Gå til innhald

Takka vera eldstejenta mi

så får eg gjenoppfriska litt pedagogikk og norskdidaktikk. I dag har har ho heime-eksamen i peagogikk og skriv om fleirkulturell skule. Eg skulle hjelpa til å finna relevant litteratur, og måtte lesa meg opp litt eg og. Eg ser jo at det finst mykje bra faglitteratur, problemet vårt er bare at me har så lite tid til å halda oss oppdaterte me som bestyrer klasserom og rettar elevtekstar. Det er rett og slett ganske inspirerande å få eit fagleg spark bak av og til.

I morgon avspaserer eg skuledelen av arbeidsdagen for eg har så mange timar eg har gått ekstra, og når det er aktivitetsdag for elevane er det ein passande anledning til å ta eit steg til sides. Eg kjem likevel til å dra på jobb litt utpå føremiddagen, for i morgon er det lyd- og lys-prøve, generalprøve og premiere på «Tusen og en natt», stykket me skal setja opp med dei yngste dramaelevane. Det er alltid frykteleg nervepirrande dagen før premieren, for me ville alltid likt å ha litt betre kontroll på situasjonen. Heldigvis så plar det å gå godt, men det er sjeldan noko eg er overtydd om på førehand. Som sagt før, det å driva barneteater er risikosport for utfordringssøkande menneske som helst vil ta ut spenninga på andre arenaer enn strikk-og fallskjerm-hopping…

Eit japansk kirsebærtre blømer i nabogata. Kanskje det tida snart er komen for dei norske kirsebærblomane i hagen min? Sånn i slutten av veka, kanskje…

Heidi

Eg har lova å laga middag.

Ei ferdigsteikt oksesteik ligg i kjøleskapet og ventar. Eg er faktisk usikker på om steikeomnen min virkar. Det er masse lys i han i alle fall. Om han ikkje blir varm, får eg varma kjøtet i sausen.  Ute skin sola, og eg har halde meg inne så langt. Det vart ein sein kveld i går, og eg hadde lova Ingrid å hjelpa henne med både norsk og pedagogikk i dag. Ho har skrive ei oppgåve om «Trollvinter», av Tove Jansson, og eg hadde lova å vera både korrekturlesar og responsgruppe. For nokre fantastiske bøker den dama skriv. Det er ein prestasjon å skriva bøker om troll og andre vesen som slett ikkje finst, og samstundes gje oss ei så sterk kjensle av gjenkjenning som det ho maktar. Ingrid har vakse opp med Tove Jansson, og har elska klientellet i Mummidalen sian ho var bittelita. Problemet nå er at oppgåva har blitt litt for lang, og at eg er usikker på om strukturen i oppgåva er akademisk nok. Me får setja far hennar på saka. Nokre frynsegode skal ein vel ha lov til å ha når ein er vaksen opp med ein familie kjemisk rensa for bilmekanikarar, snekkarar, røyrleggarar, elektrikarar, frisørar og andre handverkarar ein kunne hatt nytte av å vera i slekt med. Når ein ein einskild gong i livet kan ha nytte av to foreldre som er norsklærarar, så må det vel vera legitimt å kunna nytta seg av dei…

Auga mine er litt vonde å halda oppe i dag, eg trur det må vera ein allergisk reaksjon, enten på bjørkepollen eller på augesminken Ingrid velsigna meg med i går då eg skulle i førtiårsdag. Ho fekk lov til å ta ein makeover på mor si. Etterpå følte eg meg som ein panda eller noko slikt, og ville vaska av halvparten, men Ingrid avviste meg bryskt med at eg for ein gongs skuld såg litt velstelt ut… Og så fekk det lov til å sitja på…

Johanne hadde fylt opp stova og kjøkkenet sitt med stolar,bord og glade menneske. Me var sikkert bortimot femti personar på besøk. Brørne hennar stilde opp som kokkar, og baud på ein svært imponerande tapasmeny. Så sat me tett i tett, med utsikt over havet frå stovevinduet høgt oppe på toppen av byggefeltet og åt deilig mat, såg bilete, høyrde på levande musikk og hadde det fint. Det er lyst så lenge nå om nettene. Dagane har ein undertone av noko bort i mot sommarleg.

Heidi

Jordbær, spekeskinke og ost med jalapenos.

Eg vart vekt av Ingrid som ville ut på trimtur. Men før nokon fekk meg ut av huset måtte eg få meg litt frokost. Jordbær, spekeskinke og ost med jalapenos saman med appelsinsaft og svart kaffi må vel vera ein anstendig måte å starta mai månad på. Me gjekk tur i sola medan nordavinden piska vindtårer ut av augene våre. Våren er bleik i fargane. Graset frå i fjor raslar kvitgult i vinden, lyngen er brun og bartrea ristar brungrøne nåler frå i fjor. Nyfødde lam drikk mjølk av mødrene sine medan dei piskar intenst med dei korte små halane sine. Bjørkene står vekselvis med friskgrøne nye blad og eit lilla slør med bresteferdige knoppar. Himmelen var blå, men det var  bitande kaldt i vinden.

Etterpå øvelseskjører me og ser store gulkvite marker med tusen millionar stein og flekkar med grønt gras der nokon har begynt å stella hagane sine. I fjellsidene ligg det framleis klattar av snø, og vatna er intenst blå, mot dei framleis avstemde vårfargane.

Vel heime kokar eg meir kaffi og lagar eggerøre. Mørkt rugbrød og gult smør kjem på bordet. Spekeskinke, jordbær og paprika i fleire fargar lyser mot eggerøra. Eg tenner vågrøne lys, og i lysegrøne skåler flyt dei rosa blomane som eg klipte kronene av stelkane i går fordi dei var i ferd med å visna.  Vilde og Sunniva stod opp og kom framleis bare halvvegs påkledde ned for å eta frokost med oss.

Nå skal eg samla saman silkeputer og farga steinar, ei silkekledd øskje og eit utskore treskrin og dra til skulen, der Jan Ivar og eg skal prøva å laga ein sceneinnretning av 24 m glitrande halvtransparen stoff som me kjøpte  på sparkjøp i går. Eg lurer på kor mange timar det kjem til å ta oss før me er fornøgde. På tysdag er det premiere på «Tusen og en natt.» Og nå spring tida frå meg.

Heidi

Sist i april.

Det er siste dagen i april, så langt er det ein grå og råkald morgon så vidt eg kan bedømma utan å ha vore ute. Men bjørka har begynt å spretta. På onsdag, då me kjørte nordover så fort me kunne etter skulen for å sjå Sunniva spela teater, oppdaga eg dei første grøne bjørkene. Tidlegare i veka hadde dei stått med grønskjær og brestande knoppar, men nå var dei lyst bjørkegrøne. Få ting gjer vel så godt på ei vintersjel enn å oppdaga at bjørka er i ferd med å springa ut.

Og dagane har vore travle slik dei som oftast er seint i april. Ekstra travle har dei vore fordi eg snart skal vinka farvel til ein gjeng sjuandeklassingar. I denne veka vart eg ferdig med utviklingssamtalane med elevane mine og foreldra deira. Det kjennest litt vemodig å sleppa dei etter fire år som kontaktlærar og tre år som ressurslærar på trinnet. Før samtalane kunne finna stad, måtte me bli ferdig med eit ganske stort evaueringsarbeid. Dei femti norskelevane mine skulle evaluerast etter ei kryssliste med mål frå læreplanen. Aldri før har me måtta levera så grundige evalueringar. Om ein set si ære i å få alle kryssa på alle elevane i den ruta som yter alle rettferd, så må eg seia at det er ei arbeidskrevjande historie. Men nå har eg på ære og samvit gjort så godt eg kunne og til og med kome i mål.

Når det gjeld skuledelen av livet mitt, som eg av gode grunnar ikkje kan skriva så mykje om her, så kjenner eg meg som ei kattemor. Tidlegare har eg fulgt to kull ungar gjennom skuleverket, og nå er tredje kullet snart klar til å springa vidare i livet utan meg. Det er ei merkeleg kjensle at løpet snart er fullendt for å bruka bibelske vendingar. Det er vel ikkje vanskeleg å tenkja seg at ein blir ganske knytta til barn ein fylgjer på tett avstand frå dei er seks til dei er tretten år. Det er forunderleg underleg å sjå korleis dei endrar seg og samstundes er dei same. Når eg tenkjer over kor mykje liv ein har i hendene sine i ein slik jobb, så kan ein bli både svimmel og fælen. Det er mi bøn til Gud og livet at eg ikkje skal vera med på å påføra nokon av dei skader eller bører det ville vera i mi makt å forhindra. Kolbein Falkeid seier det så vakkert i diktet han har skrive  til dottera Unn som skal begynna på skulen: «Å såmenn vær rene på hendene.» Nå er dei små buttete førsteklassingane med tannfelling og musefletter i ferd med å bli langbeinte tenåringar med heilt andre lengsler og behov enn då dei dukka opp i første klasse. Eg står her og skal snart ønska dei god tur vidare.

Vekene er innhalsrike på andre måtar og. Tre teaterstykke skal ut og leva på scenen, helst med revisittar, kostyme og kulisser på plass, og med glade trygge skodelspelarar som kan rollane sine. Ein nervepirrande innspurt på oppløpssida er det kvar einaste gong, og slik skal det vel vera. I tillegg skal ei bok med tekstar skrivne av skrive-elevane mine ferdigstillast.

Men eit og anna blir det tid til av andre ting og. Sist fredag låg eg bak ein sofa i nabolaget i eit heilt ekte surpriseparty for ei flott venninne. Ho ante ingenting, og vart oppriktig glad. Det komiske var at ho kom så stille opp trappa at ingen skjøna at ho var komen inn i stova. Derfor vart me bare liggande der stille som mus, og det gjekk lang tid før me nølande spratt fram. Det einaste ho såg var buksebaken til sistemann bak sofaen. Han hadde nemleg ikkje fått plass til heile seg baki der…

På lørdag reiste eg og kjærasten min veldig spontant på konsert med Omara Portuondo, som eg aldri før hadde høyrt om. Det var ei stor oppleving. Ho vart i programmet presentert som dronninga av Buena Vista Socal club og Cubas svar på Edith Piaf. Dama var åtti år gammal, og haldt ein verkeleg flott konsert saman med utruleg dyktige musikarar. Formidlingsevna var stor sjølv om eg ikkje forstår meir spansk enn at eg får med meg eit par nøkkelord frå kvar strofe. Tenk dykk ei åtti år gammal dame, lett ustådig til beins dansa salsa på scenen medan ho syng. Ho stod til og med lenge og gynga nesten nede på huk med bøyde kne. Eg var litt engsteleg for at ho skulle detta og brekka eit eller anna, så eg var litt letta då ho sette seg i ein stor raud lenestol på scenen og song voggeviser for eit imaginert barn som ho både klappa på hovudet og vogga i armane sine. To timar haldt dama ut i scenelyset før forestillinga var over. Eg observerer heldigvis at ofte er alder inga hindring for å leva musisk og kreativt.

Ei stor oppleving i veka som gjekk var å sjå Sunniva og Irene og ein del av klassekameratane deira på dramalinja oppføra eit sjølvlaga lite Ibsen-inspirert stykke på eit arrangement dei kalla Ibsen-stafetten. Sunniva spela ei lettare overspent Hedda Gabler, som sjølvsagt enda opp med å skyta seg utanfor scenen etter befaling frå Ibsen. Etter framsyninga fekk kvar av dei fem teatergruppene som var med evaluering av ei dame frå nasjonalteateret, ei frå Ibsensenteret og ei lokal dramadame. Det må ha vore utruleg lærerikt for dei. Det aller mest spennanda var at Sunniva si gruppe vann konkurransen, og får dra til Skien ei veke i september for å vera med på workshop og semifinale. Dei tre gruppene som vinn frå heile landet får visa sitt stykke på nasjonalteateret, dersom eg har forstått det rett. Heldige ungdomar som får vera med på slike ting.

På sundag fekk eg og med meg ein konsert og ei kunstutstilling i ei ny kyrkje i nærleiken som eg lenge har hatt lyst til å besøkja. Kyrkja var verkeleg vakker, og det var konserten og dei tekstile bileta og. Framleis har eg ikkje fått kjøpt blomsterjord til frøa eg har tenkt å så, men i dag skal eg nok få sådd dei.

I morgon stig me over i den alltid intenst levande mai-månad. I fylgje tradisjonen i mange år, brukar eg å skriva blogg kvar einaste dag i mai for å prøva å halda livet litt ekstra fast mellom hendene. Eg møter mitt eige spørrande blikk og lurer på om eg verkeleg har tid og kapasitet til å gjera det same i år. Eg trur eg skimtar eit optimistisk lite nikk; Eg får vel prøva… Og den siste dagen i april er framleis ung og ubrukt, men du verda kva eg har planlagt at han skal romma.

Heidi

Hestablomma

heitte dei i min første barndom. Me plukka dei i store bukettar og fekk svarte ringer av mjølkesafta på klær og hender. Av Siri og Reidun lærte eg at me kunne laga krøller av stelkane. Dei vart flerra opp og lagt vatn  i eit vaskefat av plast, så snurra dei seg i finurlege fasonger. Eg lærte og at me kunne klemma saman den eine enden av stelken og bruka dei som fløyte. Lyden i slike fløyter varierte, men var litt trompetaktig. Eg hugsar dei fine kakene eg bakte i sandkassen pynta med hestablommar, og morfar lærte meg korleis me kunne fletta dei til store kransar av lysande soler som ein kunne ha i håret. Det gjekk og an å knipsa av dei store gule blomane med tommelen slik at dei fløy av garde. Ein kunne ha konkurranser med merke i grusen om kven som knipsa lengst. Når desse blomane visna og vart kvite i toppen, var det ein utruleg kjekk leik å blåsa dei små kvite fallskjermane bortover. Dei flaug lengst i medvind. Av dei mjuke stelkane kunne ein laga lekkjer der den smalaste enden vart stappa inn i den breiaste. Tenk dei stod av seg sjølv, ein trong ikkje lim som på juletrelekkjer av glanspapir. Det  var ei stor utfordrng at eg ikkje fekk lov til å leika med hestablommar når eg hadde kvit jakke, kvit strømpebukse eller sundagskjole. Mor og bestemor ville ikkje ha små svarte ringar på dei finaste plagga mine.

Før eg fylde seks år flytta me femten kilometer lenger inn i landet. Då det vart vår oppdaga eg at dei gule vidunderblomane ikkje heitte hestablommar lenger. På den nye plassen hette dei sauablommar. Eg fekk og læra meg at det ikkje skulle uttalast saoablomma, slik det ville blitt der eg budde før. Her sa ein ikkje sao men seu. Eg lærte og at dei nyvisna blomane, før dei vart kvite fallskjermar hadde ein tobakksliknande konsistens. Dette samla me i små posar, og innhaldet vart rulla inn i grøne blad når me leika «mor og far og onge,» og ein av dei skulle røyka, slik vaksne ofte gjorde på denne tida. Eg lærte og at dei takkete blada heitte kaninblokker. Me plukka dei i store mengder til kaninane i nabolaget.

I bøkene heitte denne fantastiske blomen løvetann fordi blada visstnok skulle likna på tennene i munnen på ei løve. Alle eg kjende assosierte blomen meir til hestar og sauer enn til løver, men slik er det å vera født og oppvaksen på landet, ein karakteristikk eg ti år seinare skulle få av ein villt framand mann på ein uterestaurant i Oslo, men det er ei heilt anna historie.

I går såg eg ein av dei, den første i år. Han kom opp i asfaltkanten tett inntil ein mur. Nå er våren her for alvor. Lyset har kome, sjølv om dagane framleis kan vera bitande kalde.

Eg seier som diktaren i «Løvetannens bønn»:  – La de små barn komme til meg, for de vet ikke hva ugress er.

Heidi

Ein vårdag i april.

I denne veka har det vore skikkeleg vår. Sola har varma og himmelen har vore vårblå. Det har kribla i både armar, bein og sjel av livsappetitt.  Denne merkelege kjensla av å aldri få nok av livet dukkar opp kvart år på denne tida som ein slags tørst etter noko ein ikkje heilt klarer å definera. Eg har brukt mange timar kvar ettermiddag og kveld på å sitja på arbeidsrommet mitt på jobben og evaluera korleis alle norskelevane mine ligg an i høve til fagmåla i norsk i læreplanen. Det skal setjast mange kryss på eit skjema, og helst i rett rute. Eit eller anna protesterer inni meg og kviskrar at tolv-trettenåringar ikkje let seg fanga i rutenett, og at det alltid vil vera litterære kvalitetar ved dei skriftlege arbeida deira som det ikkje blir spurt etter i eit skjema. Likevel innrømmar eg at det er bevisstgjerande å verta tvungen til å vurdera ein og ein elev på denne måten, og på eit plan er det både interessant og spennande. – Men så er det altså samstundes veldig tidkrevjande. Truleg er det eit godt teikn når eg ser på klokka og tenkjer: Oooops, har det gått tre timar? Eg begynte jo nettopp…

Og oppheita har verda vore på mange måtar. Skandalane i den katolske kyrkja har nådd til ein lokal pater, som eg ikkje akkurat kan skryta av å kjenna personleg, men som eg i alle fall har vore i same lokale som ved fleire høve. Det gjer vondt og kjennest trist å prøva å setja seg inn i korleis ting må opplevast for dei involverte partane. Og det at eg fornemmer at slike ting har ein viss underhaldningsverdi er truleg ein konsekvens av noko djupt menneskeleg, men samtidig usmakeleg.

I dag regnar det. Livet blir kjølt ned eit hakk eller tre, og eg lurer på om det er vulkanoske eller manglande vindusvask som får takvinduet mitt til å sjå matt ut under stripene av regn på veg mot bakken. At eit vulkanutbrot skal lamma flytrafikken i Nordeuropa i dagevis, er vel noko få har hatt fantasi til å kunna tenkja seg. Fleire eg kjenner er blitt stoppa i reiseplanar som kjendest viktige for dei, og Jens Stoltenberg skriv på facebook at han nå er på veg heim med bil gjennom Sverige etter å ha vore i New York. Han lurer på om nokon veit om ei god veikro der han kan stoppa og eta lunsj… Verden er ein merkeleg plass. Kongehuset vart skyssa i ekspressfart for å rekka fram til dronning Margrethe sin syttiårsdag, og kronprinsen rakk det med ein halvtimes klaring. Verda er ein snodig plass. Eg var invitert til ei tilstelning saman med dronning Sonja på onsdag i samband med byjubileet som eg har skrive eit teaterstykke til, men hadde eit viktig møte på jobb. Eg fann ut at eg trengdest meir der. Men bittelitt stas var det nå at eg i det heile tatt var invitert.

I dag skulle eg ut og nyta våren, men planane er litt modererte av at regnet ausar ned og at temperaturen har falle fleire hakk. Men ut skal eg uansett. Eg har kjøpt ei fantastisk bok om hageblomar og bukettbinding, og for første gongen på 22 år er eg blitt inspirert til å så blomsterfrø inne i stor stil. Sist eg prøvde meg tok entusiasmen skade av at det knapt nok vart ein einaste fin hageblom av alle frøpakkane… Men i dag har eg tenkt å så frø…

Pipelyden frå hovudetasjen fortel meg at nokon har send meg ein sms. Skal ned og sjekka kva livet har å by på. Som det står i den gamle lyrikkboka mi. «Fred er ei det beste, men at man noget vil.» Meiner det må vera Henrik Wergeland som skreiv «Jeg velger meg april, i den det gamle faller… » Litt ironisk er det at denne sangvinikaren av ein vårprisar visstnok døydde av lungesjukdom etter å ha gått ut i ein for tynn frakk om  våren. Det er ikkje noko nytt i at det er farleg å leva.

Heidi

Våren tek innersvingen…

Plutseleg ein dag så er våren der, sterk og stri og tydeleg. Her skjedde det sånn omtrent på fredag. Det er berusande, lammande, vemodig og utmattande på same tida. Eg oppdagar at eg kjenner kjenslene att frå år til år, men gløymer i mellomtida frå år til år, heilt til kjenslene kjem tilbake. Då vil ein alt på same tida og blir så forferdeleg svolten på liv, samtidig som tid og krefter set grenser i ein ring omkring kroppen og dagen.

På fredag spelte me teater på to eldresenter, eg og Jan Ivar og det gamle HC-Andersen-stykket vårt, som me turnerer med på sjette året. Til nå har me bare vist det på skular, men me var blitt bedne om å visa det i ei rekke med kulturelle arrangement for eldre, som blir kalla Den kulturelle spaserstokken. Den første staden visste me at mange av dei som bur der slit med demensrelaterte problem. Det var verkeleg spennande å sjå om det me hadde å fara med ville fenga målgtuppa. Medan eg skifta til dronningkostymet mitt inne på handicaptoalettet, ringde mobilen. Det var regissøren til stykket eg har skrive til byjubileet i ein naboby. Eg forklarte kor eg var, og bad henne ringa opp att.

Responsen på det første eldresenteret var overveldande positiv. Så gjaldt det å pakka kostyme, kulisser, overheadprosjektor og roser i bilen til Jan Ivar og dra til den neste staden. Der fekk me tilbod om eit måltid mat i kantina og så rigga me scene. Tre minutt etter at me var i gang med stykket, oppdaga eg at eg hadde gløymt det lange kvite sjalet rundt halsen som er ein viktig effekt for eit par av karakterane eg er innom. Då Jan Ivar var fordjupa i å formidla eventyret om «Piken med svovelstikkene,» vurderte eg å lura meg inn i garderoben for å leita etter sjalet, men eg var redd for at han ville bli sett ut av at eg forsvann, og var redd for å koma ut av rytmen sjølv. Det ende med at eg spelte vidare utan sjal, og improviserte der eg skulle ha brukt det.  På dette senteret gjekk det og veldig bra. Det var ein spennande variant å spela teater for vaksne i staden for for barn. Etter forestillingane og alt det andre som har vore intenst pågåande dei siste vekene kjende eg meg heilt utlada då ettermiddagen kom, og var kjempeglad for ei helg med lite program.

På laurdagen var det endå meir intenst vår. Til mi eiga overrasking såg eg ei fantastisk blomsterbok på ein bokhandel som eg fekk intenst lyst til å kjøpa. Blomsterbukettane var så utruleg nydelege og fargerike, og eg oppdaga at eg var heilt klar for å kjøpa boka. I dag kom lønna, og eg var innom for å kjøpa ho, men alle seks eksemplara var selde sidan laurdag. Nye er bestilde, og eg vurderer seriøst å så blomsterfrø i stor stil. Seinare på dagen var eg og Ingrid på to kunstutstillingar og eg kjøpte til og med eit bilete som eg gler meg til å henta.

I går var det familieselskap på terrassen til bror min med grilling og varme tepper, før me trekte inn til kaffien. Ingrid og eg har jobba litt med Tove Nilsen, som ho skal skriva norskoppgåve om. Eg har utruleg stor sans for bøkene hennar om Mummitrollet.

Nå er det kveld att. Det er fortrollande lyst ute sjølv om klokka snart er ni om kvelden. Ingrid sit nede i stova si og legg siste hand på eit flott maleri der ei sart, men viljesterk ballerina står i ballettposisjon på ein stein ute i havet. Nå vil eg sjå film nede som eg har lånt. «De usynlige,» ein norsk film som eg lenge har hatt lyst tilå sjå.

Heidi

Middagsmat og middagsmat.

Med ein stor familie der me er sånn ca sju til bords i påsken, blir det ein heil liten operasjon å laga middag. Heldigvis har me eit dobbelt vaffeljern, slik at ein og annan basisaktivitet kan gjerast i dobbelt så høgt tempo som normalt. Då eg og Eva Mari såg filmen «Stella Polaris», om eit lite samfunn nord i landet, slo det meg at me har levd ei stund. Eg fekk ei slags gjenkjenning av at det vart trampa i vatn med beksaumstøvlar av lær. Rett nok har eg aldri vore eigar av beksaumstøvlar i lær, mine første skisko var av kvit gummi, og laga for kandaharbindingar, men eg hugsar jo faktisk at nokre av dei andre barna i gata gjekk i slike skor. Det var som om eg levde i eit anna århundre, og det gjorde eg jo faktisk…

I går kveld begynte eg å filosofera over dette med middagsmat. For det første så var middag noko ein åt klokka tolv om dagen då eg var lita. I alle fall var det slik hos besteforeldra mine på begge sider, og eg åt ofte middag saman med dei. Dei som jobba på fabrikkar sykla heim og åt middag midt på dagen, og dei som hadde gard gjekk heim, kvilte middag og drakk kaffi før dei gjekk ut og jobba vidare. I klassen min på skulen,var det ungar som gjekk heim og åt middag i matfriminuttet, og på fabrikken like ved skulen hadde dei sånn pausesignal som kunne forvekslast med brannalarmen. Heime hos oss åt me middag når far kom heim klokka halv tre. Nå blir klokka ofte både fem og seks før middagen er på bordet.

Den største forskjellen ligg likevel faktisk i det som står på bordet. Eg vaks opp på middagsrettar som ungane mine knapt har smakt. Kanskje ein del av forklaringa ligg i at kjærasten min ikkje er oppvaksen på vestlandsmat,- men truleg ligg den største forskjellen i tida. Matvanane har rett og slett forandra seg.

I mi tid vaks ein opp på brød, saus og poteter, ikkje rart det, det var jo det ein hadde råd til, og det ei hadde råvarer til. Norsk kosthald var basert på karbohydrat, nå har me blitt omvende av Fedon og co, og skuggar unna så godt me kan. Som ein kuriositet kan eg nemna at eg knapt nok  hadde smakt spaghetti før eg begynte på skulen. Eg var sikkert tolv år første gongen eg åt kokt middagsris, og minst fjorten første gongen eg åt pizza. Dei første pizzaane vart laga med tjukk grov deig, eit lag kokte poteter og kjøttdeig eller oppskorne pølser oppå… Kylling åt me heller aldri. Det einaste som kunne likna litt var farmor sin hønsefrikasé, der høna truleg vart kokte  i mange timar etter lang og tru teneste i eggleggingsbransjen… Laks hadde eg heller aldri smakt, derimot var heimefiska steikt sjøaure, vend i mjøl og salt og pepar, ein kjend sommardelikatesse. Men kva i all verda åt me då? – Eg fekk det for meg at det måtte eg rett og slett skriva ned som ein kuriositet for komande slekter. Her kjem ei liste over middagsrettar eg var veldig glad i, og som omtrent ikkje eksisterer lenger, i allefall ikkje i vår heim…

Steikt morrpølse: Ei innmatspølse som smuldra opp og vart grynete på steikepanna. Denne vart knødd saman med poteter, og eten i lag med kokt makaroni eller kålrabistappe.

Tørrfisk: Salta tørrfisk som vart vatna ut i eit døgn før bruk. Eg elska å brekka bitar av den rå, flate tørre fisken og tygga i meg. Denne vart servert i stykke ved koking. Fisken vart servert saman med kokte poteter, smelta smør og kokt makaroni. Ein kunne variera med steikt løk eller steikt flesk. Neste dag laga ein gjerne plukkfisk av fisken. Dette var ein av mine absolutte favorittar. Fisken vart skoren smått, og saman med oppskorne poteter, mjølk og smør vart det laga ein slags fiskelapskaus. Oppi dette kunn ein og ha rester av kokt makaroni. Plukkfisk vart servert med mykje pepar, og kunne gjerne etast mellom to flatbrød.

Fiskekaker i brun saus: Dette hugsar eg som den aller vanlegaste middagsretten. Potetene vart knødde ut i sausen, sjølv om det eigentleg ikkje var lov. Gjerne servert saman med makaroni.

Pølser i brun saus: Og veldig vanleg. Far laga tjukk brun saus og morfar tynn brun saus. Pølsebitane vart steikte på panna før dei havna i sausen. Pølser kunne og serverast i kvit saus, særleg hardangerpølser, men det var ikkje så vanleg.

Steikt makrell: Laga av morfar var dette ein delikatesse. Fisken vart vend i mjøl og salt og pepar og sprøsteikt på panna.

Steikt småsild: Laga på same måte av morfar. Ja, eg hadde faktisk ein morfar som laga middag på 60-talet.

Fiskebollar i brun saus: Dei i kvit saus har me teke vare på, men morfar hadde og ein variant med steikte fiskebollar i tynn brun saus. Veldig godt.

Torskerogn: Runde skiver frå boks, som vart steikte på panna.

Flesk og egg: Steikte egg med tjukke fleskeskiver til, -ikkje bacon, for alt i verda. Hos farmor var dette flesket sprøsteikt og reint spekk utan kjøt i. Ein åt for alt i verda poteter til denne retten og… Egga kunne bytast ut med pannekaker, då vart det endå betre.

Steikt flesk med løksaus og poteter: Ein typisk farmor- rett. Det hadde me aldri heime.

Lever i fløtesaus: Ein annan farmor- rett. Veldig godt, men dei kvite trevlene inni (blodårene?) var litt ekle…

Lammefrikasé: Ein middagsfavoritt… Når åt eg det sist?

Ertersuppe: Tjukk heimelaga ertersuppe med salt lammekjøt kålrabi og gulrot. Vart uttalt «Artersuba,» med trykk på tredje staving som i oregano og Alibaba…

For ikkje å snakka om supper og desserter: Melkesuppe med rosiner, mmmm. Sviskesuppe, sviskegraut, fruktgraut, saftsuppe med havregryn, nypesuppe, rabarbrasuppe, mandelkjernepudding…

Noko har me teke med oss, men er langt sjeldnare mat her i huset enn i barndomen min; komler, bollesuppe, pølselapskaus…

Kva har eg latt barna mine gå glipp av? Og ville dei i det heile tatt ha ete middag om dei fekk desse rettane i dag?  Sjølv blir eg skikkeleg svolten her eg sit og skriv… Og dette er sjølvsagt bare ein smakebit for å halda meg i sjargongen. Kanskje det snart blir eksotisk å invitera gjester til plukkfisk og morrpølse? Blodpuddingen får vel knapt nok sin rennesanse, sjølv om eg ser at dei framleis sel det i butikken…

Heidi

Det var ein gong ein påskeferie…

Eller for å vera positiv, det er framleis påskeferie. – Sjølv om eg altså må bruka mesteparten av dagen til å jobba, så skal eg kosta på meg å sova lenge. – Og eg skal nyta det…

Så forferdeleg fort denne ferien har gått, men når eg tenkjer bakover, så har eg då nådd ganske mykje. Det har vore fint å ha fri.

I palmehelga kjende eg at eg hadde ei tavel teaterveke bak meg. Eg hadde tenkt å få unna ein heil del på fredagen og lørdagen, det gjorde eg vel forsåvidt og dersom ein lar vera å sjå sånn veldig husmoderleg på det.  Eg lar ferien passera revy med små, korte lausrivne fragment av påskeferie. Det blir ei rad med perler på ei snor og kanskje let sjølve snora seg skimta bak perlene.

***

Eg sviv gatelangs med Jan Ivar. Det er lørdag og ein lang ferie ligg framfor oss. Me leitar etter gjennomsiktlege scenegardin for å skapa miljø både i Bagdad og i ein engelsk overklassefamilie. Me finn noko mørkt og glinsande som me truleg kan bruka. Teaterdolkar med knivblad som går inn i skaftet ved stikking finn me ikkje. Det er påskeferie og folk er glade. I blomsterbutikkane sel dei påskeliljer og tulipanar i store mengdar. Bare fordi me har tid til kva som helst set me oss ned på den nye kinarestauranten med utsikt mot Storgata. Eg et vårrullar og innebakt scampi. På nabobordet er det eit barn som kastar opp, mora prøver å tørka av golvet med tørkepapir.

***

Eg sit på toget og ser naturen med tidleg vår flyta forbi utanfor vinduet. For ein gongs skuld har eg smurt med meg ein tradisjonell matpakke. Eg et rugbrødskiver med smør og brunost, eg drikk farris med eplesmak og kjøper kaffi på toget. Eg har fått henta fjerde bind av Knausgård sin kamp og let meg trekkja inn i året hans som lærarvikar langt nord i Norge. Det er lesestoff som smyg seg under huda, og eg klarer ikkje leggja boka vekk. Eg tenkjer at om denne vesle staden finst og lar seg snusa opp, så er ganske mange menneske ubeskytta utleverte for heile det norske folket. Mest av alt utleverer han seg sjølv, men det er jo noko han er i stand til å vurdera å ta ansvar for. I det eg lukkar boka etter siste side på Kongsberg stasjon, lengtar eg til bind fem, som framleis ikkje er ferdig utgitt. Etter ein halvtime utan lesestoff, får eg abstinens og må rota i den sjokkrosa trillekofferten eg har lånt av Sunniva. Der finn eg ein Jon Fosse-biografi, som eg grådig høgg tennene i…

***

Sofaen til Henrik og Eva Mari er den einaste staden eg regelmessig deler soveplass med ein hund. Merkeleg nok er det faktisk ganske koseleg, men etterkvart legg eg hodet i motsatt ende av sofaen fordi det er lettare å sovna utan hundepust i nakken.

***

Sunniva og kjærasten min kom til Oslo dagen før meg. Denne første felles feriedagen tek me bussen inn til byen, der me skil lag. Sunniva kan prøva kva som helst av klesplagg og dei passar perfekt. Det er verre for meg. Derfor er det lettast å handla til henne. Bare fordi me så sjeldan er ute bare eg og ho, legg me inn eit kafebesøk. Me set oss i det som tidlegare var eit utstillingsvindauge i første etasje på Steen og Strøm. I det me sit der med Cappuccino og Caffemocca kjem eg til å tenkja på at dei kanskje helst vil ha vakre trendy menneske sitjande i dette vinsdauget. Eg trøyster meg med at Sunniva må vera den perfekte utstillingspynten. I mora sine høgst subjektive auge, er ho eit vidunderleg menneske på alle måtar. Ho et eplekake og drikk kaffien sin i små slurkar medan me pratar og kikkar ut på gata.

***

Dei knallgule og prikkete regnkåpene på Gudrun Sjödén er for tronge. I staden kjøpar eg ein kvit kunstnarkittel med svarte teikningar. Skorne der viser seg å passa perfekt. Dei er mjuke og deilige. I beste fall, og med forsiktig bruk, kan eg gå dei til utan å få gnagsår. Men skal eg velja svarte mjuke snøresko eller brunraude dansesko med reim over vrista? Det får bli begge deler. Og kanskje det må bli havregryn og tomatsuppe fram til neste lønningsdag?

***

Store fat med rosa ferske reker hos svigermor og svigerfar. Store deler av familien er samla. Reker og majones er sånn omtrent det beste i verda. Etterpå er det heimebakt krydderkake med melisglasur. Snøhaugane utanfor stovevindauget er i ferd med å smelta.

***

Sunniva er blitt smal og lang. Ho kviler på sofaen med hovudet i fanget mitt. Etterpå får ho sjå bilete. Det er føremiddag og me har ete frokost med farmor og farfar hennar. Ho ser interessert på bilete frå farmor var heilt ung og frå far hennar var nyfødd. Me snakkar om kor lik Sunniva er farmor. Dei har akkurat det same smilet. Farmor ler og seier til Sunniva at for veldig lenge sidan var ho veldig lik henne slik som Sunniva er nå. Men at nå nå ho er blitt gammal så liknar dei ikkje lenger.

***

Mobilen ringer i veska mi. Der er Eva Mari. Ho fortel at ho har fått sitja på med nokon frå jobb, og ber meg venta der eg er. Eg seier at eg nettopp har vore på butikken og kjøpt påskeliljer til henne og Henrik. Eg har kjøpt fem buntar med påskelinker som har ligge tørt og ikkje sprunge ut ennå. Me finn eit lite ledig bord på Baker Hansen der me deler ein müslibolle med brunost og drikk kaffi. Etterpå går me heim og set påskeliljene i vase.

***

Eg er ein lyttar. Ein ganske fredeleg lyttar som aldri vil drøyma om å bruka noko mot nokon. På kafear og på tog høyrer eg andre sine samtalar. Eg går ikkje inn for å høyra andre sine samtalar, men eg høyrer dei likevel. Eg har den merkelege lasta at eg finn alle samtalar interessante. Eg kunne sitja fem timar i døgnet og bare lytta til samtalar. Eg tenkjer at eg ein gong kan koma til å trenga dei, kanskje som råmateriale i ein film eller ein roman.

***

Det er så mange eg skulle ha truffe medan eg er austpå. Det er fleire menneske eg veldig gjerne ville fått nokre timar i lag med. Men det begrensar seg. Det viktigste blir familien. Likevel, eit lite treff med ei venninne eg ikkje har sett på veldig lenge blir det tid til på ein kafé. Me har så mykje å fortelja einannan fordi åra har rent i veg utan at me har funne tid til einannan. Men framande for kvarandre er me på ingen måte. Ho har eit rom i huset mitt. Det indre huset altså. Av og til går eg inn dit og tenkjer på henne. Det er mange som har eit rom der inne, men det er framleis plass til fleire.

***

På skjærtorsdag går toget mitt tilbake, men føremiddagen skal eg ha i lag med Eva Mari ,som har fri. Me hadde tenkt oss på tur eller utstilling, men det regnar så fælt. Paraplyen hennar gløymde eg att på bussen, men eg har kjøpt ny. Likevel går me ikkje ut. Me har leigd oss filmar. Me ser film og et appelsin. Me drikk varm lakriste og sitronte med ingefær. Me ser på spansk film;»Brutte omfavnelser» av Almodovare. Det er ein fin film. Etterpå ser me den amerikanske filmen om jenta som forelskar seg i Adam som har Aspergers syndrom. Me ser film til tida spring i frå oss og eg må pakka kofferten i rekordtid. Før eg veit ordet av det sit eg på ein benk på perrongen og ventar på toget mitt.

***

Eg les og les om Jon Fosse, og gleder meg til å ha skrivepermisjon om litt over tre månadar. Eg lurer på korleis det ville kjennast å skriva store teaterstykke for ekte profesjonelt teater slik som Jon Fosse. Eller romanar. Barnebøker, dikt og salmer veit eg at eg har lyst til å skriva. Folk spør meg kva eg skal skriva når eg får permisjon. Eg seier at det veit eg ikkje. Kanskje det er slikt folk veit? Så les eg dem siste romanen til Linda Olsson, «Taushetens konsekvenser», fin den og.

***

Langfredag med påskefrokost hos Torhild og Per Magne. Ingrid og Sunniva dreg dit i lag med kjærasten min og meg. På eit bord dekka i sterke fine fargar, finst det påskeegg, heimebakte rundstykke, heimebakt rugbrød, heimebakt knekkebrød, laks i forskjellige variantar ost og mykje anna pålegg. Kirsti og Jenny Marie er der i tillegg til dei som høyrer huset til. Me har god tid og let tida og orda leva. Sunniva er veldig forkjøla og slakk, så til sist må  me heim og få henne i seng.

***

Ingrid øvingskjører opp til foreldra mine. Oddvar sit i baksetet og gir gode råd. Eg konsentrerer meg om å vera roleg og fornuftig, og la vera å bremsa med imaginære bremsepedalar. «Legg han i femte gir, og konsentrer deg om å halda fart og flyt i trafikken,» seier Oddvar. Eg lar vera å seia at eg utan tvil ville hatt bilen i tredje gir, og bremsa skikkeleg ned i svingane. Reint trafikkmessig er eg eit elendig førebilete. Eg er så pysete og redd ute på vegane at eg utan tvil er direkte trafikkfarleg… Så har eg endå ein ting å engsta meg for når eg er ute og kjører…

***

Me et kveldsmat hos foreldra mine. Oddvar, Ingrid og eg. Me snakkar om kjøkkenet, som alle synest det er på høg tid å renovera. «Du hadde fortent eit nytt og fint, kjøkken, det har du aldri hatt,» seier far. «Om de gjer det skikkeleg nå, kan du få eit kjøkken som held tida di ut.» Eg grøssar litt over den eventuelle sanninga som ligg i uttrykket «tida di ut». Eg tenkjer at det kan jo vera femti år, sånn i beste fall liksom… Om det varer i 30 år, så nærmar eg meg åtti neste gong me fiksar kjøkkenet…. «Sakte dansen trå, danse ikke gråte nå, denne jorda skal bli di grav.» I heile mitt liv har eg funne tanken på eigen dødeligheit skremmande, men samtidig mørkt fascinerande. Det at tida ikkje kjem tilbake er ei sorg og ei undring. Det har liksom ikkje gått opp for meg at eg er ferdig med å vera i tjue-åra.

***

Kjøkkenpatruljen er i funksjon og neste morgon dreg me ein heil delegasjon til Ikea for å sjå på kjøkkeninnreiingar. Kjærasten min har lagt inn mål og fakta på internett, og Oddvar har tommestokk på baklomma. Eg seier at eg ikkje vil ha stål og glatte flater. Eg finn eit kjøkken med profilerte skapdører, og vitrineskap med smårutete glasdører. Ingrid ser strengt på meg og seier at eg sjølv har sagt at eg treng noko som er mest mogleg lettstelt. Ein konsulent blir sett på saka, og det blir printa ut prospekt av vårt eventuelt nye kjøkken frå alle vinklar. Eg inviterer dei andre med meg til «kjøpskål» i kafeteriaen. Me et risgraut og kjøttbollar.

***

Kjærasten min er ein hund etter katteutstillingar. Me kjem «tilfeldigvis» over ein på veg heim. Ingen av oss andre er vanskelege å overtala. Me ler høgt av fryd over persarkattar med flate nasar og elegante siamesarkattar. Ingrid og eg fell heilt i stavar over ein mannleg dommar som dømmer kattane kyndig og kjærleg. Han avsluttar kvar saumfaring med å kyssa kvar einaste katt på hovudet etter å ha gitt grundige uttalingar av typen «Dype klare øyne, og velsoignert pels, dog litt spinkel panne, og litt liten avstand mellom øynene.»

***

Eg når å lesa litt avis før det er øvetid for påskestykket. Ungdomane er fokuserte og flinke når dei først har kome seg til øvinga. Dei fleste av dei har ikkje hatt tid til å øva inn replikkane skikkeleg, men det kjem etterkvart. Me leiter fram rekvisittar og kostyme, og Alf Einar har lagt inn eit digitalt hanegal på PC-en sin. Leif Oskar si biletramme frå heimen blir hengt opp i snorer på taket, og skal illudera speil. Sidan øvinga varer i time etter time og få har ete middag, kjører Leif Oskar ut og kjøper pizza. Eg liker å jobba med ungdomar. Kanskje eg burde prøva meg i ungdomsskulen?

***

Midnattsgudsteneste. Lysa blir slokka. Me tenner kvarandre sine stearinlys med eld frå det store Kristuslyset.  I kyrkja lyd først ein veldig gammal påskesalme, så syng me «Let my people go,»som vekselssong. Ungdomane «mine» viser dei to  delene av påskespelet som er frå bibelsk tid. PC-en til Alf Einar har me ikkje med, så Leif Oskar må gala frå galleriet. To av jentene eg har med syng under nattverden: «Og eg har tenkt det sko`kje eg ha gjort. Eg sko ha kjempa saman med deg, hokdt rundt deg og tørka svetten bort, gjort ka eg kunne for å gle deg…» Til slutt i gudstenesta blir lyset slokka att. Me tenner stearinlyset våre med eld frå Kristuslyset og går ut i prosesjon. Ansikta er vakre i det mjuke skjæret frå levande lys. Ute på kyrkjegarden syng me «Deg være ære», tonesett av ein melankolsk saksofon. Folk skjermar om lyset sitt og deler eld med kvarandre, men vinden kjem frå fleire kantar, og når tonane døyr ut er det få som framleis har eld. Me ynskjer einannan god påske, og eg får fleire varme klemmar.

***

Eg fyller fire pappegg med godteri. Påskeegg av sjokolade og påskeegg av marsipan. Miniegg med peanøter i og svenske skumkykkingar frå Ikea. Etterpå skal dei gøymast bak gardiner og sofaputer. At dei blir gøymde på omtrent same plassen er ein del av tradisjonen. Ingen av ungdomane i huset kjenner seg for  vaksne til å leita etter påskeegg i papp. Kjærasten min lurte på korfor ikkje han skulle få.

***

I fylgje klokka, rekk eg å sova nokre timar før det er vekkerklokke klokka halv åtte, og frammøte i kyrkja klokka halv ni for øving med orkestar. Neste morgon kjem eg meg i veg i siste liten etter å ha hatt rekorddårleg tid til å finna fram til eit antrekk som kunne fungera til kyrkjebruk første påskedag. I bilradioen spelar dei klassisk påskemusikk, og i døra møter eg Leif Andenes, den fantastiske klokkaren vår som står klar med varm kaffi same kor tidleg folk måtte dukka opp i kyrkja ein sundagmorgon. Han seier at viss han hadde visst det var eg som skulle dukka opp, så kunne han stått klar med eit nykokt påskeegg. I våpenhuset er det pynta med påskeliljer, gåsungar, og ei blømande grein frå eit epletre.

***

Ei av jentene er sjuk. Etter samtale på telefon skal ho koma likevel, men ho har ikkje stemme til å synga seier ho. Solistane øver med orkester. Me øver inn ei reserveløysing på songen hennar. Nokre er litt for seine og blir ringde etter. Me treng tida sjølv om me starta to ein halv time før gudstenestestart. Klovnen blir sminka til det ugjenkjennelege, myggane blir festa og batteria skifta i den handhaldne mikrofonen. Før gudstenesta startar står ungdomane bak altertavla og eg sit på første benk med manus i handa. Det viser seg at jenta som vart sjuk syng likevel. Ho føler seg betre.

***

Ei jente på kvar side av spegelramma. Ho blir dømt av sitt eige spegelbilete. Ho gjenopplever situasjonar der ho har svike. Ho mistar motet. Hanen gjel, og Peter spring gråtande ut. Jenta får besøk av ein klovn. Klovnen minnar om at det er påske og at livet handlar om meir enn å søkja bekrefting i ein spegel. Klovnen viser jenta ein ny spegel, det ho ser der får henne til å smila. Klovnen spring rundt i kyrkja og speglar folk. Samtidig får dei fylgjande beskjed: «Du er tilgitt og du skal tilgi.» Klovnen gjer den raude nasen sin til eit lite barn, og presten velsignar dei.

***

Stemmen min sviktar og. Eg kjøper halstablettar på veg heim, og somnar. Etter ein time er eg klar att. Eg set meg ned for å skriva skulerevy. Nede i stova høyrer eg sønene mine le i lag med kjærasten min og svigeronen min. Dei spelar kort og et påskesnop.

***

Kjøkkenet lukter vaflar. Eg ser i gamle fotoalbum i lag med Ingrid. Ho spør om det ikkje er rart å sjå forandringa gjennom biletsidene og fram til nå. Eg svarar at det er det. Eg får ei nostalgisk kjensle av at det å vera ung på slutten av 70-talet og tidleg på 80-talet var ei velsigning. Eg ser på oss og tenkjer at det var ei tid med færre krav om å vera vellukka, vakker og feminin. I alle fall opplevde eg det slik. Eg ser på meg og venninnene mine, usminka med ubarberte legger, kledde i loppemarknadsskjorter og håret i fletter. Så vidt eg hugsar reflekterte eg relativt lite over korleis eg såg ut, men det seier kanskje meir om meg enn tidsånda? På spørsmål frå Ingrid om eg kjende meg fin i dei kleda og med håret slik, så svarer eg at eg ikkje trur eg brukte særleg mykje tid til å tenkja på det i det heile tatt. Det kjendest ikkje så viktig. Kanskje eg har gløymt, men i ettertid er det slik eg hugsar det. Så heldig eg var…

***

Så skulle eg bare veldig raskt oppdatera bloggen med nokre små  sekvensar, sidan eg ikkje har skrive heile påskeferien. Og her blir eg sitjande å skriva i to og ein halv time… Og eg som skulle legga meg tidleg… Skriving er for meg noko eg ikkje klarer å halda fingrane mine borte frå. Og resultatet blir det lengste bloggeinnlegget nokon sinne, med tretusen ord i fylgje teljeapparatet. Men delt opp i små sekvensar så blir det kanskje leseleg likevel?

Heidi

Feil klode?

Denne veka har stått i scenekunsten sitt teikn for mitt vedkomande. Me har hatt kulturskuleveke, og der har me mellom mykje anna fullført eit årleg stort tiandeklasseprosjekt, der absolutt alle tiandeklassingane i kulturskulen vår skal bidra med kunstene sine.

Me starta lenge før jul med å forma prosjektet. På eit møte eg dessverre ikkje fekk til å vera med på, vart det bestemt at temaet for produksjonen dette skuleåret skulle vera «Kosmos». Sidan eg har ein tiandeklassing på «Skapande skriving», vart det bestemt at ho og eg saman skulle utforma eit manus. Alle musikklærarane vart utfordra til å koma med forslag til musikk dei ville ha med. Så skulle eg og Silje, skriveeleven min, laga teksten, og så skulle det lagast uttrykk frå kunstfag og frå danseavdelinga.

Resultatet vart eit litt annleis og litt merkeleg stykke, som eg er veldig glad for at eg verkeleg fekk frie nok taumar til å ha akkurat slik som det vart. Hovudtemaet i teksten var ei jente på femten år som følte at ho i «beste Obstfelder- ånd» var på feil klode, fordi alt var så underleg. Deler av stykket låg ho i fosterstilling på scenegolvet, medan kvitkledde psykologar vandra rundt henne med små notisbøker, og prøvde å tolka tankane hennar og dei merkelege tekstane ho skreiv.

Det fantastisk flinke orkesteret vårt spelte alt frå Metallica til Vamp. Forunderlege tekstar på farga papir vart lesne opp til tonane frå Måneskinssonaten som bølga ut frå flygelet. Dansarane dansa ein svært ekspressiv dans iførte masker og kostyme laga av to opprivne strømpebukser over svart trikot. Midt i det heile var det ein grønkledd marsbuar som verkeleg var på feil klode, på bakveggen var det biletkunst og film frå kunstfagavdelinga, vekselvis med ein internettchat mellom ein 15-åring som kjeda livet av seg, og ein marsbuar som aldri gav til kjenne kven han var.

Det vart lese Obstfelder, og sunge til Månemannen og jorda, samstundes med ballettpiruettar og tankelesing. Songarane var kjempedyktige, og fire av dei song «When you wish upon a star, » sart og fleirstemt. Scenelyset var heilt profesjonelt med spennande effektar.

Heldige meg som kan sitja på første benk med manus, i tilfelle nokon skulle trenge suffli, og sjå dei ville ideane frå skriveblokka mi gestalta seg på scenen. Nå ja, det var jo eit slags ganske arbeidskrevjande ledd i midten før me kom så langt, men tiandeklassingar er så fine å jobba med. Dei er flinke og motiverte og skjønar at det gjeld å bruka tida godt, for blant oss amatørar er faktisk tidsressursen ganske knapp. Ungdomane har både skule og tusen andre fritidsaktiviteter, så å samla dei utanom dei faste kulturskuletimane er litt av eit puslespel.

Heldigvis får dei fri frå skulen to heile dagar. Den første går med til øving og den andre til forestillingar. Det er så flott å få bruka scenen på kulturhuset vårt. Det er synd at kommunen ikkje har råd til å la barne- og ungdomsgrupper som faktisk høyrer heime her, få lov til å bruka lokalet til overkomelege prisar. Det er ei heilt spesiell oppleving å få opptre på ein ekte teaterscene med sidetepper og garderobar, og ikkje minst skikkeleg scenelys.

Heidi