Gå til innhald

Røra ved dagane før dei forsvinn.

Dagane her i Spania går ubegripeleg fort. Eg prøver å halda dei fast. Det er godt å vera her. I morgon blir det den siste heile dagen her på Solgården før me reiser heim att på tysdag. I ettermiddag har eg bada i bassenget, solt meg og lese ei bok.

Nå er det tidleg kveld. Klokka er halv ni. Sunniva og Irene sit på bassengkanten med shorts og blusar og nakne brune bein, medan ein gjeng gutar plaskar rundt i vatnet og sprutar på dei. Frå Villajoyosa høyrest det dempa kanondrønn eller noko slikt. Dei feirar framleis sigeren over maurarane for åttehundre år sidan…

I dag var alle i leiargruppa inviterte til lunsj på ein liten familierestaurant oppe i fjella ein stad. Veggene var dekka med pyntehandkle frå forskjellige plassar i verda, og i taket hang det gardiner. Me sat rundt eit langbord og fekk mane rettar, kvitløksbrød, salat med tunfisk og oliven, heimelaga pølser og ein slags potetgrateng. Alt dette var ein slags forrettar.

Før kjøtet skulle serverast ålte eg meg mellom stolane i lokalet for å ta ein tur på toalettet. Eg kjende på den flisebelagde skapdøraktige toalettdøra og konstaterte at nokon var der inne. Så venta og venta og venta eg. Kanskje eg venta i femten minutt, kanskje i tjue. Eg tenkte at personen der inne måtte vera sjuk. Eg bestemte meg for å benytta herretoalettet, sjølv om det var tydeleg merka både med bokstavar og bilete av ein mann. Før eg gjekk dit kjende eg ein siste desperate gong på den rette dodøra. Ho gjekk opp … Eg hadde bare brukt feil opneteknikk…

Då eg kom inn att var kjøtfata så godt som tome. Bare fatet med kaninkjøt var det litt att på, og fire halve grilla paprikaer. Etterpå var det dessert. Torhild prøvde å spårja om me kunne få inn dessert og kaffi samtidig. Det bekrefta dei at me kunne, men dei hadde nok ikkje forstått problemstillinga heilt. Eg trur at her i landet er det einaste naturlege å drikka kaffi etter at alt etande er fortært. Derimot blir det servert bittesmå glas med noko portvinsliknande til desserten.

Det var ei fin gudsteneste i føremiddag med temaet: Vil også dere forlate meg. Eg skulle ha ei tekstdramatisering med ungane i Solklubben. Eg lurte på korleis det ville gå, for dei yngste er bare fire år, men det gjekk kjempefint. Eg må stoppa her for å springa heim og ta av badedrakta til fordel for noko litt meir anstendig før me prøver å nå kvart over nibussen til byen.

Heidi

Opptog, fiesta og tango.

Me er inne i den store fiestaen her i Villajoyosa. Kvart år på denne tida feirar dei at dei jaga ut maurarane for åttehundre år sidan. Då hadde den iberiske halvøya vore under maurarane i ein veldig lang tidsperiode.

Tradisjonen her er å feira mange dagar til endes. I gårkveld var det opptog til minne om maurerane. Det varte i tre og ein halv time, korps og trommeensembler spelte arabiskinspirert musikk i moll, og tusenvis av spanjolar, trur eg det må ha vore, hadde kledd seg ut som maurarar.

Eg har blitt fortalt at kvar familie har sine kostyme liggjande til bruk i dette opptoget, nokre av dei er veldig gamle, og til denne festen ifører familiane seg sine tradisjonelle kostyme og inntek sin tradisjonelle rolle i opptoget. Frå balkongane sine har folk hengd ut flagg og vimplar med bilete av St. Martha som hjalp dei kristne å overvinna maurerane. I kveld skal det vera eit tilsvarande
opptog der folk er utkledde som den kristne befolkninga på same tida. Fiestaen ender med eit stort sjøslag nede på stranda, og eit gigantisk fyrverkeri. Alt dette gjentek seg årleg.

Dei kom i store grupper i opptoget, kvar gruppe i mest identiske drakter, mange av dei gjekk arm i arm og gynga frå side til side av vegen medan dei gekk. Det var sjeikar og haremsdamer og ryttarar til hest og til kamel. Alle var utkledde i alle tenkjelege former for arabiske drakter. Langs ruta var det sett opp tribunar og stolar slik at dei ivrigaste kunne sitja, og det var nok ikkje dumt viss dei skulle ha med seg alt. Dei fleste kvinnene hadde med seg vifter som dei sat og vifta seg med, eg trur det er første gangen eg verkeleg har sett handvifter i praktisk bruk. Lufta var så varm at ho vibrerte, og stemninga var som henta ut av Tusen og en natt..

Sjølv var me litt til og frå opptoget. Ein halvtime her og et kvarter der og der haldt for oss. Innimellom var me på den same kinesiske restauranten som sist og sat ute og åt på ein balkong med utsikt til strandpromenaden.

Kommunen spanderer mat og drikke til kvar av dei ulike gruppene, og det blir laga til penia-ar inne i garasjar og tome lagarbygningar der det blir ete, drukke og festa halve og heile nettene. Barna får vera med, og eg såg til og med ganske små spebarn bli borne gjennom opptoget av mødre i arabiske drakter, Ein kunne sjå at ein del av deltakarane i opptoget hadde vore innom ein penia på vegen dit. Langs ruta stod det folk med gule refleksvestar som mellom anna hadde til oppgåve å gje maurarane vatn å drikka viss dei trong det.

Me er blitt førebudde på at det meste av normalt byliv stansar opp under fiestaen. Ein kan ikkje rekna med at folk held butikkane sine opne, at postmannen kjem, eller at dei som leiger ut bilar er på jobb. Og me er tipsa om at lydnivået kan vera såpass høgt at det kan vera lurt å utstyra barneøyrer med oyreproppar. I tillegg til musikken small det overalt av kinaputtar og lauskrutt…

Det er ein gammal bydel her, der murhusa ligg tett i tett og oppå einannan. Husa er malte i alle regnbogens fargar, og gatene er så smale at det er heilt utelukka å kjøra bil der, kanskje det akkurat er plass til å kjora der med hest og ei smal vogn… I desse tronge gatene er det skugge mesteparten av dagane fordi sola ikkje slepp til Der gjekk me i gårkveld. Folk sat ute framfor husa på stolar dei hadde teke med seg ut. Dei snakka og koste seg, og ganske små barn var ute og leika seint på kvelden.

I dette strøket spaserte me nære midnatt under snorer av klesvask og mellom folk som sat ute og såg på TV med fjernsynsapparatet plassert inne i stova. I nokre hus ser du rett inn der dei bur, men dei fleste har eit forheng av perlesnorer til å verna om privatlivet. Nokre av dei me passerte ynskja oss Buenos noches, og me helse tilbake så fint me kunne.

Ein del eldre damer går framleis kledde i helt svarte kjolar for å visa at dei er enker. Håret ber dei oppsett i dultar. Det ser varmt ut å vera enke i Spania…

Plutseleg høyrte me trekkspelmusikk. Kjærasten min greip tak i armen min og orienterte seg fram etter lyden. Me kom fram til eit torg nede mot stranda der ein mann atod og spelte. Eg trur han kan ha vore sigøynar. Han hadde med seg ein gut som tok i mot myntar frå tilhøyrarane. Kjærasten min, i reine Fritjof Andersen-kostymet med hatten sin litt på snei, baud meg opp til tango. Men då me begynte å få litt vel mykje merksemd våga eg ikkje meir… Er det noko eg ikkje eingong er sånn passe flink til så er det å dansa tango. Men det var då morosamt så lenge det varte. Folk smilte oppmuntrande til oss og nokon klappa…

Ved midnatt var det framleis tjuefem varmegrader ute. I fylgje ryktene blir det endå varmare i dag enn i går. Dagen
er endå ung. Det vil visa seg kva han har å tilby…

Heidi

På terrassen om kvelden,

den felles terrassen her på Solgården, senkar kvelden seg.
Mørket pakkar seg varmt og sydlandsk rundt oss, og myggen bit og kosar seg. Halvard har vore i Alicante med Sunniva og Irene og blitt kledd opp litt. Han susar rundt med lyseblå caps og merke T- skjorte og ser meir tenåringsaktig ut enn nokonsinne. Kjærasten min var ledsagar for dei i storbyen og meinar at det å gå på handlerunde med to jenter på femten er eit studium verd. Det er ikkje det å kjøpa i seg sjølv som er den store greia, er hans teori, men det å jakta på den ultimate skatten, det store handelsbyttet som ein kanskje kan koma til å snubla over heilt plutseleg.

Sjølv har eg leika Sydenturist i dag, eller for så vidt slår det meg at det vel kanskje er akkurat sydenturist eg er når eg tenkjer meg om. I dag hadde eg ingen plikter bortsett frå eit møte eg skulle vera på klokka halv seks, og det var deilig å ta det med ro. Etter frokost og ein stor oppvask drakk eg kaffi på terrassen til Torhild og sat i hagen i sola og skreiv kort til halvparten av dei elevane eg er kontaktlærar til. Resten får eg skriva til i morgon.

Så bar det ned til stranda i Villajoyosa, som visstnok er den finaste stranda i området. Der var det leie av solseng og parasoll, sist eg var der ønska eg ikkje å leia parasoll. Då skulle denne i prinsippet slåst ned, men sidan mekanismen var rusta fast, vart løysinga at han som krevde inn pengar hjalp meg og Torhild med å dra solsengene ut av parasollskuggen. Det medførte at me måtte så nære sjøen at me fekk sjøsprøyt over oss frå dei største bølgene…

I dag kunne ein kjøpa seg massasje medan ein låg på solsenga. Ei asiatisk dame gjekk rundt med eit kopiark av ein kropp inndelt i soner, og så kunne ein peika på kva del av kroppen ein ville ha massert. Eg stod over i dag. Sjøen her er varm og deilig, og eg hugsar plutseleg kor glad eg eigentleg er i å bada.

Nå blir myggen litt vel nærgåande, så eg får vurdera å gå inn, eventuelt for å bruka myggolje og gå ut igjen… Eller kanskje det blir tidleg kveld. I morgon tidleg er det solklubb, og eg må kikka litt på det eg har tenkt at me skal gjera.

Heidi

På oppdagingsferd.

I dag reiste ungdomane i veg på tur med buss og båt for å snorkla ved eit korallrev. Dei hadde kjøpt seg dykkarmasker, snorklar og symjeføter og var veldig klare etter å ha øvd seg på snorkelbruk i bassenget her. Då dei var vel i veg vart kjærasten min uroleg for dei. Han lurte på om me hadde sagt tydeleg nok i frå til Halvard. at han måtte vera forsiktig. Han prøvde til og med å ringa mobilen, men ingen svarte, og me slo oss til ro med at det gjekk vel bra, Dei hadde jo med seg mange vaksne.

Og der gjekk batteriet på pc-en. Derfor skriv eg vidare nå.

Sidan eg og kjærasten hadde dagen ledig til akkurat det me hadde lyst til, gjekk me først ned til Villajoiosa. Me passerte alle hundane som passar på husa, og alle kattane, som ser ut til å vera ein slankare rase enn dei me har heime. Heime liker kattane våre å leggja seg i strimer med sol, her søkjer dei stadar med skugge.

Då me kom til sentrum, sette me oss på toget, og tok den smalspora jernbanen til endestasjonen i nord, Denia. Det viste seg å vera ein lenger tur enn me trudde, det tok ca to timar kvar veg. Toget bukta seg langs høge fjellsider og det humpa og det rista. Me gjekk omtrent gjennom hagane til folk, og på nokre av dei smale små stasjonane hadde folk sett ut kjøkkenstolar og kontorstolar som ventande kunne sitja på. Dei sat då så nære at dei kunne ta på toget når det kom. Me passerte borgar og kyrkjer med blå kuplar og med gullkuplar, byar på fjelltoppar og gamle akvedukter.

I Denia tok me oss eit par timars pause før me tok toget tilbake. Halvparten av tida brukte me på ein liten fortausrestaurant der me fekk nydeleg mat, for min del asparges rulla inn i spekeskinke og grilla pepperfrukter.
På veg tilbake sat me delvis og høyrde musikk med kvar vår øyrepropp, slik at det spanske fjellandskapet vart kommentert av Vamp.

Då me kom heim fant me ut at me faktisk hadde hatt grunn til å vera engstelege for Halvard. Han hadde sklidd på ein veldig glatt stein før snorklinga begynte, og hadde slått halebeinet kraftig. Han hadde klart å vera med på det som foregjekk ute i sjøen, men då han kom opp att hadde han skikkeleg kraftige smerter. Heldigvis har me med oss ein sjukepleiar på turen. Ho såg på han og delte ut tablettar, og forespegla han og oss på at det nok kunne koma til å gjera skikkeleg vondt dei komande dagane og.

I dag, onsdag kjennest det heldigvis litt betre. Ha har til og med klart å vera med på ein kjempefin busstur med safari i ein villmarkspark. Ved hjelp av litt smertestillande og ein badering nokre snille menneske gav oss, har han hatt stor glede av turen. Turen var slik at me fekk fylgja foringsbilen i buss og vera med ut og mata dyra som for det meste fekk gå fritt på området. Dei tre ungdomane våre har alle prøvd å ha ein lang og tjukk kvelarslange rundt halsen, dei har mata flodhestar og klappa elefantar.

Turen gjekk opp i ca tusen meters høgde, eller kanskje litt høgare, og temperaturen der var skandinavisk behageleg. Bare ein times kjøretur frå turiststrendene kjem ein opp i eit spennande fjellandskap. Det er imponerande å sjå alle steinterrassane overalt som stammar frå maurartida. Arbeidet med jærske steingardar blir liksom litt mindre imponerande sett i lys av den usannsynlege arbeidsinnsatsen som må ligga bak kulturlandskapet her i Spania.

I kveld skal eg presentera Kristuskransen på eit kveldsmøte. Det er kanskje på tide at eg set meg ned for å førebu meg. Kristuskransen er gjennomgangstemaet på barnesamlingane, så eg har det for så vidt under huda, men det blir alltid annleis med vaksne. I tillegg prøver eg å læra ungane litt spansk. Det skal eg ikkje forsøka meg på i kveld.

Buenos tardes.

Heidi

Dette rare, sårbare livet.

Ein god venn av meg har med far sin hit. For relativt kort tid sidan fekk han konstatert ein demens- sjukdom, og for eit år sidan kjørte han framleis bil. Sjukomen har utvikla seg raskt, så nå må han slita med ganske stor grad av forvirring. Han gløymer kor han er, og korfor han er her. Han gløymer kor han har romet sitt, kva sonen heiter og kven barnebarna er.

Han har hatt eit langt liv i Frelserarmeen, og om det meste av andre ting glepp og glir og blir forvirrande, så sit Fadervår og diverse salmer og songer med mange vers som spikra. Under eit felles Fadervår trur eg han har den gode kjensla av å meistra livet. Heile familien hans er kjempeflinke til å fylgja han opp, og dei er saman med han på skift. Det er vakkert og trist på same tid å observera frå sidelinja.

Eg snakka med han ei stund han var ganske klar om situasjonen. Då sa han at han måtte prøva å godta ting som dei var, og stola på at Han der oppe hadde oversikten. Han fortalde at heile sitt liv hadde han opplevd at han kunne føla seg leda til å gjera det eine eller det andre, og at han plutseleg seinare skulle visa seg å vera ein grunn til at ting vart som dei vart. Og han måtte prøva å tenkja slik nå og når hukommelsen svikta han.

Eg har ofte tenkt at det er ein kunst å bli skrøpeleg. Det å kunna våga å overgi seg til ein situasjon der me treng hjelp til det eine og det andre, og kanskje bli nøydt til å gje slepp på den mentale kontrollen. Nå kan ein nok aldri forestilla seg korleis ein slik situasjon vil vera før ein er der, heldigvis, kan ein sikkert seia…

Nå har me ete frokost her, og me sit ute på den felles terrassen og drikk kaffi. Rundt meg sviv det mange interessante samtalar, som eg ikkje kan la vera å få med meg fragment av, her eg sit usynleg og skriv på eit bord for meg sjølv. Ungdomane våre har sitt eige opplegg, og klarer seg meir eller mindre sjølv i systemet her. Ungdomsleiarane er kjempefine, dei er ca tjue år gamle alle tre, og inkluderande og entusiastiske på ein måte som imponerer meg. I morgon skal dei ha med seg heile gjengen ut og snorkla, og det gler mine seg veldig til.

I går hadde eg eit merkeleg oppdrag på gudstenesta. Presten fekk vita at eg tok forteljaroppdrag, og han spurde om eg kunne tenkja meg å leggja den eine leseteksten fram som forteljing. Eg har gjort liknande ting før, men det spesielle denne gongen var at teksten var avskilstalen som Paulus haldt for eldstebrørne i kyrkjelyden i Efesos. For å kunna gjera det skikkeleg, måtte eg først lesa heile apostelgjerningane slik at eg hadde trådane, og så måtte eg læra den delen av talen som skulle brukast utanåt. Det var litt surrealistisk å skulla halda ein tale Paulus skreiv for snart to tusen år sidan, på mi eiga dialekt, frå ein preikestol i ei kyrkje i Spania. – Men det gjekk greitt…

Etterpå var det deilig å kunna bruka store deler av dagen til å liggja i sola, symja i bassenget og lesa om Leonardo da Vinci og kunsten hans.

Om kvelden var me ein stor gjeng som reiste ned til Villa Joiosa, har eg lært å stava namnet på byen rett, mon tru, for å eta middag på ein kinaestaurant, der me sat på ein veranda med usikt over havet. Etterpå tok Torhild oss med til ein sjokoladekafe der me sat ute på fortauet rundt småbord og dyppa oppskorne bitar av ulike frukter i varm sjokoladefondue… Det er godt ein då kan eta tynn havregraut og hardkokte egg til frokost dagen etter… Ein del av dei innfødte hadde ein variant der dei dyppa gigantiske smultringar i vam sjokolade, det må då vera endå verre…

Eit par fedrar underviser ungane sine i symjekunsten borte i bassenget. Dei fleste andre har trukke kvar til sitt, for å ta bussen ned til stranda eller for å dra på turar rundt i området. Ein dag begynnar…

Heidi

At det verkeleg kunne skje igjen…

at eg mista ein tekst utan å skjøna korfor… Lagre, lagre, jevnt ,og trutt og tappert det er tingen, for å feilsitera ein tekst eg lærte av Liv Godin i si tid. Eg får velja å tru på fortsetjinga: Alltid bedre om og om og om igjen…

Eg sit ute i mørke natta og skriv, akkompagnert av sirissar og skvulping frå symjebassenget. Ei klokke slo nettopp midnatt. Kven i all verda har med seg ei klokke som slår på ein tur som dette, då? Kan det ha vore ei kyrkjeklokke eg tok inn?

Dagane har vore fulle av opplevingar. På fredag tok me den smalspora jernbanen til Benidorm og såg på strendene og høghusa. Kjærasten min vil gjerne eta på plassar som ikkje er alt for turistifiserte, så me fann oss ein liten fortausrestaurant, utan engelskspråkleg meny der alle dei andre gjestene såg veldig spanske ut. Der bestilte me noko som viste seg å vera eit stort blikkfat med ulike typar frityrsteikte fiskar og blekksprutar. På sida av vart det servert brød og aioli og lime til å pressa over, og kvar vår gaffel til å eta med… Det var mellom anna store mengdar frityrsteikte sardiner og babyblekksprutar på størrelse med store edderkoppar med alle armane inntakt. Viss nokon les mellom linjene at det ikkje smakte godt, så er ikkje det rett ressonert. Det var eigentleg riktig så godt, bare litt mykje av det gode…

Ungane i solklubben begynner eg å bli kjend med. Dei er nydelege ungar. Nå har eg ettervart ganske god oversikt, over både dei og oppgåva mi her, og slappar godt av. I går var det full fart. Først solklubb oppe på takterrassen, så utflukt til Algarfossen, som var som ein oase i dette tørre landet. Der kunne ein bada i fossen og i kulpar i elva, som vel minna meir om ein bekk etter norske forhold. Faktisk kunne kulpane minna ein heil del om Hålå i bekken heime der eg og Torhild lærde å symja for ganske lenge sidan. Vatnet var klart og kaldt, og området rundt klassifisert som botanisk hage, Ei blåsargruppe stod oppstilt og spelte ompa-ompa-musikk medan folk bada i fossen. Etterpå fekk me lunsj saman med ein særdeles høglytt gjeng som tok den komande fiestaen litt på forskot. Gjengen frå Solgården blei med på leiken,og prøvde å overdøva dei med norsk allsang av type Tore Tang og Gøy på landet. Det ende med skåling og full forbrødring.

Vel heime att var det fest i solklubben, me bestilte pizza og dekka langbord med blomar frå oleanderbuskane her på området. Klokka sju kom dei små festdeltakarane, glade og opprømte i sin finaste stas, som var alt frå nyinnkjøpte små flamencokjolar til nye fotballdrakter med heltane sine namn på ryggen. Festen skulle vara til klokka elleve om kvelden, slik at dei vaksne kunne få seg ein bytur. For dei som er fire år, er det ganske lenge å vera på fest til elleve etter ein lang dag i sola. Klokka ti skjøna me at det var pedaogisk rett å roa dei ned med litt Donaldfilm i staden for nye rundar med stol-leiken… Men ved hjelp av handdokker, songar, forteljingar, aktivitetsløype og kristuskransar fekk me losa dei trygt gjennom kvelden, og kunne konkludera med at det var ein vellukka fest…

Og me vaksne sov sikkert minst like godt som ungane etter fullend opprydding. Eg skulle øva inn ein bibeltekst etterpå som eg skulle framføra på gudstenesta i dag, men sovna midt i apostelgjeringane. Heldigvis rakk eg å gjera jobben i dagmorges. Nå varslar maskinen om veldig lavt batterinivå, så eg sluttar her.
Heidi

Gå ut i sola

og ta i mot ein ny dag. Eller til og med: Gå ut i sola og finna seg ein behageleg plass i skuggen… For nå har me vore ha er mange nok dagar til å bli akklimatiserte.

Her på terrassen utanfor matsalen er det symjebasseng, småbord og stolar , parasollar og solsenger. Ungdomane gjer seg klare til enten tur med tog til eit kjøpesenter eller til strandtur. Barna har barnekorøving. Eg skal akkurat nå på møte om barneklubben. Eg kjem tilbake snart.

Og nå er eg tilbake her. Me har sett Donaldfilm, og laga opplegg for ein barnefest i morgon kveld. Mange av dei som er her har dradd på stranda, ein del leikar i bassenget eller slikker sol frå solsengene. Bare to personar sit i skuggen under ein parasol og nerdar med kvar sin datamaskin….
Guess who?…

Kjærasten min har med seg litt jobb, han har fått ein ekstrajobb som nettlærar i nks og jobbar med å leggja ut leksjonar. Han har kjøpt seg ein stråhatt på marknaden, trur han insisterer på at det heiter ein stantonhatt. Eg var litt skeptisk, men han er rett og slett ganske stilig med hatten sin på… Eg for min del lid av ein skrivekløe fordi alle blogeøktenen mine har blitt avbrotne lenge før eg har vore klar for det. Så nå skal eg nyta livet som skribent før eg legg meg ut i sola og puggar tekst. Den einaste trusselen er at den bittelille datamaskinen me har med oss truar med at han har lågt batterinivå.

I dette området bur det mange nordmenn, nokre av dei bur her fast, og nokre av dei er her i vinterhalvåret. I ein liten by i nærleiken, Alfaz del Pie skal det visstno bu fleire nordmenn enn spanjolar. Kyrkja her på Solgården fungerer som samlingsplass for nordmenn som bur her i kortare eller lengre periodar.

Ein kveld hadde me besøk her av ei norsk dame som har busett seg her nede i lag med mannen sin. Ho har studert kunst, og er sjølv utøvande kunstnar. For nokre år sidan hadde ho oppdaga rosenkransen, den katolske bønekransen.

Eg har bare visst at perlene i rosenransen står for Fadervår og Ave Maria-er som skal bes i eit visst system. Nå fekk eg læra korleis rosenkransen eientleg skal brukast, med ein fast serie meditasjonar til kvar dag i veka. Ho var så engasjert at det vart veldig interessant. Så fekk me sjå ein dvd med ein serie bilete ho hadde laga over meditasjonane i rosenkransen. Ho hadde brukt geometriske former, og kalte det abstrakte ikon. Som meditasjonen over Jesu førti piskeslag hadde ho skore førti striper med kniv i ei treplate og malt med raudfarge ho hadde laga av ein blanding av raud maling, altervin og sitt eige blod. Då blir uttrykket å leggja att noko av seg sjølv i kunsten sin relativt bokstaveleg.

Heidi

Akkurat nå sit eg på terrassen

på Solgården. Eg har akkurat blitt presentert for Pappa Joe som på spansk maner har helst på meg og med å kyssa handa mi og leggja ho inn til hjartet sitt. Han fortel forresten akkurat nå at han ikkje er spanjol, men kristen libanesar. Han er gift med ei svensk dame og snakkar svensk med oss. Han fortel at han snakkar åtte språk. Sju verbale språk i tillegg til kjærleiksspråket…

Før eg traff han møtte eg ein orm, eller kanskje det var ein slange. Eg sat på terrassen utanfor leiligheita vår og såg plutseleg ein orm koma buktande i mot meg. Plutseleg såg ormen meg, løfta hovudet sitt og spelte med tunga. Eg lurte meg så stille eg kunne inn i stova for å henta mobilen og ta eit bilete, slik at folk skulle tru på meg, men då forsvann han sjølvsagt. Eg veit ikkje kva slags orm det var, men han var omtrent like tjukk som ein hoggorm, og kanskje 70 cm lang, på ryggen hadde han geometriske mønster. Dei som sit her seier at det nok var ein heilt harmlaus snok, så det får me stola på.

Nå har Leif akkurat undervist Torhild i salsa. Det er nok vel så mykje rytme i henne som i meg. Nå er det så mørkt at eg ikkje ser tastaturet.

Heidi

Av alle merkelege naturfenomen

eg nokon gong har sett, må toreveret i gårkveld vera det aller raraste… Sånn ca klokka ti på ti såg me noko merkeleg lysskimmer på himmelen. Kort tid etter vart himmelen flerra opp av lyn. Me såg opptil fleire lyn samtidig, det lynte og det lynte. Det rare var at det var heilt lydlaust, noko som vel må bety at det var veldig langt borte. Det var som å sjå på eit stort fyrverkeri, det var ingen pausar mellom lyna. Slik stod det på med lydlaus nonstop lyning i sikkert ein halv time. Folk samla seg ute på pynten, såg på, snakka, fotograferte og filma. Nokre av ungane vart litt redde, og eg trur nokon av dei vaksne vart litt urolege og. Kva i all verda var dette for noko…

Sunniva og Irene søkte tilflukt inne hos oss medan Halvard syntest det var spennande å vera ute. Etter litt meir enn ein halv time begynte det å tordna og, og det kjendest litt meir trygt og kjent. Det braka som om me vart bomba, og så opna alle sluser seg, og regnet fossa ned.

Nå skal me på marknad i byen. Eg brukte mest ein halvtime på å koma inn på nettet, så nå drukna alt eg hadde tenkt å fortelja i beretninga om tidenes torever…

Eg kjem mannsterkt tilbake, for å sitera ein lokal forfattar der eg bur.

Heidi

Kaffi frå spansk automat.

Nå sit eg her på Solgården og mot normalt så pøser regnet ned og det tordnar og lyner. Det er eigentleg ganske eksotisk…

Me sit under ein baldakin og drikk kaffi og det regnar og regnar. Eg har ropt Halvard opp frå bassenget fordi eg har hoyrt at lynet kan slå ned på folk som badar…

Per Magne er kavaler og har spndert kaffi på meg frå ein spansk automat. Og eg har skrive to tekstar som bare har forsvunne, men eg gjev ikkje opp…

I dag møtte eg barna eg er delvis ansvarleg for her. Dei er sytten stykker mellom fire og tolv år. Det var kjempesøte ungar. Utfordringa blir å finna aktiviteter som kan fenga både fireåringar og tolvåringar.

Poenget blir å lagra veldig ofte, for ca halvparten av gongene forsvinn teksten min, og nå får eg beskjed om at batteriet går ut og…
Men eg kjem tilbake.

Heidi