skåla i sjampanjebrus,
for på Bryne og Manhattan,
ja der he me høge huuuus…
Ein revydag fullstappa med forestillingar er komen til endes, og etter å ha fått forestillinga opp og gå, er ho nå over, and what is still not said, should be forever unspoken… For slik er lovane for teater. Ein jobbar hardt og lenge med ei forestilling, så tek ho av, og før ein har nådd å pusta så er det heile over… Sjølv om det er filma, og sjølv om det står om oss i avisa i morgon, så er det over. Slik er lovane for forgjengeleg kunst, og kanskje det er nettopp der fascinasjonen ligg.
Men eg burde ikkje fortvila over det. Om nøyaktig ei veke er me i gang med forestillingane med kriminalkomedia me øver inn med dei eldste i kulturskulen, «Mordene på Ashdale»… Så her gjeld det bare å snu seg framover og sjå vidare.
Stykket hadde me lagt opp slik at det var filmsnuttar innimellom revynummera. Desse var filma ute i lokalsamfunnet, og skulle vera eit slags nyheitsprogram a la «Norge rundt» eller «Supernytt», dei presenterte og kommenterte innslaga som skulle koma. Min oppgåve under forestillingane er vanlegvis å sitja på første benk med manus og vera sufflør. På den eine forestilling sat eg mellom ganske små elevar. Dei kommenterte filmane som om det skulle ha vore på TV: «Sjå der er stadion.» «Det trur eg er filma i vår bowlinghall.» Då dei såg eit innslag filma ute i skulegarden vart dei kjempeivrige: «Sjå der er vår skulegard». «Der har eg og vore». «Er dette ekte?» «Men koss går det an at me ser skulegarden på film?» På det siste spørsmålet kom det svar frå sidemannen.»Det er ikkje akkurat nå, dei har filma det før!» «Å, ja sånn,» sa han som hadde spurt.
Eg har sett eit TV-program om realityserier i kveld. Der poengterte dei dette fenomenet. «Nå for tida trur ikkje folk at dei finst før dei er på TV.» Og der set me punktum for i dag.
Heidi
I dag er me inviterte ut, men først skal sommarblomane i jorda, og hushaldet bestyrast. Eg har drukke kaffi av eit limegrønt krus med blå og gammelrosa blomar som eg kjøpte på ein bruktbutikk. Kjærasten min skriv spanskoppgåve. Odd Christian snakkar i telefon nede i stova. Han har snaka lenge, og han har glad stemme. Kva han snakkar om veit eg ikkje, men eg liker glade stemmar. Sunniva har hugsa å fylla på reint vatn til den grøne undulaten vår før ho gjekk på jobb. Ho var glad ho og då ho gjekk.
Ute skin sola frå blå himmel, det er sikkert kaldt ute, men blå himmel er fine saker. Den siste vermeldinga tilseier at det ikkje skal regna på 17.mai, og det er me glade for. Ganske snart feirar me sølvbryllaup. Feiringa blir veldig moderat, men noko skal me finna på, me veit bare ikkje heilt kva. Me er litt trøytte begge to, me får sjå kva som skjer.
Og timane sklir så fort. Eg må gripa dei før dei forsvinn.
Heidi
Ei jente var ein gong oppe i eit tårn. Der møtte ho ein gammal fyrvaktar. Fyrvaktaren viste interesse for henne, han sa ting ho kunne le av og bli glad for. Ho tenkte at fyrvaktaren var ein klok mann, og kjende seg smigra fordi han sette seg ned for å fortelja historier om henne. Historiene vart skrivne ned i ei bok. Ikkje bare historiene som fyrvaktaren hadde fortald, men mange fleire . Ein del av historiene var triste. Etterkvart vart boka med alle historiene ein belastning for jenta. Ho visste at det som stod i boka kom til å henda. Når det gjaldt dei triste tinga, så gjekk ho i vekesvis og grudde seg til dei skulle skje.
I ei av historiene stod det at jenta skulle tilbake til fyrtårnet. På eit plan gledde ho seg til dette skulle skje. Ho ville gjerne møta den fantastiske gamle fyrvaktaren igjen, men samstundes så grudde ho seg. Kva historier kom ho til å få høyra denne gongen.? Ho tenkte litt på å prøva å lura seg unna besøket i tårnet fordi ho var redd for kva fyrvaktaren skulle kunna koma til å fortelja henne.
Så kom ho dit igjen. Denne gongen var ho eldre og klokare. Ho oppdaga til si overrasking at fyrvaktaren ikkje var som ho hadde trudd. Ho innsåg at han var eit heilt vanleg menneske. Ho hadde lagt alt for mykje i spådommane hans. Ho såg at han kom med spøkefulle kommentarar til andre barn, og frykta at dei skulle legga alt for mykje det han såg. Ho såg jo at fyrvaktaren snakka utan å tenkja seg om, og tenkte at om desse historiene vart skrivne i ei bok, så kunne dei utvikla seg til å bli farlege spådommar for barna som høyrte på. Dei var på langt nær verde den betydninga ho sjølv hadde lagt i dei då ho var lita. Ho innsåg at ein ikkje bør la andre skriva bøkene om livet sitt. Ho var sjølv ein forfattar, og alle historiar kan endrast på. Frå nå av ville ho skriva sjølv.
Slik omtrent var draumen eg hadde like før eg vakna. Og eg tenkte at eg må halda draumen fast, fanga han mellom hendene og skriva han ned fordi han er viktig. Han er viktig for meg, men og for det perspektivet eg har til andre menneske. Dessverre kan ein draum aldri skrivast ned. Han er full av element som ikkje kan skrivast med ord, fordi språket ikkje strekk til. I draumen skifta eg perspektiv heile tida. I sekvensar var eg jenta, i sekvensar var ho dotter mi. Ho var verken Sunniva eller Ingrid, men ei tredje dotter eg ikkje har i det verkelege livet. I sekvensar var ho ein elev eg kunne ha hatt, og i ein sekvens var ho ei litt Rapunzelaktig jente nokon hadde skrive om i ei bok. Kanskje det var eg som hadde skrive boka?
Av og til står tolkinga av ein draum klart som glas, andre gonger er det fullstendig diffust å skjøna korfor undermedvitet har underhalde deg med akkurat denne filmen medan du sov. Denne draumen forstår eg veldig mykje av, men for meg har han mange lag. Hovudbodskapet er jo heilt opplagt at ein ikkje skal legga alt for mykje vekt på historier du sjølv og andre har fortald om deg sjølv og om andre. Ei historie er ei historie, og historier er opne for redigering og kan skrivast om. Ikkje ta orda til ein framand fyrvaktar alt for bokstaveleg sjølv han tilsynelatande har både autoritet tyngde som. Det er lett å la du sjølvoppnemnde profetar få for god plass, og kanskje dei slett ikkje fortener eller ynskjer å bera den profetstatusen du har gitt dei? Du er sjølv ein forfattar, det er du som held pennen.
I mitt lange lærarliv har eg høyrt fagfolk profetera om barn eg har hatt i hendene mine. Dei har sagt noko om korleis ting kjem til å utvikla seg, og ein del av historiene er triste. Eg har sett med eigne auge at triste historier kan skrivast om, og eg har sett lukkelege historier bli tristare enn nokon hadde hatt fantasi til å tenkja seg. Men det er farleg å tru at historiene om framtida er skrivne. Det er dei ikkje
Det var ein god draum med mykje håp i . Draumen handla om ein fyrvaktar som ikkje var profet, og om ein forfattar som dersom han er klok nok, kan skriva andre historier enn dei som er forventa. Meir vil eg ikkje tolka draumen, anna enn å tilføya at fyrvaktaren ikkje er ein metafor for Gud. I draumen min var det heilt klart at han var eit vanleg menneske som barnet i historia hadde behov for å opphøya til noko han ikkje var i det heile tatt.
Og eg kjende at her ligg det noko viktig som eg kan ha bruk for å hugsa til seinare. Eg må skunda meg å skriva det ned før det sklir vekk mellom fingrane mine. Eg skriv det her og ikkje på ei privat fil, for eg kjende på meg at nokon av dei som les kan ha bruk for akkurat denne historia. For alle andre må ho kjennast som det reinaste nonsens, men det får så vera.
Nå skal eg feira Kristi Himmelfartsdag ved å leita etter det heilage i alle dei tinga eg skal gjera. Dagen i dag kan i beste fall minna oss om at grensa til det evige og transcendente er nærare oss enn me ofte tenkjer når me er djupt opptekne av kvardagshistoriane våre.
Fatt mot prinsesser!
Heidi