Dei første verkeleg miljøbevisste menneska eg møtte møtte eg i Tyskland. La meg presentera Regina og Dirk. Regina er ei venninne av kjærasten min frå den perioden han budde i Tyskland. Ho jobba som lærar og er eit av dei mest sympatiske menneska eg har møtt i mitt liv. Ho hadde gifta seg med Dirk som var prest i ein bydel i Mönchen-Gladbach. Dei ville gjerne feriera i Norge i 1987, og me ville gjerne til Tyskland. Via telefon bestemte me oss for å bytelåna bolig. Førsteinntrykket var litt sjokkarta for begge partar…
Me hadde reist i frå huset vårt med lys på i fleire av romma, slik var anbefalingane den gongen for å forebygga innbrot når ein var på ferie… Sjølv om adressa stemde, var det heilt utenkjeleg for dei at nokon reiste frå huset med lyset på. Før dei torde bruka nøkkelen dei fann i postkassa hadde Dirk krope rundt i hagen og kikka inn vidua for å forsikra seg om at det ikkje var folk der… Det neste sjokket var at me på same måten som dei fleste menneske som hadde skaffa seg dobbelseng i 1986 hadde kjøpt ei elektrisk oppvarma vennseng… Tenk å bruka straum til slikt… I tillegg hadde me tørketrommel…
I bygarden til Regina og Dirk måtte eg først læra at det var reine dødssynda å gå frå lyset i trappeoppgangen… Så fekk me skriftlege forklaringar på korleis me unngjekk å bruka meir vatn enn nødvendig på nedskyling i toalettet. Dei vaska kleda sine i økologiske og nedbrytbare “Olivenseifefnokken”, noko som gav ei lukt i kleda våre som fekk meg til å kjenna meg miljøbevisst. Eg trur kanskje oppvasken var i same såpa.
Regina malte sitt eige mjøl på kvern på kjøkkenet for å få det grovt og økologisk. Søppelet sorterte dei etter eit strengt system. Dette var før søppelsorteringsordet var i bruk i Norge. Det er mogleg at det fantest papirinnsamlingar i større byar, og dei største hageentusiastane hadde vel ein heimebygd kompostbinge i hagen.
Frå før av hadde eg vore medlem i Fremtiden i våre hender, og ville i grunnen alt vel, så eg prøvde vel ekstra hardt etter å ha møtt desse to karismatiske og miljøbevisste menneska.
Eg strikka ulltrøyer og bleiebukser i Merlinoull og vaska tøybleier. I alle fall gjorde eg det det første året med Sunniva. Då Halvard vart fødd bevilga me oss ein liten koma- til- kreftene-periode med papirbleier, og kom vel aldri heilt inn i vasking av tøybleier att. I Tyskland hugsar eg at dei hadde noko så fint som Windeldienst… Skitne bleier vart samla inn og ein fekk reine leverte på døra…
Søppelsortering var me og relativt tidleg i gang med. På billesmå felt kan eg vera reine fanatikaren. Å riva ut plastvindu frå konvoluttar og sortera kvar for seg, eller å riva teposar av snora, fjerna stifta og hiva i komposten, medan eg er totalt bevisstlaus med andre ting. Eg har lyset konstant på i ein del rom og hiv store haugar tøy i tørketrommelen i staden for å tørka i stova eller på gangen. Korsveibevegelsen som har betydd mykje for oss har og vore ein pådrivar for å tenkja alternativt, men
oi så vanskeleg det er å vera konsekvent.
Nå har eg begynt å få dårleg samvit for å bruka bereposar i plast når eg handlar. Derfor har me kjøpt to store fleirgongsnett i butikken. Problemet er at eg ofte gløymer å ta dei med når eg skal ut og handla. I dag spurde kassadama meg i det eg forlangte tre plastposar om eg ikkje heller ville kjøpa eit fleirgongsnett. Eg sa at eg hadde to relativt nyinnkjøpte heime på kjøkkenet…
Då eg fortalde det til Odd Christian sa han at første bud burde då vera å gå eller sykla til butikken dersom ein ville vera miljøvennleg. Eg unskyldte meg med at eg sjølvsagt hadde tenkt tanken, men så var det det at å få ein helgehandel til ein veldig stor familie heim på sykkel kunne bli ganske tungt…
Skiftesvis er eg heilt medvitslaus forbrukar, og skiftesvis reagerer eg negativt på at ein brukar eingongstallerknar på personalfestar og eingongskrus til kyrkjekaffi. Det er ikkje lett å halda sin sti rein når det er så uhorveleg mange val å ta alltid. Økologisk kaffi er greitt nok, men kva med egg? Bør dei vera økologiske? Helst frå frittgåande glade høns? Bør kjøtet vera frå glade griser? Er sauekjøt meir miljøvennleg enn oksekjøt?
Kva med å eta kjøt i det heile tatt? Ein ungdomsorganisasjon frårådde nordmenn å eta ris fordi det at den rike verda vil ha ris til høge priser, og så blir det for lite og for dyrt i fattige land der ris er hovudnæringa. Denne aksjonen vart latterleggjort frå dei som meinte seg å kjenna betre til mekanismane.
Eg las i avisa at soyaprotein frå u-land går til kraftfor til norske dyr. Og kva med utanlandsk kjøt? Fullt av hormoner og annan styggeskap? Burde ein ikkje eigentleg bli vegetarianer?
Sjølv har eg i snart to år levd på ein diett med minimalt med karbohydrat. Til mi glede har det gitt resultat. Men ein biverknad er at eg et mykje meir kjøt og fisk enn før.
Er det moralsk forkasteleg å ikkje eta brød, ris og poteter?…
Slik kan ein vikla seg inn i så forvirrande tankebanar at ein blir bortimot handlingslamma. Og det blir eit skår i gleda ved utanlandsturen at ein må bruka fly for å koma dit…
Men eg trur ikkje me har vondt av dei stikka i samvitet.
Ikkje alle er like glad for at kyrkja kastar seg inn i miljøverndebatten… Tek ikkje slikt brodden frå sjølve evangeliet? Kan kyrkja ta sjansen på å markera seg sterkt i noko som kan opplevast som politikk.
For meg er svaret soleklart. Sjølvsagt må kyrkja våga å markera seg og kjempa for å ta vare på det som er skapt.
SJølvsagt må kyrkja markera seg for å få til ei meir rettferdig verdensordning og for å fremma rettferd og fred.
Det er greitt nok med fine ord. I praksis er det ikkje så lett. Eg veit at eg har ein lang veg å gå før eg lever miljømessig forsvarleg. Me må alle prøva å støtta einannan. Eg ser jo at veldig mykje har skjedd sidan Tysklandsturen vår i 1986.
Sakta, men steg för steg går det framåt.
Det måste man tro.
Sa Märtha Tikkanen om noko heilt anna, men det har
blitt eit av yndlings- sitata mine.
Kjærasten min serverte meg jordbær før han reiste på kurs. Dei var så perfekte at ein kunne lura på om dei var økologske… Og smakte nydeleg. Han bir borte ei lita veke. Eg har heilt sånn heime-aleine-følelse. Men heilt aleine blir eg nå ikkje. Eg kjem til å dela hus med ein 4-5-6-7 ungdomar alt etter kva for nokre av Spretts slekt og vener som slår seg til her den komande veka. Triveleg det…
Heidi
vart rekna for å vera galne
av dei som ikkje høyrde musikken…
(Eit veldig fint sitat som eg har gløymt
kor eg plukka opp.)
Av og til er det vanskeleg å hugsa at du ikkje alltid høyrer den same musikken som dei du møter. Det er ikkje ein gong slik at dei du lever nærast til alltid høyrer den same musikken som deg. Då kan det vera vanskeleg å finna ut korleis det skal dansast…
Dessutan slår det meg kor vanskeleg det kan vera å snakka om veldig viktige ting på ein god måte. Det å finna dei rette orda, få sagt det akkurat slik du tenkjer det, få til å lytta til kva dei andre seier og klara å koda av kva dei meiner. Kommunikasjon er ikkje for pyser… Og for å gjera det heile vanskelegare eller kanskje lettare alt ettersom ein ser det, så utgjer orda bare ein brøkdel av totalformidlinga. Kroppsspråk, tonefall, stemmeleie, mimikk i ansiktet og varme eller manglande varme i blikket…
I går kveld var eg ute med ein gjeng venninner. Då me reiste heim klokka elleve var det framleis så varmt at folk sat ute med bare armar og nakne bein. Det er så fint.
Varmt var det på soveromet vårt og, og for første gongen sidan me flytta inn her for atten år sidan, sov me heile natta med vidopen dør frå soveromet til hagen, med fri tilgang for eigne og andres kattar og andre bevinga og tobeinte vesen.
Om det var det frie leiet som gjorde susen eller ikkje veit eg ikkje, men då Ingrid vekte meg for å få meg med på ein sunn og oppbyggeleg spasertur, var eg i draumen på veg til ball på slottet. Det som plaga meg var at det stod i invitasjonen at antrekket var ermelaus aftenkjole. Sjølv i draumen var eg smerteleg klar over at det ikkje var det mest kledelege til min figur, og lurte på om ein verkeleg var forplikta til den slags etikette. Mor hadde funne eit stort sjal til meg, som eg sjølv meinte ikkje var heilt godt i fargen. Nå løyste problemet seg via at eg vart vekt, så i staden vart det kaffi, rugsprø og eit grønt eple. Og for å sitera Askepott: -Kva er vel eit ball på slottet?
I dag hadde eg ei god og litt lat kjensle av at nå var feriemoduset på plass. Eg har dilla rundt i eit behageleg tempo, noko har eg fått ordna og noko ikkje. Eg fekk to bilbukser for pengane eg skulle kjøpa ei for, fordi det var tilbod på dei. Då eg stolt ankom onkel med fangsten, viste det seg at han heller ville hatt ei lys enn ei svart, så kanskje eg må ut på byttetokt. Uansett så gjekk eg der med ein bukett sitrongule roser som står fint i vasen.
Eg hadde ærend innom kyrkjekontoret for å finna ut konfirmasjonsdato for Halvard og sjekka om eg har rett konfirmasjonstidspunkt for Sunniva, før eg sender ut invitasjonar, men eg var for seint ute. Dei hadde stengt for dagen.
Så skulle eg kjøpa meir tråd til bunadsbroderia. For ei veke sidan sa eg kjekt at eg trudde eg hadde nok tråd, men nå ser eg at eg har alt for lite. Butikken viste seg å vera feriestengd til 11. august, og då bør eg helst vera ferdig. Eg får leita gjennom skapet mitt og sjå om eg finn skjulte skattar… Viss ikkje får eg finna på noko kreativt. Det ordnar seg vel… Reknar med at ein del av garnet er spesialfarga…
Derimot har eg kjøpt meg bikini. Overdelen kjem eg vel i alle fall til å bruka i litt skjerma samanhangar… Det kjem aldri til å bli mitt yndlingsantrekk, men på den andre sida, kor ofte er det eigentleg aktuelt å stilla i bikini. I USA kjøpte eg ei merkeleg badedrakt som er utforma som ein slags kort kjole. Artig eller heilt frykteleg, alt etter auga som ser, men ein bør sjå på både seg sjølv og andre med kjærlege auger, har eg ein teori om…
Sønene mine har skaffa seg noko utstyr til PC-en som gjer at dei kan laga opptak når dei spelar el-gitar og syng til, og dei har brukt timesvis i ettermiddag på å laga slike opptak. Dei har ledd og sunge, spelt og herja og med jamne mellomrom ropt meg inn for å høyra på opptak av
“I hurt myself today,” “Country-road, take me home,” og “There is a house in New Orleans they call the rising sun…” Eg merkar at dei faktisk har begynt å nærma seg einannan i alder og interesser. Åtte år er ganske stor aldersforskjell så lenge dei er barn, nå vil det langsomt jamna seg litt ut.
Sunniva har hatt det veldig fint på konfirmantleiren, men i dag fekk eg først melding om at ho og tre andre hadde blitt fråstolne lommebøkene sine. Etter nokre timar oppdaterte ho meg på at i-poden og var borte. Det er eit gigantisk stort arrangement, ein stor konfirmantleir tilknytta ein stor kristen musikkfestival. Eg skjønar at slikt kan skje, og prøvde å trøysta med at i beste fall blir tjueriet oppklart, og i verste fall så er det bare ting og pengar ho har mista. Ho blir teken vare på med både mat og reis, så det har ingen dramatiske konsekvensar for opphald eller heimtur.
Døgnet mitt er grundig snudd. Kanskje eg skal prøva å langsomt normalisera døgnrytmen?
Heidi
to små blå forglemmegei…
Tåpeleg song, det veit eg godt. det var bare det første eg kom på då eg sette fingrane på tastaturet.
Og blå er eg dag, kort blå kjole med prikkete blå volangbluse over frå Gudrun Sjödén. Svart sykkelshorts og dei raude danseskorne, frå Gudrun Sjödén dei og. Eg brukar dei eigentleg mest når eg spelar teater, for raude danseskor er eit leiemotiv når me er ute med HC Andersen, men to par andre skor har gitt meg gnagsår fordi dei er for nye til å vera bekvemme, og dei blå denimskorne frå USA med knappar og hjarter på har eg gått sånn omtrent heilt i filler.
I dag er det nitten år sidan dei henta Ingrid ut gjennom eit snitt på magen. Det var eit planlagd keisarsnitt, men før dei fekk opna hadde eg rukke både fostervannsavgang og ein omgang opningsrier. Tanken var at ho skulle fødast normalt om ho kom til termin, men då ho ikkje gjorde det ville dei ikkje la meg føda vaginalt på grunn av eit tidlegare keisarsnitt, og fordi eg bar på eit ekstra stort barn…
Ho var nærare fem kilo enn fire kilo, var rosenraud og rund og skreik med høg og klar stemme… Eg ville helst ikkje sleppa henne ut av syne den veka me var på barsel, fordi eldstemann fekk pustevanskar og vart flytta til kuvøse og nyføddavdeling midt på natta utan at eg fekk vita det… Det gjorde at eg var livredd for å la andre enn meg sjølv ha overoppsynet med dei tre neste barna. Det var nemleg eg som først observerte pustevanskane, men då ville dei ikkje høra på meg. Veldig irrasjonelt det veit eg.
Eg skulle ha første natta i fred og ro sidan eg var nyoperert, derfor fekk eg ikkje barnet inn. Dagen etter tok eg saka i eigne hender. Klokka åtte om morgonen klarte eg ikkje å venta lenger. Då klarte eg å kreka meg bort til barnestova for å be om å få barnet inn til meg. Eg vart møtt med forskrekka tilrop frå ei sjukepleiarske. “Dersom det var du som vart operert i går, så kom deg tilbake til senga. Det er ikkje normalt å vera så frisk dagen etter.” Men barnet fekk eg inn til meg, og alt var såre vel…
Og sidan har eg sanneleg måtta venna meg til å ha augene mine frå henne… I dag morges ringde broren til Oddvar og sa at han og kjærasten hadde fått ei lita Angelica klokka åtte i dag. Så han som var blitt onkel og ho som nesten var blitt tante måtte inn til sjukehuset for å helsa på den vesle nyfødde. Eg hadde håpa at dei kom heim med foto, men dei hadde gløymt å ta med kamera…
Me har ete marengs med frukt og krem ute på verandaen til ære for Ingrid. Det har vore rette plassen å opphalda seg i dag, for det har vore så varmt og fint. Eg klarte å fortelja meg sjølv at det var viktig å slappa av i sola…
Då både Ingrid og Sunniva vart fødde var det heitebølge i område. Dei vart begge fødde inn i sol og knallvarme. På barsel hadde dei opne vindu og besøkjande kom lettkledde inn og fortalde om varmen der ute. Me måtte gje Ingrid ekstra sukkervatn på flaske fordi dei var redde for væskebalansen til ein nyfødd med så høg fødselsvekt før morsmjølka var på plass.
At dette alt er nitten år sidan kan eg ikkje heilt fatta, eg hugsar desse dagane så detaljert. Eg hugsar kva eg las i blada eg fekk, og hugsar kva dei sa på radioen. Å føda barn må vera noko av det merkelegaste ein gjer her i livet.
Heidi
Sommardagen har vore sommar slik han bare er i aller beste fall i dette hjørnet av verda. I kveld kunne nokon stolt fortella at det vakraste sommarveret i landet akkurat nå har funne oss. Og me veit å nyta, for me er ikkje så bortskjemde med den slags.
Eg fekk lokka med meg Ingrid på eit hagesenter i nabolaget. Me plukka med oss gule, blå, lilla, raude og oransje blomar, og fine krukker og potter til å setja blomane i. Hengekøyer hadde dei og, men me treng ei med stativ til, for me har ingen tre å henga ho i. For to år siden høyrde eg og Odd Christian på radio medan me var ute og kjørte bil, eit program om ei forening som heitte hengekøyas venner. Etterpå har me begge følt ei viss dragning mot den kubben.
Då eg sat oppe og skreiv salmer i natt, kom eg over ei vaffeloppskrift på internett. Desse vaflene var frå ei norsk sjømannskyrkje ein eller annan plass i verda, og den måtte eg prøva ut. Så var det planting av blomar, søling av mold og rydding etterpå. Alle tidsplanane mine ryk tvert over på midten. Plutseleg var klokka så mange at eg måtte sykla så fort eg kunne for å kjøpa den planlagde buketten til Astrid med brudeslør og rosa peonar.
Astrid hadde invitert mange trivelege damer til jordbær og sjampanje, kaffi og heimelaga iskake. Me sat ute til seint på kveld, og overraskinga var at ho hadde fått mannen sin til å lesa dikt for oss ut på kvelden. Elise sprang heim etter mange songar på ark, og ein tamburin med mange bjeller, og Jon henta fram gitaren til oss. Så vart det sunge songar frå 70- og 80- talet: “Så fortell ikke meg at du er eeensom, og at solskinn aldri når fram til deg…”
Då eg var innom onkel i går, lova eg han ein biltur ein fin sommarkveld. Den kvelden vart i kveld. Me kjørte gjennom det grøne landskapet i mjukt, gult sollys, og såg sola henga lågt over havet som ei stor blodappelsin. Det var så vakkert at det vart reint vemodig, fordi sommaren er så forgjengeleg… Og dagane renn som sand mellom fingrane. Eg ville gjerne mala dei, skriva dei og halda dei fast. Og eg rekk sånn omtrent halvparten av det eg hadde tenkt. Det seier ein del om meg. Kvilepulsen var det som skulle gjelda desse vekene.
Heidi
en vacker sommardag. Bärer jag mitt hjärta som en blomma…
Sånn trudde eg det var, men då eg prøvde å googla for å finna ut korleis teksten gjekk vidare, fekk eg ingen treff. Kanskje det heiter ängorna, tenkte eg, men det gav heller ingen treff… Så korleis songen utviklar seg fekk eg aldri vita. Eg hugsa bare dei to første linjene. Eg trur sjølv at eg er blitt flink i svensk av denne daglege digitale grensevandringa, men eg oppdagar av og til at ordforrådet mitt, og gramatikkunnskapane er begrensa. Dersom eg verkeleg skal få taket på det svenske språket, må eg nok skaffa meg svensk ordliste og ein grammatikk. Kanskje me skal reisa ein liten runde i Sverige i sommar, då må eg kanskje skaffa meg slike bøker?
Elles brukar eg ofte å kjøpa romanar og lyrikk når eg er i Sverige og Danmark, for dessverre er det vanskeleg å få kjøpt nordiske bøker på originalspråket her i landet. Det kjennest meiningslaust å gå via ein oversetjar når eg les svenske og danske forfattarar. Engelske bøker er det merkeleg nok mykje lettare å få tak i. Eg synest det er ei undervurdering av lesarane å tru at me ikkje skal kunna lesa ein roman på svensk eller dansk.
Men nå sporar eg kraftig av… Poenget med den overskrifta eg ikkje fann heilt ut av, er at dette utan tvil har vore ein vakker sommardag, den første i juli.
Ein kollega av meg hadde invitert til føremiddagsselskap i hagen sin og der sat me ute i sola og åt lunsj og drakk kaffi. Eg hadde plukka med meg, ein etter eige vit veldig fin bukett frå hagen og krukkene mine, med oransje keisarkroner, sjokkrosa roser, prestekragar, blå kantblomar og nokre knallgule stauder eg ikkje kan namnet på. I tillegg hadde eg sett inn nokre lys lilla, litt prestekrageliknande blomar med runde kronblad, som eg heller ikkje veit kva heiter. Eg er veldig glad i blomar, men fingrane mine er langt frå grøne, så eg er kjempestolt av i det heile tatt å ha noko å plukka med meg…
Optikaren min veit eg at eg har skrive om før, men i dag fortener han endå meir hederleg omtale. Han er så venleg, omtenksom og service- innstilt at eg blir reint rørt. Ein synstest viste at synet var som før på det venstre auget, medan synet på det høgre hadde forandra seg frå -1,5 til -2,5. Så nå trong eg like sterke glas på begge auga. I tillegg treng eg prismeglas på grunn av dårleg samsyn.
Eg var innstilt på at eg måtte ha heilt nye briller, men han meinte at dersom eg heller ville det, var det ikkje noko problem for han å bare skifta ut det eine glaset, og solbriller med styrke skulle han klara å få til for godt under tusenlappen. Det var eigentleg derfor eg kom. Eg har funne ut at solbriller, det ville det vera fint å ha i Spania.
Eg har aldri i mitt vaksne liv hatt solbriller fordi eg er dårleg hjulpen av farga glas utan styrke, og trudde det ville ha kosta ei formue å få det til med alle mine spesielle behova eg har reint synsmessig.
Då eg brakk ei brillestong for eit par år sidan, fekk same optikaren spesialbestillt ei ny frå fabrikken slik at eg slapp å kjøpa nye innfatningar.
Det ville ha vore den minste kunst for ein optikar å fortelja meg at mine behov var langt dyrare enn dette…
Eg spurte om eg eigentleg hadde behov for eit par lesebriller fordi det vart litt vanskelegare å lesa med den nye styrken. Då svara han heilt ærleg at det ville han ikkje anbefala. “Du er ikkje typen til det, for å ha verkeleg nytte av det måtte du veksla mellom to brillepar heile tida…” -Menneskekjennar ser han og ut til å vera…
Og så er det ein fryd å sjå korleis denne mannen med kjærleik i blikket tilbyr seg å pussa, polera, retta opp og fiksa på alle par briller som tilfeldigvis kjem innom butikken hans. Hipp hurra for alle som er dyktige fagfolk på sitt område, og som verkeleg strekkjer seg for å hjelpa folk.
Glad og fornøgd kunne eg sykla frå optikaren på ein sykkel som kjærasten min, heilt utan hjelp frå Oddvar, hadde klart å trylla om til eit heilt akseptabelt kjøretøy sidan sist. Ved hjelp av smøreolje og litt justering av kjettingbeskyttaren gjekk han som ein draum, og laga ingen irriterande eller pinlige lydar…
Eg kjøpte med meg ei korg jordbær og sykla bort til onkelen min, som hadde fått ein ny rullestol til utebruk frå hjelpemiddelsentralen. Nå kan han, trass i snart heilt ubrukelege kne, igjen kan klippa hekkar og luka bed. Slike ting aukar livskvaliteten hans med tusen hakk… Eg henta ein stol til meg sjølv, og så sat me i hagen hans og åt jordbær og hadde det bra. Då eg sykla der i frå hadde eg sykkelkorga full av kvit sjasmin. Ingenting luktar så godt som sjasmin i juli.
På veg heim fekk eg plukka med meg den kvite paraplyen med svarte prikkar. Eg gløymde han på konserten på prestegarden, og prosten hadde teke hand om han. Slike som meg burde strengt tatt ikkje ha paraply. Det medfører mykje ekstraarbeid for mange instansar…
Heidi
hånd i hånd med de utrolege… – Me ska få te det umuliga
om me våge tro det utrolega…
– Sitert etter minnet frå Sigvart Dagsland sin tekst…
I dag har eg gått tur med Jan Ivar. Me trilla kvar vår barnevogn gjennom skogen ute langs vatnet. Me møtte fleire personar eg kjenner, men ikkje kjenner betre enn at dei spurde om eg framleis kunne ha så små barn at dei sat i vogn. Slike spørsmål likar me. Vesle Hedvig sat i vogna og dikta songar om det ho såg langs vegen. Språkutvikling er fascinerande greier.
Juni er i ferd med å gå over til å bli juli, dagane går solvegen mot vest. Kjærasten min sit i stova og spelar piano: “Så tar jag dig til brud i vår for långa ljusa kärleksår,” “Pappa kom hem”, og nå er han over i noko eg kjenner vagt att, men ikkje klarer å finna ut kva er for noko.
I kveld har eg gått meir tur. Kjærasten min og eg tok bilen litt oppover og innover i landskapet for spasera og forografera i det fine kveldslyset. Me har vore i det området Arne Garborg beskreiv på fylgjande måte:
Til deg du heid og bleike myr
med bukkeblad,
der hegre stig og heilo flyg…”
Nå går pianisten i stova over til Prøysen, Amdahl:
“Så seile vi på Mjøsa i en sprukken holk…”
Så slepp eg å bruka halve medvitet på å finna ut kva han speler… I staden tek eg meg i å nynne med og bli usikker på teksten… “Alltid ferske kaker i frå Størens bakeri?”
Myrullen stod og bukka så fint i brisen, kvitare enn vengene til engelen Gabriel for å sitera ein annan norsk lyrikar. Klokkelyngen blømde alt, og kreklingen hang som små svarte perler over steinane.
Dei norske sommarkveldane er god nok grunn til å bli i Norge om sommaren. På veg heim var me bortom kyrkjegarden som ligg ytst i havgapet. Det er ein av dei finaste plassane eg veit om. Havet var stille og blankt i dag, og sola stod lågt. Det må vera ein fin plass å leggja folk til si siste kvile med det opne storhavet og solnedgangen bare nokre meter unna.
Sunniva og Irene reiste tidleg i dag morges på konfirmasjonsleir. Dei var forventningsfulle og glade, og heilt nedlessa av bagasje som dei fann veldig nødvendig å ha med seg. Eg håpar dei får ein fin tur.
Nå ser eg at me er fem minutt inn i juli månad. Her i huset feirer me akkurat nå overgangen med at pianisten min spelar den songen dei alltid syng på amerikanske filmar ved årsskiftet: “Should old aquintance be forgot.”
Calle Fjogstad, ein lokal musikar har laga ei veldig fin omsetjing av denne songen. Eg trur eg avsluttar blogginga for i dag, og ringer inn juli og høgsommaren med hans ord. Og drikk den gode drykk med deg som les dette…
Skal gamal venskap kverva bort,
og ikkje setja far?
Skal gamal venskap kverva bort
med alt som ein gong var?
For alt som ein gong var, min ven,
for alt som ein gong var,
eg drikk en gode drykk med deg,
for alt som ein gong var.
Kom ta mi hand, min trugne ven,
eg gjev deg mi til svar,
eg deler staup og drykk med deg,
for alt som ein gong var.
For alt som ein gong var min ven,
for alt som ein gong var,
eg drikk den gode drykk med deg,
for alt som ein gong var.
Og så kan eg som eit siste PS erklæra meg samd med Ulf Lundell, framleis i Calle si språkdrakt:
Eg trivst best i opne landskap,
nære havet vil eg bu,
det å eiga fred og ro i sinn,
er det beste vil eg tru…
Heidi
gjemmes livets edelsten. Denne gamle salmen frå barndomen om “Kjærlighet fra Gud” som “springer like ut som en kilde klar og ren,” begynte å tona inne i meg medan eg sat ved kjøkkenbordet og broderte muslingar med jærperler i og høyrde på regnet som sildra ned utanfor glaset.
Eg tenkte på den gamle historia om han som finn ei kostbarperle i ein åker, og så sel han alt han har for å kunna kjøpa åkeren og eiga perla.
Akkurat ei slik perle er trua mi. Ho ber meg gjennom mykje vondt og gjer at eg kan våga å tru at kjærleiken er sterkare enn døden. Ikkje rart at nokon er villige til å gje vekk alt dei har i byte for ei slik perle.
Eg forstår pietistane som var villige til å avstå frå det meste for å halda fast på perla. Dersom eg trudde at det var prisen la vera å gå på kino, dansa eller bruka leppestift og øyrepynt ville eg utan å tenkja meg om gitt avkall på alt saman. Kanskje til og med på å lesa bøker, men det ville ha site lenger inne. I sommar møtte me ein menonittfamilie som avstod frå datamaskinar og TV og gjekk kledde som familien i huset på prærien. Alt dette fordi samfunnet dei høyrte til meinte det var prisen for å bevara perla.
Eg sat og broderte perler med ei bøn om at Sunniva måtte få ei slik sterk og lysande perle som kan bera henne gjennom alt ho skal møta.
Ynskja og tenkja kan ein, men samstundes må ein som foreldre vera klare til å gje slepp. Til å respektera barna sine val om korleis det er best å leva eit liv, kva dei vil tenkja og kva dei vil tru, utan at dei føler at det ikkje var slik me hadde tenkt det. So help me God.
Heilt klarer ein vel ikkje å teia. Då eldsteguten var sånn omtrent femten år sa eg fylgjande: “Eg veit du må velgja korleis ditt liv skal bli, men kan du ikkje lova meg at du ikkje blir satanist eller nynasist.” Me hadde akkurat høyrt på eit program om nynasisme, og eg måtte bare spontant få sagt det. Femtenåringen min himla med augene og sa:
“Kva trur du om meg mor?”
Dagen slutta så fint. Eg har vore i prestegarden på sommarkonsert med Berit Mæland og Beth Elin Byberg. Berit er utdanna frå operaskulen i København. Eg sat to meter frå henne og kunne ikkje la vera å undra meg over kor høgt volum på songen eit så lite menneske kan prestera. Eg tviler ikkje på at det ligg utruleg mykje hardt arbeid bak å kunna formidla song på den måten. Songane vart levande og folk nynna med frå stolar og sofaar i dei to stovene når dei fekk lov til det: Vilja, å vilja…
I pausen var det kaffi og nybakt gjærbakst ute i prestegårdshagen. Det kjendest som å lyfta ein bortimot vanleg sundag opp eit nivå. Etterpå fekk eg lokka Astrid med meg heim for å drikka te og løysa verdsproblem.
Eg har brodert så mykje at nakken kjendest vond og stiv og forstrekt. Eg beordra meg sjølv minst ein halv dag fri og det kjennest allereie mykje betre, heldigvis. Eg har ikkje tid til den slags bortkasting av dyrebar arbeidstid…
Heidi
seier Ole Brumm i Thorbjørn Egner si omsetjing. Men eg les ein eller annan stad at det gjer han grådigare enn den opprinnelige Winnie the Pooh som i engelsk grunntekst seier noko om at begge deler hadde vore deilig når han fekk valet mellom te og honning eller kva det nå var…
Kanskje det skuldast at både eg og Thorbjørn Egner er norske at denne tenkemåten fell seg så naturleg for meg og… Er ein verkeleg nøydd til å velgja. Kan ein ikkje bare ta med seg alt som er godt… Og så går det som me veit med vår venn Ole Brumm, han blir sitjande fast i holet med kjøkenhandkle på begge føtene…
Lørdagar er ikkje det verste ein har. Spesielt ikkje når ein slepp å ha fri for ei heil veke om gongen på denne dagen… Kjærasten min ville gjerne inn til byen. Enten det nå var fordi eg hadde snakka så varmt om bydagen min tidlegare i veka eller fordi det var VM i Sandwollyball og diverse kulturelle ting som lokka.
Me stabla oss i bilen i lag med Halvard, Sunniva og Irene, Sunniva si venninne, som kjem til å vera mykje i lag med oss i sommar. Kjærasten min for å fotografera og sjå på folkeliv, jentene i håp om å få shoppa litt og eg og Halvard hadde vel lyst til både det eine og det andre…
Bare mens me var i byen såg me tre vigsler i domkyrkja. Det eine paret etter det andre vart ringde inn og folk kikka interesserte på når brudefylgja kom ut.
På plassen utanfor gjekk to amerikanske gutar i Hawaii-shortsar og T- skjorter. Det gjekk opp for meg at dei øvde på noko. Den eine gjekk med eit ark i handa og den andre såg ut til å høyra han i lekser. “May I ask you one question,” spurde han med arket “How old are you…”
Eg hadde straks bestemt meg for at dei to var mormoner-misjonærar, nyleg ankomne til Norge, og at dei trong ein dag i shorts for å øva før det var på med den mørke dressen i morgon eller noko slikt…
Eg tenkte på den fine billedboka eg såg i mormonarland i fjor sommar. Den om guten som spurde mor si gjennom heile oppveksten. “But do I have to wear those geeky clothes?” og mora svarte tålmodig gong på gong, “When you are old enough, it will feel totally different”. Boka sluttar med at den unge dresskledde mannen kjem heim etter end misjonstenste, gjer si tålmodige mor ein klem og seier “This was the best time in my life, I am so glad I did it”. Eg synest mormonarar er ein interessant folkegruppe. Kanskje det skuldast min gamle venn Ronny Stulen som eg gjekk på lærarskulen med tidleg på åttitalet?
“Eg er midt i sentrum,” sa ein ung mann då han svara på mobiltelefonen. “Akkurat nå går eg rundt med tjue par tøfler og ei vinflaske i den eine handa.” Og det gjorde han… I venstre handa bar han ei flaske kvitvin og ein berepose stappfull av hotelltøfler. Dersom eg dreiv eit skrivekurs akkurat nå kunne eg gje elevane mine i oppdrag å laga ei biletbok kring denne karakteren som viser oss kva han skal med tjue par tøfler… Eller kanskje eg rett og slett kunne gjera det sjølv. Dei som les dette skal til og med få lov til å stela idéen.
Nede på torget vart det dansa columbiansk salsa, og i parken bak domkyrkja var det ei fantastisk fotoutstilling laga av ein dyrefotograf…
Ungane gjekk for å kjøpa seg kebab medan eg og kjærasten havna på eit lite bord i solveggen på fortauet utanfor Food Store. Fortauet var så bratt akkurat der at
det ikkje gjekk an å ha flaska på bordet. Me delte ein porsjon tapas og ein porsjon salat, og det rakk å bli skugge der me sat før me var ferdige.
Vel heime kokte eg graut til små og store. Det er så mykje att at det får bli riskrem i morgon trur eg. Så har eg site ute og brodert heilt til det vart kaldt, og nå vil eg ned og lesa aviser og vera sosial.
Heidi
Kjærasten min insisterte på at det var torsdag, men det viste seg dessverre at det var eg som hadde rett. Det er fredag i dag…
Ikkje det at eg har noko i mot fredagar, snarare tvert i mot, men kor i all verda har den første ferieveka blitt av. Eg meinar å hugsa at før i livet var sommardagane uendeleg lange, nå bare forsvinn dei mellom fingrane våre…
Ja, ja, ikkje heilt då kanskje… Denne dagen bevega termometeret seg såpass oppover at det vart nokonlunde sommartemperatur på verandaen min slik at eg kunne sola meg medan eg broderte raunbær og stjerner på bunaden. Det går framover med arbeidet, eg har rett og slett problem med å riva meg laus når eg først er i gang.
Og i dag har eg vore innom skulen for å fullføra oppteljinga av bøker. Så nå er pulten min rydda og ei oppdatert adresseliste over elevane mine ligg i innerlomma på veska slik at eg kan senda postkort til dei frå Spania. Som alltid så tok det mykje lenger tid enn eg trudde. Det hyggelege namnet på slike som meg er tidsoptimistar. Men litt av det skuldast jo at eg fell for freistinga til å ta lunsjpause med rektor, sosiallærar og kontordame, sjølv om eg eigentleg kom rett frå frokosten. Den eine fiksa kaffi, den andre kom med sjokolade og den tredje med ei korg med mogne søte jordbær.
I dag medan eg sat der og broderte kom eg på at eg ikkje ville gå tur i dag, eg ville sykla. Eg kjende bare for meg kor herleg det skulle bli å sykla ned lange utforbakkar med vind i håret og sol i ansiktet.
Eg har ikkje brukt sykkelen på snart eit år. Først var han punktert, og så fuska gearet, og alle som kjenner oss veit at slike reperasjonar av ein eller annan grunn ikkje blir liggjande øverst på prioriteringslista. Då gearet var fiksa hoppa kjettingen av, og då endeleg alt skulle vera i orden lånte ein av ungane sykkelen min og mista nøkkelen…
Endeleg etter eit halvt år utan sykkelnøkkelen som aldri dukka opp, har eg fått fiksa det… Og så skulle alt vera i orden…
Eg trur at eg har ny sykkel, han er bare sju år gammal, men han har stått fuktig og er ganske rusta. Då eg sette meg oppå og begynte å sykla, høyrdest ein lyd som best kan samanliknast med den lyden me fekk då me som barn festa spiler av mjølekartongar med klesklyper til sykkelen slik at det skulle høyrast ut som om me hadde motor på sykkelen…
I beste fall kunne litt olje i kjettingen ha hjulpe, men kven har oljekanner ståande, ikkje eg i alle fall. Eg satsa på at det kanskje ville gå seg til litt etterkvart… To oppstæsja damer på veg til byen snudde seg forundra for å sjå kor lyden kom i frå… Då eg vart passert av ein gjeng mannfolk med signalgule vestar og sykkelbukser måtte eg ta meg i saman for ikkje å le høgt. I eit sjølvironisk glimt såg eg kva tankar som måtte fara gjennom hovuda deira… Det var bare å innsjå. Min fine nye sykkel av Classic dessign var forandra til ein gammal skranglekjerre… Det var i alle fall det me kalte slike syklar då eg var barn…
Men skulle eg på tur så skulle eg på tur. Det fine med staden eg bur er at etter tre minutt på sykkel så er me i sentrum av småbyen min, og etter fem minutt på sykkel i motsett retning så er me langt ute på landet. Sykling er fine greier om ein ser bort frå kvaliteten på det inneverande kjøreturane.
I lange nedoverbakkar kunne eg rett og slett la vera å trø og dermed sleppa den sjenerande lyden… Då fekk eg til og med sol i ansiktet og vind i håret og kunne nyta synet av lam, beitande kyr, markblomar i brisen og grøne enger.
Viss eg bare kan få pussa av litt rust, retta opp den skeive korga på styret og olja kjettingen, så kan det tenkjast at sykkelen min er heilt brukbar… Oddvar?…
I tillegg vil eg ha hjelp til å justera opp styret dersom det ikkje har rusta heilt fast…
Nå har eg nemleg vore i internasjonale storbyar som København og Amsterdam og sett at der syklar folk rundt på gammeldagse damesyklar med store hjul med ballongdekk og korg på styret. Det beste av alt er at dei syklar med rett rygg. Dermed har eg avslørt det norske kjekkaseriet at ein skal liggja flatt framover med flat rygg over bukkestyret sjølv om ein bare skal til næraste kjøpmann og kjøpa eit kneippbrød som noko misforstått og provinsielt… Som nokon skjønar har eg aldri heilt fått til det der med å liggja flatt og aerodynamisk… Nå forstår eg at eg har hatt rett heile tida og skal stolt koma ut av skapet som oppreist syklist…
Elles så syslar hovudet mitt med salma eg skal skriva i løpet av sommaren og barneklubbopplegget eg skal gjennomføra i Spania om litt over to veker. Og så vår eg får pusta litt skjønar eg kor halvoppdatert eg går rundt og er sånn til dagleg på grunn av tidsnaud. Så farleg er det vel kanskje ikkje, men i sommar skal det dagleg broderast til Dagsnytt atten slik at eg kan kasta meg inn i samfunnsdebatten utan den litt beklemmande kjensla at det er noko alle andre veit som eg ikkje har rukke å få med meg…
Det er eit komplisert bilete me skal prøva å få på plass i hovuda våre, og skal me gjera det ekstra komplisert så spelar det sjølvsagt inn at dei nyheitene me får inn i stova via fjernsyn, radio og aviser er det nokon som har vald ut og redigert for oss. På den måten byggjer me oss ei felles sanning som sjølvsagt bare er ein flik av eit mykje større bilete…
Jordbæra er på sitt aller beste nå, forresten.
Heidi
Livet er i ferd med å finna kvilepulsen. Eg vart vekt klokka halv elleve av Ingrid som lurte på om eg visste kva klokka var, og om eg hadde gløymt at me skulle få besøk klokka halv tolv…
Å sova til halv elleve er noko eg normalt aldri gjer, same kor seint eg kjem meg i seng. Eg tek det som eit tikn på at eg er i ferd med å henta meg inn. Raskt var eg på føtene for å førebu eit aldri så lite gjestebud. Eg fekk send kjærasten min på handel, for det var heller tomt i kjøleskapet. Så gjekk eg og Ingrid laus på matlaginga.
Ganske raskt ringde gjestene og sa at dei dessverre var forsinka, og eg forsikra dei om at det gjorde då ingenting, her huset hadde me dagen for oss…
Frå butikken fekk me velfylde posar, og eg skjøna at dette skulle bli flotte greier. Kvitløksmarinerte scampi, skinke, ost, paprika, salat, rundstykke, druer, nektariner og moreller.
Ingrid tilbaud seg å laga vafler og eggerøre. Eg ville gjerne gje gode råd, men ho betakka seg og påstod at ho var i stand til å laga vafler aleine då ho var fem år. Det er sikkert sant. Då eg likevel hadde mine meiningar om råvarene fekk ho yngstebror sin til å vera samd i at ho laga langt betre mat enn mor si… Eg mumla noko om at ho hadde sine nisjer medan eg var meir allsidig… Dessverre fekk eg lite støtte frå resten av familien…
Då gjestene kom hadde dei med seg fire store korger solmogne jordbær frå Fister. Så hadde me eit ekte herre- og frue- måltid for gamle venner som ser einannan alt for sjeldan, og eit utval av tenåringsbarna deira. Eg liker dekka bord med mange rundt og det å ha god tid.
Så har eg kome i gang med broderinga. Eg ser at det er meir enn nok å gjera. I dag har eg brodert bunad i minst fire timar, og såpass bør det nok vera dei dagane eg er heime dersom eg skal koma trygt i mål. To turar ute i naturen har eg og klart å få tid til. Nå regnar det att der ute.
Heidi