I kveld har eg vore med på opninga av fotoutstillinga «Ungt fokus», som elevane mine har fått vore med på. Alle 7.-klassane i kommunen har fått ein dag kvar saman med forografen Ingeborg Skrudland. Dei har vore ute i nærmiljøet sitt med digitale kamera, og på slutten av skuledagen har dei saman med fotografen vald ut og redigert kvar sitt bilete som skal vera med på utstillinga. I dag opna dei galleriet sitt i eit ekte kunstgalleri, og me fekk koma og sjå.
Det er tredje året dette prosjektet blir gjennomført, og dei to foregåande åra har eg vore der for å sjå på bileta i lag med klassen min. Begge gonger har eg teke meg sjølv i å stå der med tårere rennande nedover ansiktet. Når 12-13-åringar er både fotografar og fotomodeller tek dei bilete heilt utan filter. Draga i andleta deira er sterke og sårbare på same tida, og det blir noko djupt rørande ved dei som ein ikkje får fram på same måten med vaksne fotografar og profesjonelle modellar. Noko av det same opplever eg i skuletimar og, men å sjå det festa til papir er endå mykje sterkare. Så mykje liv me har mellom hendene me som arbeider i skulen.
I ledige stunder sit eg og jobbar med elevtekstane frå skrivekurset mitt. Dersom eg var i den posisjonen at eg skulle ta ei masteroppgåve eller ei doktorgrad i norsk, måtte det vera spennande å gjera det på usensurerte tekstar frå 12-13-åringar. Ein kunne bli leia til å tru at dei bare er opptekne av Paradise-island og TV-Norge, men det eg ser er at dei meir eller mindre bevisst ofte syslar med dei heilt eksistensielle spøsmåla. Identitet, livet, kjærleiken og døden.
Heldige dei som får jobba med 13-åringar slik eg gjer til dagleg. Det kostar ein del tålmod og tankeverksemd, men du verda så mangfaldig og levande.
Heidi
Nå har dei første kvite blomane sprutte på kirsebærtreet. Truleg kjem det mange fleire i morgon. Dagen har vore fullpakka av inntrykk. I føremiddag besøkte eg onkel og plukka hundreogtjue påskeliljer i hagen hans. Liljene skulle vera takkeliljer til bønnevandringa i kyrkja. Så reiste eg til eit hagesenter og kjøpte ein lilla blom i ein blå kulevase til Synneva, bleikrosa og sjokkrosa grein-nellikar til bedet mitt og fleire frø til å så i minidrivhus. Nå har eg verkeleg fått smaken på å drøyma om den fantastiske blomeprakta eg skal få rundt huset om bare frøa spirer og etterkvart slår rot i hagen. Eg lurer på kor eg sette frøa og minidrivhuset, eg har vel aldri gløymt å ta det med meg heim? Får leita betre bilen i morgon.
Så kjørte eg nedover mot strendene. Det er så utruleg vakkert ute nå. Sola skin, markene grønkar og vipene flyr lågt over markene. Eg måtte kjøra ein lang omveg fordi eg ikkje ville kjøra forbi ein traktor med harv på. Planen var å plukka med seg ein pose med runde små steinar frå stranda, men eg skjøna eg hadde for lite tid, nordavinden var iskald og eg var for dårleg kledd.
Etterpå var eg på skulen for å gjera klar papira eg trong til kyrkja og ein del papir til elevane mine. Så var det heimom og henta vasar og afrikanske tøyer før eg tok med meg kjærasten min til Synneva som feira gebursdagen sin litt på etterskot. Nokre menneske har ein sjeldan evne til å laga fest rundt seg, Synneva er ein av dei. Ho serverte rosa sjampanje og restar frå konfirmasjonen i går. Det var så triveleg å vera der at det var med sorg eg måtte bryta opp som første mann for å rigga bord i kyrkja. Men gudstenesta vart veldig fin den og. Eit kor song afrikanske songar, dei var veldig flinke, og ei dame fortalde om livskrise og håp. Ho hadde mista mannen sin i kreft midt i førtiåra og snakka om å finna vegen vidare og prøva å bygga opp livet på ny att. Etter gudstenesta har me alltid kaffi og kjeks og ein halvtimes tid til å slå av ein prat. På ein av stasjonane i bønnevandringa hadde eg eit dikt som på eit gitt punkt i livet betydde svært mykje for meg.
I mange å var mitt liv
et eneste rop.
Hvor skal jeg gå hen med meg selv?
Jeg brant i det veiløse.
Da brant Du deg
inn i mitt liv.
Du svarte: Vær varsom,
for verden gråter.
Tørr dens tårer
med stillhet.
Wera Sæther
Nå er eg skikkeleg trøytt, og lengtar til senga. Det beste av alt er at trinnet mitt avspaserar 1.økt i morgon. Det er ein sann gave å kunna sova to timar lenger på måndagsmorgon. Noko av det eg gleder meg mest til neste år er å slippa å ha hovudet fullt av skule sundag ettermiddag og kveld.
Heidi
er som å legga kabal og legga puslespel på same tida. Alt skal skje samtidig, og ungane utviklar seg i retning sommarbarn som vil vera frie utan så mange plikter. Spesielt merker ein det når ein skal administrera ein gjeng med barn og ungdom etter ordinær skuletid slik me gjer det i kulturskulen. I siste øyeblikk før ei viktig teaterøving tikkar det inn meldingar om at nokre av skodespelarane ikkje kan koma likevel fordi det er avslutning i handballen eller ein viktig fotballkamp. Folk dreg til syden fordi det er billigare billettar nå enn i skuleferien, og plutseleg må planen for våren i skapande skriving leggast om fordi det er avslutningsfestar og store arrangement som dels berører meg og dels berører ungane. Men det ordnar seg det meste om ein ikkje tapar hovudet. Ein gong kom plutseleg ein av skodespelarane våre opp til munnleg eksamen den dagen me skulle ha premiere, sjølv om skulen hadde sagt det ikkje kunne skje. Men etter litt om og men fekk me flytta forestillinga og alt gjekk bra. Etter at me hadde booka om to gonger på premieredato for stykket «Mordene på Ashdale,» som me skal ha i slutten av mai, viste det seg at lokalet var dobbeltbooka… Men det ordnar seg denne gongen og, så sant ungdomane våre held seg på føtene og lærer manus. I morgon er det skuleforestillingar på «Tusen og en natt.» Eg er forholdsvis roleg for det, for det gjekk fint på premieren, men eg må koma meg tidleg i veg for å rigga scene før barna kjem.
Dagen i dag har vore lang og god. Eg var frykteleg trøytt tidlegare i veka, men det har gått over. Ingrid har servert syskena sine heimelaga kjøttkaker. Sjølv hadde eg ein skikkeleg langdag på jobb. Eg hadde håpa det var att ei kjøttkake eller to då eg kom heim, men den gang ei, som Tordenskjold i følge ein barnesong eg lærte av bestemor skal ha sagt i kritiske situasjoner, då han sprang i sjøen med kanonkulene song rundt han… Æhh, eg har alltid sett for meg at det var kanonkuler, men nå begynner eg å lura på om det høyrest realistisk ut… Det må ha vore mindre kuler, men eg vart altså nærare femti før eg oppdaga det…
Og ja, kanskje eg burde slutta av teksten før han fører ut i det fulle vannvidd… Peace and love…
Heidi
Magi er eit ord eg kan vera frista til å bruka om den transformeringa som skjer med eit teaterstykke rett før og under ein premiere. Særleg gjeld dette barneteater. Scenebilete, kostyme og rekvisittar er på plass. Lyssetjinga løftar kvardagsromet inn i magien. Plutseleg hugsar barna korleis dei skal føra seg, seia ting, gestikulera og glitra. Framleis er det sjølvsagt slik at mykje kunne ha vore gjort for å få det endå betre, vakrare og meir magisk, men likevel; underet skjer gong på gong og eg er takknemlig og forundra. Det må vera dette som gjer at eg framleis har lyst til å ha dramaklassar; å sjå under skje gong på gong.
Og nå er eg veldig, veldig trøytt. Ingrid har hatt heimeeksamen i pedagogikk og har fått levert oppgåva si i dag. Eg har akkurat lese gjennom ei nydeleg perle av ei oppgåve, som ei nær venninne har skrive som masteroppgåve i diakoni. Eg hadde lova å vera språkkonsulent og responsgruppe.
Sjølv gler eg meg veldig til å ta fatt på skriveåret mitt. Ideane er mange og boblande, men før eg kjem så langt, så har eg mykje eg må gjera i dei nåverande jobbane. Våren er ei travel tid for den som har kombinasjonsstilling i skule og kulturskule.
Huset er i ferd med å gå til ro. Ingrid og Odd Christian har ledd høgt nede i første etasje og steikt lappar på takka etter bestemor. Sunniva kom akkurat heim etter kveldsjobbing på kafeen. Eg går mot tidleg landing.
Heidi
og veit at eg burde ha sove lenger. Eg tenkjer at eg må sova, men ettersom tankane kvernar på for fullt, bestemmer eg meg for at eg akkurat nå har meir bruk for å tenkja enn for å sova. Det er ei tanke å kvila seg i mot. Ute blir det tidleg lyst, og sola skin. Fuglane kvitrar allereie ute, og lufta som kjem gjennom det opne vindauget har eit kaldt drag av vår. Ein av kattane mjauar og skrapar på døra til soveromet. Eg tenkjer ho vil ut og opnar døra for å henne. Ho vil slett ikkje ut. Ho vil hoppa opp på dyna mi og ligga der og mala.
I tankane møblerer eg dagane som skal koma. Eg prøver å finna ut korleis det er lurt å organisera meg sjølv og tida for å få til alt eg skal på best mogleg måte. Eg finn stor styrke i trua på at eg kviler i ein større samanhang. Eg ber Gud bera meg og dagane mine før eg går inn i dei. Det er fint og merkeleg å leva.
Eg står opp til vanleg tid sjølv om eg kunne ha sove lenger. Eg er trøytt, men klar for dagen.
Heidi