Bagasjen pakka. Skuldrene senka. Første etappe tilbakelagd. Sit nå på Gardermoen og ventar på å gå om bord på flyet som skal ta oss til Alicante.
Må bare fortelja at eg er blitt sååå flink til å reisa med fly. Hadde vindusplass for første gongen, pleier å skugga unna, og sat til og med og såg ut. Neste tur skal ta fire timar, får håpa det går like bra. Mange av dei som sit her og ventar med oss skal me tilbringa to veker med.
Nå går me om bord.
Heidi
å gjera seg klar for ein ferie. Ute regnar det og det er grått, og me skal førebu oss på to veker sol og varme.
Slike gonger blir eg overmanna av ei merkeleg uro. Eg kjenner at stressnivået inni meg blir skyhøgt, men eg trur ikkje det viser på utsida.
Plutseleg kjenner eg at eg er trøytt og sliten. Eg blir fomlete og klønete, – endå meir enn vanleg, og veldig distré fordi eg ikkje klarer halda tankane der dei høyrer heime. Eg må fortelja meg sjølv at nå må eg konsentrera meg, pusta roleg inn og ut og kvila i det eg gjer… Nokre gonger lukkast eg i det… Akkurat nå kjennest det veldig bra, men så er eg i yndlingsposisjonen min med fingrane på tastaturet…
Litt av uroa skuldast nok at eg har slite med skikkeleg flyskrekk i mange år, men nå reknar eg meg som nokså kurert. Men heilt daglegdags er det jo ikkje å fly til Spania likevel. Så er det det at eg har ein jobb framfor meg. Eg skal vera leiar på eit barneopplegg på Solgården, det går heilt sikkert fint, men det gjer at det er endå fleire ting eg må halda styr på. Eg må få med kristuskransar, handdokke, program, teikneark, fargeblyantar, namnelister, capsar, klesklyper til å ha namn på, ræppen eg har skrive, biletbok… Og så gjeld det å ikkje pakka ned meir enn eg treng.
Og ferie skal det bli og. Mesteparten av tida har eg faktisk fri til å sola meg, bada, lesa bøker, gå på oppdagelsesferd, bli kjend med nye menneske osv, og det gleder eg meg veldig til.
I dag då eg var ute for å handla teiknesaker, kjende meg meg plutseleg superstressa: Først reiv eg ned ein stor boks med kulepennar som rant utover golvet, og eg måtte plukka dei opp. Så stod eg i kø for å betala og rota gjennom korta mine fire gonger utan å finna bankkortet. Bak meg var det kø, og ho som ekspederte var utålmodig. Eg sa at eg måtte ha gløymt kortet heime, og bad om å få setja varene att for å finna mannen min og låna pengar av han. Vel nede med rulletrappa tok eg ei heilopprydding i veska og fann kortet liggjande laust utanom lommeboka. Så var det rulletrappa opp att, unsylda seg så sjarmerande eg kunne for ekspeditrisa og ned att.
Eg kom på at eg sikkert hadde drukke alt for lite vatn i dag og gjekk til kjosken for å kjøpa ei flaske. Der vart eg ståande og leita gjennom lommeboka igjen til eg fann kortet laus i veska ein gong til. Merkeleg nok gjekk eg ikkje på nokon som bar ein stabel egg eller bøker, og merkeleg nok fann eg bilen att. Eg hugsa til og med mobilnummeret utan å sjekka då ekspiditrisa den første plassen trong det for å dokumentera den avbrotne handelen.
Kanskje det er håp? Verken hjarteinfarkt eller demens på gang… Eg må le av meg sjølv midt i galskapen. Og minner meg sjølv på at eg aldri skal bli irritert på fomlete og distré personar. Dei treng det bare ikkje.
Kan ein eller annan frakta meg trygt til Spania? Nå skal det slappast av. Først må eg bare… Det er eit slags tidsur inni meg som må ha press for å fungera. Eg får aldri til å for eksempel pakka ein koffert før i siste liten. Eg har nærmast irritert meg litt over at ungane mine har pakka i fleire dagar alt… Ein ting om gongen…
Heidi
Det er merkeleg korleis ein kan gå i lange tider og bruka energi på ting ein snart må få gjort. Så viser det seg at det ein har psyka seg opp på å gjera går som ein leik, og så er det gjort…
To slike ting har me gjort nå. Me har laga, og gjort klart til sending, invitasjoner til Sunniva sin konfirmasjon. Me har pynta med to fine bilete: Det nyaste er Borghild meister for.
http://farm2.static.flickr.com/1241/577208531_d4becda1d6.jpg?v=0
http://farm1.static.flickr.com/29/61787036_fb7d51ec62.jpg?v=0
Så har eg skrive om eventyret om Bukkane Bruse til eit manus som Gjesdal kommune har bestillt til Bandaloop
arrangementet i august. Ei amerikansk dansegruppe skal dansa vertikalt i klatretau i Nord Europas største steinur.
Vegen opp dit blir ei opplevingsløype. Publikum skal passera ei gammal steinbru, og der skal tre syngande sauebukkar og eit syngande troll framføra ein spesiallaga variant av eventyret om Bukkane Bruse. Det manuset er det eg har skrive i kveld, og etter å ha hatt det surrande ein stad i hjernen i snart tre veker, tok det bare eit par timar å få skrive det ned.
Det er alltid veldig vanskeleg når ein skal få betaling for slike oppgåver å vita kva tidsramme ein skal operera med. Skal ein bare rekna dei timane det tek å tasta inn manuset, eller skal ein rekna noko for dei timane ein tenkjer på det medan ein vaskar opp, syklar tur, kjører bil osv? Eg kunne aldri leva av å vera frilansar som tekstforfattar, forteljar eller skodespelar. Det vanskelegaste med heile jobben er det som dreier seg om betaling. Min yndlingsvariant er å seia at: – Det gjer eg som ein gåve… Det kan ein tillata seg når ein lever av noko heilt anna…
Elles så her eg fått mykje ut av dagen. Broderia veks mellom fingrane mine. I dag har det blitt ein fem-seks timar. Eg må bare passa på å strekkja og tøya litt innimellom, elles så blir akslene så stive og vonde, og så ender eg opp med å knaska ibux og paracet for å motvirka hovudverk frå vonde aksler. Eg hadde vurdert å la broderia bli at heime, men eg har innsett at dei skal på tur til Spania. Det høyrest jo idyllisk ut å sitja på verandaen med eit lite ullbroderi?
I kveld har eg lært meg korleis eg heilt aleine kan få til å laga linkar til bilete. Det er eg veldig stolt av og feirer det med eit bilete av barna mine der jentene har på seg slik bunad som eg syr til Sunniva. Det er tre år gammalt, så dei ser ikkje slik ut lenger…
http://farm1.static.flickr.com/9/13040024_f229f1fe14.jpg?v=0
Eg steikte ein liten stabel pannekaker og tok med til mor og far som inviterte til middag i dag. Alle barnebarna elskar morfar sine heimelaga kjøttkaker med erterstuing kokt frå erter og ikkje frå pose. Til dessert vart det pannekaker og varme vafler med is, kaffi og sjokolade. Ute regna det, så me kunne med beste samvit tillata oss å sitja inne i stova i teimesvis ein sundag ettermiddag. Eg for min del med eit broderi i hendene.
Kattane har hatt rekordmykje flått i sommar. Sunniva er den store flåttfjernaren. Ho har eit eige lag med motvillige kattar. Me engsta oss litt for korleis det skulle gå nå når me reiser til Spania. Med god hjelp av Jan Ivar, har eg fått tak i eit pulver med ganske sterk lukt som me har gnidd inn i pelsen til kattane. Det skal halda flåtten vekke i fire veker. Så nå luktar dei godt krydra begge to. Dei kjæler rundt meg medan eg skriv. Cleopatra likar
å spasera på tastaturet slik at eg stadig vekk må viska ut dei merkelegaste formene for ortografi. Så mel ho så høgt at eg mest ikkje kan høyra kva eg tenkjer… Me har sett ein plakat med nydelege kattungar nokon skal gje vekk. Me har utruleg lyst på ein kattunge, men kanskje to kattar er nok for naboane våre…
Eg hadde ein rar draum i natt. Eg gjekk gjennom eit hol i veggen. Då kom eg fram til ein norsk forfattar, som eg bare har hatt mailkontakt med i samband med eit prosjekt. I draumen hadde ho som hobby å laga fargerike klær til damer som trong romslege storleikar. Dei var så fine. Og så plutseleg stod Tintomara der og skulle kjøpa seg kjøle ho og. Det var kjempekoseleg, og eg kjende henne straks igjen, sjølv om eg eigentleg ikkje veit korleis ho ser ut. Av ein eller annan grunn dukka morsan opp og… Takk for koseleg treff i draumen min, damer. Av og til lurer eg på om denne blogginga er i ferd med å gå meg heilt til hovudet…
Heidi
forundrar meg kvar einaste dag. Det er vanskeleg å ha realistiske mål for kva ein kan rekka i løpet av ein dag, og truleg er det ein uting å operera med slike mål i ferien.
Kjærasten min er komen heim frå kurs, så nå er eg ikkje
“fungerande aleinemor” lenger. Ikkje det at belastninga er spesielt stor heller nå som me deler hus med bare ungdomar. Då eg hadde to barnehagebarn og to førskulebarn og sjølv skulle på jobb, då gjaldt det å trekkja pusten djupt når ein skulle vera aleine ei veke.
Likevel, det er noko skuldresenkande med å vera to.
Eg fekk akkurat vita at ti ungdomar vart funne bevisstlause utanfor ein buss på ein rockefestival ikkje så langt frå her. To av dei er bekrefta døde. Det blir spekulert i om dei er kullos-forgifta, eller om dei kan ha fått i seg noko giftig på annan måte. Oddvar er på den festivalen, men han var snar til å ringa Oddvar slik at me slapp å engsta oss for han. Ennå har dei ikkje gått ut med namn. Ein tenkjer jo automatisk at ein håpar ingen eg kjenner er berørt av dette. Sjølvsagt er det ein litt egoistisk tankemåte som dukkar opp kvar gong ein for eksempel møter ein ambulanse med blålys.
Eg trur eg skal ut og sykla litt. Eg treng ein tenkepause.
Heidi
I kveld skal eg leggja meg tidleg, eller i det minste til normal leggetid.
Tenkt klokka ti på halv to om natta: Eg har jo ikkje skrive vanleg blogg om dagen som har vore. Det må eg då kunna ta meg tid til, det er jo trass alt sommarferie…
Men eg skal vera litt kort likevel…
I dag har eg:
Drukke morgonkaffi med Odd Christian og Marianne.
Sagt ha det bra til Marianne, og god tur heim, og velkomen tilbake viss det passar slik. Odd Christian sa at han hadde håpa at myggen likte Marianne slik at han kunne få avlastning, men det gjorde han tydelegvis ikkje, for han hadde som vanleg fått alle stikka. Eg sa at då hadde eg tydelegvis betre smak enn myggen…
Vore på besøk hoa Marit i lag med Astrid og beundra den nye leiligheiten ho bur i. Me hadde med oss ein rosenbusk under armen som lukta veldig godt. Så åt me nybakte rundstykke og jordbær, medan me snakka i tre timar om viktige ting. Kjære alle gode venninner, dokke er glasuren på kaka mi, og stjernene på himmelen min. Damer på pluss minus min eigen alder er dei klokaste eg veit.
Brodert lange rekkjer med skjell til bunadbeltet. Oppdaga at eit av dei var i feil farge.
Vore litt svimmel og uvel, truleg på grunn av tilvenning til nye briller, eller på grunn av for korte netter…
Sykla tur i høljeregn, men måtte snu fordi det vart så kaldt og vått.
Fått æren av at Venus, katten med buskete hale kom stolt til meg med ei linerle ho hadde jakta på og drepe.
Eg fann ut at på grunn av jaktinstinktet så hadde det sikkert lite for seg å skjenna på den stolte jegaren. I staden gjorde eg det ein ein ofte gjer med uønska åtferd frå barn, oversåg fuglen heilt. Venus skubba fuglen fleire gonger med labben og såg bort på meg. Etter at fuglen var fjerna såg det ut som om ho leita etter det forsvunne byttet…
For tredje gong nå i ferien har katten ein flått på halsen. Det må vera mykje meir flått i området enn eg har vore klar over.
Eg har kokt semulegrynsgraut for første gong på kjempelenge og ete i lag med Odd Christian. Ute var det plaskregn og halvmørkt. Me tende lys på kjøkkenbordet.
Gitt Halvard pengar til å kjøpa ein paperbackutgåve av
“Drageløperen.” Han meinte sjølv han var klar for å lesa vaksne bøker, og var utruleg gira på akkurat denne etter å ha sett filmen.
Avklart med kateketen at Halvard skal konfirmerast i mai.
Det vil seia at me får to konfirmasjonar i løpet av sju månadar. Kanskje bortimot ny norsk rekord.
Gjort ferdig den eine salmen og skrive ein ny. Men det er for tidleg i prosessen til at eg veit om det er bra eller ikkje. I morgon må eg prioritera manuset til Gjesdal og opplegget til Solgården.
Det høyrest ut som ein plan. Kanskje eg rekk å rydda soveromet og skifta kattesanden og?
Heidi
frå min venn Arne Berge. Utfordringa kom i dansk språkdrakt, og er omtrent slik omsett til norsk:
Språkleik:
1. Rekk ut handa etter den næraste boka.
2. Slå opp på s 123.
3. Finn den femte setningen på sida.
4. Legg denne og dei to fylgjande setningane ut på bloggen.
5. Kommenter sitatet.
6. Send utfordringa vidare til fem andre personar, og krediter den som utfordra deg.
Jaha… Eg har først ei vedkjenning å koma med: Denne leiken kom eg tilfeldigvis over på ein blogg eg heilt tilfeldig var innom for tre- fire kveldar sidan. Då strakk eg ut venstre handa og fekk tak i “Lederbok frå sundagsskulen”. Der fann eg eit sitat som gjekk så rett inn i min eigen livssituasjon at eg nærast såg på det som ei openbaring, men då eg prøvde å skriva svaret mitt i vedkomande sin blogg, gjekk noko gale ,og heile greia forsvann…
Og i dag er det altså alvor: Utfordring direkte personleg til meg. For å starta med blanke ark strekk eg ut høgrehanda denne gongen. Då finn eg…
Ei ganske gulna og slitt gammal bok. Ho er faktisk dansk, det passa jo godt sidan utfordringa eigentleg vart gitt meg på dansk.
Boka heiter “Børnevennen 1906”, og er ein innbunden årgang av det den gongen eksisterande danske barnebladet “Børnevennen”. Ein gong i barndomen bestillte far fem årgangar av eldgamle “Norsk barneblad”, i store innbundne bøker til meg. Kven veit om ikkje det var ein medvirkande grunn til at eg i si tid skifta målform frå bokmål til nynorsk.
Kanskje desse bøkene, med mellom anna reportasje om “Prettemakaren prins Harald som tok huvene frå gjentene…”, var ein medverkande årsak til at eg foretok eit spontankjøp, og kjøpte nemnde årgang av “Barnevennen”, då eg i løpet av ein sommarferie tilfeldigvis var innom ein liten merkeleg dansk butikk der dei selde alt frå gamle bøker, via heimelaga syltetøy til heimelaga kort… Eg kjøpte og eit kort innehavaren hadde laga sjølv med ei ekte tørka sjøstjerne på framsida, men eg trur ikkje eg kjem til å senda det til nokon…
Eg kjøper ofte litt ukurante ting når eg er ute og reiser. Då eg var i Amsterdam kjøpte eg gamle fotografi og postkort på eit loppemarknad til inntekt for heimlause kattar. Då spurde ein av dei andre: “Kjøper du alltid bare rabe?” Rabe er eit svært lokalt ord for verdilause ting som eigentleg burde ha vore kasta…
Men altså: Tilbake til “Børnevennen. “ Skal me sjå, s 123…
Der les eg fylgjande:
“Det er let nok at lægge sit hoved i blød- mit har ligget i blød så det værker. Aa! Hvem der hadde en Rottefælde!”
Næppe hadde han udtalt disse Ord før han hørte en sagte Banken på Døren”
Dette er henta frå noko som er kalla: “Man må holde, hvad man lover, ellers går det galt.” som er presentert som en “Gammel Fortælling ved Thomasine Hejberg.”
Eg må innrømma at eg ikkje har lese denne forteljinga før og ikkje veit heilt kva det handlar om, men mannen som bankar på døra er “en lang, tynd Man med en mørk Hudfarve og langt flagrende Haar…”
Eg skal derfor koma med reine “mannakorntolkinga”:
Her sit eg med hovudet mitt grundig i bløt. Eg har lova ei salme til eit jubileum i kyrkja, og har tenkt på å prøva ut ein tanke til på det nå i kveld. I tillegg har eg lova Gjesdal kommune eit manus, som må vera ferdig før eg reiser på tysdag. Og her sit eg og skriv blogg og leikar med ord… Kanskje eg hadde trunge en “sakte Banken på Døren” for å koma meg i seget? Eller rett og slett ei rottefelle? For som overskrifta seier:
“Man må holde hvad man lover, ellers gaar det galt.”
Men å leika er aldri feil. Det er i leiken ein veks og utviklar seg…
Så var det å utfordra vidare. Dei som blir utfordra skal bare gjera det om dei gjer det med glede. Elles fritek eg dei frå utfordringa på flekken. Fylgjande er med dette utfordra:
Min aller kjæraste Leif,
Tintomara,
Morsan,
May Brit,
Eva Mari,
Gunn,
og
Jarfeld.
Dei siste fire har så vidt eg veit ikkje eigen blogg, og må derfor utføra sitt oppdrag i kommentarfeltet mitt. 😉
Sidan eg alltid har problem med å begrensa meg, og eg har ein fritaksregel, har eg utfordra to ekstra personar.
Kos dokke.
Heidi
Det har eg gjort i dag. Min venn optikaren ringde at nå var solbrillene mine klar. Det var reine openbaringa å få dei på. Plutseleg såg eg alt så skarpt, – fargar, konturar og detaljar. Eg innsåg rett og slett at synet har vore nokså halvgodt i det siste. Eg gjenopplevde korleis det var då eg i 17 årsalderen innsåg det eg lenge hadde visst, eg trong briller. Det var lenge sidan eg hadde kunna lesa kva som stod på tavla frå plassen min nest bakerst i klasseromet.
“To see or to be seen, thats the question…” Hadde eg som mantra for meg sjølv, ein dag landa eg på “to see,” og oppdaga korleis verda eigentleg såg ut… Optikarvennen min sende meg ut i byen i ein halvtimes tid med solbriller på nasen, i mellomtida skulle han fiksa nytt glas i den gamle brilleinnfatninga. Fornøgd gjekk eg ned for å visa meg for Ingrid som var på jobb.
“Kva i all verda er det du har på deg?” spurde ho. Ho trudde i det lengste at det var briller eg hadde teke på meg frå stativet i butikken bare for å tulla med henne. Men då ho fekk prøva dei og innsåg at det var glas med – 2.75 på begge auga, kapitulerte ho og sa at dei var kanskje ikkje så verst likevel…
På veg opp rullefortauet til 2. etasje i kjøpesenteret såg eg Sunniva. Eg var riktig imponert over på kor lang avstand eg kunne sjå ho. Eg såg tidleg at ho sperra opp auga over synet av meg med mørke briller. “Kva i all verda er det du har på deg?” spurde ho lattermildt. Eg såg på heile henne at det ikkje passa spesielt godt viss eg stoppa opp særleg lenge for å snakka med henne, venninnene og dei to gutane dei akkurat stod og snakka med…
Eg unskyldte døtrene mine med at dei aldri har sett mor si med solbriller før… Det er sikkert uvant…
Så var det henting av nye briller, og eg ser utruleg godt. Eg kom frå heile pakka med ei rekning på 1300 kr, det var verkeleg verd kvart øre. Vel ute av butikken såg eg Jens Erland på den andre sida av gata. Eg kunne ikkje dy meg for å ropa til han: “Eg ser deg sjølv om du er på den andre sida av gata, for nå har eg fått nye briller, og då ser eg alt…”
Ingrid og eg starta dagen med ein spasertur langs stranda. Havet som var mørkt flaskegrønt for to veker sidan, var krystallklart i dag. Vatnet var bortimot behageleg på temperaturen, og medan me var der trakk badegjestene langsomt ned på stranda med solstolar, badehandkle, spann og spader. Me snudde då me oppdaga at me hadde kome til naturiststranda. Me hadde ein liten diskusjon på kva som er naturleg og ikkje, og Ingrid er rimeleg klar på at ho ikkje kan forstå at nokon synest det er eit problem å bruka badedrakt.
Folk oppfører seg merkeleg i varmen. Ein godt vaksen mann, som ingen av oss kjende, gjekk rett mot Ingrid. Då han var ein meter frå henne, løfta han armane sine og ropte BØH! Hendinga gjorde meg rett og slett i godt humør, eg har smilt av det resten av dagen…
Odd Christian har framleis besøk av Marianne. I dag har dei vore ein heil gjeng og leigd dykkarutstyr og dykka i sjøen. Dei hadde teke dykkarsertifikat på folkehøgskulen. Eg må innrømma at eg var letta då eg fekk melding frå Odd Christian om at han var vel på land att… Då dei kom heim fekk eg henne nesten til å seia at det var fine solbriller eg hadde kjøpt. Då Odd Christian sa at dei var litt små, sa ho at dei dekte jo auga mine heilt fint…
Veret er nydeleg. Me har ete Chicken Tandoori på verandaen. Eg har framleis litt att med tanke på førebuingane til Solgården, men det går framover.
Heidi
Tankestrek
Det er det sommardagane er. Ein tankestrek i eit turboliv.
Det kjennest godt å kunna gå på lågare turtal, sova til ein vaknar av seg sjølv og å ha god tid til å leita fram kvilepulsen.
For fem minutt sidan mista eg dette innlegget fordi det skjedde noko uventa då eg trykte på spara-dagboken.
Dataen min oppfører seg merkeleg for tida, eg får spara tekst kvart tredje minutt nå i natt slik at eg veit kva eg har…
Det første eg gjorde i dag etter å ha ete frokost med Odd Christian, Marianne og Ingrid, var å sjå film. Det å halvliggja i sofaen midt på blanke føremiddagen, kjendest så slakt at det grensa til det syndige, men snart var eg så oppslukt av filmen at eg gløymde alt anna.
Odd Christian og gjengen hans hadde lånt filmen “Drageløperen” i går, og lurte på om eg hadde lyst til å sjå filmen før han skulle leverast tilbake. På den måten hadde eg i det minste økonomisk gevinst av føremiddagskino…
Sjølvsagt sa eg ja, for dette er ein film eg heile tida har tenkt at eg skal sjå. Eg hadde likevel litt moderate forventningar, fordi eg hadde lese boka med stor innleving, og rekna med at filmen bare var ein skugge av sjølve forteljinga.
Så vart eg fullstendig fanga. Filmen var så vakkert laga, og scenene frå Afganistan og Pakistan fekk meg til å føla at eg rett og slett var der det skjedde. Barneskodespelarane var nydelege. Etter ti minutt kom Halvard og lurte på kva eg såg på, og eg inviterte han inn under teppet. Så sat me der og grein om kapp. Dei to, kvar for seg sterke historiane om eit land i ulukke og øydeleggjing om om sviket overfor Hassan som Amir måtte leva vidare med var begge så sterke.
Afganistan er eit land ein verkeleg kan gråta over. I ein kort periode av livet mitt, for snart nitten år sidan vart eg kjend med ein veldig ung mann som hadde vore barnesoldat i Afganistan. Han vakna om nettene av mareritt om at han skaut andre menneske… Det er ein annan historie eg ikkje skal gå nærare inn på akkurat nå.
Eg trudde Halvard var litt for ung til å ha utbytte av filmen, men han var like oppslukt som meg, og ville straks gå i gang med å lesa boka.
Eg og Sunniva måtte nå lensmannskontoret før det stengde klokka to. Faren til Sunniva hadde funne ut at det var lurt å anmelda tjuveriet ho opplevde i sist veke. Sjølv tenkte eg bare at tapt var tapt, men politiet meinte at ho truleg ville få igjen mesteparten av verdien på godt og vel 2000 kr på forsikringa.
På lensmannskontoret var eg framleis så oppslukt av filmen at eg måtte konsentrera meg om å oppføra meg normalt. Dessutan var eg svolten og svimmel og hadde endå ikkje nådd innom dusjen, men me fekk utført ærendet vårt.
Ein veldig koseleg post på dagens program var å møta Gunn nede i sentrum. Me hadde sett av ettermiddagen til å eta saman. Dessutan hadde eg fått ei lita utfordring i bearbeiding av flyskrekk, sidan eg er blitt så modig sjølv…
Det akta eg å ta på alvor…
Det første me fann det for godt å utretta var å kjøpa kvart vårt brett med synåler. Så vart det besøk på Kjøkkenet der eg hadde suppe med reker, og ho hadde suppe med kylling. Så gjekk me rett til neste kafé der me drakk kaffi, og til slutt fekk eg halt ho med på dagens trimrunde i skogen. Så måtte eg minna henne om at ho ikkje hadde flyskrekk lenger, før eg sykla til butikken for å handla. Nå har eg fire store handlenett frå Kiwi og eit frå Obs hengande på kjøkkenet, men trur du eg hadde nokre av dei med meg…
I dag vart det plastposar, men eg skal nok læra. Eg har avslørt meg sjølv som impulshandlar, det er der problemet ligg, plutseleg står eg bare i butikken utan å ha planlagd det.
Nå skal eg ut og henta Sunniva. Barnet mitt har vore ute på vift med venninner til klokka er mest halv to om natta.
Her går det over stokk og stein når det er sommar.
Heidi
til den eg vanlegvis har driv eg og prøver ut nå. Eg sit ved Pc-en til seint på natta,- forsåvidt ikkje så frykteleg alternativt akkurat det då…
Så broderer eg i to-tre timar, medan eg høyrer på radio og tenkjer. Husrydding og husvask er opp-prioritert. Eg går eller syklar tur i minst ein times tid. Eg ryddar og baker og omgåst utvalde personar. Ikkje så dumt. Men eg ser at dersom ein har hovudbase for kreativ jobbing heime i huset sitt, så er det veldig fort gjort å spora av og setja i gang med slike ting som står og ropar på deg…
I dag måtte eg foreksempel ut og kjøpa amerikanske muffinsformer fordi eg hadde funne ei oppskrift på bananmuffins som gjorde at eg kunne få brukt dei tre overmogne bananane som var på veg ut av fruktfatet. Med huset fullt av ungdomar er det jo greitt å ha litt å by på. Eg laga knallgul glasur oppå dei av melis og gul konditorfarge med litt vatn. Oppå der igjen strødde eg stjernestrø.
I kveld har eg laga 23 kristuskransar som barna i Solklubben skal bruka og få med seg heim til slutt. Det er bønnekransar utforma av den svenske biskopen Martin Lönnnebo. Kvar krans består av ulike perler med forskjellig storleik, farge og form, som alle har symbolsk betydning.
Store gullperler som symboliserer Gud var heilt umoglege å oppdriva i den vesle byen vår. Derfor kjøpte eg naturfarga treperler som eg ville lakka med gull- lakk.
Utfordringa var å få til å mala og tørka dei slik at lakken på perla ikkje var skadd. Idéen eg fekk fungerte perfekt, så vær så god og stel han om du skal lakka treperler:
-Stikk kvar perle inn i ei fyrstikk. Ho vil nå kunna malast/ lakkast utan å få fingermerke. – Stikk så fyrstikka med den malte perla inn i skalet på ei appelsin som er så flat under at ho står støtt på bordet. Sett fyrstikkene så langt frå kvarandre at dei kan renna av seg og tørka kvar for seg.
Elles så har eg gjort ei handling til optimismens pris i dag:
Eg har stått ute i regnet og hengd opp to vaskemaskinlaster på klessnora ute…
Snorene i vaskekjelleren er fulle, og dei har lova opphaldsvér…
Dessutan gjer det meg ein boblande følelse av å gjera noko heilt dustete som eg eigentleg morar meg litt over å kjenna på.
Heidi
Eg hadde tenkt meg til kyrkja i dag, men starten på dagen gjekk i litt for sakte tempo, så plutseleg var det for seint. I staden vart det frokost med Ingrid og radiogudsteneste, der eg høyrde på Biskop Sofie frå Grønland. Det var interessant. Eg måtte googla henne etterpå og fann ut at ho bare er den andre biskopen på Grønland, før høyrde dei til eit dansk bispedøme. Dessutan var ho den første kvinna på Grønland som tok teologisk embetseksamen.
Eg broderte. Først til gudstenesta, så til eit veldig interessant program om Island og til slutt Nostalgia, eit program med klipp frå “gamle dagar”… Eg sat der og broderte fem måkar på ryggen av bunaden, kaffikoppen hadde eg på sida av meg, og døra stod open ut til verandaen. Eg kjende at Nå Har Eg Ferie. Det er herleg å
bare ta i mot alle dei kreative tankane og innfalla som poppar opp, nå når eg mot normalt har nok tid til å tenkja tankane ut.
Halvard og Odd Christian fekk lokka meg til TV-kroken der me såg diverse episodar av ein heilt utruleg program: “Sweet sixteen” . Det handla om veldig rike og nokså bortskjemde ungar, som feira 16-årsdagane sine med luksusparty som ikkje liknar noko av det eg i heile mitt liv har vore borti av selskapelegheit. Ho eine ankom for eksempel i helikopter når ho skulle dela ut invitasjonane, og dei hadde spesialdessigna kjolar og dressar til sånn ca 20000 kr som dei hadde på seg i ca fem minutt medan dei gjorde entré…
Me diskuterte om det var ein viss ironisk undertone i desse programma. Først meinte eg ja, medan gutane mine meinte nei. Etterkvart tenderte eg til å vera einig med dei. Så sat me der med den gode kjensla at samanlikna med ungane på skjermen så hadde dei fått ei nøktern oppseding.
Men tankekorset låg der likevel: Eigentleg er jo norske barn (og vaksne) nøyaktig så meiningslaust bortskjemde, viss me til dømes samanliknar oss med fattige afrikanske barn. Eg trur det kan vera sunt med ein kikk inn i trollspeilet…
I dag skulle Odd Christian få besøk av ei venninne som skal vera her nokre dagar. Eg må innrømma at det gav meg eit ekstra dytt i ryggen med husvasken i går, og i dag vaska eg for eksempel skapa på badet. Odelsgutten vart kommandert til ein runde med vaskebøtta han og. Sjølv om eg må innrømma at forslaget hans då eg sette i gang var sjarmerande nok: “Kan me ikkje bare la det vera som det er. Då får ho ein logisk forklaring på korfor hybelen min ser ut som han gjer…”
Vaksa vart det. I alle fall i dei to nederste etasjane, og då gjesten kom stod det eitt brett bollar og to brett kanelrullar til etterheving. Vakkert pensla med egg, for eg fann bakepenselen eg har sakna i lengre tid. Sist eg bakte viste det seg at det var utruleg vanskeleg å få til jamn pensling med ein bit av eit kaffifilter dyppa i samanvispa egg-
Sunniva kom heim frå konfirmantleir, trøytt og lukkeleg med kne og hender skikkeleg oppskrapte etter å ha klatra opp eit svaberg fullt av vinkande englar fordi oppgangen frå sjøen var dekka av ein gigantisk brennmanet.
Nokre av oss var på tur langs stranda for å få vist fram den lokale kulturen. Klokka tikkar mot halv tre… Skal eg halda stilen må eg kanskje koma meg i seng slik at eg kan vera mamma med dekka frokostbord i morgon tidleg?
Trur det er like greitt å ha det litt uhøytideleg når ein er gjest…
Heidi