagsnatt i København. Ho var heilt fyr og flamme då ho kom heim. Turen hadde vore veldig kjekk og konserten heilt topp. Så nå kan eg trekka pusten i letting over å ha henne trygt heime att.

Om ein times tid sluttar mai å vera mai og går over til juni. Og eg har halde avtalen min om å skriva kvar einaste dag i mai i år og. Eg er ganske sta når eg får ein fiks idé, og nå er eg i mål. Mission compledet. God juni månad!

Heidi

Den blomstertid nu kommer…

Slik starta radiogudstenesta i dag, og av alle ting vart eg rørt av å høyra den songen. Sundag har for meg i heile mitt vaksne liv vore gudstenestedag. Eg har prøvd å få med meg ei gudsteneste kvar sundag, ikkje fordi det i utgangspunktet alltid kjennest så lystbetont å koma seg dit, men fordi eg trur det er viktig og fordi det er godt for meg og livet mitt og den kyrkja eg høyrer til i. Det er med på å ramma inn livet mitt i ei ramme eg ynskjer det skal vera i. Då ungane var små var me ganske flinke til å få dei med oss. Det kjennest faktisk vanskelegare å koma seg til kyrkja sundag føremiddag nå med tenåringsbarn som ein skal få i hus før ein kan tenkja på å ta kvelden sjølv, og med veldig høgt press på jobb kan det kjennast veldig fristande å ta det med ro sundag morgon.

Då er det fint å ha radiogudstenesta som ein kan kobla seg på med eit tastetrykk. Gudstenesta i dag var veldig fin. Presten samanlikna gudstenesta med eit dramastykke, og sa at dersom eit teaterstykke hadde samla så mange tusen kvar einaste sundag i totusen år, så hadde det vore ein teatersensasjon utan sidestykke. Sjølvsagt er det eit svært haltande bilete. I gudstenesta er ein ikkje tilskodar, men deltakar, og dramaturgien i liturgi og gudstenesteoppbygging handlar om sjøve livet, Gud, mennesket og skaparverket.

Av og til lurer eg på om me er fødde med meir og mindre anlegg for religiøsitet akkurat som me er fødde med større eller mindre grad av musikalitet, kreativitet, spatial sans og evne til logisk tenking. For meg er Jesus sin historie om kjøpmannen som fann ei så fin perle at han med glede var villig til å selgja alt han åtte for å kjøpa ho heilt reell. Eg har funne noko som er så fint at eg ynskjer det skal prega livet mitt i størst mogleg grad. Korfor andre ikkje opplever det slik er for meg ei gåte, for eg har alltid hatt ei veldig sterk dragning mot det religiøse, sjølv om foreldra mine var relativt lite opptekne av slike ting. Er me forskjellige fordi me har forskjellige oppgåver i livet, og for at puslespelet skal bli det biletet det er meint å vera, så må brikkene vera ulike i form og farge? Kanskje det er slik det er? Eg veit ikkje, men eg observerer jo at ting som er utruleg interessante for meg ikkje treng å vera det for andre. Og sjølvsagt ser eg andre gløda for ting eg sjølv ikkje kjenner minste antydningen til glød overfor…

I kveld var eg  i ei ny kyrkje ca ei mil frå byen eg bur i, og høyrde på Karsten Isachsen, som er prest og forfattar. Han sat i ein lenestol på scenen og fortalde historiar som fekk heile salen til å le. Han hadde ein fascinerande evne til å få publikum til å lytta. Han snakka naturleg nok og ein del om tru. Mellom anna sa han at setningen «Tenk, takk og ver glad» romma djup visdom. Hermed er setningen servert til vidare filosofering. Ein annan setning var: «Ingen blir mett av å sjå på eit brød.» eg ser at det å sitera andre sine setningar lettare lausrive frå samanhangen blir ståande som litt banale greier. Slik får det vera akkurat her og nå. Det ligg mykje visdom gøymt i dårskap…

Og elles så har eg vore passasjer medan Ingrid har kjørt ein lang tur langs kysten for å få mest mogleg kjøretrening. Alle dei grøne trea, dei utsprungne blomane, bølgene som bryt mot sandstrender og blankskurte svaberg, alle måkane i havgapet, vipene på markene og ein og annan heigre på ei myr, lamma som beiter på grøne grassletter…- det er ei ubeskriveleg vakker årstid.

Heidi

Heidi

Me ser på Melodi Grand Prix

for første gongen på mange, mange år, og det ser ut til å bli tysk seier. Det var jo ei veldig søt jente som song, då. Nå måtte eg opp og blogga litt, for å klara å halda planen om å skriva kvar dag i mai. Viss eg ikkje skundar meg nå, så kryssar eg datogrensa. Sidan Grand Prix-arrangementet var norsk i år, så fann me ut at me måtte ta litt del i feiringa. For å vera ærleg har eg alltid syntest at det er eit litt langdrygt og kjedeleg program, men i dag har eg faktisk kost meg med å sjå på. Enten så er det blitt eit betre program, eller så har eg forandra meg til det litt meir pop-kommersielle… Eg synest at dei norske programleiarane har gjort ein heiderleg innsats, og at pauseinnslaget med dans var humoristisk og flott.

I dag har det vore Jærdag, det vil seia ein slags marknadsdag i den vesle byen min. Veret var bortimot det mildaste me har hatt på denne sida av jul, og det var koseleg å rusla rundt i gatene og snakka med kjende medan me betrakta med eit halvt auge selgarar med mikrofon rundt halsen som selde spekepølser og poleringsmiddel. Til mi overrasking oppdaga eg at bror min var midtpunktet på eit show for det lokale helsestudioet, han sykla baklengs på ein spinningsykkel, tok armhevingar på den same sykkelen i takt med musikken, og hoia som ein amerikansk cheerleader i ståande posisjon frå sykkelstyret. Eg har ein sprek bror skjønar de. På ein bokhandel selde dei ut diktsamlingar til 30 kroner pr bok. Slikt kan eg bare ikkje stå i mot, så eg halte med meg ein nokså tung pose der i frå.

Me nådde og ein liten tur til Ikea. Kjøkkenprosjektet vårt sig sakte framover, nå har me bestemt oss for type kjøkken trur eg. Det blir kvite profilerte skap, og overskap med vindu i. Eg dregst meir mot det litt gammaldags romantiske enn high-tec og minimalisme. Benkplata blir av stein. Eg har kome så langt at eg gleder meg litt til å få nytt kjøkken, og det er ikkje verst til meg å vera. Eg er ikkje spesielt glad i å pussa opp hus, men eg innser at det trengst.

Så har eg handla endå fleire blomsterpotter i rosa, blått, grønt og stripete, og har kjøpt endå fleire blomar. Eg og Ingrid reiste ned til marknaden ein gong til på ettermiddagstid. Eg hadde sett eit område der dei hadde salgsboder frå ulike land og selde spesialitetar der i frå: Eg kjøpte eit stykke røykt fransk brie, til bortimot hundre kroner. Han smakte godt, men ganske kraftig, og så drakk me kaffi på Sunniva sin kafe.

Då eg ikkje fann bankkortet mitt i kassen på Kiwi tok eg det med relativt stor ro, det stikk seg ofte bort i lommeboka, men då det viste seg å bare ikkje vera der, vart eg passe varm i hovudet. Ingrid og eg klarte akkurat å skrapa saman pengar nok frå våre foreinte lommebøker til å betala for varene. Heldigvis så låg. bankkortet i ei anna veske, så alt er under kontroll.

På Ikea hanka eg med meg svensk gravlaks og sennepssaus, saman med eggerøre, spekeskinke og røykt fransk brie, vart det eit fantastisk Grand-prix måltid til inntak framfor fjernsynet og med friske bringebær til dessert. I dag smakte det utruleg godt med ein dag utan å gjera noko som helst som handla om jobb. Nå skal eg ned og sjå Tyskland hala seieren i land.

Heidi

Når bare premieren har gått bra,

og alt er gjort som gjerast skulle, så er det veldig triveleg å jobba med forestillingar. Det blir ein heilt spesiell form for samarbeid på tvers av aldersgrenser. Plutseleg er me saman med skodespelarane våre i eit team som jobbar saman. Me skal få til noko i lag, me skal gje ei god teateroppleving til publikum i tre fulle salar. Heilt standard er det me opplevde denne våren og: Elevar som var slitne og trøytte av øving i april, melde frå om at dei ikkje ville fortsetja til hausten. Slike oppseiingar av plass må nemleg meldast i frå om i løpet av april månad. Så opplever dei ein gong til kor fint det er å vera med på ei stor oppsetjing, og så spør dei om lov til å trekkja tilbake oppseiinga. Det går alltid bra, for me har framleis ikkje teke opp nye elevar som skal begynna til hausten. Eg kjenner at hjernen alt er i gang med å koka ut nye plot, men eg veit at eg treng ein pause nå. Nå er det skriveelevane og sjuande klasse som skal halast i land i løpet av dei neste tre vekene. Det blir interessant, travelt, intenst og ganske vemodig, reknar eg med. I alle fall er det blanda inn ein god porsjon vemod i det som dreiar seg om 7. klasse. Det er ufatteleg at det bare er tre veker igjen, men eg trur og at eg har budsjettert krefter og pågangsmot til å vara akkurat så lenge, så eg reknar med at tre veker er akkurat passe…

Etter å ha rydda etter dei tre forestillingane, var eg så sliten at det gjekk på finmotorikken laus. Motorikken vaklar nemleg før både tålmod, konsentrasjon og humør hos meg når eg er under press. Eg klarte å knusa det fine blå blomsterglaset, som eg hadde med for å ha på bordet med liljekonvall i i salongen til familien Ashdale. Så var det å tørka opp vatn og samla opp mikroskopiske blå glasbitar frå flisegolvet i korridoren på skulen. Vel heime sånn etterkvart, havna eg på sofaen med ei avis der eg klarte å somna. Det gjorde godt.

Kjærasten min melde om noko han trudde var ein fin film, og så vart me sitjande i sofaen og sjå på den svenske filmen som hadde fått den norske tittelen «Den beste sommaren.» Det var ein nydeleg liten film frå 60-talet trur eg, om ein mann som dreiv begravelsesbyrå og skulle ta i mot to fosterbarn på sommaralastning. Humoren var underfundig og karakterane sjarmerande. Ingrid kom og etterkvart. Eg og ho vart sitjande og sjå på kortfilmar om kjærleik og einsemd. Dei var fine dei og. Kirsebærtreet blømar framleis, og me har fått planta ut begonia. Det vil seia, kjærasten min hadde gjort det til eg kom heim. Me har bestemt oss for at nå er faren for nattefrost over. I dag morges undra eg meg over moldete kattepotar på stovegolvet. Då eg kom ned for å dusja såg eg korfor. Venus hadde bestemt seg for å innvia kassen med begoniaknollar til nytt kattetoalett… Dei likar ikkje den nye kattesanden me har innført i heimen. Molda var nok langt meir behageleg å trø i… Eg ser ikkje anna råd enn å gå tilbake til vanleg kattesand… Dette gjorde at eg var ekstra takknemleg for at andre enn meg plutseleg hadde stått for utplantinga…

Nå er det deilig med helg…

Heidi

Amish paradise.

Eg vart lokka til å sjå ein veldig interessant dokumentar om Amishfolket, og om to familier som vart ekskommuniserte fordi dei las bibelen på engelsk og ikkje på tysk, og fordi dei var med i bibelgruppe og song lovsongar på engelsk. Eg synest Amishfolket er veldig interessant, eg skulle gjerne levd med dei ein periode for å sjå livet deira frå innsida. Det finst reglar for det meste, til og med for dessignen på bukseselane, og ein kan bli utvist frå kyrkja for å bruka feil bukseselar. Det er interessant å tenkja seg slike kyrkjesamfunn som ein slags spegel, og spørja om me har like meiningslause sett med reglar i våre kyrkjer, skular og samfunn, om ein ser veldig filosofisk på det då, og det er eg eigentleg alt for trøytt til akkurat nå.

Opptakten til «Mordene på Ashdale» vart ein skikkeleg thrillar fordi mykje gjekk gale, og tida sprang i frå oss. Me kom oss ikkje gjennom heile generalprøven, og då folk hadde begynt å gå inn i salen, visste me framleis ikkje korleis me skulle laga lyden av pistolskyting, som me ganske raskt kom til å få bruk for. Men det viste seg å gå bra denne gongen og. Ungdomane tek ansvar og hugsar plutseleg det meste av det me har instruert dei i å gjera. Etter rigging, heseblesande generalprøve og to forestillingar, var eg rimeleg tappa. Nå skal eg sova i nokre timar før det er tre skuleforestillingar på rekke og rad, og etter det er det slutt på teater på denne sida av sommarferien. Måtte lukka framleis stå dei tapre bi.

I dag sat eg og såg på elevane mine som sat konsentrerte i halvannan time om ein stor engelskprøve . Det var rørande og litt vemodig på same tida å betrakta gjengen som sat der og jobba med verbbøyingbmed konsentrerte miner og skrapande blyantar. Det er bare tre veker att av «barndomen» deira i skulesamanhang. Neste år er dei på ungdomsskulen. Eg ynskjer dei alle gode ting vidare.

Heidi

Fullmånen lyser som var den av glas.

Men det er han ikkje. Det er ein vanleg fullmåne. Men kveldane er heilt uvanleg lyse nå. Endå har eg teke inn kassen med begonia som eg framleis ikkje har fått i jorda, for dei har meld frost til natta. Frost i slutten av mai er då ein uvanleg ting det og. I går melde dei snø i løpet av natta, men det har dei trekt tilbake. Eg har laga program til teaterstykket i morgon og handla briller på Nille, for bestemor på godset Ashdale skal leita etter brillene som ho faktisk har på nasen.

Etter ein dag og ein kveld på jobb har eg vore språkkonsulent. Det var kjekt. Nå skal eg ned og kikka på noko Ingrid vil visa meg, og så er det på hovudet i seng. I går kveld starta eg på ei bok eg hadde kjøpt, og så klarte eg ikkje å legga ho vekk før eg hadde lese ho ut. Lite vett når ein har det travelt frå før, men eg trur det er min sporadiske mangel på fornuft som gjer at eg ikkje slit meg ut på å vera fornuftig. Og nå er det utan tvil kvelden.

Heidi

Silver threads among the gold.

Song me då eg hadde gitarundervisning med Terje Korneliussen i 8. klasse. «Darling I am growing ooold, silver threads among the gold…» Det kjendest uendeleg fjernt i tid, og det gjer det forsåvidt framleis, men i dag er eg sølvbrur, og det er då noko…

I dag har eg møtt meg sjølv i døra på finurleg vis. Eg var nemleg på handle- og samlerunde til premieren på «Mordene på Ashdale», som skal vera på torsdag.  Dei litt komiske problemstillingane er: A- Eg irriterte meg litt over at pistolane på leikebutikken ikkje ser livaktige nok ut. B.- Dei har ingen gode bøker med oppskrifter på giftmord på biblioteket… bestemora i stykket skal nemleg lesa i ei slik bok fordi ho planlegg å myrda resten av familien… Eigentleg er eg ein svoren motstandar av krigsleiketøy…

I dag såg me filmen «Yatzy» med 7.klassingane våre. Eg har lese boka i alle tre klassane, og me skulle samanlikna bok og film. Dessverre var filmen utseld i Stavanger, eg fekk låna han på vodaregåande skule, men sidan han låg innelåst i eit skap på biblioteket, fekk eg han ikkje før i dag,og fekk ikkje sett han på førehand. Filmen viste seg å vera veldig langt frå boka. Det er jo eit interessant utgangspunkt for samtale, men eg kjende eg burde ha fått sjå han før eg kasta elevane ut i det. Mykje av historia var rett og slett heilt forandra, og det kom fram ei halvfortald historie om seksuelle overgrep som det ikkje var spor av i boka. Med 11-årsgrense på filmen, var dette heilt umogleg å forutsjå. Men me fekk då ein ganske interessant samtale etter filmen. Moralen må vera at ein absolutt bør sjå filmar ein har tenkt å visa elevar. Og eg likte boka klart betre enn filmen. Men eg går ut frå at forfattaren, Harald Rosenlöw Eg må ha godkjend dei store endringane.

Feiringar får me visst aldri nok av her i huset. I dag tok me med oss alle fire ungane og åt middag på kinarestaurant for å feira eit aldri så lite sølvbryllaup med ungane. Far gav oss eit økonomisk tilskot som han foreslo me kunne eta opp på ein dertil eigna spiseplass. Det var koseleg. Alle var i godt humør, og Ingrid stilde med presang og veldig koseleg kort. Eg fant ut at det måtte vera ein passande anledning til å bestilla hummar, så det gjorde eg. Som ei avrunding på utelivet reiste me heim og åt banansplitt med jordbær, krem og sjokoladesaus. Nå trur eg me har feira i frå oss for ei stund.

Heidi

2.pinsedag.

Eg hadde ein lang og deilig tur langs vatnet i lag med Torun. Det lukta så godt av gras og skog, av lauvtre og blomar, av mold og sommarregn. Då den verste regnbyga kom lurde me oss inn i eit båthus og sat der på treplankane medan regnet tromma på bølgeblikktaket over oss. Eg hadde veldig lyst til å plukka ein stor bukett markblomar, men klarte å besinna meg. Strengt tatt veit eg ikkje om det er lov å plukka blomar på desse gangstiene, og så veit eg at det er ein viss sjanse for eit skikkeleg allergianfall om eg går med nasen i markblomar. Men av og til er det verd det. Utan tvil og absolutt…

Då eg kom heim, hadde eg og Ingrid ein dugnad på kjøkkenet. Eg laga eplekake og vaffelrøre, og ho skar opp grønnsakar til suppa frå i går og bakte herleg foccaciabrød etter ei oppskrift ho fann på nettet. Sunniva og Odd Christian dukka opp etter pinseleir og Bergenstur, og så dekka me bordet med krystallglas, blå suppeskåler og prikkete serviettar.

I dag hadde me bedd familien på eit lite etterselskap for meg og Sunniva. Far kom med nydelege liljekonvallar frå hagen. I morgon kveld tek me med ungdomane våre ut ein eller annan plass for å eta noko godt og feira sølvbryllaupsdagen vår… Og så er det slutt på festreisene i denne omgangen. I morgon er det arbeidsdag att, og Halvard skal ha skriftleg eksamen i matematikk. Han ser ut til å ta det heile med relativt stor ro. Ingrid og eg tok ein øvingskjøretur langs stranda. Det er verkeleg lange, lyse kveldar nå.

Heidi

Nokon spelar gitar i gardsrommet mitt.

Og når eg kikkar ut, står det to damer der og syng «Happy birthday»! Den eine er Astrid, som eg venta besøk av, den andre er mi kjære venninne Torun, som bur sånn rundt rekna 60 mil frå meg. Eg ante ikkje at ho var på desse kantar, og tidlegare på dagen hadde ho send ei tilforlaterleg gebursdagshelsing på sms. Det var verkeleg den store overraskinga for i dag.

Dagen har vore kjempefin, akkurat som gårsdagen vart det. Eg har fått roser, og hageblomar, fine kort, bøker, lys, dukar,  og utruleg mange helsingar på facebook og mobil. Denne nye digitale tidsalderen gjer verkeleg gebursdagar til noko litt nytt og annleis… Etter å ha drukke kaffi og ete frokost, kom Ingrid opp for å hjelpa meg. Ho gjorde klar til ei nydeleg kyllingsuppe med selleri, epler, chili, kanel, kvitlauk og fløyte som fekk stå og koka i mange timar. Sjølv sette eg i gang med å baka sjokoladekake og kanelrullar. Då gjærdeigen var klar, oppdaga eg at eg hadde gløymt å ha i gjæren. Nå har eg oppdaga, at det i alle fall til ein viss grad, fungerer å kna tørrgjær inn i ein ferdig blanda deig.

Eg hadde ikkja lagt opp til noko særleg feiring, sidan talet er veldig lite rundt, men eg hadde sagt til nokon at eg hadde kaffi og kaker klar om nokon skulle stikka innom. Det har dryssa inn ein del hyggelege gratulantar i løpet av dagen, så lenge det var varmt nok sat me ute på verandaen,  men etterkvart trekte me inn i huset. Me har ete kyllingsuppe, kaker og bollar, og me har drukke kaffi. Bror min har ringt for å oppdatera meg på at 49 er verkeleg noko heilt, heilt anna enn 4, 47 og 48. Nå kjem eg verkeleg til å merka alderen i vekene framover… Så nå får me sjå om spådomane slår til. Etter ein nokså sein kveld i går, og ein intens og sosial dag i dag, så er eg klar for å runda dagen av om ein fem minutts tid. Onkelen min kunne fortelja meg at eg vart fødd på 2.pinsedag, det kan eg ikkje hugsa å ha høyrt før, kanskje eg skal halda på at eg fyller år i morgon og…

I dag morges las eg ei bok eg kjøpte på sal for lenge sidan om Spinoza og forholdet mellom kjensler og emosjonar. Kanskje eg får mykje tid til den slags lesing nå når eg snart skal slutta å retta bøker…

Heidi