Endeleg kom skrivedagen. Eg vakna glad og opplagd litt over åtte med alle sjansar til å bruka dagen godt. Og nå har eg skrive heile føremiddagen. Først eit par timar med liturgi-arbeid og så har eg skrive teater.
Sola skin ute, og innimellom arbeidet har eg sluppe kattar inn og ut av takvinduet og småprata litt med eldstesonen på msn. Så har eg drukke store krus med kaffi, te med smak av eple og kanel, og ikkje minst Halvard sin heimelaga brus.
Halvard har nemleg funne ei oppskrift på heimelaga brus, og når han har ein idé er han ikkje til å stoppa. Han har laga brus i ulike fargar og smaksvariantar, og sykla til butikken seint på kvelden for å kjøpa kunstig sukker slik at han kunne laga sukkerfri brus til meg… Fine etikettar er produserte på pc-en, og nå har eg lysegrøn Soda- Free og ein annan oransje lettbrus. Lenge leve kreativiteten!
Teaterstykket eg skriv på er til dei yngste drama-elevane våre. Det skal bli ein kavalkade over Astrid Lindgren sine barnebøker til ære for hundreårsdagen hennar. Eg har skrive om Pippi som leitar etter spunk og et krumelurpiller, eg har skrive om Lisabeth som får ei ert i nasen, og nå sist om Ylva-li som bur under Salikons rosenbusk.
Nå har eg eit spørsmål til svenske Lindgren-elskarar, eg går ut frå at det er nokon av dei her… Kva heiter Aller Kjæraste Syster, altså syster til Ylva-li på svensk. På norsk heiter ho Kari, men eg har fått det for meg at ho kan heitta Karin på svensk. Eg har ikkje funne ut av det på internett. Eg skal ikkje dra heile historien om kvifor det er viktig å finna det ut, men altså…
Er det nokon som veit?
Heidi
Denne teksten pakka seg mjukt omkring meg i kyrkja sist sundag. Songen heitte Reisevise, trur eg, og var ei slags irsk velsigning over den som skal ut på reise.
“Han verne deg frå alt vondt og alle farar.” Koret song, og eg kjende andleta til dei som song. Anne Kristine spelte munnspel til og det var vemodig vakkert.
Eg fekk tak i teksten og gav han til nokon som kunne ha bruk for han. På underleg måte har dette tekstarket hamna på eit nattbord på sjukehuset hos ei som ligg der og tek farvel med livet og alt livet har gitt henne. Det er ein vakker tanke at denne teksten tok vengene fatt frå mi eiga kyrkje og via hjartet mitt og hamna der han skulle.
Fredagen min, fridagen min, er her nå og eg skal fylla han med alt han skal roma. Til nå har eg drukke kaffi, skrive mailar til folk eg likar og omsett eit helgemesselitani frå bokmål til nynorsk, fordi organisten vår spurte så fint om eg kunne prøva på det.
I dag har eg lyst til å skriva. Eg kjenner at dette er ein skrive- og skape-dag. Nå skal eg tøya timane så godt eg kan slik at dei i beste fall strekk til.
Støvsugaren står der nede og frir til meg. Eg har lånt han, og han bør leverast tilbake. Oppvasken dansar på kjøkenbenken, og Sunniva sine strikketøy fyller halve stova. Eg kjenner meg mykje att i den jenta, så det er vanskeleg å oppdra henne til eit ryddigare liv. Akkurat nå er ho heilt seld til strikkekunsten og strikkar panneband i dobbelt garn til alle venninnene sine. Omsorgsfull som ho er så må ingen gløymast, og for variasjonen si skuld så strikkar ho på sånn omtrent tre av dei samstundes.
Om ein time skal eg på elevsamtale med læraren til Halvard, og sidan har eg eit og anna som skal ordnast.
Hovudet mitt kvernar rundt med liturgiar og to skodespel til kulturskulen. Eg får sjå kor langt eg kjem.
I går var eg på teateret og såg Jens i ei stor rolle. Eg hadde fribilett til prøveforestilling og sat ytterst til venstre på første rad og kikka inn i kulissene. Eg kjende på at eg er angripen av teaterfeber, og at eg er heldig som får jobba med teater på toppen av alt anna. Det er frykteleg mykje arbeid med teater, men samtidig som ein rus og ein draum når ein er midt i å skapa noko eller midt i å utføra eit ferdig resultat.
November er ein vakker månad når sola skin slik ho gjer i dag.
Han breie sin fred omkring deg.
Heidi
Ved midnatt i går henta eg vandraren min heim frå flyplassen. Han kom med kofferten full av presangar, spisse svarte dansesko og rutete dress frå Zarah.
Men først rakk eg ein lang ettermiddag på kafé i lag med Synneva, og så rakk eg ein jentekveld med masse ost og andre godsaker heime hos Live. Bensinlampen lyste muntert den siste halvanna mila, og eg såg for meg å bli ståande fast på ein mørk og aude strekning, men det gjekk bra denne gongen og.
Det kjennest som om eg har vore aleine lenge, og det kjennest som han reiste i går. Nå skal me bli vane til å leva tett på einannan att, og eg skal venna meg av med å lesa på senga heilt til eg fell i søvn ein gong sånn utpå natta.
I dag har eg sett bilete og høyrt mange historier frå Spania. Eg har med ein viss velvilje hatt min første salsa-leksjon. – Ein to tre, kvil på fire. Foten fram, løft den andre, foten tilbake kvil. Truleg blir eg ingen stor salsa- dansar, og det kan eg i grunnen leva greitt med.
Eg har fått kvite roser og tend kvite lys i smijernslysekrona. Eg har bakt gjærkringle med mandler, rosiner og kanel, og laga vaflar med kardemomme. Me har opna stova for gode vener som ville ynskja dansaren min velkomen heim, og me har sitte og prata innomdørs i haustregnet i det mjuke sympatiske lyset frå levande lys.
Så hadde eg tenkt å skriva både liturgi og skodespel, men eg er forkjøla og veldig søvnig. Kanskje ein reaksjon på å ha fått tilbake ein å dela kvardagsansvaret med at kroppen flatar ut litt? Då gjestene gjekk vart eg plassert på sofaen med blått teppe og aviser medan kjærasten min, som påstod han var lei av penjonat- og restaurantmat laga middag til oss. Me var mange rundt bordet med tre ekstra overnattande ungar. Natt til i dag hadde me to andre overnattingsgjester. Eg liker å vera mange.
Nå skal eg prøva å sova bort forkjølinga. I morgon skal eg nyta å ha ein fridag som i verste fall kan brukast på sofaen…
Heidi
Rett og slett sol og blå himmel i dag. Eg fekk lufta den nye mørkeraude ullkåpa med kokosnøttknappar som Eva Mari har sydd til meg. Og det nye skjerfet i djup lilla hekla med stavar av tilsette ved ein verna bedrift med limegrøn kant med bittesmå duskar. Og alle sa at kåpa var så fin, og eg vart barnsleg glad.
Arbeidsdagen var lang og innhaldsrik og me feira FN-dag i aulaen og song så høgt me kunne. Eg fekk laga innkallingar til foreldresamtalar i veke 45 og oppdaga ein så stygg stavefeil at eg måtte leita fram korrekturlakken til Eilen etter at dei hadde gått i trykken.
Ingrid steikte løvbiff til meg og fekk meg til å le til eg omtrent mista pusten av imitasjonane sine. Etterpå drog me på kjøpesenteret for å handla gebursdagspresangar til ein person me er veldig glade i. Akkurat nå har eg umåteleg glede av familien min, systre, svigerinner og døtre, det er fine saker det.
I postkassen låg eit postkort frå kjærasten min til kattane. Han innleia med mjau,mjau, mjau og resten får vel kanskje få vera privat sidan det var eit privat kort, som eg rett nok har snike meg til å lesa.
Så kjøpte eg Dagbladet på impuls, bare fordi eg lot meg sjarmera av at dei skreiv om då Wenche Foss begynte å jogga mange og åtti år gammal fordi ho hadde forelska seg…
Då eg stod inne på ein bokhandel slo forkjølinga ned som eit lyn i meg. I frå det eine sekundet til det andre hadde eg plutseleg sår hals og var tett i luftvegane. Merkelege greier, men eg aktar å sova det av meg. Når eg bare for rydda kjøkkenet mitt….
Heidi
På fredagskvelden innvia me eit nytt kjøpesenter. Eg og Eva Mari og eit par tusen andre. På senteret var det ein fantastisk toetasjars bokhandel av den typen der ein i toppetasjen kan bla i bøkene medan ein drikk kaffi og et bollar på ein liten kafé. Eg har alltid synest at det er veldig generøst å ta sjansen på kaffi og smørflekkar i bøker som skal selgast, men truleg tenar dei det inn på glade kundar som kjem ofte tilbake.
Slike bokhandlar har eg brukt halve dagar i i utlandet både i lag med eldsteguten min og kjærasten min. Medan eg var der kom eg til å tenkja på at om bare ei veke ville eg få kjærasten min heim att etter at han har reist aleine rundt i Spania i ein månad. Tanken var kriblande og full av glede. Kanskje det er sunt å vera kvar for seg av og til slik at samlivet ikkje blir alt for sjølvsagt?
Så har eg vore på utstilling i eit stabbur der kusina til han eg deler hus med stilde ut kolteikningar og blyantteikningar. Ho er flink. Svigermor var og med, og etterpå var me inne i varmen hos tante Kari som serverte nysteikte wienerbrød.
Ein loppemarknad rakk eg og å gå innom. Der var det ein fantastisk bokavdeling. Eg halte med meg ein heil berepose full av gode bøker som eg betalte femti kroner for. Mi einaste sorg var at eg ikkje klarte bera med meg meir.
For andre gong i livet opplevde eg å få togbillett til ein liten eksklusiv avdeling ute i korridoren som eigentleg er berekna¨på folk som reiser med hund eller katt. Heilt avsondra frå andre reisande vart eg sitjande der med to unge soldatar som hadde vore på perm. Begge var på alder med Odd Christian. Eg fann ut at det var ein litt anna sosial setting enn å sitja i ei full vogn. Det ville liksom vera litt unaturleg å sitja i lag tre personar i åtte timar utan å veksla eit ord, så me snakka litt meir saman enn me truleg ville gjort om me ikkje hadde fått hundeplassen.
Reisekameraten til venstre for meg las ein japansk roman på engelsk, og fortalde at han på grunn av ein fiks idé bare las japanske bøker. Når han gjekk iinn i ein bokhandel leitte han etter noko japansk. Fascinerande. Etter ei stund sovna reisefylgjet mitt slik at eg fekk lese ut begge bøkene eg hadde med, drukke farris og ete nøter. Eg oppdaga at ein blir langt mindre reisesjuk av å reisa baklengs når det er mørkt enn når det er lyst ute.
Eg trur at eg den andre grunnen til at eg likar tog så godt er fylgjande: Når kan ein elles sitja på rumpa i åtte timar og lesa bøker heilt utan å få dårleg samvit for å ikkje gjera andre ting.
Er det ikkje snart ein eller annan NSB-tilsett som melder seg som sponsor, mon tru?
Heidi
Det var nemleg det me gjorde i dag, Astrid, Torun og eg.
Sidan Torun var på besøk på heimlege trakter måtte me jo bare ha oss ein tur ut til havet. Ivrig etter å få visa fram sen flotte nye tur-ruta mi langs havet la me i veg. Det vart litt for seint på ettermiddagen, men slik går det når ein er hardtarbeidande dame med eineansvar for hus og heim…
Det skumra då me kom fram, men eg meinte at det var då ingen grunn til å snu, me skulle nok finna vegen tilbake i måneskin og.
Så var det akkurat det me ikkje gjorde. Det vart liksom så ugjenkjenneleg etter at mørket hadde brote fram, og me tok nok av frå stranda litt for tidleg. Så gjekk me der på grusvegar langs havet utan å vita heilt kor me var medan det vart mørkare og mørkare. Redde vart me ikkje, for me visste jo at me ville finna fram før eller seinare, og det var lys i gardane lenger oppe, så me kunne spørja oss fram om det skulle knipa på.
I staden vart me gåande medan me orienterte oss etter beste evne, kom til stengde grinder, reorienterte oss og gjekk tilbake att. Me vart enige om at før eller sidan kom dette til å bli ei god historie. Takka vera ei felles historie knytta meir eller mindre til norske bedehus vart me gåande og synga på gamle bedehussongar medan månen lyste opp vegen for oss.
“Til det gamle ærverdige kors, til det eldgamle kors vil jeg fly, og på kne ved dets blodstenkte fot søke nåde og frelse på ny.” Ganske koseleg var det midt i bortkominga og me lo litt av kor håplaust uforståelege slike tekstar må synast for dei som ikkje på eit eller anna tidspunkt har fått dekodert Kanaans språk. For førti år sidan på desse kantar av landet var det ein relativt sjølvsagt ting å gå på sundagsskule. Eg ser forøvrig for meg nokre av dei kulaste gutane frå barndomen stå oppstilte i koret i babtistkyrkja og synga av full hals: “Disse sterke armer skal bære meg, inn i himlens sal, inn i himlens sal…”
Og sjølvsagt fann me fram til slutt. Me kryssa hengebrua i stummande mørke og grunnen gynga under oss heilt til me nådde fram til bilen. På vegen heim kjøpte me jordbær som faktisk, mot alle odds smakte sommar, og så haldt kvelden fram ved kjøkkenbordet mitt med kaffi og innviing av Maria-lyset eg og kjærasten min kjøpte på ein liten russisk butikk i Hollywood i sommar.
Heidi
Torsdagen var det rett frå jobb og ned på stasjonen for å koma meg på Oslo-toget. Eg stressa litt for å koma meg i veg, men toget var ein halvtime forsinka, så det hadde eg ikkje treng å vera. Etter ein halv time på perrongen i kald vind var det utruleg godt å få seg sete på toget og kunna nyta utsynet til Jærlandskapet i ettermiddagslys.
Eg hadde med meg usedvanleg godt fylgje. Den nye biografien om Halldis Moren Vesaas skrive av son hennar.
Mest 700 sider med mange detaljar og digresjonar inn og ut av eit heilt ekte levd liv. Det er bok for slike som meg.
Eg likar så godt å få lov å ta fylgje langs stier i andre sitt liv.
Kanskje er det biografen, for å unngå heilt det usympatiske ordet kikkaren- eller nærare definert lyttaren, i meg som er ein av grunnane til at eg liker så godt å reisa med tog. Ein kjem så fysisk nær andre menneske og snappar opp biter av liv ein aldri meir skal kryssa. Ein flokk unge gutar sat ved sida av meg. Ein av dei hadde tydeleg ein tråd av hypokonderi og katastrofetenking i ryggmargen akkurat som meg… Han kom med fylgjande vesle livsbetraktning på sørlandsdialekt:
“Altså, på flya, æ ved ikke om dere har lagt merke te de, men dær æ det en nødudgang… Å dær æ de et håndtag, åsså æ de ei brugsanvisning om åssen en åbner den døra… Rett på sia æ de ett heilt vanlig sede… En ved jo at det går mange menneske rondt me suisidale tanker, å enn ved jo ikke hvem. Tenk om det va akkorat den personen så fikk det sedet, åsså fikk an for sæ at han skulle åbne nødudgangen mens flyet va i lufta…”
For dei av oss med fantasi er det alltid nok å bekymra seg for…
Heidi
Han sit i klasseromet med eit matematikk-ark framfor seg. Eg oppdagar at det blir lite gjort, og går bort for å setja litt mot i han. Auga blinkar blåveisblå under den blonde luggen.
“Kjem du ikkje i gang med reknestykka?” spør eg pedagogisk-. Han stråler opp. “Heidi, eg har laga eit dikt!”
På spørsmål om eg kan få høyra, så let han seg ikkje be to gonger.
Kvitt tak.
Svart flekk.
Der sat hr. Flue,
men nå er han vekk!
Genialt! Eg må jo bare forstå eg og at med slik skapartrong blir reknestykke heil underordna. Eg må finna fram blyant og papir slik at me får skrive ned diktet før det forsvinn.
Ingrid ropar meg bort til datamaskinen. Ho sit og skriv ei novelle med tema Svartedauen, som skal leverast i morgon. Nå lurer ho på om eg kan sjekka nynorsken hennar. Eg les og let meg imponera. Ho har verkeleg fått taket på novelleskriving. Eg kjenner at eg frys på ryggen og får nupper på armane. Eg tenkjer at dette veit eg ikkje om eg hadde klart å skriva sjølv. Språket derimot kan eg vera litt behjelpeleg med.
I kveld har eg vore ute og lese dikt i lag med ei song-gruppe som framførde songar eg har laga teksten til. To av dei hadde eg aldri høyrt framfør vokalt før. Det vart sterkt, og dei song så fint.
Nå sit eg her og printar ut skodespelet eg laga i haustferien. Nå gjenstår det å sjå om Glasblåsarbarna får venger å fly på.
Ord er flotte saker.
Heidi
mot ferieslutt og eg heng med så godt eg kan. Eg har rukke sånn omtrent det eg skulle rekka, og det kjennest bra.
I dag har det vore liturgiarbeid for mitt vedkomande, og tilfedigvis fekk eg besøk av gode vener som værsågod fekk prøva seg som responsgruppe på tekstane mine. Det er alltid så nyttig når det eg lagar får gå vegen om andre sine auge før det skal ut i den store verda.
På torsdag bestemte eg meg for at: Nå er huset reint og nå har eg tid til å invitera gjester. Før eg fekk ombestemt meg trykte eg ei tekstmelding til Kari, Dagny og Kirsten og bad dei setja av neste føremiddag til lunsjselskap hos meg. Så hanka eg inn Syster, og Thorbjørg ringde på søra rett før dei andre kom, så det var tydeleg at ho skulle vera der ho og.
Heile fredagen vart ein sosial oase. Eg hadde besøk av dei mest fantastiske kollegene i verda frå halv tolv til fire og livet stod og dirra mellom rundstykke frå hatting, rosinbollar, vafler og all slags gode salatar. Dette har eg hatt lyst til å gjera heile hausten, og eg har bestemt meg for å ikkje ha det travlare frå nå av enn at slike viktige saker får god plass.
Fredag kveld var eg i lag med andre kolleger og ein heil del andre kvinner i sekstiårsdag hos ei av dei flottaste damene eg veit om. Ho hadde leigd lokale på hotellet og gjort alt så fint at eg fekk tårer i auga. Jubilanten har ein livssituasjon som krev si dame og meire til, men ho tek i mot livet med humor, varme og sitt milde blide vesen på ein måte som er til å ta av seg hatten for. Om eg unnar nokon ein fantastisk fest så er det henne. Me åt tapas og hadde det fint i lag.
Eg sat på sida av ei sprek dame som fortalde om turen sin med den transsibirske jernbanen gjennom Mongolia, og eg tenkte på kor mykje spennande ein kan bruka dagane sine til om ein bare har pågangsmot og fantasi.
Og kjærasten min sende melding i går kveld frå Spania og bad meg senda mail til han. Så maila me fram og tilbake omtrent som for tjuefire år sidan då me var brevvenner og ikkje kjende einannan på ekte, bare laga historier frå kvar våre liv som me sende til einannan på kort og brevpapir og baksida av resepter.
Damene eg jobba med sommarjobb på institusjonen den gongen, spurde om det var kjærasten min som skreiv brev til meg kvar dag, og eg svarte at det bare var ein brevven, og at me truleg aldri kom til å møta einannan. Dei sa at ein ung mann som skriv brev kvar einaste dag er ute etter noko meir, det var dei sikre på. -Og eg lo av dei og skreiv endå fleire brev.
Kjærasten min dansar for tida salsa i Malaga, og har fått så vond rygg at han måtte på apotek for å få medisiner slik at han kunne dansa endå meir. Så smugmater han ein heimlaus katt, sikkert til pensjonateigaren sin store irritasjon…
Nå skal eg til skulen og jobba. Eg får gå ein omveg slik at eg får trim på vegen, og så vil eg bli ferdig så tidleg at eg kan lesa lenge i biografien om Halldis Moren Vesaas før natta hentar meg.
Det er stilt i huset. Gjestene har dradd, og Vilde har reist heim. Sunniva og eg er aleine heime med kattane, hamsteren og undulaten. Sunniva er den personen her i huset som lagar minst lyd. Nå skal me ta ferien ned for landing eg og ho. Og så kjem dei velsigna kvardagane.
Heidi
I går vaska eg stova og kjøkkenet gullande reint etter å ha skrive det siste innlegget mitt. Sunniva hadde vaska begge bada, det var veldig motiverande.
Eg haldt på i tre fire timar, drog fram alle møblane og tørka støv av lister og ledningar. Det kjendest veldig reint og fint og godt og rett etterpå, sjølv om andre etasjen og kjellarstova framleis står att.
Så såg eg Idol med ungane mine. Tett under teppet i sofaen, og i pausen måtte eg ut og henta meg eit par ullsokkar.
Etterpå hadde eg avtale med meg sjølv om å skriva i eit par timar. Det gjorde eg, og det fungerte så fint som bare det. Eg skreiv til klokka eitt i natt, så gjekk eg ned og la meg, stod opp og kokte kaffi og skreiv vidare.
Nå i føremiddag har eg vore i det der magiske flyt-moduset der tida står stille og bare historia eksisterer. Eg er så utruleg fascinert av historia om glasblåsarbarna.
Maria Gripe er for meg ein like stor barnebokforfattar som Astrid Lindgren. I Norge har me ingen som kan måla seg med desse to i mine auge.
Det magiske er at skodespelet liksom hoppar ut av barneboka og får sitt eige liv. Medan eg skriv sit eg skiftesvis og smiler for meg sjølv eller eg let meg overraska. Var det slik det skulle bli? Å ja, så den scenen skulle løysast på den måten… Det hadde eg ikkje trudd,
javisst, ja… ok…
Dette høyrest heilt sjukt ut, men det er ikkje meir mystisk enn at det heile blir som ein leik. Fantasien går hand i hand med fingrane på tastaturet, og plutseleg ser eg for meg bilete som eg for ti minutt sidan ikkje ante noko om…
Men samtidig er det hardt arbeid å skriva skodespel. Først går ein i vekevis og tenkjer og funderer. Så går ein med ei viss ærefrykt til verket. Kjem eg til å klara dette då? Korleis skal eg begynna? Ein må på ein måte dytta seg sjølv i gang og streva seg gjennom dei første sidene.
Så, i beste fall løsnar det, og plutseleg er det heile ein fascinerande tankeleik med ord og bilete.
Der har eg vore i dag. Kanskje det er dumdristig å ta denne pausen for å dokumentera tankane mine? Nå skal eg tilbake til Ynskjestad, for dit er Flaksa Mildvér på veg akkurat nå for å søkja jobb hos Herskaren…
Det som og kjennest godt er at eg har så flinke folk samarbeida med. Eg har sett Jan Ivar trylla før. Omsetja
bileta mine som blir til ord til levande liv på scenen.
Det er så merkeleg å sjå noko ein har tenkt bli til teater. Eg gler meg. Mi einaste bekymring er om manuset blir litt for langt denne gongen.
Om to timar, eller kanskje tre timar er eg ferdig, trur eg i alle fall. Det kjennest så fint.
Heidi